Erdal nye kyrkje er vigsla og teken i bruk. Til stor glede for folket i bygdene. Og vi vil også tru – til velsigning for Erdal menighet. av Erdal kyrkje - KunstEn drEg oss oppovEr, oppovEr… Det er ei storhending med eit nytt kyrkjehus. Mykje må seiast om dette. Etter kvart vil vi kome tilbake og seie meir om vigslinga av bygget og om kyrkja sin arkitektur. Men vi vil starte med å løfte fram det dei fleste aller først ser når dei stig inn i det nye kyrkjerommet – kyrkjekunsten. Utsmykkinga. tekst & foto: Øystein skauge Det er kunstnaren Per Odd Aarrestad frå Sandnes i Rogaland som er mannen bak den store, far- Buen i alterets fot bindes sammen med flere buer i bildet, som tenkte sirkler, og dangerike altarutsmykkinga. Han har også laga dei ti små glassmaleria som pryder veggen ut mot ner sammenhenger med ulike nivåer i altertavlen og bildefelt - symbol vi kjenner også byfjorden. Han har laga bilete over sidealtaret og dei nedfelte mosaikkane i midtgangen. Aarrestad i alterringen, hvor menigheten under nattverden utgjorde den verdslige del og den har også samarbeida tett med arkitekt Jostein Tveit om utforminga av dei liturgiske møblane i kyrkjerommet – altar, preikestol og døypefont. Han har designa prosesjonskross og samarbeida med glaskunstnarane om dåpsmugge, blomstervasar og lysestakar. usynlige delen av nattverdringen utgjorde samlingen rundt bordet i Guds evige rike..” Maria med barnet Før Aarestad vart valt som utøvande kunstnar for Erdal kyrkje, arbeidde ein utsmykkingskomité med å peike på nokre grunnleggjande tankar ein gjerne såg at kunstnaren bar med seg når arbeidet med utsmykkinga skulle starte opp. Med i denne komiteen var Mai Skajaa og Kjell Bergsvik, oppnemnd av Erdal menighetsråd, saman med sokneprest Øystein Skauge. Komiteen knytte til seg prosten i Sunnfjord (som seinare vart prost i Midthordland – Os), Sigurd Vengen, som teologisk konsulent for kunsten. Tidleg i prosessen med å velje kunstnar til å utføre utsmykkinga av kyrkja, var Aarestad i møte med denne komiteen og med representantar frå Erdal sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og mange i staben ved kyrkjekontoret. Leiaren i Erdal sokneråd, Vigleik Stoveland, gjorde notatar i dette møtet som viser korleis Aarestad tenkjer om det å utsmykke ei kyrkje. Stoveland har m.a. notert seg følgjande frå det Aarestad sa: ”Aarrestad fortalte om forslaget til altertavlen i Erdal, ved å trekke fram noen av de teknikker som han ville bruke, virkemidler og bakgrunn for det. Noe glass, er ikke gjennomsiktig – det skal være med å vise at det også er noe bakenfor det vi ser. Noen flater skal ha sterke farger, noen flater matt og andre flater i støpt glass i form med vekslende matte og ru flater, gjennomsiktige og ugjennomsiktige. Bildet, som altertavlen også på en måte er, binder sammen gulvplanet – der vi mennesker befinner oss – og sprenger seg på en måte oppover mot det uendelige - oppover mot himmelen – oppover, oppover. Midt i bildet er mørkere partier, men lyset skal også sprenge seg inn og dele veien oppover. Altertavlen utformes med glassmosaikk, innfelt i betong. Lidelsens ansikt Jeg er veien • Faller under korset • Kristus lider • Den levende. Den seende På møtet mellom Aarestad og oss som representerte brukarane av Erdal kyrkje, var kunstnaren veldig varsam med å gje ei detaljert tolking av enkeltelement i utsmykkinga. Han vil at dei som opplever kunsten sjølve skal tolke og tenkje kva som vert framstilt. Den eine veggen i Erdal kyrkje er prega av dei ti små glassmaleria som Aarestad har skapt. Det er bilete med ulike motiv som kunstnaren har sett namn på. Fleire av desse bileta viser oss Kristus i ulike situasjonar. I flg Vigleik Stoveland hadde Aarestad tankar om det å framstille slike enkeltmotiv, og kunstnaren sa m.a. følgjande på møtet som allereie er omtala: ”Skjønne ting fins ikke, skjønnhet – det er dere selv. Ønsket om at et kirkerom skal være vakkert, er i utgangspunktet feil. Skjønne ting finnes ikke. Dersom noen kjøper noe fint, er det øynene som ser, som avgjør om det er fint. Gjenstanden kaller fram noe inni oss, noe som vi henter fram – i det vi ser på gjenstanden som kan være et bilde, en figur og lignende, og det er det som vi kaller fram inni oss – vi kaller vakkert. Det er umulig for meg å lage et bilde av den historiske Kristus. Men jeg kan bruke det historiske presens – nå – hva er Kristus her, i oss. Jeg kan formidle mitt bilde av hvordan Kristus kan være tilstede i Erdal kirke – om møte med den enkelte i menigheten i det øyeblikket han eller hun møter Kristus-figuren med sine øyne, sine tanker og følelser, der og da.” @ : m e n 4 - 2 0 0 6 @ : m e n 4 - 2 0 0 6 KuNST FOR å GJERE GuD VAKKER Prost Sigurd Vengen har vore teologisk konsulent for utsmykkinga av kyrkja i Erdal. Vengen er medforfattar til eit stort tobinds bokverk om kyrkjene i Sogn og Fjordane. I den eine boka finn vi ein større artikkel av Vengen med tittelen ”Kunst for å gjere Gud vakker”. Denne overskrifta står i kontrast til utsegna frå Per Odd Aarestad om at ”Skjønne ting fins ikke” I innleiinga til denne artikkelen skriv Vengen m.a.: I ei biletrik tid som vår kan ein kome til å tenkje: Bilete er lette å forstå, så vi ser med ein gong kva det er. Slik er det nok likevel ikkje, og i alle høve ikkje med kyrkjekunsten: vi treng hjelp til å lese og forstå. Kyrkjekunst er trusuttrykk og trusutsegner. Gjennom heile kyrkjesoga har ein sitert eit ord frå pave Gregor den store frå ca. 600: ”Bilete vert brukte i kyrkjene, slik at dei som ikkje kan lese, likevel gjer det ved å sjå dét på veggene som dei ikkje kan lese i bøkene” Difor har ein gjerne tala om at bileta var dei fattige sin Bibel. Kunst og bilete gjev eit sjølvstendig bidrag gjennom ei uttrykksform som er meir enn lesne og høyrde ord. Eit bilete kan, som eit dikt, gi eit fortetta uttrykk for det useielege og det usynlege. Det kan vise fram ei hending, noko som har hendt, og samtidig vere som ein spegel og vise den som ser kven han og ho er, ja vere eit vindauge inn i ei anna verd. For kyrkjekunsten er det avgjerande å forstå at det er tale om brukskunst. Den er aldri berre eit kunstnarleg uttrykk for ein person si oppleving og tolking, men høyrer heime i ein samanhang av bestemte hendingar og i eit fellesskap av menneske. Til alle tider har kunsten og bileta hatt som målsetjing å gjere Gud vakker for si tid og menneske i tida. (Heile Vengens artikkel kan lesast i ”På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane”, bnd 2. Selja forlag, 2000)