27.07.2013 Views

Kyrkjeblad for Fjell - Fjell kyrkjelyd

Kyrkjeblad for Fjell - Fjell kyrkjelyd

Kyrkjeblad for Fjell - Fjell kyrkjelyd

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Home-Start

Familiekontakten

Fjell:

Vi spør koordinatorane Christin H.

Larson og Liv Kari B. Honningdal

om korleis det går med Home-Start

Familiekontakten Fjell.

Liv Kari: – Vi i er inne i ei spanande tid.

Midt i oktober avslutta vi vårt 30 timars

kurs for frivillege og vi har no åtte frivillege

familiekontaktar. Kurset hadde tema

som verdiar og haldningar, taushetsplikt,

kommunikasjon, engasjement og grenser.

Kurset gav innblikk i korleis det er å veksa

opp i ein framand kultur, korleis det kan

vera å ha funksjonshemma barn, korleis

vi møter folk som er i ein vanskeleg

livssituasjon. Vi har fått møta ei mor som

opplevde ei krise i familielivet og sett kor

mykje Home-Start fekk bety for henne.

Christin: – No er vi byrja å kobla

familiekontaktane med familiar. Dette er

småbarnsfamiliar som av ulike grunnar har

behov for ekstra støtte i kvardagen. Det er

tidleg i prosessen enno, men så langt ser

det ut som at det har vore gode koblingar.

Både familiane og familiekontaktane har

gjeve positive tilbakemeldingar. Dei trivest

saman. Familiane kjenner at det hjelper

godt når dei veit at familiekontakten kjem

på besøk nokre timar kvar veke. Ein slepp å

kjenne seg åleine. Ein har ein vaksen å dele

gleder og sorger med. Ein får eit pusterom

i kvardagen, eit ekstra fang og to ekstra

armar…

Kva slags familiar kan få hjelp av Home-

Start?

Liv Kari: – Det er småbarnsfamiliar som

opplever ein vanskeleg livssituasjon,

ein stri kvardag. Det kan vera familiar

med sjukdom i huset, folk som manglar

nettverk, familiar i småbarnsfasen. Det kan

også vere åleineforsørgjarar som treng

ein vaksen person å støtte seg til i ein

periode. Familien må ha minst eitt barn

under skulealder og sjølve ynskja hjelp frå

Home-Start.

Det er familien sjølv som seier kva dei har

behov for støtte til. Og det er mange ulike

oppgåver for ein familiekontakt. Nokon

har behov for at familiekontakten tek

med seg eitt eller fleire av barna ut, slik at

foreldra får eit pusterom, eller får tid til å

vere åleine med eitt av barna om gongen.

Dette gjeld ofte familiar med kronisk sjuke

barn. Den frivillege er ikkje rein barnevakt,

- No er vi i gang!

I vår starta Fjell KFUK-KFUM opp eit viktig familiestøtteprogram her i kommunen, Home-Start

Familiekontakten. Home-Start er eit internasjonalt arbeid som blir drive etter bestemte retningslinjer

i over 20 ulike land.

men kan avlaste på

denne måten. Tanken

er at familiekontakten

skal gjere ting saman

med familien, eller med

deler av familen. Det

er mange ting som blir

lettare dersom det er ein

ekstra vaksen å spele på.

Familiar som manglar

nettverk kan ha glede av å

få besøk av familiekontakt

ein gong i veka. Nokon

gonger hjelper den

frivillege familen å koma

på Åpen Barnehage

der dei kan treffe andre

og bli kjend med nye.

Familiekontakten er ikkje

hushjelp, men kan hjelpe

med praktiske ting. Dei

opererer ikkje som «super-nanny», men er

eit likestilt medmenneske som kan gje råd

dersom mor eller far ynskjer det.

Må ein ha henvisning frå det offentlege

hjelpeapparatet?

Christin: – Nei, det einaste du treng å

gjere er å ringe oss og seie kva det gjeld.

Så kjem koordinatorane på besøk til deg

og blir litt meir kjend med deg og din

situasjon. Visst du då ynskjer det, prøver

vi å finne ein frivilleg som kan koblast til

din familie. Vi har så eit koblingsmøte der

den frivillege familiekontakten, familien

og koordinator set opp ein avtale om kva

hjelpa skal gå ut på, kva tid de skal treffast

osv.

Liv Kari: – I nokre tilfeller er det

helsestasjonen eller andre i det offentlege

hjelpeapparatet som hjelper familien i

kontakt med oss. Men det må alltid vera

familien sjølv som ynskjer det. Tilbodet er

gratis. Familiekontaktane får ikkje betalt.

Dette er frivilleg arbeid, eit supplement til

hjelpeapparatet i kommunen vår, som vi

forøvrig har eit godt samarbeid med.

I enkelte familiar er vi inne i tillegg til

det offentlege hjelpeapparatet. Ellers så

ynskjer vi å vera eit forebyggjande tiltak.

Ved at vi går inn i familien på eit tidleg

tidspunkt, kan vi hindre at dei treng hjelp

frå det offentlege.

Koordinatorane for Home-Start Familiekontakten Fjell, Liv Kari B.

Honningdal og Christin H. Larson.

Kor lenge får familien ha sin

familiekontakt?

Christin: – Det er eigentleg ikkje noko fast

grense her, men erfaring viser at det er nok

med ca eit halvt år. I Home-Start i Bergen

bymisjon har dei dette som grense, noko

vi også har valgt å ha. Home-Start ynskjer

å vera ei støtte for familien i ein vanskeleg

periode. Målet er at familien skal koma

over kneiken og gå styrka vidare.

Må ein ha ein spesiell bakgrunn for å vere

frivilleg i Home-Start?

Liv Kari: – Nei. Krava vi stiller til dei

frivillege er at dei har tid og lyst til å vere

frivilleg og at dei har foreldreerfaring eller

anna erfaring med barn. Men vi går alltid

på heimebesøk til dei frivillege før dei

byrjar på kurset. Då får vi eit inntrykk og

kan vurdere om dette er noko for dei.

– Det er ein flott gjeng frivillige vi

har fått! Det er folk i alle aldrar. Vi har

småbarnsmødre i 20-åra, pensjonerte

bestemødre, yrkesaktive og heimeverande

damer midt i livet. Dei representerer ulike

yrkesgrupper og er ulike som personar.

Denne breidda er viktig med tanke på at

familiane også er ulike.

Vi planlegg eit nytt kurs for frivillege

familiekontaktar på nyåret. Her er det

framleis plass. Dei som er interessert må

berre ta kontakt med oss. Tlf: 46 42 64 63/

46 42 04 69. E-post: hsffjell@broadpark.no

1

Fjell Kyrkjeblad

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!