27.07.2013 Views

ABM-skrift #55 - Norsk kulturråd

ABM-skrift #55 - Norsk kulturråd

ABM-skrift #55 - Norsk kulturråd

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

a1 eksempler

A.1.1 Digitalisering av foto i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Historikk/status

Fotoverntenesta ved Fylkesarkivet i Sogn og

Fjordane vart oppretta i 1986. Arkivet har som

målsetjing å ta vare på kulturhistorisk fotografi

frå fylket. Vi har to klimastyrte magasin, der vi og

tilbyr lagringsplass for musea i fylket. Sidan 1994

har arkivet nytta seg av digitalisering som verkty

i arbeidet, men først i 2004 vart produksjonen

heildigital. Vi har vore gjennom mange tekniske

løysingar for digitalisering opp gjennom åra, frå

repro på negativ film og overføring til photo-CD,

via digitalisering med ulike digitale kamera og

skannarar, til heildigital repro med digitalt mellomformatkamera.

I dei første åra var det mest

albumbilete som vart digitalisert. Etter kvart vart

digitale spegelreflekskamera betre, og vi tok til

på dei store negativsamlingane etter fotografane.

Først i 2004 nådde vi eit kvalitetsnivå der vi fann

det forsvarleg å heilt leggje bort film til reproduksjon.

Totalt er kring 65 000 bilete digitalisert. Av

desse utgjer kring 25000 digitalisering av materiale

frå arkivet sine magasin. Dei resterande er

64

Arild Reppen

digitalisering av innlånt/eksternt materiale (fotoalbum

i privat eige m.m.). Total bestand på magasin

er kring 175 000 bilete. Digitaliserte bilete frå

Fylkesarkivet sin samlingsbestand utgjer då kring

15 %. I tillegg til desse kjem altså digitalisert innlånt/eksternt

materiale, som utgjer den største

delen digitalisert materiale. Det må og understrekast

at tal på bilete i samlingsbestanden er basert

på anslag. Vi har fleire store samlingar som ikkje

er ordna og registrert.

Kvifor digitalisere?

Digitalisering inngår som ein integrert del av

fotovernarbeidet til Fylkesarkivet. Før materiale

kan digitaliserast, må det ordnast, reingjerast og

pakkast om. Så må ein gjere eit utval, og etter

digitalisering må bileta registrerast. Vi legg stor

vekt på å skaffe informasjon til bileta. Utan informasjon

har dei begrensa bruksverdi, og det vert

umogeleg for våre brukarar å finne dei.

Vi digitaliserer først og fremst for å betre

tilgjenge til bileta. Vi har sidan 1995 publisert

fotobasen på Internett, og dette er og i dag eit

digitalisering av fotosamlinger

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!