04.03.2020 Views

Digital reiseguide NO

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NORDFJORD SPOR SMAK

NORDFJORD

ER VERKELEG

EIT HJORTERIKE

I NORGE.

© Munthe

VILLSAU OG GEIT

Villsau og geit ber i seg smaken

av Nordfjord og hamnar stadig

oftare på middagsbordet til

nordmenn.

Stad Kystmat har etablert

seg på kysten av Nordfjord,

her har den tidlegare profesjonelle

snøbrettkøyraren satsa

på villsau, eller vikingsau som

den også blir kalla. I det

moderne gardsslakteriet blir

det trylla fram gode produkt.

Geit er eit anna spanande dyr

som trivst utanfor allfarveg.

Geit og kje frå gardane i

Kandal og Kandal Kjøt blir det

laga produkt i mange variantar

– alt frå ferskt kjøt og filetar

til tørrsalta og stabburstørka

spekelår, pinnekjøt og pølser.

Er du interessert i ein

liten arie, kan kanskje ein av

bøndene som er operasongar,

diske opp med song. Aabrekk

Gard lagar også ost og

kjøtprodukt på geit.

På Jevnlid Garden blir det

laga gode kjøt- og spekematprodukt,

der respekt for

handverkstradisjonane er

nokre av dei viktigaste

ingrediensane.

Er du ute etter noko heilt

spesielt kan lindhonning frå

Breheimen Naturprodukt

eller gombe frå Fjellestad

anbefalast, om du ikkje vil

ta turen til kysten og

Knutholmen for havets

festbord.

Reiseguide 2020 36

VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 36 12/02/2020 18:13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!