01.09.2013 Views

Varmare, våtare, villare. Bokessay om utviklinga i novellesjangeren

Varmare, våtare, villare. Bokessay om utviklinga i novellesjangeren

Varmare, våtare, villare. Bokessay om utviklinga i novellesjangeren

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Varmare, våtare og villare?

Då eg var i tenåra, og lånte i snitt ti bøker på biblioteket kvar veke, kom eg over ein novelleantologi

med tittelen Et usendt kjærlighetsbrev og andre noveller om kjærlighet fra hele verden i . Eg var

sjølvsagt ute etter romantikk, og det fann eg, men av eit anna slag enn venta.

I novella Clara Shiatos skjønne liv brukar den hebraiske forfattaren Yoram Kaniuk 26 sider på å skildre

ei dramatisk sjebne: Som 12-åring møter Clara sin store kjærleik, Shmuel, men dei blir gifta bort på

kvar sin kant. Ho overlever jødeforfølgjingane under 2. verdskrig og emigrerer til det nyoppretta

Israel, kor tilstandane er kaotiske. Clara jobbar som vaskehjelp, sørgjer over sonen som vart katolsk

munk, trøstar barnebarnet sitt som er prostituert med ein valdeleg hallik, smuglar motvillig hasj til

sonen som sit i fengsel og steller den døyande mannen sin. Så møter ho Shmuel att, dei giftar seg og

flyttar til eit hus ved havet. Språket er herleg blømande og poestisk heseblesande, og siste setninga

er slik:

”Siden satt de ved vinduet i rommet med den blå vasen og drakk myntete, og Shmuel spurte, Clara,

hva tenker du på, og hun sa på livet, og han sa hva da, og hun sa jo, på hvor deilig livet var, hvor

skjønt det var, dette mitt liv.”

Høyrest det banalt ut? Det er klart at den litterære stilen var romantisk og svært unorsk. Men for ei

tenåringsjente – rein dynamitt! Den uventa sluttreplikken tok fullstendig knekken på meg, eg grein

og grein, og i fleire år var denne novella ein skatt som eg tok fram og las av og til. Og grein kvar gong.

Likevel gjorde ikkje den sterke lesaropplevinga at eg kasta meg over andre noveller. Novellesjangeren

har hatt lite å by dei av oss som innimellom likar å kjenne håra reise seg på armane medan vi les, og

som har ein hang til ”sturm und drang”. Norske noveller har vore dominert av grå kvardagar,

vanskelege relasjonar og mangelfull kommunikasjon, formidla så subtilt at du først etter avslutta

lesing tek til å skjøne kva som eigentleg stod der. Den forståinga av novellesjangeren er ikkje eit

særnorsk fenomen.

I artikkelen Sjarlatanen i blinkende blazer. Tanker om den moderne novellen, trykt i siste nummer av

Bokvennen ii , skriv den amerikanske forfattaren Michael Chabon at novella sidan 50-talet ser ut til å

ha blitt sjangerbestemt som: ”den samtidige, hverdagslige, handlingsløse historien som åpenbarer en

epifanisk innsikt”. Han fortel at ei novelle tidlegare like godt kunne vere science fiction,

spøkelseshistorie, grøssar eller ei forteljing om krig, romanse og historiske hendingar. Desse

novelletypanen blei imidlertid pressa ut av det gode, litterære selskap då det spreidde seg ei

oppfatning av at det som var underhaldande var intellektuelt mindreverdig. Chabon viser så til korleis

mange av dei største romanforfattarane på sjarlatanvis har leika seg i grenseområda for

romansjangeren, og på den måten tilført energi, leik og humor. Og, som han tørrvittig seier: ”Noen

av dem har til og med endt opp med å stå med ett bein på hver side av den mest forvirrende og

mystiske grensen av dem alle: den som går mellom enorm komersielle suksess og uforbeholden ros

fra kritikerne.” Artikkelen endar med ei oppfordring: Om novellistane vil fornye novella, må dei

sprenge sjangergrensene. Dei må bli sjarlatanar i blinkande blazerar; bryte normene for danna,

litterær oppførsel og underhalde oss.

At novella vert oppfatta som ein sjanger med strenge rammer vart også diskutert på Litteraturhuset i

Oslo i haust. I regi av Norsk kritikerlag møtte den danske kritikkens ”enfant terrible”, Lars Bukdahl,

sin norske kollega Kaja Schjerven Mollerin for å diskutere om det er nye trendar å spore i norske og

danske noveller. Dei var samde om at den psykologiske realisismen framleis dominerer sjangeren,

sjølv om vi har sett meir bruk av fantastiske, absurde og dramatiske innslag dei siste åra.

Kaja Schjerven Mollerin peikte på at det er fleire innslag av det fabulerande i tekstar publisert som

forteljingar enn i novellene. Så kan ein lure: Er det slik at noveller som bryt med sjangerkjenneteikna

vert omdefinerte til forteljingar? Og kvifor er det slik at ei spennade, romantisk eller morosam

forteljing må ha i ein annan sjanger enn ein tekst som på meir subtilt vis skaper empati og

ettertanke? Det må sjølvsagt ikkje vere slik, og det finst dei som utfordrar novellesjangeren.

Hans Herbjørnsrud har sidan debuten i 1979 strekt både formatet, realismen og språket i novellene

sine, og har leika seg i grenselandet mot det sjølvbiografiske sidan Knausgård leikte indianar i skogen.

Både Bukdahl og Schjerven Mollerin heldt han fram som ein forfattar som bryt med tendensen til

intimisering, eller det Bukdahl kalte ”de små og inneklemte følelsene, den lille tåren i øyet” iii .

Nei, det er ikkje mykje smått og inneklemt over novellene til Herbjørnsrud. Det var først då eg

oppdaga han at eg sjølv vart verkeleg glad i norske noveller, der fann eg eit eksplosivt språk som i

blømande metaforbruk kunne minne om Clara Shiatos skjønne liv. Sjølvsagt var ikkje eg den same

lenger, og Herbjørnsrud skil seg på mange vis frå den hebraiske forfattaren. Sams var likevel det

heftige temperamentet og viljen til å gå inn i dei mørke sidene ved tilveret.

Herbjørnsrud har enno ikkje fått det ein kan kalle arvtakarar blant norske novellistar, vart det

konkludert på Litteraturhuset. Men det finst fleire som eksperimenterer: Gunnhild Øyehaug, John

Erik Riley, Lars Petter Sveen, Jon Øistein Flink, Ingeborg Arvola og Jan Grue har alle vorte framheva.

Men den novellesamlinga som sist gav meg gåsehud, var Alle barn er laget av ild av Nicolai Houm iv .

Novellene hans er kanskje ikkje blant dei mest eksperimentelle, dei er stort sett realistiske og

klassiske i forma, med overraskande sluttpoeng. Til gjengjeld set dei ofte ein real støkk i lesaren.

Houm skriv om det farlege og dramatiske som ofte er nærare enn vi trur, og famnar vidt både i tid og

rom.

I novella Slutten skildrar han først norske ungdommar som strittar imot å gå inn i eit ansvarleg

vaksenliv. Så ei framtidig miljøskandale i det politiske miljøet i Kina, så eit amerkansk samfunn i fullt

samanbrot etter ei global finanskrise. Til sist møter vi igjen det unge norske paret, isolerte på

landsbygda etter at storsamfunnet har brote saman, og villige til å drepe for mat til seg og sine.

Tematikken har ikkje akkurat mist aktualitet sidan han blei publisert.

I Kjærlighet møter vi ein biolog som overvakar forsøket på å dyrke plantar på ei romferge i bane

rundt jorda. Saman med pornostjerna han fantaserer om, er plantane alt han bryr seg om.

Samstundes overvakar ein psykolog astronautane på romferga, og hevdar at dei har ei høgst

uregelementert kjærleiksaffære på gang. I ei fantastisk sluttscene kollapsar biologen fordi plantane

hans har vorte øydelagde, mens eit mållaust internasjonalt team i Paris ser på videooverføring av at

astronautane har sex i vektlaus tilstand.

Mest av alt skiller Houm seg ut gjennom viljen til å bruke verkemiddel som i ein kontekst av

kjenslevare, norske noveller er nærmast skandaløst dramatiske. I tittelnovella Alle barn er laget av ild

fortel ein mann om kva som skjedde då kona tok seg arbeid på ein barnevernsinstitusjon for å få

utløp for morsinstinktet sitt, sidan han ikkje kunne gjere henne gravid. På den første vakta vart ho

valdteken av ein rasande ungdom med svart blikk. Samtidig sat mannen heime og forbanna Gud som

ikkje svarte på bønene deira om eit barn. Fortvila tenkte han: ”Kom igjen, Satan, send en av de falne

englene for å befrukte henne.” v

Håra på armane reiser seg i sjokk og fryd, og det av ei norsk novelle! Det er ikkje noko gale med den

lavmælte novella som kviskrar poenget sitt i underteksten, men av og til er det fint med fyrverkeri!

Det er spådd at klimaet i framtida skal verte varmare, våtare og villare, og i tillegg har Tomas Espedal

varsla at han skal skrive ei novellesamling utan ei einaste novelle. Så – på med den blinkande

blazeren, la kreativiteten flamme i gamle og tørre sjangergrenser!

Merete Røsvik Granlund

Publisert til Aftenposten K desember 2011.

i

Stokkelien, Vigdis (red.) Et usendt kjærlighetsbrev og andre noveller om kjærlighet fra hele verden. Den norske

bokklubben, 1980

ii

Bokvennen nr. 3, 2011

iii

Sjå referatet ”Psykologisk realisme dominerer fortsatt nordiske noveller” på heimesida til Norsk kritikerlag

(http://www.kritikerlaget.no/pages/nor/651-psykologisk_realisme_dominerer_fortsatt_nordiske_noveller)

iv

Tiden norsk forlag, 2009.

v Ibid.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!