17.07.2013 Views

vonheim

vonheim

vonheim

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Skulen på Vonheim

Tale ved friluftsmøtet

framfor den restaurerte skulebygninga

3. august 1969

Vonheim er ikkje den eldste norske folkehøgskulen, som vi veit; der

er endå meir ærverdige bygningar, som hyser minna om dei første freistnader,

Jamvel Vonheimsskulen sjølv byrja ikkje i dette huset. Og han

vart verande stutt, frå 1875 til 1896, vel tjuge år; det siste av denne

tida var dessutan lite meir enn ein seigsliten dødskamp.

Likevel er det rett at vi i dag vigslar nettopp denne bygnaden framfor

andre til minnehall for den norske folkehøgskulen. Frå denne salen

og denne talarstolen, frå Christopher Bruun og hans flokk av hjelparar,

kom den sterkaste og klåraste tilskuven, Det skulen hadde i seg, lyste

opp her med ei strålekraft som ingen kunneoversjå. Den breie rørsla

som makta trengja inn i vårt folkeliv og bli eit drag i vårt bilete som

nasjon, den hadde si rette byrjing her på Vonheim.

Det skulen ville, var å skapa heile menneske. Han

vende seg til ungdomar som ikkje enno hadde kome bort-i den godkjende

«dauinga» med sitt åndelege frankeringssystem; og han baud

dei inga hjelp til vidare kliving på status-stigen. Han vende seg til dei

med Sokrates' enkle spørsmål: Kven er du? Kven vil du vera? Kva gjer

du her på jorda?

Skolen trudde at dersom ein spurde slike spørsmål på rette måten, då

kunne den vanlege norske bondegjente og bondegut vekkjast til eit personleg

gjennombrot, til å bli - med Bruuns ord - «Menneske, fuldt harmonisk

Menneske». Skulen ville la den einskilde kjenna at hennar eller

hans vesle liv hadde noko på seg, - at dersom ein verkeleg ville, kunne

det livet fonnast til eir kunstverk, like edelt som dei store førebilete i

'ortida, men vendt til aktiv gjerning i notida, Denne «jordmor-teknikken»

til åndeleg forløysing var det høgskulen samla i uttrykket «det

levande ord». Med den meining ordet hadde, måtte det for slektene kring

1870 kjennast som nok o blendande nytt; og det har den same friske

menneskjelege sanning i dag.

Det var eit pedagogisk prinsipp. Som ein av Vonheimskarane sa til

meg på sine gamle dagar: inst inne er høgskulen ikkje noko anna enn ein

læremåte. Difor kunne han bruka alle tenkjelege emne, ikkje til lærdom,

men til vekkjing. Vonheims-elevane møtte religionen, ikkje som eit

puggestoff eller eit regelverk, ein løysingsbillett til den neste verda,

men som ei forpliktande maning til fullverdig liv i denne. Dei møtte

det nasjonale, ikkje som bombastisk skrøyt, men som ei påminning til

kvar einskild om å byggja på eigen grunn og vera seg sjølv. Dei møtte

historia, ikkje som leksesider i ei bok, men som eit personleg engasjerande

drama om det Bruun kalla «Menneskelivet i dets Glans og Vælde»,

Dei lærde nok å sjå tilbake, men berre så dei klårare skulle sjå fram.

Viktigast av alt var tonen som dette me~neskesynet skapte, og som

fylte sjølve livet ved skulen: det hjartelege og umistenksame, tvangfrie

og livsfremjande som ein god heim har. Det som kjem att gong på gong

i minna frå dei mange som har gått på Vonheim, er den opning av sinnet

som dei fekk oppleva på skulen, frambrotet av indre krefter. Dørene

i denne salen førde inn til ukjende heimar: den mektige fortidsverda,

2

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!