27.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 4-2006

Nytt norsk kirkeblad nr 4-2006

Nytt norsk kirkeblad nr 4-2006

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

NNK-MAGASIN

enten kongen i statsråd eller eit organ utgått

frå kyrkjemøtet. Sjølv om kompetansen i

kyrkjesaker truleg vil være størst i det siste

vil mange oppleve at representasjonen av ”

det jamne kyrkjemedlem” er størt i det

første.

Giske vil ha demokrati.

Statsråd Giske seier at han vil ikkje sleppe

taket på kyrkja uten å ha på plass eit meir

solid og representativt kyrkjeleg demokrati

enn i dag. Det er eg glad for. Eg har god tru

på at eit styrka demokrati vil vitaliserer

kyrkja og syte for at ho vert relevant for

livet og kvardagen til fleire av sine

medlemmer.

Det vert snakka fint om eit styrka demokrati

frå politisk hald. Skal ein lukkast med

å bygge opp dette er det to vesentlege

føresetnader som må være på plass:

1) Flerie av kyrkja sine medlemmer må

bidra til å styrke kyrkjeleg demokrati.

2) Kyrkja sjølv må vise i haldning og

handling at ho ønskjer dette

Kven vil stille til valg?

Vi har nyleg vore gjennom valg av

sokneråd og vi er midt oppe i prosessen

med å velgje bispedømmeråd og kyrkjeråd.

Mange som arbeider med dette i lokalkyrkja

har erfart kor vanskeleg det er å få

kandidatar til desse vala. Lista med ønska

personar er lang – lista med villige personar

er kort. Mange stader så kort at valet slett

ikkje er reelt. Lista har berre akkurat så

mange namn som ein må ha.

Kvifor er det slik? Virker arbeidet uinteressant?

Har ein ikkje tru på at ein kan

14 NYTT NORSK KIRKEBLAD NR. 4/2006

påvirke? Kjenner ein seg ikkje kompetent?

Det kunne vore viktig og interessant å fått

nokre kvalifiserte svar på dette.

Valgbarhet som medlemsforplikting.

Sjølv arbeidde eg i utvalet for å få med eit

fokus på medlemsforpliktinga til å stille til

kyrkjelege val. Dette fekk eg ikkje gjennomslag

for. Eg trur likevel at det må nokre

litt kontroversielle grep til for å få eit

breiare lag av kyrkjemedlemmene inn i

lokale, regionale og sentrale råd.

Kva med å utfordre ulike grupperingar i

lokalsamfunnet om å kome med namn på

kandiadatar i nominasjonsprosessen. Slik

det er i dag går mykje på kjennskap og

venskap. Mange kompetente personar vert

aldri vurdert i høve til ei slik utfordring.

Det er ikkje ønskjeleg å gå i retning av den

Svenske ordninga med politiksle lister til

soknerådsval. Men det er ønskjeleg at val

skal være reelle. Dette kan ein også oppnå

med å ha langre lister. Dersom fleire

mennesker frå fleire miljø faktisk kjenner

nokon på lista bør ein også kunne forvente

ei større valdeltaking. Dette kan ein oppnå

med å ta i bruk valgbarhet som medlemsforplikting

i større grad enn ein har våga til

no.

Penger å rutte med

Arbeidet i soknaråda handlar pr. i dag meir

om å skaffe pengar enn å fordele dei. Eg

har difor ei strekt tru på at det å styrke

økonomien i råda i seg sjølv kan være med

å skape større interesse for å delta i dei.

Difor vonar eg sterkt at Gjønnes-utvalet sitt

forslag om medlemsbidrag ikkje vert avvist

og skrinlagt for tidleg i debatten framover.

Det har blitt til dels dårleg motteke. Men

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!