27.07.2013 Views

Seyi George Olofinjana Seyi George Olofinjana - den 12. mann

Seyi George Olofinjana Seyi George Olofinjana - den 12. mann

Seyi George Olofinjana Seyi George Olofinjana - den 12. mann

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

d12m på

eigne bein

d12m har sidan 1996 vore Brann

Supporter Team (BST) sitt medlemsblad

og kome ut med varierande

tidsrom, format, innhald og redaksjon.

Redaksjonen har via redaktøren hatt

oppdrag frå BST-styret å laga eit best

mogeleg blad for medlemmene.

Bladet har vore eit forum der styret

kunne nå medlemmene med informasjon

og meiningar. Samstundes

har redaksjonen hatt temmeleg frie

hender i å laga stoff omkring Brann

og ta opp saker av interesse for supporterane.

At det er ulike syn på i kva

grad bladet har lukkast med denne

delen av oppdraget, kan ikkje undra

nokon som veit kor samansett supportergruppa

er. Det einaste supporterane

kanskje(!) er einige om, er at

Brann bør vinna flest mogeleg fotballkampar.

Konkursen i BST førte også til nedlegging

av d12m som medlemsblad

for supporterklubben. Leiinga i

Brann Bataljonen Bergen (BBB) har

gjeve klart uttrykk for at eit medlemsblad

for den nye klubben ikkje vert

prioritert, ikkje minst av økonomiske

grunnar.

Me som har vore i d12m-redaksjonen

dei siste åra, synest likevel

at d12m fortener å leva vidare.

”Nye” d12m har ikkje formelle band

til BBB. Bladet skal vera minst like

uavhengig som før – av og for Brann-

supporterar. Me synest journalistikk

om Brann er altfor viktig til å bli overlate

til forkledde Rosenborg-supporterar

og andre profesjonelle mediefolk i

aviser, radio og TV. Diskusjonsfora på

internett erstattar heller ikkje det trykte

ord.

Somme synest d12m har vore altfor

seriøs samanlikna med den

klassiske fanzina. Me vil gjerne gje

godt rom for det skrå blikket og

(sjølv)ironien i vårt lidenskaplege forhold

til Brann. Samstundes vil me

gjerne gje rom for innspel til ein

levande debatt om kva som er kvalitetar

i Brann og korleis dette kan

vidareutviklast. Difor vil somme sikkert

finna d12m minst like kjedeleg

som før! Elles kan me lova at det vert

nynorsk her framleis, men mindre

enn i fanzina Blåsaren.

d12m vart tidlegare finansiert av

medlemskontingenten og sendt

ut via Posten. No må bladet finansiera

seg sjølv og vert seld i laussal på

Brann-kampar. Det er eit lavkostprosjekt.

Økonomien må gå i hop.

(Udiskutabel lærdom frå BST-konkursen.)

Me prøver oss med ei utgåve

no i haust, så vil erfaringane avgjera

kva som skjer til våren.

Åshild Samnøy

Stoff om BST?

Somme vil kanskje sakna meir stoff om kva som eigentleg gjekk gale med

Brann Supporter Team (BST). Sidan denne saka nyleg er oversendt frå bustyrar

til politiet, synest me det er for tidleg å dra konklusjonane om kva som var

årsakene og kva som eventuelt kan lærast av miseren. Lever d12m vidare, kan

det bli råd å ta opp saka seinare. Red.

den 12. mann

den 12. mann er et uavhengig

blad av og for

Brann-supportere. Vi har

ingen offisiell tilknytning

hverken til SK Brann, BBB,

ARG eller andre finurlige

alfabetiske sammensetninger.

Synspunkt i bidragene

reflekterer ikke nødvendigvis

redaksjonens felles mening,

men står for forfatternes

eget ansvar. Neste nummer

kommer neste gang.

I redaksjonen for

dette nummeret:

Åshild Samnøy (redaktør)

Tor Henrik von der Ohe

Per Arne Flatberg

Agnethe Paulsen

Åse Oen

Leif Morten Nygård

Alexander Osdal

Andre bidragsytere:

Espen Brakstad, Mini

Foto: Tom Engelbrecht

(Brecht/Brecht Foto), Erik

J. Kvalsund, Jan Inge

Ebbesvik, Silje Katrine

Robinson, redaksjonen

Grafisk Produksjon:

Leif Morten Nygård

Trykk: En kopimaskin

hos Swisslog

(Takk for hjelpen!)

Kutting og stifting:

Trykkservice

Kontakt d12.m:

Åshild Samnøy

aas@lh.nla.no

Redaksjonsarbeidet

avsluttet 22. september

2003

Side 2 den 12. mann 3/2003

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!