17.07.2013 Views

vonheim

vonheim

vonheim

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Skulen på Vonheim

Tale ved friluftsmøtet

framfor den restaurerte skulebygninga

3. august 1969

Vonheim er ikkje den eldste norske folkehøgskulen, som vi veit; der

er endå meir ærverdige bygningar, som hyser minna om dei første freistnader,

Jamvel Vonheimsskulen sjølv byrja ikkje i dette huset. Og han

vart verande stutt, frå 1875 til 1896, vel tjuge år; det siste av denne

tida var dessutan lite meir enn ein seigsliten dødskamp.

Likevel er det rett at vi i dag vigslar nettopp denne bygnaden framfor

andre til minnehall for den norske folkehøgskulen. Frå denne salen

og denne talarstolen, frå Christopher Bruun og hans flokk av hjelparar,

kom den sterkaste og klåraste tilskuven, Det skulen hadde i seg, lyste

opp her med ei strålekraft som ingen kunneoversjå. Den breie rørsla

som makta trengja inn i vårt folkeliv og bli eit drag i vårt bilete som

nasjon, den hadde si rette byrjing her på Vonheim.

Det skulen ville, var å skapa heile menneske. Han

vende seg til ungdomar som ikkje enno hadde kome bort-i den godkjende

«dauinga» med sitt åndelege frankeringssystem; og han baud

dei inga hjelp til vidare kliving på status-stigen. Han vende seg til dei

med Sokrates' enkle spørsmål: Kven er du? Kven vil du vera? Kva gjer

du her på jorda?

Skolen trudde at dersom ein spurde slike spørsmål på rette måten, då

kunne den vanlege norske bondegjente og bondegut vekkjast til eit personleg

gjennombrot, til å bli - med Bruuns ord - «Menneske, fuldt harmonisk

Menneske». Skulen ville la den einskilde kjenna at hennar eller

hans vesle liv hadde noko på seg, - at dersom ein verkeleg ville, kunne

det livet fonnast til eir kunstverk, like edelt som dei store førebilete i

'ortida, men vendt til aktiv gjerning i notida, Denne «jordmor-teknikken»

til åndeleg forløysing var det høgskulen samla i uttrykket «det

levande ord». Med den meining ordet hadde, måtte det for slektene kring

1870 kjennast som nok o blendande nytt; og det har den same friske

menneskjelege sanning i dag.

Det var eit pedagogisk prinsipp. Som ein av Vonheimskarane sa til

meg på sine gamle dagar: inst inne er høgskulen ikkje noko anna enn ein

læremåte. Difor kunne han bruka alle tenkjelege emne, ikkje til lærdom,

men til vekkjing. Vonheims-elevane møtte religionen, ikkje som eit

puggestoff eller eit regelverk, ein løysingsbillett til den neste verda,

men som ei forpliktande maning til fullverdig liv i denne. Dei møtte

det nasjonale, ikkje som bombastisk skrøyt, men som ei påminning til

kvar einskild om å byggja på eigen grunn og vera seg sjølv. Dei møtte

historia, ikkje som leksesider i ei bok, men som eit personleg engasjerande

drama om det Bruun kalla «Menneskelivet i dets Glans og Vælde»,

Dei lærde nok å sjå tilbake, men berre så dei klårare skulle sjå fram.

Viktigast av alt var tonen som dette me~neskesynet skapte, og som

fylte sjølve livet ved skulen: det hjartelege og umistenksame, tvangfrie

og livsfremjande som ein god heim har. Det som kjem att gong på gong

i minna frå dei mange som har gått på Vonheim, er den opning av sinnet

som dei fekk oppleva på skulen, frambrotet av indre krefter. Dørene

i denne salen førde inn til ukjende heimar: den mektige fortidsverda,

2

den brokute verd der dei unge forstod at dei sjølve-levde, og det svimrande

universet som opna seg inni dei. Det er sagt i enkle ord av Andreas

Austlid: «Det var forunderleg kor denne skulen og dette samværet

gjorde oss frie og glade, og fekk ut det som budde i oss... Aldri hadde

vi drøymt um at det fanst eit slikt liv, so rikt, so fagert».

Det som gav grunntonen ~t alt - den alvorlege grunntonen - var

likevel det «levande ordet», slik det vart bore fram i denne salen, fr~

denne talarstolen. Og vil vi no i dag mana fram for v~rt indre auga

Vonheim og Vonheimskarane, er det vel helst der inne vi vil sj~ dei, i

dei store stundene, d~ alt klang i hop, og d~ det som dette huset var

reist for, fekk mæle i sterke og enkle ord. Vi vil hugsa Vonheims-mennene

i dei første, lykkelege ~ra, d~ dei sjølve var unge bak sine store

skjegg, d~ dei kjende seg borne på ei båre av alle gode krefter, d~ det

var stormgang i lufta og framtida syntest nær.

Aller mest vil eg gjerne sj~ for meg tilhøyrarane i slike stunder, -

alle dei uforma «morgonandlet», opne mot dette vedunderlege som vart

sagt, dobbelt vedunderleg for di det var sant. Då var det Vonheim

djupast svara til føremålet sitt, - når ei fiskarjente fr~ Finnøy eller ein

gardgut fr~ Lom ordlaust visste med seg sjølv at no vart noko annleis

inni han for alltid.

Det som mest trugar mennesket i den verd som lagar seg til, er isolasjon

- fr~ ei fortid som ikkje lenger er levande, frå ei notid som

stivnar i mekaniske livsmønster, og frå ein sjølv, i eit samfunn der

sjølve livsproblema held på å flatast bort i det masseproduserte

inkjevetta. Her har høgskulen noko å by som yi veit at menneske

treng, om dei skal vera menneske. Hans ideal for den heilvaksne

personlegdom; hans syn for vokstersamanhengen i individ og samfunn;

hans ønske om ~ n~ den einskilde med det som ho eller han treng;

hans tru på den vekkjande kontakt fri menneske til menneske,

og hans vilje til å bry ta det etablerte samfunnsmønster for at

slikt skal få livsrom, - alt dette må kjennast som eit evangelium

nettopp for vår tid.

Og ein del av desse unge søkjer no sjølve til høgskulen. Dei er ikkje

attergløymer. Dei kjem frå rekkjehus og blokkbygg snart like mykje

som fr~ gardar og fiskever. Det finst både miniskjørt og apostelhår

mellom dei, stundom kanskje eit skjegg og - det er no deira toppluve.

Dei tenkjer tankane og opplever kjenslene ~t ein ny generasjon, som

ofte synest ha lite saman med oss. Når dei endå kjem til høgskulen,

tar eg det som eit merke på at dei likevel finn noko der for seg, at det

«levande ord» også i var tids versjon ta:lar til dei med kjenneleg røyse,

Med slike tankar i hugen vigslar vi i dag det gamle og nye Vonheim.

På denne vår svivande klore, eit støvkorn i stjerneskreidene,

grimut av kvide og mørk av blod, der vi orkar å leva vårt menneskeliv

berre for di vi trur, og vil tru, at det har ei meining, - på vår

vesle flekk av denne vesle og endå så veldige jord opnar vi atter

dørene til Vonheim. Vi gjer det i trua p~ at namnet Vonheim ikkje

berre var eit namn, at dette gamle huset ikkje berre var ei tom puppe

som livet slengde ifr~ seg, men at det framleis, i sitt nye skap, skal

syna seg vera eit hylster kring noko som lever og veks, og skal berga

si grorkraft inn i framtida. Måtte det skje!

SIGMUND SKARD

Talen er sterkt ±orkorta; voner l1kevel at heilskapen

ikkJe har varte heilt borte Red(d).

3

Til deg som ynskjer å sjå Vonheim sommaren 1991 l

** Christopher Bruun sin xolkehøgskole xrA 1875. **

I Bommer er

xrå 7.

desse UTSTILLINGANE opne

juli ~il 10. augus~:~

* Lokal~ miljøvernarbeid i Gausdal.

* Planar xor U~marksmuseum.

* Regnskogane i verda.

* Kulturgjens~andar xrå Asia/Axrika/La~in-Amerika.

Inngangspengar kr. 10.- Kaxxe og vaxler kr. 20,-

Opnings~ider xor u~s~illingane: Torsdagar/xredagarl

laurdagar kl. 12 ~il 16 - og i samband med xylgjande

KVELDSARRANGEMENTER:

Sundao 7. juli kl. 1930: Opnino av u~stillingane.

Ljosbile~eserie vi Jon Syl~e: Miljøvernarbeid i Gausdal.

Sundag 14. juli kl. 1930: Lokalmiljøet.

Om livet i Gausdals-xjella ~ør og no. Kåseri og bilete.

Sundag 21. juli kl. 1930:· De~ olobale miljø.

Program om Regnskogane, vi Ingebrigt Bang.

Onsdao 24. juli kl. 1930: Mø~e mellom kul~urer.

Kul~urprogram om in~ernasjonale prosjekt iA~rika og Asia.

Onsdag 31. juli kl. 1930: Kuns~en bind saman.

Konser~.

Sundag 4. aug. kl. 1930: Sono, stev 00 orønne viser.

Visekveld vi Ragnhild Bjørge, Per Asmunds~ad, Gudmund

Waalen m.xl.

Ein vil 6g minne om:

Bjørnson-dagane 24. - 27. juni,

Folkemusikkdagar 28. - 30. juni,

Olsok~eiringa i 0s~re Gausdal kyrkje og pres~egard.

Tid og stad ~or desse ~ils~elningane i sommarbrosjyra

xrå Gausdal Reiselivslag, der Vonheims Venner er medlem.

Telexon til Vonheim i sommar: 062 29 508.

4

VONHEIM-

SEMINARET 1991

VONHEIMS VENNER

i samarbeid med

STAD:

TID:

skipar til Vonheim-seminaret

* Ringebu Folkehøgskule,

* Grundtvigselskapet, og

* Norsk Folkehøgskolelag.

VONHEIM i Follebu.

8.-10. august 1991.

Kirsti Aasen,

PROGRAMNEMND:

Grundtvigselskapet,

Harald Midtsund, Ringebu Folkehøgskule,

Olav Akerlie,

Norsk Folkehøgsk~lelag.

LOKALNEMND:

Nanna Dons Finsrud, Tormod Stauri.

SEMINARADRESSE:

Ringebu Folkeh.skule, 2630 RINGEBU (062 80155).

SEMINARLEIARAR:

Harald Midtsund / Olav Akerlie.

PÅMELDING INNAN 1. JULI 1991.

Nærare opplysningar vert sendt etter påmelding.

5

PROGRAM FOR

v O N HEI M - SEM I N ARE T

TEMA: "A

1300

1330

1430

1600

1645

1800

1930

0800

0900

0930

1115

1200

1330

1530

1700

1715

1900

2000

0800

0900

0930

1115

1200

1400

1991.

SPE GLE S I SAM TID".

Torsdag 8. august.

Innkvartering pA Kornhaug.

Varmrett.

PA Vonheim:

Ole Jensen: 'Mellom hApløshet og håp'.

Kaffe~

Samtale.

Kveldsmat.

Grundtvig-program i Follebu kirke.

Domorganist Arne Rodvelt Olsen,

Einar Winther, Ottar RønnAbakk og

Lundar Motettkor.

Kaffe i Kyrk1estova etter programmet.

Fredag 9. august.

Frokost. Kornhaug.

PA Vonheim:

Ord for dagen, vI Kirsti Aasen.

Ole Jensen: 'Kristendom og naturforstAelse

Kaffe pA Bjørkne.

Samtale.

Middag pA Vonheim.

Arild Mikkelsen: 'Myter som tidsspegel'.

Kaffe.

Samtale.

Kveldsmat.

'Poesi og viser'. Open kveld mlOve Røsbak

og fleire.

Laurdag 10. august.

Frokost. Kornhaug.

PA Vonheim:

Ord for dagen, vI Christian Thodberg.

Sissel Lange - Nielsen: 'Historien som

tidsspegel' •

Kaffe.

Panel; avsluttende samtale.

Middag.

6

V I D A R E P R O G R A M L A U R D A G:

1500 A R S M 0 T E i Vonheims Venner.

1500 Besøk på AULESTAD Karoline og

Bjørnstjerne Bjørnsons heim;

(for dei som ikkje er på årsmøtet).

1900 KULTURKVELD i Austre Gausdal Prestegard.

"Folkehøgskole over grensene. "

Christian Thodberg fortel om Det internasjonale

Grundtvigsenteret i Arhus.

Mykje kulturelt program og - rjomegraut

VONHEIM-STEMNA 1991 SUNDAG 11. AUGUST

opnar med messe i F O L L EBU kyrkje kl. 11.

Preike vI sokneprest i Kampen kyrkjelyd i Oslo,

Kirsti Aasen (som 6g leiar Grundtvigselskapet).

Det vert ein enkel middag i Follebu Kyrkjestove

etter messa. OBS: Førehandstinging l

Kl. 14.00: STE M N E P A V O N HEI M.

Som vanleg vert det eit fyldig kulturprogram,

med song og leikarring.

Per Asmundstad fortel om diktarar som er fødde i

Gudbrandsdalen; m.a. Tor Jonsson, Olav Aukrust,

Tore 0rjasæter, Hans A~nrud; men kjem 6g inn på

Bjørnson og Ibsen.

Servering. Inngang kr. 30.-.

OBS:

Det er tematisk samanhang mellom dei ulike tilskipingane.

Ein vil difor oppmode seminardeltakarar

om å vere med på kulturkvelden og stemna

(,samla pakke').

7

STEMNETALAREN .••••• -------------------

Om Per Åsmundstad saksar vi frå ,Gudbransdølen' frå

laurdag 27. oktober 1990:

"Han vil snakke lite om seg sjølv, kulturberaren i

Ringebu. Nyttar alle små høve til å bringe samtalen

inn på andre spor, strake vegen til kulturpersonar

som han sjølv Bet høgt: Tor Jonsson, Sivle, Vinje,

Olav Aukrust, Anders Hovden. Boblar over med kloke

sitat og muntre historier.

Eg er ikkje kreativ. Det eg har, har eg frå

andre. Mi oppgåve er å bringe vidare det verdifulle

som eg slumpar borti, fabulerer han.

Kultur er hjertebarnet for årets kulturprisvinnar i

Ringebu. Per Åsmundstad er nærmast multikulturell og

har ein finger med i det meste som skjer på den

fronten i heimkommunen og langt utanfor Ringebus

grenser. Han er halvekte grundtvigianar med meir

varme for norskdom enn kristendom. Så er han også

fødd inn i folkehøgskolerørsla og fekk Ibsens Brann

som eventyr på sengekanten lenge før han sjølv kunne

stave seg gjennom kunstskatt ane.

Det er under høg himmel han trivst best, han Per.

Traust som norsk grunnfjell står han fast på sitt og

let politiske og nadre motstandarar tordne til lita

nytte. Som tordenskralla og regn-elingane rensar

lufta og vaskar fjellet, retter Åsmundstad ryggen

rakare, blikket friare og held på sitt. Når han veit

han har rett."

Christian Thodberg har vært med på en rekke

Grunåtvig-kurs i Norge og er kjent av mange.

r år blir han deltaker på Vonheimseminaret,

er satt opp med "Ord for dagen" og skal

dessuten medvirke på kulturkvelden i Prestegarden.

Her følger noen personlige data om

Christian Thodberg:

Professor i praktisk teologi ved Arhus

Universitet. Har doktorgraden på et emne

innenfor bysantinsk kirkemusikk. - Grundtvigforsker.

Har utgitt en rekke bøker, bl.a. Grundtvigs

prekener i mange bind.

Var i mange år formann for Grundtvigselskapet

i Danmark. F.t. rormann i Dansk

Kirkesang - og et kreativt medlem aven lang

rekke komiteer og utvalg.

Han er "Kongelig Konfessionarius", dvs. prest

for den danske dronning.

8

j.

Ole Jensen, midt i 50-åra, er utdanna teolog

frå Århus Universitet. l ei årrekke var han

knytt til dette universitetet som forskar og

lærar. l 1975 vart han utnemnd til professor

i dogmatikk ved København Universitet.

Etter nokre år som professor gjekk Ole Jensen

over i presteteneste. Deretter gjekk turen

~il folkehøgskolen. Dei siste åra har Ole

Jensen vore forstander ved Grundtvigs

HØjskole.

- Du bytte ut universitetskatetret med

preikestolen og i neste omgang preikestolen

med talarstolen. Er ikkje dette ei fallande

linje i karrieren, Ole Jensen?

- Eg ser det ikkje slik. Eg er oppvaksen i

ein grundtvigsk heim. For ein dansk teolog

med grundtvigsk bakgrunn er folke leg opplysningsarbeid

eit natur leg alternativ til

prestegjerningen. Rollene er ulike. Men i

begge tilfelle er det tale om - ja, vi kan

godt kalle det vekking elle~ bevisstgjering.

Teologar er skolerte til å reise grunnleggande

spørsmål i den allmenne kultur- og

samfunnsdebatten. Spørsmål som gjeld vårt

felles liv, framtida vår og kloten vår.

- Du er spesielt opptatt av forholdet mellom

religion og Økologi.

- Ja, då eg var ved universitetet, arbeidde

eg spesielt med dette temaet. Resultatet er

m.a. nedfelt i doktoravhandlinga mi

"l vægstens vold" -som forresten utløyste

ein brei are debatt i Danmark enn vanleg er

med teologiske avhandlingar ..Temaet kjendest

aktuelt for mange.

- Du er medlem av Det etiske

på etikk og naturforståing~

råd som ekspert

- Ja, medlem - men ikkje ekspert. Tanken er

at vi som medlemmer skal representere van leg

folks syn - men pa ein kvalifisert og

reflektert måte, naturlegvis.

I det norske etiske rådet er medlemmene

ekspertar som kjem med briljante fråsegner.

Her er det truleg Grundtvig til skildnad.

Det etlske råd i Danmark skal gripe dei ma~ge

store spørsmål som ikkje minst den medisinske

forskinga reiser i samband med ny teknologi,

og gjennom det stimulere den offentlege

debatten.

- Du har gitt foredraga dine på Vonheimseminaret

overskrifta "Mellom håblØshed og håb".

Kva legg du i det?

- Eg meiner temaet seier noko om vår livssituasjon.

Og eg finn temaet aktualisert

gjennom dei to kjende tjekkiske forfattarane

Milan Kundera og Vaelav Havel.

Kundera avslører det postmodernistiske

mennesket som er utan faste haldepunkt og

derfor opportunistisk og i grunnen djupt

pessimistisk. Havel på si side held fast ved

at livet har meining - men berre på det

vilkåret at mennesket held fast på sanninga'

som absolutt. Derved opnar han opp for det

metafysiske i vårt tilvære. Eg syns dei to

forfattarane reiser viktige spørsmål. Og eg

vil gjerne vere med i ei samtale om desse

spørsmåla, sluttar Ole Jensen.

9

Arild Mjkkelsen er 43 år og oppvaksen i Oslu.

Han er utdanna lektor med norsk hovudfag.

Arild Mikkelsen har vore lærar og rektor i

folkehØgskolen. F.t. er han leiar i Norsk

Folkehøgskolelag og i Folkehøgskolerådet.

Arild Mikkelsen er kjend for sitt sterke

engasjement i folkehøgskoleideane.

- Men folkehØgskole for ein ung akademi kar

med bakgrunn i industrimiljØ i Oslo - var det

så opplagt? - I grunnen ikkje. I mitt heimemiljØ var det

ikkje noko som peika mot folkehØgskolen.

Absolutt ikkje. Det var først gjennom eit

sterkt politisk engasjement i studietida - og

personar eg møtte - eg vart merksam på

folkehØgskolen som ei radikal folkeleg

rørsle. Etter kvart vart eg overtydd: til

folkehØgskolen skal eg!

- Ei radikal folkeleg rørsle, seier du. Kva

er grunnen til at arbeidarrørsla og folkehØgskolen

ikkJe r1ktig nar funne kvarandre?

- Det har eg tenkt mykje på, men har ikkje

noko godt svar. Kanskje arbeidarrørsla var

for materialistisk, for lite opptatt av

åndverdiane og det nasjonale - slik folkehØgskolefolk

såg det. Og kanskje folkehøgskolen

var for mykje ei bygderørsle når alt kom til

alt.

- vi skriv 1991 og har bak oss eit tiår så

heilt annleis enn dei radikale.70-åra. Ser du

teikn på nyorientering i 90-åra?

- For mange 40-åringar var 1980-åra ein

formidabel nedtur. Jappetida var hard å kome

igjennom. Mange av oss er nok på gli bort frå

den einsidige fokusering på mennesket som

samfunnsvesen og er på veg mot - eller på

søkjing etter eit menneskesyn som også gir

rom for det gåtefulle i livet og det religiøse.

Grundtvig talar om mennesket som eit "guddom-

eleg eksperiment."

- Og så er du mytolog·

- Kva er ein myte i

- Samtale om kva?

Men for all del - eg vil ikkje kle på meg ein

grundtvigsk frakk. Eg reserverer meg mot å

gjere grundtvigianismen til ideologi - eller

noko dogmatisk. Men det grundtvigske universet

er utruleg spennande og romsleg.

- A ja - men ikkje på annan måte enn at eg

fortel myter både i undervisninga og elles

når hØvet byd seg. Det likar eg. Og folk er

sveltefora på forteljing, på det levande

ordet. Også i folkehøgskolen!

grunnen?

- Ja, historiegranskinga kan seie noko om

det. Men det er ikkje interessant i vår

samanheng. Ein myte er eit sinnbilde, som

syner ei sanning - nei, la meg heller seie

det slik: å fortelje ein myte er å skape eit

åndeleg ro~, for ein likeverdig og fri samtale

mellom menneske som elles kan vere nokså

ulike.

- Du inviterer meg til å vere høgtidleg - det

vil eg helst ikkje vere. Men det er klart at

mytane har viktige poeng når det gjeld å

drøfte livssyn og moral.

10

Som presentasjon av Sissel Lange-Nielsen tillater vi

oss A klippe ~ra et intervju som A~tenposten hadde

med henne da hun ~ylte 60 Ar i januar i Ar:

"Som ung drømte hun om ~ilm. En mulighet i Norge.

I stedet ble det teaterskole ved Trøndelag Teater og

gi~termAl i Oslo. Sitt widescreen ~ant hun bøyd over

papiret: - A skrive er som A lage sine egne ~ilmer,

være regissør, ~otogra~ og spille alle scenene selv.

I bokens verden kan du gjøre spennende opptak og

utkjempe de mest imponerende slagscener, sier hun.

Hun beskriver sine tidligere bøker som 'sunket i

havet' og er mest engasjert i det hun skriver nA.

Enda noen mAneder skal hun tilbringe sine skrivemorgner

i selskap med Margot, Katarina av Medicis

datter. Det tredje bind i hennes syklus om Medicislekten

i renessansens Italia skal være klart til

høsten. Den ~ørste, 'Våren' (1985), handlet om

Loren20 av Medici, sA kom 'Laokoon' (1987) om Giulio

av Medici, og nå altså Margot.

I åtte av sine romaner.har hun hentet emner ~ra

Europas historie. Hun begynte i det 1. Arhundre,

deretter ~ulgte to romaner om Romerrikets ~all og

Karl den store. Hennes største arbeide er trilogien

om katarenes historie ~ra 1100-tallet og ~rem til

deres undergang 100 år senere.

Jeg har en intellektuell trang til å ~inne ut hva

som skjedde i europeisk kristen tid. Som forfatter

bruker ieg historien til å speile min samtid. Jeg

vandrer gjennom historien som kvinne. Intuisjon er

utgangspunkt ~or min virksomhet. En tid opplevde jeg

at det intellektuelle sto i veien for intuisjonen,

for den egentlige kjerne. Meditasjon var en god

hjelp. Jeg begynte som ung i en periode da livet var

vanskelig. NA er det blitt del av mitt liv, og jeg

finner konsentrasjonsevne, arbeidsglede og godt

humør gjennom meditasjon. 60 år av mitt liver

passert, og jeg har forandret mitt verdensbilde

fullstendig. Jeg føler meg sterkere og friere idag.

Kanskje er jeg også et muntrere menneske. Latter

er vel en guddommelig egenskap l

Selv savner hun den gode fortelleren i litteraturen.

Det hadde vært vidunderlig om vi igjen anerkjente

fortelleren som den gode forfatter. Jeg har

arbeidet på tvers av moteretningen sA lenge. Og det

er både slitsomt og vanskelig. Jeg er av det slaget

som alltid oppsøker de upopulære standpunkter og er

like ulykkelig hver gang. Så skjønt det mA være å

gli inn i den lykkelige strømmen av troende og

overbeviste enige l"

11

Merk årsmøtet i Vonheims Venner laurdag 10.aug.

kl. 15.00. Det er høve til å melde seg inn og

vere med, dersom du ikkje på førehand er medlem.

Tidlegare medlemmer, livsvarige medlemmer og

representantar for medlemsskolane er sjølvsagde

deltakarar. Vonheims Venner har store planar for

framtida; det er difor sers viktig at så mange

som mogeleg møter på årsmøtet l

Kursavgift 150. -

Seminaret, full pensjon••••••.••••••••..•. 600.-

Utan overnatting •.••.••..••••••.•..•••.••. 250.-

Kulturkvelden 10.8........................ 60.-

Stemna 11.8 30.-"""~

Overnatt. til 11.8 m/frukost og middag.•.•250.-

Samla ' pakke' 950. -

Klipp ut og send slippen nedanfor innan l. juli til Ringebu

Folkehøgskole. 2630 RINGEBU.

.••..-_.._-------------- KLIPP HER

NAMN: -----------------------------------------------------

ADRESSE: -----------------------------------------------------

Melder meg/oss på til fylgjande

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!