You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
10

etter 29 år i oljebransjen, har

arne austreid funne tilbake

til stien generasjonar før han

har tråkka opp.

AV Anette VåRVik

Foto: JAn inGe HAGA

– Du har jo jobba her før du, Arne, sa ein av pensjonistane

i SpareBank 1 SR-Bank i Kopervik, då Arne Austreid

var på signingsferd på Haugalandet som ny administrerande

direktør.

I 10-årsalderen var han nemleg ærendsgut i Stangaland

Sparebank, nå SR-Bank, der faren var banksjef. For

25 øre brevet sprang Austreid rundt og leverte post til

bankkundane i Kopervik.

– Eg fekk mindre for jobben enn kva det hadde kosta å

sende breva i posten. Så då tjente banken på det, forklarer

Austreid smilande.

Viktig samanslåing

Men for Arne Austreid sin del hadde han planlagt at

bankkarrieren skulle stoppe der. Både faren og bestefaren

hadde vore banksjefar, og Arne var bevisst på at han

skulle gjere noko anna.

– Eg syntes det såg kjedelig ut, smiler 55-åringen halvt

unnskyldande.

På den tida begynte oljeindustrien verkeleg å blomstra,

og Arne ville vera med på eventyret. For han blei det

derfor naturlig å utdanne seg til petroleumsingeniør.

Etter 29 år i oljebransjen, med kjeledressar, boreriggar

og utanlandsopphald, er likevel ringen slutta. 1. januar

vart Arne Austreid sjølv banksjef. Bankkvardagen er

kanskje ikkje så kjedelig likevel.

– Men eg trur ikkje at eg kunne ha jobba i ein annan

bank, seier han etter å ha tenkt seg grundig om.

– Eg brukte tid på å bestemma meg, men sa ja fordi SR-

Bank betyr noko for meg. Eg har vore kunde i SR-Bank

heile livet. Dessutan tenkte eg at dette fikk far min til,

då må eg og fikse det, ler Austreid.

Medan far hans var banksjef fekk han med seg overgangen

frå Stangaland Sparebank til SR-Bank. Austreid

hugsar sjølv diskusjonen om lokalbanken skulle bli ein

del av SR-Bank.

– Dersom banken ikkje hadde gått inn i SR-Bank hadde

Stangaland Sparebank, aleine, ikkje klart å handtera

det behovet næringslivet og hushaldningane på Karmøy

hadde for finansiering av verksemder og bustadar.

meir tid med familien

Dei siste tre åra har Arne Austreid og kona Gro budd

i utlandet og Arne har vært konsernsjef i selskapet Prosafe.

Nå har han og kona funne seg ein ny heim

i Stavanger.

– Den første tida i SpareBank 1 SR-Bank har vore veldig

spennande. Eg har inkluderande og proffe medarbeidarar,

og har blitt tatt godt i mot. Men det er og andre ting

som også er fint med å komme heim, blant anna at det er

lettare å ha kontakt med familien, seier Austreid.

– Er det noko du har grua deg til nå som du skulle starte

i ny jobb?

– Nei, det ordet vil eg ikkje bruke. Men det er spennande

å treffa nye folk. Eg har vore positivt spent.

Med det Arne Austreid sjølv kallar ein relativt arbeidskrevjande

jobb, ser han ikkje for seg å få særleg meir

fritid nå enn tidlegare.

– Eg er vant med å bruke mykje tid på jobb. Det blir ein

livsstil, seier Austreid som likevel prøver å flette inn

sykkelturar og gåturar i ein travel kvardag.

– I tillegg trener eg med vekter. Sjølv om det ikkje ser

sånn ut, smiler han.

– er allereie heima

Den nye administrerande direktøren gler seg til å vera

med og bidra til verdiskaping i regionen, noko han ser

på som det som er mest spennande med jobben.

Me må strekke

oss etter kundane

sine ønskjer, og

høyre på dei innspela

me får ARne AuStReiD

Han er godt nøgd med den nære kontakten med lokalbefolkninga

og bedriftene som følgjer med stillingen.

– Me får godt innsyn i alt som rører seg, og eg har allereie

fått besøkt ein god del kundar i heile landsdelen,

seier Arne Austreid.

At banken i tillegg er nær kundane trur han er ein

kjempefordel.

– I tunge tider når andre bankar forsvinner, har me

ingen plass å forsvinne til. Me er allereie heima, og står

last og brast med kundane våre, lover Austreid.

Han er oppteken av at banken skal forstå kundane sine,

og bidra lokalt.

– Det er viktig at kundane forstår at banken skal drive

ordentlig og ryddig. Men me må også strekke oss etter

kundane sine ønskjer, og høyre på dei innspela

me får.

TIPS FRA OddVAR

Annuitetslån krymper

effekten av renteøking

rentene skal opp, sier sentralbanksjefen.

Hva betyr det for deg som lånekunde?

Som låntakere har vi i en tid hatt gleden av at renten har vært

svært lav. Spørsmålet er hvor lenge dette vil vare, og hvilke konsekvenser

det vil få for lånekostnadene når renten igjen stiger.

ingen endring med fastrente

Slik fremtidsbildet ser ut, kan det være fornuftig å regne med

at en innen 2013 har en rente som er to prosent høyere enn det

en har i dag. Hvor mye en renteøkning på to prosent vil øke det

månedlige terminbeløpet er avhengig av hvilken lånetype du har.

• Har du fastrentelån og en bindingstid som varer lenger enn til

2013, får du ingen endring.

• Har du serielån vil det månedlige beløpet endre seg med

effekten av renteøkningen fullt ut.

• Har du, som folk flest, annuitetslån vil økningen i månedlige

terminbeløp bli mindre enn ved serielån. dette fordi annui-

tetslån beregnes med en formel som automatisk senker

avdragsdelen når renten stiger. Likevel får du trekke fra hele

renteøkningen på to prosent på selvangivelsen.

raskere nedBetaling med serielån

Med et lån på to millioner kroner der du har en gjenværende

avdragstid på 25 år, vil en renteøkning fra 3,35 prosent til

5,35 prosent gi følgende effekt:

Med serielån vil terminbeløpet øke med 3 333 kroner per måned.

Etter skattefradrag på 28 prosent vil dette netto utgjøre

2 399 kroner ved første forfall. Etter 12,5 år er

lånet nedbetalt med 50 prosent, det samme

som det ville vært uten renteøkningen.

Dersom du har annuitetslån kommer terminbeløpet

til å øke med 2 251 kroner per

måned. Etter skattefradrag er denne

økningen redusert til 1 318 kroner for

første termin. Men fordi avdragene

blir mindre når renten stiger, har

lånet etter 12,5 år en saldo som er

115 521 kroner høyere enn hva det

ville vært hvis renten hadde holdt

seg på 3,35 prosent.

Lurer du på hvilke utslag som kan

komme på ditt lån? Ta kontakt med oss.

Hilsen

Oddvar Rettedal

Oddvar Rettedal gir tips om økonomi- og forbrukerspørsmål.

Har du spørsmål, send sms med kodeord Oddvar til 02002 eller

send e-post til tettpa@sr-bank.no

du kan også stille spørsmål på facebook.com/srbank

11