05.12.2012 Views

Helgedagen mars 2008.indd - Time kyrkjelege fellesråd

Helgedagen mars 2008.indd - Time kyrkjelege fellesråd

Helgedagen mars 2008.indd - Time kyrkjelege fellesråd

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Det var kjekt å rippa litt opp i det”

I november vart det arrangert ”Liljekveld” i Timekyrkja. Trass i glatte vegar og hustre ver, var frammøtet

godt og vi fekk ein stemningsfull, fin kveld ilag. -Vi har snakka i komitéen om at det kunne

vera gildt å få ein samtale med Ingolf Lygren på Bryne. Med sine 92 år er han den siste attlevande

av komitéen for 100-års-høgtida i 1959.

Interessa for kyrkja og kristenlivet i

Time har han halde fast ved og ytt til i

alle år sidan. – Ja, når vi spør om eit

drøs om farne tider, stiller Lygren opp.

Han hugsar ikkje så mykje, påstår han,

men det syner seg at detaljar frå ”den

gong då” myldrar fram ettersom vi går

gjennom stoffet som er nedteikna kring

100-års-høgtida. Den som ynskjer, kan

lesa om dette i ”Time Herad fram til

1987”, kapitlet om ”Timekyrkjene fram

gjennom tidene”.

Lygren minnest komité-arbeidet som

interessant og gjevande. Meiningsbrytingar

var der saktens undervegs. Å gå i

kompromiss med riksantikvarens krav

og retningslinjer, sette haldningar og

tilvand tankegang på prøve. Dette galdt

ikkje minst belysning og nye sete i

kyrkja. Og så oppsto der usemje då eit

stort blandakor, samansett av songarar

frå heile Timesokna, skulle framføra ein

nyskriven festkantate av Alfred Hauge,

musikk: Peer Steenberg. Etter ein del

uro og avisdebatt, sigra fornuften, og

det vart ei strålande framføring ved

festgudstenesta der biskop Karl Marthinussen

tala. Som ein kuriositet kan eg

nemna at Russen 1959 fekk godt stoff

til russefaget sitt. På lastebilplan kjegla

korkledde raudruss medan ein overdynamisk

dirigent til slutt fekk orden i

rekkene og let songen tona utover

Bryne torg.

Eit særleg gildt minne for Lygren er at

han fekk vera med på steinarbeidet i

samband med kyrkjetrappene. Hovudansvaret

for steinarbeidet hadde stein-

Time kyrkje med den gamle trappa,

porten og litt av stallen kring 1913

Innfelt: Ingolf Lygren

hoggar Willy Halvorsen som då budde

på Bryne. Han var ein framifrå

fagmann, og Lygren fekk vera med litt

som ein slags hjelpegutt. Noko av steinane

fekk dei ferdigkilt frå Garborg,

noko fekk dei kila sjølve i ei mark på

Aarrestad. Det var her Lygren fekk vera

med som borar. Han talar med glød om

dei tynne svenskeborane han brukte og

poengterer kor viktig det var å ta

omsyn til dei balanserande kreftene i

steinen. Dei hadde eit uhell og slo av eit

stort stykke frå ein av troppesteinane,

men steinhoggar Halvorsen visste råd

for det. – Gelender ned til parkeringsplassen

vart laga hos Trygve Kverneland

& sønner (TKS) av Holen og T.T.K.

Tida går i ”fykande fart” (sitat frå Gyda

Hennig, prestefrue på den tid) i drøset

med Ingolf Lygren. Som han sjølv seier

med eit lunt smil i det vi tek avskil –

”Det var kjekt å rippa litt opp i det.”

Helsing frå Herborg Kverneland,

Kverneland, februar 2008.

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!