29.07.2013 Views

Radar Nr 1 2006 - Radøy sokn

Radar Nr 1 2006 - Radøy sokn

Radar Nr 1 2006 - Radøy sokn

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Han såg og trudde!

Det er Johannes sitt personlege vidnesbyrd om det som

hende påskemorgon. Vi har augnevitneskildring til påsken.

Ein som opplevde alt, har skrive det ned. Heile evangeliet

er vitnemål frå ein som fekk fylgja Jesus på nært hald

gjennom 3 hendingsrike år. Han var med Jesus dei siste

dagane, og stod under krossen saman med Jesu mor og

såg Jesus døy! No er han som var vitne til Jesu død, også

vitne om oppstoda. Han såg og trudde!

Verken Johannes eller dei andre såg slik at det vart unødvendig

å tru, men slik at dei kom til tru. Så fekk dei leva vidare og arbeida i erfaring

som held oppe vissheita om at Herren lever!

Disiplane opplevde tunge stunder også etter påskedag. Tilsynelantande gjekk livet

som før. Motgang og strid var ikkje slutt. Døden syntes rå som før. Og folk fl est

levde som ingen ting hadde hendt.

Likevel er ikkje alt som før. Det avgjerande er annleis. Påskedag er det store tidsskiljet.

Jesu oppstode er gjennombrotet for Guds-rike — våren. Enno er han ikkje

komen, men han er i kjømda, som vårens første blomar ber bod om vår – alt før

vinteren har mist sitt kalde grep.

Stundom kjem tvilen – snikande eller som bråe vindkast. Er det sant? Kanskje det

er innbildning – dette som du kallar tru? Døden og gravene røyner på trua.

Våren er her ikkje heilt, men vårteikna! Er dei ikkje nesten jamngode med våren?

Dei gjev i alle fall eit solid håp. Er det slik at Jesus stod opp frå dei døde, at han

lever i dag, at han går med meg, då er her ny frimodigheit å henta fram til vidnesbyrd

og kristentru .

Maria Magdalena stod vendt mot grava og gret. Det var då ho snudde seg, bort frå

grava, ut mot hangen, at ho såg Jesus. Han stod der i morgonsol, lys levande!

Jesus viste seg ikkje for alle. Han viste seg for dei som sørgde, som hadde det

vondt. Dei fekk møta han, ikkje fordi dei hadde så sterk tru, men fordi dei hadde

knytt livet og håpet til han. Så er det ikkje livet som endar med døden, men døden

som endar med liv. “Livet vant, dets navn er Jesus...” Det er bodskapen frå påskedag.

God påske!

Ingvar Fykse

Påske i kyrkjene våre

Palmesøndag er på ein måte preludiet

til påsken. Jesus rid inn i Jerusalem

og mange hyller han. Vi feirer palmesøndags

gudsteneste i Emigrantkyrkja

kl. 1100.

Skjærtorsdag held Jesus avskil med

læresveinane sine og samtalar med

dei om framtida. Han innset nattverden.

Det blir skjærtorsdagsgudstenester

i Sæbø kl. 1100 og i Hordabø

kl. 1900 - begge med nattverd.

Langfredag samlast vi for å lytta til

Jesu lidingssoge, slik evangelisten

Markus fortel om Jesu siste timar. Vi

held pasjonsgudsteneste i Manger

kl. 1100.

Påskedag er kyrkja sin største høgtidsdag.

Jesus sigra over døden. Han

stod opp og han lever. Vi feirer høgtidsgudsteneste

i Manger kl. 1100.

2. påskedag er det ikkje gudsteneste,

men vi samlast i Sæbø kyrkja kl. 1600

til påskefest i ord og tonar. Radøy

dame kor blir med.

Er det muleg, så besøk fl eire av kyrkjene

våre i påsken. Det hjelper til

med å få ei fulltonande påskefeiring.

Dessutan er det ekstra oppmuntrande

når vi er mange som samlast.

Vel møtt i kyrkjene

i påsken!

Kyrkjelydsutval

Etter at Radøy vart samla til eit sokn,

vart det trong for arbeidsgrupper/ kyrkjelydsutval

i dei gamle sokna. Radøy

sokneråd har no valt kyrkjelydsutval

på kvar stad. Dei som er med, vil få

ansvar for praktiske oppgåver i tilknytning

til gudstenestene og andre

tilstellingar i kyrkjene. Utvala vil bli

viktige medarbeidarar i kyrkjelydsarbeidet.

Desse er med:

Hordabø kyrkje: Kornelius Sylta,

Sølvi Kvalheim Mjøs, Mona Marøy,

Anna Myking Gjerde, Arne Palmesen

og Kjell Sekkingstad.

Manger kyrkje: Magne Myrtveit,

Dagunn Grindheim, Astrid Mellingen,

Oddvar Stang, Sølvi M Mangerøy og

Ingvar Fykse,

Sæbø kyrkje: Erling J Tjore, Solbjørg

Vatnøy, Olav Marås, Grethe Lunde,

Jostein Dale og Kjell Sekkingstad.

Radar helsar dei nye kyrkjelydsutvala

velkomne og ynskjer lukke til

med arbeidet.

Flygel i Manger kyrkje

Ekteparet Inger Johanne og Roar

Ektvedt har gjeve ei storslått gåve til

Radøy kommune: eit nytt Schimmelfl

ygel på 189cm. Det kjem til å stå i

Manger kyrkje og vil vera på plass til

påsken. Les meir i neste Radar.

2

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!