02.09.2013 Views

GOD SOMMER! - Hinna menighet

GOD SOMMER! - Hinna menighet

GOD SOMMER! - Hinna menighet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Prestekragen

Barnetru og vaksentru

Barnetru er eit fint ord. Mange er glad i dette ordet.

Eg syns det er flott når nokon seier at dei har behalde

barnetrua si. Likevel trur eg det er rett at me tenkjer

gjennom kva som ligg i dette.

Jesus framheva dei små barna. Han sa ein gong: Den som

ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje

koma inn i det. Derfor er ”barnetru” eit hedersord som

me gjerne skal halda fast på. Det dreier seg om å ha tillit

til Gud, og ta imot hans gode gåver med ope sinn. Slik

bare eit barn kan gjera det.

Likevel er det viktig at trua vår får bli meir mogen etter

kvart som me veks i mogning som menneske. Det er

ikkje slik at tru er noko som passar for barn og at tenking

er noko som passar for vaksne. Det nye testamentet

er opptatt av koss me kan veksa i mogning som kristne.

Gudstru og sjølvstendig tenking bør absolutt kombinerast

når me veks som menneske og som kristne.

Paulus skriv:

Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om

Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden

gjev, så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og

vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all

god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud. (Kol

1,9-10)

Dette har eg tenkt mykje på i samband med konfirmasjonen.

Eg ønskjer at konfirmantane våre held fast på

ei trygg barnetru, når det gjeld det å halda fast på Guds

Fredheim bedehus

Boganesveien 14A

Velkommen til våre faste torsdagsmøter

gjennom sommeren.

Samlingshelg 25.aug.

Vi deltar i Hinna krk. kl.11.00,

fest på Fredheim kl.18.00.

Taler Gen.sekr. Øyvind Åsland

Aktivitetsklubben starter opp mand. 26.aug.

Formiddagstreff starter opp 27.aug. kl.11.00

Søndagssamlinger fra 08.09. kl.17.00

Bibel og misjonshelg 27.-29. sept. ved

Norea-leder Per Birkeli

Alle hjertelig velkommen!

gåver som dei fekk i dåpen. Samtidig ønskjer eg at dei

får veksa i kjennskap til Gud og slik får utvikla seg som

kristne parallelt med at dei utviklar seg som ungdomar

og unge vaksne. Elles er eg redd dei ein dag oppdagar

at dei har vakse frå trua si og tenkjer på trua som noko

barnsleg.

Dette gjeld sanneleg oss vaksne også. Den kristne trua

er like aktuell og viktig i eit vaksenliv som den er for

barna. Trua toler å møta livets utfordringar. Den toler å

leva saman med kritisk og sjølvstendig tenking. Og den

utfordrar til å ta ansvar i samfunnet.

Jesus seier at han er vegen, og at livet er å vera undervegs.

Parallelt med vår ytre livsveg er me alltid òg undervegs

på ei indre reise. Me utviklar oss, tar imot inntrykk

undervegs, og me er på veg mot eit mål. Der Jesus er,

er det alltid nye muligheiter. Derfor er det viktig at trua

vår får utvikla seg naturleg i takt med den menneskelege

utviklinga.

Slik kan trua vår både vera

ei barnetru som tillitsfullt

tar imot Guds gåver og

ei vaksentru som gir ein

grunnleggjande ballast

i møte med alt det livet

inneheld.

Betlehem bedehus

Ordfører Askelandsgate 4

Siste møte før ferien blir tur til

”Himmel & Hav” tirsdag 18.juni kl 18.

Velkommen tilbake til høsten.

NMS har et budsjett på 1,1 millioner

for gaver til Sat-7.

Hittil er det kommet inn ca 360.000.

Du er velkommen til å bli fast giver

Arne Berge

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!