29.08.2013 Views

Julen ringes inn... - Menighetsbladet

Julen ringes inn... - Menighetsbladet

Julen ringes inn... - Menighetsbladet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Til venner

av Riska

gamle kirke

For eit år sidan fekk du

spørsmål om å bli venn

med Riska gamle kirke her i

KONTAKT. Situasjonen har

ikkje forandra seg. Det er

venner som må ta vare på

kyrkja.

Eit styre har ansvar for indre og ytre vedlikehald

av kyrkja. Styret er vald av

menighetsrådet, og for to av representantane

etter forslag fra bydelsutvalget, og

det er Magne Skjørestad og Sverre Berge.

Dessutan er Helen Berge, Magne

Tunheim og Sigmund Svendsen med i

styret. Magne Skjørestad er nå leiar,

Helen sekretær og Sverre kasserar.

Det blir også i år lagt ved ein blankett

for å betala ein hundrelapp som bevis på

at du er venn, og fordi styret er avhengig

av at folk i bygda støttar opp om å ta

vare på kyrkja. Kom med i vennegjengen!

Keramikar Eva Sæverud laga ein stor

bolle til utlodding mellom dei som sende

pengar etter utfordringa i 2005. Vinnaren

blei Kristen Endal. Det kom inn 13600 kr,

noko styret vil takka for. Styret har overtatt

kapitalen fra "den gamle venneforeningen".

Totalt har styret 29700 på

bankboka.

Nå vil vel nokre seia at det ikkje er

nødvendig å be om "julegave/kontin-

12

gent" i år også, Men det er det altså! Det

er ein god del kostnader som kjem. Ved

sist vedlikehald blei ein del arbeid stoppa

opp på grunn av pengemangel. Det

gjeld ein del trearbeid i tårnet. Innvendig

blei det gjort mykje for nokre år sidan,

finansiert av "venneforeningen", men

også her står noko oppussing for tur.

Den øydelagde glasruta i glasmosaikken

er nå ordna, etter mange år. Styret har

gått til bydelsutvalget med spørsmålet

om lysanlegget ved kyrkja. Før var det

flomlys. Dette har ikkje vore i drift på

lenge nå. Vi burde vel ha råd til lys i den

mørkaste tid på året, ved juletid.

Det er gildt å fortelja at kyrkja blir

brukt ein del også til kykjelege handlingar.

Mange legg vigsla til den gamle kyrkja.

Nokre gravferder er det også her.

Dessverre kostar det ekstra. 1500 kr for

vigsle og 1000 kr for gravferd. Og dette

er ikkje pengar styret får til kyrkja. Det

går til forsikring, varme m.v., eller for å

seia det slik: til ansvarsområdet for

Sandnes kirkekontor. Det burde vera eit

alternativ utan ekstra kostnad å ha seremoniar

i Riska gamle kirke.

Riska menighet har innfridd lovnaden

om å ha to arrangement i den gamle

kyrkja kvart år. Det har vore fastesamling

og olsokarrangement i 2006. Olsok

møtte 30-40, og dei fleste var med til

Lifjellet etterpå. I 2005 var det 40-50 på

tilsvarande arrangement, altså nedgang.

På fastesamlinga var det lite frammøte.

Før jul 2005 hadde Hjalmar Arnø og

Torgeir Skjælaaen konsert. Då var det

fullt hus. Også i år vil det bli slik konsert.

Riskamuseet hadde årsmøte i kyrkja

med svært god oppslutning og bra program.

I slutten av januar var det kåseri

om ortodoksien og musikk fra barokken.

Det var god plass i kyrkja. Det viser seg

altså at det er vanskeleg å få god oppslutning

om arrangement som styret har

ansvar for. Det ser ut som vi må ha

samarbeid med organisasjonar og lag for

å få meir aktivitet i kyrkja, for det er eit

poeng at kyrkja blir brukt. Magne

Skjørestad vil få sett opp eit plakatstativ,

men det viktigaste er sjølvsagt å få på

plass plakatar med eit innhald som får

oppslutning. Eit arrangement med å lytta

til bibeltekstar er planlagt. Og etter at

julegrana er tent, så blir det eit kort

arrangement, som tidlegare år. Eva

Sæverud m.fl. vil ha kunsturstilling i kyrkja

før jul.

Kjære bygdemenneske. Støtt arbeidet

med å ta vare på kyrkja med å betala ein

sum til konto 3260.22.71292. Du kan

sjølvsagt nytta nettbank, slik dei fleste

gjer i dag, men den blanketten som er

vedlagt bladet, er påminning om at styret

ber om ei helsing fra deg som venn av

den gamle kyrkja. Vi sender ikkje blanketten

bare til dei som støtta kyrkja sist,

for vi må få mange fleire med!

AV ENOK LAUVÅS

I FORSTÅING MED STYRET

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!