21.06.2014 Views

Søkerhandboka 2011 - Samordna opptak

Søkerhandboka 2011 - Samordna opptak

Søkerhandboka 2011 - Samordna opptak

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Klage på saksbehandling

Dersom du meiner det er gjort feil i behandlinga av søknaden

din, må du først kontakte institusjonen som har behandla

søknaden. Som oftast er dette ein lærestad, men det kan òg

vere Samordna opptak.

Dersom det er fleire institusjonar som har behandla søknaden,

må du kontakte institusjonen som er saksbehandlar for dei

studieønska du meiner er feilbehandla. Du kan skrive eit brev

der du ber om ei grunngjeving for vedtaket som er gjort. Då kan

det bli avklart om det er gjort ein feil, eller om du har mistydd

reglane.

I nokre tilfelle, ved særskilt eller individuell vurdering, skal

klagen sendast til andre enn din saksbehandlande institusjon.

Nærare informasjon om dette finn du i svarbrevet.

Dersom du ikkje er nøgd med forklaringa som blir gitt, har du

etter forvaltningslova § 28 rett til å klage. Av tidsomsyn bør du

sende klagen snarast mogleg, og seinast tre veker etter at

brevet med grunngjevinga kom til den adressa du hadde ført

opp. Klagen skal sendast til den institusjonen du har fått grunngjevinga

frå. I klagen må du gjere greie for kva du klagar på

og kva for studium klagen gjeld. Klagen må være underteikna

av deg eller den du har gjeve fullmakt.

Dersom institusjonen ikkje gjer om vedtaket sitt, blir klagen

sendt vidare til klagenemndsbehandling.

Opptak til ingeniørutdanning for deg som manglar

(R1+R2) og Fysikk 1FY

Tresemesterordning

Opptak til ingeniørutdanning krev normalt matematikk (R1+R2)

og Fysikk 1.

Viss du har generell studiekompetanse, men manglar den realfaglege

fordjupinga, kan du til nokre av desse utdanningane

følgje kurs i ei tresemesterordning. Det første studieåret er tilrettelagt,

med undervisning både sommaren før og eventuelt

òg sommaren etter det første studieåret. Frå og med det andre

studieåret følgjer du det ordinære studiet.

Studium med tresemesterordning skal søkjast direkte

til lærestadene, ikkje gjennom Samordna opptak. Følgjande

høgskolar tilbyr tresemesterordning med særskilt undervisning

i matematikk og fysikk:

Høgskolen i Buskerud

Høgskolen i Gjøvik

Høgskolen i Narvik

Høgskolen i Oslo

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskolen Stord/Haugesund

Høgskolen i Telemark

Høgskolen i Vestfold

Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Ålesund

Universitetet i Agder

Universitetet i Tromsø

1-årig forkurs

Til ingeniør- og maritime utdanningar kan ein kvalifisere seg

med 1-årig forkurs, uavhengig av kravet om generell studiekompetanse.

Realfagskurs

Fleire høgskolar tilbyr realfagskurs som dekkjer dei spesielle

opptakskrava til høgskoleingeniørstudium for søkjarar som har

generell studiekompetanse, men som manglar fordjuping i

matematikk og fysikk frå vidaregåande skole. Kursa blir i dei

fleste høve tilbydde som deltidsstudium eller eitt semester -

studium.

Nærare informasjon om realfagskurs får du ved å

kontakte dei einskilde høgskolane.

Y-vegen

Til særskilt tilrettelagte ingeniørstudium har lærestadene høve

til å ta opp søkjarar utan generell studiekompetanse, men med

relevant fag-/sveinebrev til særskilte ingeniørstudium.

Informasjon om slike studietilbod finn du på lærestadene sine

nettsider. Du søkjer til desse studia direkte til kvar

lærestad, ikkje gjennom Samordna opptak.

Desse lærestadene tilbyr eit eller fleire ingeniørstudium

med Y-veg:

Høgskolen i Buskerud

Høgskolen i Gjøvik

Høgskolen i Narvik

Høgskolen i Sogn og Fjordane

Høgskolen i Telemark

Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Ålesund

Universitetet i Agder

Forkurset er ope både for søkjarar som har generell studiekompetanse

(men manglar fordjuping i matematikk og fysikk)

og for søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse.

Dei sistnemnde vil bli kvalifiserte for ingeniør- og maritime

utdanningar dersom dei består fullt forkurs.

Opplysningar om forkurs får du ved å kontakte ein

lærestad som tilbyr ingeniør- eller maritim utdanning.

95

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!