30.07.2013 Views

Fjelltunglimt 3-2009 - Fjelltun Bibelskole

Fjelltunglimt 3-2009 - Fjelltun Bibelskole

Fjelltunglimt 3-2009 - Fjelltun Bibelskole

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

God hjelp av tida på Fjelltun

- Det var veldig kjekt å koma på elevstemnet på Fjelltun, seier ei oppglødd Marit Våge Apneseth frå

Naustdal kommune i Sunnfjord. (Difor er intervjuet skrive på nynorsk!) Der bur ho saman med mannen

sin og sonen deira på 16 år. Dei driv eit lite gardsbruk med ammekyr.

Tekst og foto: Johnny Vågen

- Eg hadde ingen forventningar før eg kom til

elevstemnet, og visste ikkje kor mange som hadde

meldt seg på. Difor vart eg gledeleg overraska

over at vi vart heile 16 jubilantar! Nokre av

dei har eg hatt kontakt med etter at vi gjekk på

bibelskulen. Og så var det veldig kjekt å sjå igjen

nokre av lærarane som var her då eg gjekk, Reidar

Eriksen og Johannes Eiken, saman med Tordis

Lycke, som var husmor.

Marit hadde ikkje vore kristen mange månadane

då ho begynte på Fjelltun hausten 1978. Ho vaks

opp med søndagsskule og yngres, men kom

bort frå Jesus i ungdomsåra. Då ho vart lei av

ungdomslivet heime, bestemte ho og ei venninne

seg for å reisa til sjøs. Difor kom dei til skuleskipet

”Gann” – dei to jentene saman med 70 gutar.

- Gud møtte meg allereie på

kaia, da venninna mi utbraut:

”Dette er ein kristen skule!”

Eg hadde ikkje lagt merke

til det før. Det var som eg

Marit Våge Apneseth

gleda oss med song på

elevstemnet.

fekk ei bøtte kaldt vatn over meg, men eg kunne jo

ikkje rømma vekk då, fortel Marit engasjert.

- Dette haustkurset på ”Gann” forandra livet mitt

og ga meg ein ny kurs. På eit møte som Curt og

Roland hadde i Stavanger, vart Guds kall til frelse

så sterkt at eg sa ja til Jesus og fekk heldigvis

koma tilbake til han. Litt seinare hadde vi besøk

av Fjelltun Bibelskole på ”Gann”, kor dei inviterte

oss til å gå på skulen. Då vart det klart for meg at

det var det eg skulle gjera hausten etterpå.

Marit opplevde det veldig godt å gå på Fjelltun.

– Der fekk eg grundig innføring i Bibelen, slik at

eg fekk meir å byggja trua mi på. Så vart eg òg litt

kjent med alle dei andre. Det har betydd mykje

for meg vidare i livet. Nokre av dei har eg hatt

spesielt god kontakt med, strekar ho under. Og så

minnast ho med eit smil at ho fekk så god mat at

ho snart måtte kjøpa seg nye kler…

Då ho fekk spørsmål om å reisa i barne- og

ungdomsarbeidet i Fjordane krins av NLM etter

året på Fjelltun, svara ho ja. – Då fekk eg god

hjelp av det eg lærte på bibelskulen, ikkje minst

opplegget til Pet. Karlsen i leiartrening.

Marit vert nokre dagar lengre enn dei andre, både

for å besøkja vener i området, og for å hjelpa til

på Fjelltun. Det er vi veldig takknemlege for!

- Eg har lyst til å helsa alle eg gjekk saman med

med Rom 3,23-24: ”alle har synda og står utan

ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent

av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus.”

Kanskje vi møtes på Fjelltun på neste jubileum -

om 5 år, avsluttar ho med eit godt smil.

Fjelltunglimt 03/09

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!