27.07.2013 Views

a:men - Menighetene i Askøy

a:men - Menighetene i Askøy

a:men - Menighetene i Askøy

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Instrumentas dronning på plass i Erdal kyrkje

Tekst og foto: Harald Gjøsæter

Ein plass har stått tom i Erdal kyrkje

etter vigslinga hausten 2006 – og det er

plassen for orgelet. Nisjen på søre veggen

var av arkitekten tenkt å romma eit orgel,

men av tekniske årsaker måtte kyrkjely-

den greia seg med flygelakkompagnement

til salmesong og liturgi dei første åra. Alt

medan kyrkja var på teiknebrettet sette

fellesrådet ned ein orgelkomité. Han

vart leia av kantor Gerd Inger Eide Yd-

dal. Organisten i Erdal, Anne-Gurine

Folgerø Gjøsæter, Øyvind Fluge, Vigleik

Stoveland og Oddmund Sagstad (sekre-

tær) utgjorde resten av komiteen. Dei

reiste rundt til ulike kyrkjer i distriktet

og prøvde ulike orgel, og la merke til at

kantor i Mariakirken, Karstein Askeland,

hadde vore konsulent ved bygginga av dei

instrumenta dei tykte best om. Han vart

difor hyra inn som konsulent også for

orgelet i Erdal. Han føreslo å ta kontakt

med Ålems orgelverkstad AB i Sverige, og

dette synte seg å verta starten på eit frukt-

bart samarbeide. Ålems er ikkje noko stor

verkstad, med berre sju personar i arbeid.

Det er heller ikkje noko gamal verksemd;

ho vart starta i 1985 av ein snikkar med

stor interesse for orgelbygging. Mykje av

arbeidet deira har vore restaurering av

gamle orgel, men dei har også bygd nokre

nye instrument.

Orgelet i Erdal er eit heilmekanisk orgel

bygd etter gamle tradisjonar. Som Mag-

nus Tonér, ein av orgelbyggarane sa første

gongen eg vitja dei under arbeidet: ”Dette

arbeidet kunne vore gjort for 2-3 hundre

år sidan. Det einaste som skil er at vi i dag

har betre lys og betre verktøy, men resul-

tatet blir det same”. Det har vore fascine-

rande å sjå orgelet verta til. Det vart først

bygd opp på orgelverkstaden i Småland,

så plukka frå kvarandre igjen, for så å

verta bygd opp på nytt i Erdal. Det er

ufatteleg mange delar i eit slikt instru-

ment, og det meste er i tre! Orgelet har 23

stemmer, fordelt på to manual og pedal,

det vil seia at det til saman er nesten 1300

piper. Pipene som høyrer til stemmene i

andremanualet står inne i eit ”svellverk”,

eit eige hus der veggene kan opnast og

lukkast med ein pedal for å variera lyd-

styrken. Mange av pipene er i tre, dei

andre er laga av ”orgelmetall”, ei legering

av tinn og bly. Pipene står med foten nede

i eit hol i ein ”vindlade”, ein trekasse med

sinnrike kanalar der lufta kjem inn frå

belgverket og blir fordelt til pipene. Lufta

kjem frå ein svært så stillegåande kom-

pressor, og vert fordelt gjennom tre belgar

for å få ein jamn luftstraum inn i vind-

ladane og pipene. I Erdal er spelepulten

plassert eit stykke frå orgelfronten, slik at

eit lite kor kan stå mellom spelepulten og

orgelet. Dette gjer at abstrakta, dei tynne

trelistene som utgjer koplinga mellom

tangentane og vindladane, er ekstra lange.

Mellom stemmeuttrekka på spelepulten

og vindladane går det også koplingar, som

kontrollerer kven av dei 23 stemmene

som får luft til ei kvar tid. Likeeins finst

det uttrekk som koplar saman manuala

eller eit manual og pedaltangentane.

Orgelet har fått ei vakker utforming.

Fronten eller ”prospektet” er utforma

i lyst nordisk asketre med intarsia av

mørkare amerikansk ask. Over dette ser

ein fasadepiper i mønster som fyller ut

nisjeopninga mot kyrkjerommet. Også

spelepulten og krakken er utforma i ask,

og står difor svært godt til resten av inte-

riøret i kyrkja.

Det er ikkje for ingenting at orgelet

vert kalla musikkinstrumenta si dronning.

Orgelet er det eldste instrumentet som

framleis er i bruk i europeisk klassisk mu-

sikk, og røtene strekkjer seg heilt attende

til 300 f.Kr. Instrumentet har utvikla seg

mykje sidan den tid, og ulikt i ulike land.

Ingen andre instrument kan visa til same

klangvariasjon og stemmeomfang som eit

orgel. På slutten av 1900-talet byrja ein

å byggje elektropneumatiske orgel, der

koplinga mellom spelebordet og orgelver-

ket var elektrisk, ikkje mekanisk. Orgelet

i Strusshamn kyrkje er døme på eit slikt

orgel. I seinare år har ein i stor grad gått

attende til å byggja mekaniske orgel, og

desse er venteleg meir haldbare i det lange

løp. Og medan eit elektronisk orgel typisk

varer nokre få år før det må kasserast,

kan eit orgel som det i Erdal vara i nokre

hundre år…

Det viktigaste med eit orgel er no like-

vel lyden. Og orgelet i Erdal kyrkje kling

praktfullt. Det er bygd for og intonert for

å utnytta den særeigne akustikken i denne

kyrkja. Det er ikkje noko typisk barok-

korgel men heller ikkje romantisk, det har

stemmer som høver både til polyfonisk barokkmusikk og til

symfonisk ”fransk” orgelmusikk. Det har ei fin blanding av

solostemmer og stemmer som høver til akkompagnering av

song eller andre instrument. Det er i det heile eit svært så all-

sidig instrument, både til gudstenestleg bruk og til konsertar.

Dette siste fekk vi eit godt døme på allereie 2. pinsedag.

Etter gudstenesta der orgelet vart vigsla til bruk i kyrkja, heldt

Karstein Askeland konsert, der han hadde valt ut verk som

demonstrerte mangfaldet av stemmer i orgelet. Det var ei klår

stigning i programmet, fram mot Bachs preludium og fuge i

h-moll. Ei musikkoppleving av dei sjeldne! Eller sjeldne? Kan-

skje vi kan vona på slike opplevingar oftare, no som vi har fått

eit så godt instrument i Erdalskyrkja?

No er jo ikkje dette primært eit konsertinstrument. Og

23 stemmer er jo ikkje allverda. Men som den landskjende

organisten Bjørn Boysen sa då han vitja kyrkja hin dagen

for å prøva instrumentet: ”Her har de fått utruleg mykje for

pengane!”

Festgudstjeneste i Ask kirke da orgelet ble gjeninnviet

Av Tor Dag Kjosavik

2. pinsedag var det fest i Ask kirke. Da ble et nyrestaurert

orgel tatt i bruk etter en reparasjon som

startet i 2007. Orgelet ble bygget i 1914 og stod opprinnelig

i Strusshamn kirke. Men da Strusshamn fikk

nytt orgel i 1960, vedtok Ask menighetsråd å flytte

orgelet til Ask. Det ble montert i kirken i 1964 og

innviet året etter.

Orgelet er et mekanisk kjegleladeorgel med 15

stemmer, to manualer og pedal. Det er bygget ved

Olsen & Jørgensens orgelfabrikk og har både musikalsk

og kulturhistorisk verdi. Orgelet var noe slitt

allerede før det ble flyttet. Det var også tilgriset av

fugler som hadde falt ned i noen av pipene. I flere år

var det planer om restaurering av orgelet og i 1988

ble det foretatt en foreløpig restaurering. Fortsatt

hadde det mange mangler og flere deler var slitt eller

skadet. Det ble diskutert om en skulle kjøpe et

helt nytt orgel, men fra faglig hold ble det fastslått at

orgelet var i så bra stand og hadde så stor kulturhistorisk

verdi at det ville svare seg å reparere det. Fellesrådet

vedtok derfor en fullstendig restaurering av

orgelet til hundreårsjubileet. Kirken lånte et orgel av

a:men 3-2008 a:men 3-2008

Instrumentas dronning på plass i Erdal kyrkje

orgelreparatøren, Dietrich

Johannes Buder Orgelverksted,

mens det ventet på

at restaureringen skulle bli

ferdig.

Under festgudstjenesten

deltok både organist

Terje Haugom og kantor

Gerd Inger Eide Yddal med

flott musikk. Det var ikke

vanskelig å legge merke

til at klangen i orgelet nå var en helt annen enn tidligere.

Menigheten fikk også høre trompetmusikk

av Elise Minde Fagerli og Roar Minde Fagerli. Egil

Hjortland var forrettende prest og etter kunngjøringene

ble orgelreparatøren kalt fram til koret der han

både fikk mange fine ord fra formannen i menighetsrådet,

Øyvind Fluge og en stor blomsterbukett.

Den gode stemningen i kirken tok folk med seg ut på

kirkebakken der kaffe og kaker ble nytt i finværet.

8 9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!