22.07.2013 Views

oktober november desember 2010 - Litteraturhuset

oktober november desember 2010 - Litteraturhuset

oktober november desember 2010 - Litteraturhuset

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

noVemBer

Onsdag

3.

kl. 19.00

Kjelleren

80,-

Historia om David

Carl Frode Tiller om Innsirkling II

Kven har forma den du er? Kva betyr

du for omgjevnadene dine? Kva

tenkjer venene dine eigentleg om deg?

David lid av komplett minnetap og kan ikkje

svara på nokon av desse spørsmåla. For å

nærma seg sanninga om seg sjølv set han inn

ein avisannonse der han bed alle som ein gong

kjende han om å skriva brev og fortelja om ting

dei har delt saman.

I haust kjem framhaldet på Carl Frode Tillers

suksessroman. Gjennom auga til tre nye

vener vert historia til David falda sakte ut,

samstundes som det går opp for oss at det vel

så mykje er liva til dei andre vi les om. Med

djup psykologisk innsikt og eit merksamt blikk

fortel Tiller dei ofte vanskelege og brutale

kvardagshistoriene deira.

Carl Frode Tiller er ein meister i å skildra

korleis menneske lever saman, og han har ei

unik evne til å setja ord på både relasjonar

mellom menneske og verda dei lever i. Dette

kom ikkje minst til uttrykk i mottakinga av

den fyrste boka om David, som gav Tiller både

Brageprisen, Kritikerprisen, Sultprisen, EUs

litteraturpris og ei innstilling til Nordisk råds

litteraturpris.

«Starten på noe stort», skreiv journalist i

Dagsavisen Annette Orre den gongen. I kveld

møter ho Tiller på scena i Litteraturhuset for å

snakka om ein varsla suksess.

noVemBer

Singelkutt: Steinar Opstad

arr.: litteraturhuset

Etter arrangementet er det Onsdagskjeller

med egen bar, spill, bøker og musikk i Kjelleren.

40 41

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!