11.09.2013 Views

LAGERTØMMING - Universitas

LAGERTØMMING - Universitas

LAGERTØMMING - Universitas

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

18 | KULTUR |

onsdag 17. oktober 2012

Ekte hår: Camilla Longva var den einaste av framførarane som ikkje måtte ha parykk, sjølv om få trudde håret hennar var ekte. FOTO: PRIVAT

Blondt hår gav

kinesisk operakarriere

Ho skulle berre synge på ein fest. Så blei framføringa til

Camilla Longva vist direkte på kinesisk TV.

KINA

tekst: Cathrine Ekehaug

– Det var ikkje akkurat ein fest.

Eg skulle synge klassisk kinesisk

opera, i fullt kostyme, på den offisielle

feiringa av nasjonaldagen til

Kina 1. oktober, i ein av dei største

bydelane i Shanghai, seier Camilla

Longva (23) på telefon frå Kina.

Longva studerer dette året på

Fudan university i millionbyen

Shanghai. Ein månad inn i første

semester utvikla året seg til å bli

heilt spesielt for songfuglen frå

Bærum. Etter å ha takka ja til å

framføre ein song ilag med ein annan

utvekslingsstudent, fekk ho

spørsmål om kva ho ville ha betalt.

– Eg vart litt paff, eg hadde ikkje

venta å få betalt. Eg sa eg kunne få

det han andre fekk. Det var 1000

RMB (909 NOK, journ.anm.).

Dette er jo ganske mykje pengar i

Kina, så eg byrja å lure på kva eg

eigentleg hadde sagt ja til, seier

Longva.

Operasongarar med

status som rockestjerner

– Kinesisk opera er eit samlenamn

for ei rekke ulike kinesiske dramaformer,

av ulik grad av sofistikasjon,

ofte med regional tilknyting,

fortel professor i kinesisk ved Universitetet

i Oslo, Halvor Eifring.

Syngemåten i kinesisk opera er

veldig annleis og uvand for vestlege

øyrer. Likeså er bruk av sminke

og kostyme med fast symbolsk betyding.

Rørslene er også symbolske

og erstattar ofte behovet for

kulissar på scena. Operaen består

gjerne av ei blanding av song og

dialog. Mest kjend i Vesten er Peking-opera,

som var på sitt mest

populære fram mot 1930-talet. Då

hadde dei største stjernene status

nærast som rockestjerner.

– Men tradisjonelt er operasongarar

sett ned på, fordi deira virke

òg kunne vere nært knytt til prostitusjon.

Dette er sjølvsagt annleis

i dag, seier Eifring.

På nasjonalt fjernsyn

– Då eg kom på lydopptakinga dagen

etter oppdaga eg at dei andre

som skulle opptre var profesjonelle

operasongarar. Etter kvart kom

han eg skulle framføre med, og vi

fekk nokre notar vi kunne øve på.

Eg kunne ikkje lese notar ein gong,

fortel Longva.

På generalprøva dagen før

framsyninga vart ho lamslått av

kor mykje dei hadde rigga opp.

Det var storskjerm og kamera

med kran, og gata var pynta med

blomar og plakatar. Mange nysgjerrige

tilskodarar hadde møtt

opp for å sjå.

– Dei var mest opptekne av om

håret mitt var ekte, og alle ville

ta bilete med meg, ler Longva, og

legg til:

– Sidan eg hadde litt tid medan

dei andre vart sminka, gjekk eg og

kjøpte meg kaffi. Med vanlege klede

og hovud som ei kinesisk prinsesse,

var eg ein stor slager blant

dei gamle kinesiske mennene som

drakk morgonteen sin, fortel ho.

Heile amfiteateret kokte då ho

framførte.

– Der sto eg, ein blond person

og song på kinesisk og dansa tradisjonell

opera. Heile fjeset mitt

var på storskjerm bak meg. Det

var veldig surrealistisk, fortel

Longva.

Etterpå vart ho intervjua på kinesisk,

direkte på nasjonalt fjernsyn.

Her må ein merke seg at Kina

har 1,3 milliardar innbyggjarar.

Sjåartalet på kva som helst kanal

er til ei kvar tid mykje høgare enn

kva «Gullrekka» på NRK nokon

gong kan håpe på å oppnå.

Langt blondt hår truleg

utslagsgjevande

Halvor Eifring tykkjer det er spesielt

at ei vestleg jente utan songbakgrunn

får delta på eit slikt ar-

rangement. Han forklarar at det

finst nokre få vestlege songarar

som har vore gjennom lang trening

og har tileigna seg songteknikk

som passar inn.

– Det har vel ein eigen effekt

dette å sjå ei nordisk kvinne med

langt blondt hår i tradisjonell kinesisk

operagevant og med tradisjonelle

kinesiske operarørsler.

Resultatet vert i alle fall annleis og

meir overraskande enn det ei slik

framføring elles ville vore, seier

Eifring, som tykkjer det er festleg

at hans tidlegare student er blitt

operastjerne.

Operascena i Shanghai får ikkje

nok av Longva. På framføringa

vart ho kjend med eit par profesjonelle

operasongarar, som nærast

har adoptert ho som ei niese. «Onkelen»

hennar har fått ho med på

ei ny framføring den 20. oktober,

denne gongen live i eit kulturhus.

– Blir du kjent att på gata?

– Nja, veit ikkje. Alle stirrar på

meg uansett. Det er umogleg å

vite om det er fordi dei kjenner

meg att eller fordi eg er utlending,

svarar Longva.

kulturredaksjonen@universitas.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!