08.09.2013 Views

Hans Jørgen Neset (57) starta med to tomme hender ... - Uni Micro AS

Hans Jørgen Neset (57) starta med to tomme hender ... - Uni Micro AS

Hans Jørgen Neset (57) starta med to tomme hender ... - Uni Micro AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I dag har han over 50 i arbeid, hovudkontor

i Modalen, og avdelingar i Oslo, Bergen

og Haugesund. Hendene er kanskje like tomme

i dag, om ein tenkjer på sjølve produktet

som vert levert gjennom dataverksemda

hans – Uni Micro AS.

– Ja, det er ikkje så enkelt å visa fram det

me produserer, når me får folk på besøk.

Det me leverer er digitalt – og ikkje så godt

halda i og sjå på, smiler Neset.

I dag leverer Uni Micro eit komplett forretningssystem,

det vil seia langt meir enn

nett det å føra ein rekneskap i eit dataprogram.

Her er det til dømes snakk om faktura, lager,

løn og personal, eigedom, forvalting,

drift og vedlikehald, butikkdata og timeregistrering,

for å nemna noko.

Og i tillegg finst det fleire tilleggsprodukt

som kan koplast saman og integrerast i forretningssystemet.

Ein kan verta øren av mindre.

I ALLE FALL er dette svært langt frå utgangspunktet

der alt starta ein gong. På Eidsvåg,

Vestlandske Salslag, eller Gilde som er rettare

namnet i dag.

– Her skulle eg arbeida med ordrar og ekspedisjonsrutinar

for varene, og me var ei

moderne bedrift for å vera på 70-talet. Det

var ein datamaskin der, forresten var datamaskinar

uoppnåelege for folk flest. Det

var nok ei millioninvestering då, fortel Neset.

Og det var ikkje berre store pengesummar

det var snakk om, den fysiske storleiken på

ein slik maskin var også noko heilt anna enn

det me har i dag.

– Det vert sagt at ein av dei som arbeidde

med ein slik maskin laga seg ein bar av

den. Maskinen var nemleg så stor at når ein

tok ut innmaten så var det nok plass til både

det eine og andre inni skalet, minnest Neset.

At han kom attende til Modalen, var eigentleg

tilfeldig. Han såg ein annonse om

ein ledig jobb som kommunekasserar. Han

søkte, og fekk jobben.

– Eg hadde slite meg gjennom ei BI-utdanning,

og eg kom til Modalen i 1978. To år etter

at tunnelen til Eksingedalen var ferdig,

og Modalen stod på terskelen til å utvikla

seg i ein heilt ny retning, fortel han.

– Eg førte den kommunale rekneskapen,

det var ein full stilling då, der også andre

kommunale gjeremål og oppgåver var ein

del av arbeidet.

Han hugsar godt den gamle bokføringsmaskinen,

og korleis sjølve føringane gjekk

føre seg. Når ein hadde lagt inn ei føring,

vart den skriven ut på papir. Ei valse gjekk

rundt – og ut til sida – nett som på ei gamaldags

skrivemaskin. Sjølve valsa gjekk frå

venstre heilt ut til høgre, og hoppa tilbake

til venstre når linja på arket var fullt.

– DET VAR SMÅ FORHOLD, og eg hadde ein

besøksstol ved sida av bokføringsmaskina.

Når eg førte bilag med moms, gjekk valsa

ekstra langt ut til høgre. Så langt at om det

sat folk på besøksstolen, og ei slik føring

gjekk, ja så kunne gjesten få seg ein kilevink

av valsa som kom fykande – momsopplysingane

kom heilt på slutten av lina nemleg,

smiler Neset.

Han ristar bestemt på hovudet når me spør

han om han av og til var freista til å føra

momsbilag når folk kom på besøk, og sat

lenge på stolen…

Ini Micro har i dag hovudkontoret sitt på

Øvre Helland, halvanna mil opp i Modalen

frå sjøen. Her starta han opp med to brakker

han kjøpte frå oljeaktiviteten på Kollsnes.

Og sidan har det balla på seg, med fleire

brakker.

– Øvre Helland er ikkje det ugudeleg langt

borte frå kundane då? spør me.

– Langt borte, nei! Kjende du ikkje den store

openberringa då du kom gjennom tunnelen

og held fram oppover dalen? Og dalen

opna seg på Øvre Helland, gliser han

mot oss.

Og smiler endå breiare når me ikkje heilt

kan vera samd i ei slik skildring.

– Det har svært lite å seia kvar ein etablert

– ikkje minst i den digitale verda me lever

i, seier han meir alvorleg.

Det som krevst er elektrisk kraft, og det

har Modalen – og skikkeleg datakommunikasjon

mot omverda. Det har dei også.

DEI TO FØRSTE kontorbrakkene står framleis

og utgjer eine enden av bygget. Så kom

det endå fleire brakker, eit nytt tilbygg og

endå eitt.

– Det siste er eit kommunalt næringsbygg

– der me betaler bygget ned over 20 år, det

er ei fin ordning det, medgjev han.

Og seier samstundes at han er godt nøgd

med kommunen som gav han ein fin oppstart.

Litt mindre nøgd er han med at kommunen

ikkje brukar hans program til å føra

rekneskapen på.

– Dei burde nok støtta dei lokale verksemdene

og brukt det som vert laga lokalt, seier

han stilt.

Og som tidlegare kommunekasserar, veit

han kva han snakkar om. I tida hans i den

jobben, fekk han avtale om samstundes å

utvikla programvara si.

– Eg programmerte i DOS (Disk Operating

System), seier han vidare og ser ut i lufta.

Kanskje er han i bits&bytes-verda? han må

røskast tilbake til vår, og det går fint ved å

heva røysta litt.

– Det første Windowsbaserte programmet

hadde me klart i 1994. Så leverte me 32 bits

programvare frå 2001, avsluttar han den sekvensen.

– Sveinung Farestveit var den andre tilsette

i verksemda, han er ein energibunt og

eit funn. Han er med framleis, og han overraskar

stadig med geniale løysingar, seier

Neset. Straks me får pensa han tilbake på

korleis det eingong starta.

Farestveit er forresten på Haugesundskontoret

no. Både der og i resten av Uni Microsystemet

går det godt, svært godt. Dei skal

snart tilsetja fire nye i Oslo/Bergen, også eit

døme på at det langt frå er noko snippsnapp-snute

for dataeventyret i Modalen.

– Veksten dei siste åra har me brukt til å

byggja opp avdelingane våre ute. Me har

forresten ikkje plass til så mykje meir her

på Øvre Helland.

– Litt plass i kjellaren kanskje, seier han,

og nikkar mot golvet og lokalet under oss.

HEIL UNI MICRO-HISTORIA handlar om ein

god porsjon lokalpatriotisme, og om han

ikkje nett er gardsgut, så har familien gard

og grunn i Modalen, og røter som stikk langt

ned i jorda.

– I dag er alt dette ein meir normal jobb

for meg. Eg har dyktige medarbeidarar og

når eg har fri, så har eg fri.

Men slik har det ikkje alltid vore. Det starta

med han sjølv og ein tilsett som dreiv alt

saman, og det vart ein livsstil. Stå-på-vilje,

kreativitet og god hjelp frå kommunen gjorde

utviklinga mogeleg. Det er nemleg eit

stykke frå kjøkkenbordet på Øvre Helland

til 5.500 kundar og meir enn 50 tilsette.

– Klart det har kosta, og det er også godt

å kunna overlata til eine dottera mi, Jannike,

seier han.

Det handlar forresten mykje om jenter,

sjølv er han far til tre døtrer – og seks barnebarneborn

som også er jenter.

– Det passar bra – det er nok jentene som

vil «rula» i framtida, meiner han.

Dottera Jannike har alt teke til i Uni Micro

– og frå sommaren ein gong vert ho dagleg

leiar.

– Så får eg vera som ein konsulent eller forretningsutviklar,

eg likar det ordet betre. Eg

vil nok halda fram ei god stund enno. Ho

som skal overta har både økonomisk bakgrunn

og kan faktisk også titulera seg som

barnevernspedagog.

– Får ho bruk for det siste her då?

– Ikkje godt å vita, flirer Neset.

– Nei då – her er vaksne, pålitelege folk,

men erfaring og kunnskap er alltid godt å

LAURDAG PORTRETT

HORDALAND 20. FEBRUAR 2010 13

To tomme hender

& ein idé

KONGENS KLÆR: Ei ung utgåve at datagrunderen, på førstegongsteneste på Evjemoen.

ha med seg.

På fritida som det etter kvart er vorte meir

av, er Neset ein friluftsmann. Og så likar han

hjortejakt. Han er aktiv i jaktvaldet, men

nett kor mange hjortar han har skote sjølv

– og kor mange taggar, tel han ikkje.

Politisk held han seg litt på høgre-sida, han

har vore innvalt i kommunestyret ein gong,

men det politiske engasjementet er ikkje så

tydeleg lenger. Han er leiar for det lokale

Kontrollutvalet, og finn eitt og anna å setja

fingeren på, viser siste saka som nyleg var

føre i kommunestyret.

Neset likar seg godt i fjellet – anten han

no går på føtene eller på ski.

– Både i eigne fjell og andre sine. Jotunheimen

er flott. Her kan ein klara tankane,

det hjelper å sjå det litt ovanfrå nokre gonger,

trur han.

Me tenkjer på ei tidlegare utgåve av Uni

Micro-logoen – der han sjølv heng under ein

paraglider og ser ned på folk og land. Symbolikken

her var «Full oversikt» - med Uni

Økonomi.

SJØLV OM IDEEN BAK kan vera krystallklar,

er det ikkje alltid det praktiske er like innlysande

hjå slike folk som Hans Jørgen.

Som del av intervjuet, høyrer ein fotoseanse

naturleg inn. Og til det treng fotografen

ein berbar pc. Slikt finst det sjølvsagt

mange av og på alle kontor og i mange utgåver

i lokala på Øvre Helland.

Men maskinen Neset finn viser seg å vera

festa i ein såkalla dockingstasjon. Og den

valdar gründeren på Øvre Helland problem.

Han lyfter, kikar og ser – og skjønar ikkje

heilt korleis han skal få maskinen laus.

– Trykk på den grøne knappen, kviskrar

me varsamt. Ikkje noko poeng å laga oppstuss.

– Å f…., var det så enkelt, seier han, etter

å trykt knappen ned og han står litt overraska

med den berbare i nevane. Så ber det

inn til fotografering, og Neset er ein medgjerleg

kar, viser det seg.

Det ligg manglande praktiske handlaget,

står i sterkt kontrast til det siste temaet me

er innom – nemleg Microsoft Clouds.

– Verda går vidare, og det er ikkje alt som

er oppfunne enno, var det ein som sa, seier

Neset. Klikkar på ei datamus og får fram

ei nettside på ein storskjerm bak seg.

Her kjem me til Microsoft Clouds, som

mellom anna inneber at det fleire stader

veks fram store serverklyngjer med tusenvis

av serverar i eitt og same system. Her

kan ein leiga seg inn – og få plass til både

programvare og data.

– Ein treng berre ein nettlesar og dataliner

– så kan ein leiga resten. Det kan ofte

vera billigare å driva på denne måten nn å

halda alt utstyret sjølv.

– ME TRENG MENNESKA lokalt, så leiger me

resten av ressursane – dei er i Cyberspace

ein eller annan stad. Og brukarnamn og passord

og datastraumar styrer alt saman. Då

tyder det endå mindre kvar ein er i verda.

Me svarer på e-post og på telefon, om me sit

på Øvre Helland eller på Manhattan er heilt

likegyldig for brukaren. Og kvar han hentar

programvarer og data han eller ho treng,

tyder nett like lite.

– Berre det fungerer og det går kjapt. Og

det er det Uni Micro er laga for – nett for å

forenkla alle forretningsprosessane,

gjennom nettbaserte løysingar, understrekar

Neset.

Og det trur både me og tydelegvis mange

andre han på.

JAN-EGIL DYVIK | tekst

DANIEL MELVE KVARME | fotomontasje

redaksjon@avisa-h.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!