27.07.2013 Views

Brukskunstnaren - kjetil berge

Brukskunstnaren - kjetil berge

Brukskunstnaren - kjetil berge

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nr. 48

Torsdag

21. desember 2006

20. årgangen

20 år 1986 - 2006

Laussal kr. 12 BYGDEBLAD FOR SVEIO

På leit

etter mor

Dag Vidar Furubotn har

ein draum om å møta

si biologiske mor. Snart

reiser han for andre gong

til Vietnam for å leita.

Side 14 - 15

Nissen kom

frå Tittelsnes

Kjell Eidsvåg kom

med både fi nvér og

julestemning til Sveio.

Side 17

Vestavind ynskjer god jul og eit

fredfullt nytt år

Neste Vestavind kjem fredag 5. januar

Brukskunstnaren

Kjetil Ingvard Berge lagar gjerne kunst som skal

brukast, og han har det med å invitera publikum

med og gjer dei til deltakarar - enten han lagar

installasjonar, fi lm eller fotografi . Vestavind møtte

den utfl ytta sveibuen på heimebane i London.

Side 11 - 12 - 13

Foto: Irene Jacobsen

10 Vestavind Torsdag 21. desember 2006 Torsdag 21. desember 2006 Vestavind 11

«I krubba låg en liten gut»

Den lett romantiserande

omskrivinga av Alf Prøysen

er noko som for dei fl este

av oss fortonar seg som ei

stressande førjulstid.

For tida før jul kan vere noko

stressande. Vi har bygd oss

opp så høge forventningar til

korleis ei jul skal vere med

julesongar, pepperkaker,

gløgg og familiekos. Så

vert det likevel stresset som

overtek kvart år. Dagane

blir for få fram mot jul til

gåvekjøp, pynting, vasking,

juleavslutningar med

barnehage, skule og korps og

kor. Vi vaksne er aktive og

barna er aktive. Og sjølv om

bildet av kos og jul dominerer

i tankane våre, så er det

vel stresset som dominerer

adventstida i større og større

grad jo nærmare jul ein

kjem.

Eg leste i avisa her om dagen

i et lesarinnlegg som kanskje

på treffande måte beskriver

det for oss. ”Vi gleder oss til

jul i ein månad og så feirar

vi i nokon dagar og så er vi

glade det hele er over”. Slik

er det nok mange som tenker.

Og sjølve julefeiringa den må

jo ta slutt.

Men det er også vårt eige

ansvar å skape den jula

som set fokus på familien

og kos og julas eigentlege

bodskap. Det må vel vere

muleg å bremse litt ned på

alt dette som stressar oss opp

framfor jul og satse meir på

adventstida og juletida med

familie og julas bodskap. Det

må vel vere mogleg å skape

nye rutinar og tradisjonar

også framfor jul. Må alt fokus

vere på forbruk og ikkje på

oppleving?

For Prøysen i Julekveldsvisa

så begynner det berre med

vasking og pynting. ”Nå sett

vi øss og kvile og puste på ei

stund”…

Og medan dei så kviler seg i

”Dra krakken bortåt glaset så sett vi øss og

ser og prøve fi nne leia der julestjerna er. Den

blankeste ta alle, hu er så klar og stor, du ser

a over taket der a Jordmor-Matja bor.

Hu er så snill den stjerna, hu blonkeʼ, kan du

sjå? Og nå skal je fortælja og du skal høre

på. Den fyste gong ho skinte så laga hu ei

bru imilla seg og himmelʼn og ei krubbe og

ei ku.

I Krubba låg en liten gutt så fresk og rein og

ogʼ og mor hass dreiv og stelteʼn og far hass

stod og lo. Og gjetergutta der omkring dom

kute tel og frå og bar med seg små lamonger

som gutten skulle få

Og tel og med tre vise menn, dom rei i fl ere

daʼr, og ingen visste vegen og itte ʼhen

det bar. Men strjerna stod og blonke på

himmelkvelven blå så ingen ta dom gikk bort

seg og alle tre fekk sjå.

Ja det var fyste gongen som julestjerna

brann, men sea har a brønni i alle verdens

land. Og såmmå å som hende er stjerna like

stor, du ser a over taket der a Jordmor-Matja

bor.

Illustrasjon: Brit-Inger Dirdal Engan

Prøysens jul så får dei store

opplevingar og fantasien løp

litt løpsk. Man lever seg inn

i julas bodskap som faktisk

hender rett utanfor stua i

julekveldsvisa.

Den visa burde hatt ein

naturleg plass i Salmeboka

vår. For det som skjedde i

jula er ikkje berre ei historie

om noko som skjedde langt

borte for lenge sida. Det skjer

om og om igjen for menneske

som blir gripen av at julas

bodskap handlar om at det er

Guds Son som blir fødd inn i

denne verda. Og det er så nært

og levande at det er akkurat

som om det skjer over taket

der a jordmor-Matja bor eller

utanfor stuevindauget vårt.

Kristne fi nst det i alle

verdas land og det som

sameinar oss er den kristne

bodskapen. Også denne jula

vil bodskapen om ein fødsel

feirast i Betlehem i det hardt

prøvde Palestina, i Irak på

randen av borgarkrig, i det

lutfattige Afrika og Sør-

Amerika. Menneske overalt

vil fi nna gleda over den

eldgamle bodskapen om

Guds Sons fødsel. Vi i det

rike Europa feirar saman

med dei og vår gåve bør og

gå til dei fattige i verda.

Eg ber Sveios befolkning

vera rause i sine gåver til

nødhjelpsorganisasjonane i

år. Jula sin bodskap var også

nytt bodskap om rettferd.

Så vil eg nytta høvet til å ønske

alle Vestavind sine lesarar ei

velsigna julehøgtid.

Med julehelsing

Arild Steinsland

Kjetil I. Berge, kunstnar i London

Liv, død, kjærleik og hat

12 Vestavind Torsdag 21. desember 2006 Torsdag 21. desember 2006 Vestavind 13

Spontan

brukskunst frå

Holloway Road

Kunstnar Kjetil Ingvard Berge ber

gjerne publikum tagga på kunsten

han har laga. Først gir han dei eit

tema: Liv, død, kjærleik og hat.

– Det er ei vanskeleg oppgåve eg

gir vekk. På ståande fot er eg ikkje

sikker på kva eg ville tagga sjølv

ein gong. Kanskje eg spør andre

fordi eg vil ha hjelp til å tenka

vidare?

Tekst og foto: Irene Jacobsen

Holloway Road, London:

Jasper tar eit dovent steg gjennom

luka i døra, dumpar inn på det mørke

kjøkengolvet. Han kikkar svolten rundt

seg, gnir seg mjukt langs leggen. Jasper er

feit.

– Har du vurdert å slanka han?

– Han har vore på diett i mange år den

katten der, fl irer Kjetil I. Berge.

Men kva hjelper vel det når alle naboane

fôrar han som om han var deira?

Jasper lever eit makeleg katteliv på eit tak

i Nord-London. Takterrassen hans er den

grønaste så langt du kan sjå. Her veks det

både brake frå Røykenes, palmer, roser,

klatreplanter, urter og villniss. 2. sundag

i advent blomstar Pelargoniaen i ei trong

urne. Rosa fl amingoar vaktar rosepottene,

te-skeier frå ein gamleheim i Atlanta lagar

metalliske lydar i vinden. Naboane sine

takterrassar er stort sett berre grå betong,

men i Jasper sin hage er det gamle bilsete,

hagemøblar, ei seng og ein solbærbusk frå

Førde.

– I sommar hadde me fest her oppe. Såg

Top Gun på ein gammal kjempesvær tv,

surround-anlegg til og med, smiler Kjetil.

Men Londonlufta er kjølig, og me hufsar

oss innomhus.

Ut i verda

Kjetil Ingvard Berge er oppvaksen i

Førde. Sommardagen duppande i ein båt

på Førdespollen er framleis noko av det

han saknar frå heimplassen. Men han

ville tidleg ut, syntes Sveio var trongt og

lite. Kjetil reiste først til Bergen, gjekk

kunsthøgskulen, men ville sjå endå meir.

Neste stopp blei Lisboa.

– Skulen var ikkje særleg god, men eg åt

kaker og lærte portugisisk. Det var veldig

kjekt, fl irer han.

Ferda gjekk vidare til London og

diplomoppgåve. 20 år seinare er han

framleis i verdsmetropolen. Desse åra har

han utmerka seg både på den norske og den

internasjonale kunstscenen. Han jobbar

breidt, frå sosiale skulpturar, til fi lm,

fotografi og scenekunst. Det var han som

gav den grafi ske profi len til Kulturby 2000

Bergen. I fjor var han norsk representant

på Havana Biennial på Cuba. Han har

utsmykka ungdomsskular i Hamar og

Kristiansand, laga klatrevegg i Stavanger

Kretsfengsel, ein heil vegg i Imperial

College rett bak Royal Albert Hall. Midt

på Londons Economist Plaza har han hatt

eit lysthus. Akkurat nå har han tre fi lmar

og eit stort teaterprosjekt på gang.

Sju søstre

– Ganske ambisiøse fi lmar, fortel Kjetil.

Seven Sisters handlar om folk i området

her, om naboane min. Eit portrett av

bydelen, i dokumentarisk form – men slett

ingen dokumentarfi lm.

– Eg jobbar ofte i dokumentarisk form,

med det er ein kunstfi lm. Seven Sisters er

ein musikal, alle dei involverte skal synga

kvar sin song akkurat der dei er, der dei

bur og jobbar. Ein av dei som skal vera

med i fi lmen har ei bod nede på gata.

Tidlegare var han turistguide og musikar i

Kenya. Så møtte han ei engelsk jente, drog

hit, gifta seg, fekk barn, skilde seg, fekk

nye barn - og nå sel han altså krimskrams

på Holloway Road. Ingen kjenner naboane

sine i ein storby, men eg har fått blitt kjent

med nokre av dei, smiler han.

Blood sucker sex magic…

I november hadde Kjetil ei utstilling på

Galuzin Galleri i Oslo der han presenterte

13 fotografi og fi re fi lmar som på ulikt vis

tematiserte sjukdom og død. I fjor haust

låg han sjølv på sjukehus i London, heilt

utslått av ein bakterieinfeksjon. Det var då

han tok fram det gamle Carl Zeiss Nettarkameraet

han hadde hatt sidan ungdommen

– og begynte å fotografera det som skjedde

rundt han.

Morgenbladet sin anmeldar skreiv dette

om utstillinga i Oslo:

«Han har gjort seg bemerket med sine

sosiale skulpturer, som gjerne har

kommet til nytte og spilt en viktig rolle

i de rommene han opererer i. Om det så

er en scene i Havanna, et buss-skur til å

tagge på eller en klatrevegg i et fengsel har

Berges arbeider irritert og begeistret. Med

sin varme humor og skarpe kommentarer

fyller Berge en sosial funksjon og tar et

ansvar ovenfor det samfunnet han er en

del av eller besøker.»

Mange meinte utstillinga «blood sucker

sex magic we are the world we are the

children we are the ones who make a

better place so lets start given» på Galuzin

Gallery i Oslo markerte eit skilje i den

kunstneriske utviklinga hans.

– Film er ei anna forteljingsform, ein anna

måte å tenka på. Du må fortelja ei historie

som skal vara frå 0-3 minutt. Det blir som

å skriva, du må ha ein god start, ein god

slutt og noko godt i midten, seier Kjetil.

Filmfestival neste

Nå har han fått invitasjon til ein stor

undergrundsfi lmfestival i Lausanne.

–Det blir kjempespennande. Må nok kle

meg opp med mørke solbriller, konstaterer

Kjetil.

To av fi lmane han viste i Oslo har han

Kjetil I. Berge i ein gyngestol som står igjen etter ein av dei mange som har funne husrom i heimen i Holloway Road. Det er ope hus og

alltid nye folk innom for kortare og lengre periodar, men katten Jasper er fast innventar uansett.

Kjetil inviterer til bords på eit frodig kjøkken. To telys er fyrt opp i

adventstaken.

har tenkt å ta med til Lausanne. «Ni dikt

om kjærlighet» der niesa hans Berta Berge

Samnøy les sine eigne dikt, og «Hvis jeg

bare fi nner vei» skal visast for eit endå større

publikum til sommaren.

Begge fi lmane viser den spontane måten han

jobbar på, og korleis han involverer både

deltakarane og publikum i kunsten sin. På

same vis som når han sette opp busskur og

bad folk komma å tagga i dei, inviterer han

publikum til å bruka kunsten, vera med å

forma den.

– Er det ikkje skummelt å overlata så mykje

av regien til publikum? Du veit jo aldri kva

du får?

– Det er jo det som er spennande, du veit ikkje

kva det blir før etterpå. Det same gjeld begge

dei to fi lmane. Jenta som får leike-skjellettet

i «Hvis jeg bare fi nner vei» lagar jo eigentleg

heile fi lmen. Eg såg det kunne bli noko då

ho pakka opp gåva, og oppdaga at skjellettet

var like stort som henne. Så eg spurte berre

om ho kunne ta det med seg å leika med det i

hagen. Det endar med den fi lmen du har sett.

Det er surrealistisk, ho svinsar rundt og syng

barnesangar med eit skjellett på slep. At det

endar opp inni ein mørk skog, er berre fordi

det blei mørkt medan me var ute.

Filmen gir assosiasjonar til Rødhette, minner

oss om vår eigen dødelighet og endar opp med

eit nesten litt guffet ”Blair Wich Project”-gufs

over ryggen.

Anmeldaren i Morgenbladet uttrykte det slik,

etter å ha sett fi lmen og bileta som var tatt på

sjukehuset i London:

«Resultatet er at Berge oppnår den friheten

til å bruke mediet defi nerte fotografer ikke

klarer å dra seg nytte av. Med null respekt for

verktøyet han har i hånden eller tradisjonen

som tynger mediet, men med uvanlig respekt

for temaet han omhandler og menneskene som

er involverte. Kjetil Berge følger ingen metode.

Han fotograferer kun det han ser. Et øyeblikk

av døden. Et øyeblikk fra livet. Et øyeblikk fra

det i mellom. »

Bubbleheads

Buss-skuret som nå står i Førde, utanfor faren

sitt hus, har vore på to utstillingar. Første

gongen det blei stilt ut var i Kristiansand.

Det danske buss-skurdesignet frå 60-talet,

Bubbleheads, innbyr til tagging, meiner

Kjetil, og monterte det utanfor eit galleri og

inviterte sørlendingane til å komma å tagga

over temaet: liv, død, kjærleik og hat. Folk i

Førde har halde fram å skriva i busskuret. Det

er kunstnaren glad for.

Han har brukt same designet på ein ny

ungdomsskule i Hamar.

– Tre bubbleheads er montert mot kvarandre

– klart det innbyr til sosialt samvær. I

betongfl isene på bakken har eg støypt inn,

med elevane si eiga handskrift, ord dei har

skrive over temaet nært/fjern.

«Mennesker er fjerne». «Jeg er ikke alltid

nære meg selv», er to av sitata frå Hamarungdommane.

Ope hus

Kjetil brygger te i ei rosa kanne i eit overfullt

kjøkken medan Jasper knekar seg rundt beina

hans. Det er høgt under taket i leiligheten,

open dør, ope hus og gjestfritt i heimen. Han

bur her saman med kjærasten Mustafa, og

alltid er det nye folk innom og låner eit rom.

Kvelden før hadde dei avskjedsfest for ei jente

frå India som hadde budd hos dei eit år medan

ho skreiv ei doktorgrad om fl aumkatastrofar.

Alexander stikk hovudet inn døra og helser

på, popsongaren bur her han også.

– Det er trivelig med masse folk rundt seg.

London er ein spennande by med mange

spennande folk. Tanken er å alltid ha ope hus

og andre buande hos oss, fortel Kjetil.

At leiligheten ser ut som den gjer, skuldast

kanskje nettopp gjestfridomen - og at alle

legg igjen litt av seg sjølv når dei drar. Enten

møbler og småting dei ikkje vil dra på vidare

- eller avskjedsgåver.

– Me får alltid så rare presangar. Folk trur me

har veldig rar smak. Dei har for så vidt rett i

det då, ler han.

Men teen er god den.

Skriblerier på veggen

På heile den eine veggen i stova har han laga

arbeidsskisse til det eine fi lmprosjektet. Som

eit stort tankekart breier det seg utover. Han

Grønaste takterrassen i omegn. Pelargoniaen blomstar men temperaturen innbyr ikkje heilt til

slaraffenliv utandørs i desember likevel.

Tankekartet til eit av dei neste fi lmprosjekta er klint rett ut over veggen.

har alltid mange prosjekt gåande på same tid.

– Du må det når du jobbar frilanse. Alle prosjekt

har sine dødpunkt, og det eine blir skapt ut av

det andre.

Teaterprosjektet er eit av dei største. Scenen

dei ynskjer seg er ein av dei mest etterspurte

i London; The Round House i Camden. Salen

tar 1200 mann, og som namnet seier er det ein

rund sal.

– Temaet er mor/barn, det er eigentleg ein

monolog, men blir til ein dialog. Det startar

med ynskje om eit barn og endar når barnet er

blitt 7 år. Dama som har sett det heile i gong har

involvert ein biletkunstnar, ein komponist – og

meg. Ho har sett opp mange teaterstykke, men

ynskjer at dette skal bli meir ein performance

der delene er integrerte i kvarandre.

– Kva mi oppgåve blir? Haha, det lurar eg også

på. Nei, altså, eg har tatt teksten og skrive den

ut, vil la den rulla over ein tv-skjerm til rytmen

frå musikken. Heile stykket er litt nevrotisk

og usensurert, og idéen blei til ut frå det.

Men korleis det vil verka i ein stor, rund sal

er eg usikker på. Dette er på grensa til å vera

scenografi , eg har ingen erfaring med det og

synest eigentleg det ikkje er så interessant.

Verkstad eller klubb?

– Det er ein kald, utriveleg og uvennleg plass.

Så eg sit der med den digre pcʼen og varmar

meg på ein omn.

Kjetil snakkar om verkstaden i Aust-London.

Han har vore der lite denne hausten, jobbar

mest heime frå.

– Eg fann ut her ein dag at om eg sa opp

breibandsabonnementet mitt i verkstaden,

kunne eg brukt pengane på medlemsskap i ein

London-klubb. Dei har varme, fi ne klubblokale

og gratis internett. Så eg vurderer å behalda

verkstaden, og sei opp breibandet. Problemet er

at eg ikkje heilt klarar å opparbeida den store

entusiasmen for desse London-klubbane. Det

er noko med den ubehagelege atmosfæren.

Han ler og fi nn meir te. Suppetallerkane er

tomme og brødfatet fylt på mange gonger. Ikkje

rart det er folksamt i Berge-heimen i Holloway

Road.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!