06.09.2013 Views

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Jula

2012

KYRKJEBLAD FOR SAMNANGER

Juleminne

Astrid Brigtsen fortel om

sine juleminne.

Sjå side 4 Sjå side 8

INFORMASJON

Kurs for dei som søkjer, dei

som vil vita meir, dei som vil

diskutera.... Sjå s. 16

64.

årgang

Juleblad 12.indd 1 02.12.2012 22:46:00

Overskrifta vekkjer gjerne gode kjensler hos fleire, ikkje

minst mellom ungdommen. Sjølv har eg mange slike

minne frå studietida.

Kva fortel så desse erfaringane? Jau, dei fortel om gode

band til den staden vi kjem eller kom i frå. Der kjende vi

at vi høyrde til. Der kunne vi slappe av og heilt ut vere

oss sjølve. Og ikkje minst fortel dei om nære og trygge

relasjonar. Vi kunne falle til ro. Slik har det heldigvis

vore for dei fleste.

Når overskrifta datt ned i hovudet på meg og gav føring

for kva denne juleandakta skulle handle om, så var likevel

bakgrunnen ein annan enn dei hyggelege minna

frå ungdomstida. For det var heller inntrykket av det

kvilelause preget som livet i høg grad har fått i vår tid.

Der vi hastar frå det eine til det andre. Vi skal rekke så

mykje, konsumere stadig meir, og helst vere oppdaterte

på alt som skjer på allverdens ulike medium. Trendar skal

følgjast. Du skal lukkast både med utsjånad og familie og

karriere. Osv. Bakom alt dette lurer eg på om der ikkje er

ein fare for å bli heimlaus i eige liv? Der er liksom ingen

stad å falle til ro, verkeleg vere heime i sitt eige liv.

Kva har så dette med jula og ei juleandakt å gjere? Jau,

for jula handlar verkeleg om det å kome heim. Ikkje berre

som eit vakkert minne, men som ei ekte erfaring i dag.

Og vegen går til Betlehem, der underet skjedde at den

veldige Gud vart eit lite menneske i den nyfødde guten til

Maria. For kva er det som skjer då? Jau, då er plutseleg

Gud heime hos oss, og vi er heime hos han. Akkurat slik

det var i paradiset. For heime i eigentleg forstand er

vi menneske først når vi lever i alle dei medskapte og

grunnleggjande relasjonane: til Gud, til kvarandre og

til skaparverket elles. Det betyr at vi menneske igjen kan

erfare kva det verkeleg er å kunne falle til ro og vere til

stades i eige liv. Der vi ikkje lenger blir jaga frå det eine

til det andre, men der vi kan ”vandre med kvilepuls”, som

det heiter i ein boktittel. For når Gud er tyngdepunktet

i livet, kan ikkje alt anna berre fare av med oss. Det var

det livet Jesus levde. Også han opplevde å ha det travelt.

Ein gong bad han disiplane bli med ”til ein aud stad

der vi kan vere åleine”, for ”dei fekk ikkje tid til å ete

ein gong”. Likevel var der alltid ei ro over Jesu liv. For

han var heime i sitt eige liv. Og nøkkelen til det var hans

stadige kontakt med sin himmelske Far. Og her ligg ein

veg for oss òg. To ting vil eg peike på:

Heim til jul?

2

For det første viser Jesus oss kva sant menneskeliv er.

I han ser vi det livet vi alle er skapte til. For kva anna

er all religiøs søking til alle tider enn eit prov på kor vi

menneske leitar etter noko vi opplever vi har mist? Djupt

i oss ber vi menneske ein lengt etter det vi er skapte til.

Derfor er det også Jesus som nettopp kan møte oss her

og hjelpe oss heim.

Dernest noko meir konkret om korleis erfare dette. Som

menneske er vi skapte i Guds bilde. Det betyr at vi er

skapte i hans bilde som heiter Eg Er. Min inste identitet

som menneske er derfor at ”eg er”, at eg er heime i mitt

eige liv, nærverande hos meg sjølv som den eg er skapt til.

Og då er det at desse gode erfaringane kan skje av å vere

heime, der mitt vesle ”eg er” møter og erfarer nærveret

av Han som er det store ”Eg Er”. Og vegen til desse erfaringane

er ikkje minst bøna der vi får falle til ro frå alt

kav og mas som kvardagen elles kan vere prega av. Ikkje

at det alltid går så glatt, men ved å øve oss i å vere stille

med Gud kan vi få vekse inn i desse rike erfaringane av

å vere heime, heime med Gud og heime med oss sjølve.

Og dermed kjenne på livet, det rike og gode livet.

Heim til jul? Jula med Jesu fødsel og englane og gjetarane

på Betlehemsmarkene er den levande bodskapen om kor

himmel og jord no har møtst. Det er den store forteljinga

til glede ”for heile folket”. Til denne store forteljinga får

vi knyte våre små og erfare i våre liv at det er sant: Gud er

i mi verd, og eg i hans. Eg er heime. Ja, eg er.

Audun Aase

Juleblad 12.indd 2 02.12.2012 22:46:00

Heilage jolehelg!

Heilage jolehelg, perla frå barndommens dagar!

Hugnad og høgtid for gamle og unge du lagar.

Sonar all strid,

gjev oss ei kvilestund blid,

mørkret og motløysa jagar.

Herlege høgtid som helsing frå himlen oss sender

Signar med klokkeklang livet i stilslege grender.

Glede og fred

tonar frå høgda her ned.

Sorga til sæla seg vender

Himmelske Fader, me takkar for undret som hende,

takkar for Sonen du sende og leida vår vende

Du la vår veg

heim att or mørkret til deg.

Takkar for ljoset du sende!

Hans Hylen, lærar, f. 1876 i Sand i Ryfylke

Juleblad 12.indd 02.12.2012 22:46:00

Kyrkjebladet har teke turen innom til Astrid Brigtsen i

den koselege heimen hennar på Steinsland. Astrid kom

hit til bygda saman med mannen sin, Olav Brigtsen, då

han tok til som rektor på Samnanger Ungdomsskule i

1968. Dei slo seg først ned på Frøland der dei budde til

dei flytta til Steinsland.

Dei første åra på Frøland var Astrid heime og tok seg av

hus og born, men ho var aktivt med i sundagsskulearbeidet

på Frøland, noko som ho lika godt.

«Borna var så flinke til å møta opp og eg har mange gode

minne frå den tida», seier ho.

Men Astrid var lærarutdanna og tok etter kvart til å

arbeida i skulen, først som vikar og seinare fast på Ungdomsskulen

der ho underviste i norsk, kristendom og

heimkunnskap. Det er nok mange rundt om i bygda vår

som har lært meir enn å koka poteter av henne!

Etter meir enn 40 år i Samnanger må ho vel seiast å vera

fullgod samning, men sine barnesko trødde ho på eit anna

Steinsland, nemleg i Sund kommune på Sotra. Me tenkte

det kunne vera kjekt å høyra litt om korleis dei feira jul

på hennar trakter den gongen ho vaks opp.

Me let Astrid fortelja:

Førjulstida

«Eg har alltid vore svært glad i jula. Då eg var lita, var

jula mest ikkje over før eg tok til å gle meg til neste jul.

Juleførebuingane tok til fleire veker før jul. Då kom

bestemor frå Toftarøy og skulle baka lefser og flatbrød

til oss. Det var laga til med bakstebord og omn med

takke til å steikja på i kjellaren. Det var stas då eg vart

så stor at eg fekk vera med på dette. Eg lærte å laga

emne – noko dei som kunne baka var svært nøye på – og

etter kvart fekk eg prøva meg med kjevlet òg. Det var

god kunnskap som eg fekk ta med meg vidare i livet.

Me hadde ein liten gard og der hadde me sauer, høner,

gris og ei ku. Til jul skulle grisen slaktast og alt skulle

nyttast. Det vart både blodpudding og blodpannekaker

– og sjølvsagt mykje godt kjøt og flesk. Til jul vart det

elles baka julebrød med rosiner og sukat og så var det

Juleminne

4

hjortetakk, sitronkransar og krumkaker. Alt skulle vera

reint og nypussa til jul. Då eg vart gammal nok, fekk eg

ansvar for å pussa messing og kopar. Det var den store

oljelampa av messing, det var dørhandtak og mange andre

ting. Alt skulle skina til jul!

Juletreet

Det vaks ikkje gran i nærleiken av oss, men me hadde

ein slektning på Toftarøy som hadde planta eit granfelt.

Dit rodde me ut og fekk henta oss juletre. Eg hugsar bror

min og eg fekk ta ut det treet me ville ha. Eg var så nøye

på det, det skulle vera fint og så det måtte vera så høgt

at det nådde taket når stjerna var sett på. Me hadde ikkje

elektrisitet så det var levande lys på treet. Mellom pynten

var det også ting me hadde laga på skulen, som lekkjer og

korger. I korgene var det gjerne neter eller anna godt.

Teikna av

Oskar

Juleblad 12.indd 4 02.12.2012 22:46:01

Julematen

Julematen vår var fersk torsk. Veslejulaftan kom onkel

Knut frå Toftarøy med julefisken vår. Det var så kjekt når

han kom, - han vart gjort stas på med eit godt kaffimåltid

med lefser, blodpannekaker og anna godt. Det hadde

hendt at veret var så dårleg at dei ikkje kunne reisa ut og

fiska, men som oftast ordna det seg med

torsk til jul.

Etter at fjøsstell og anna arbeid var unnagjort på julekvelden,

var det altså julemiddag : Fersk torsk med poteter,

gulrøter, steikt flesk og flatbrød med godt smør til. Til

dessert var det sviskedessert eller -suppe med ein

god kremklatt på!

Julegåver

Etter kvart som gåvene kom i hus, vart dei gøymde

i ein krok i bestestova, men det var vel ikkje fritt for

at me lurte oss til å klemma litt på dei. Det var nok

ingen store, dyre ting, men eg trur me var like spente

som borna er no på kva løyndomar som var i pakkane.

Mange av gåvene var heimelaga. Eg lika godt å sy og

hekla og eg hugsar mor sette pris på å få nye hekla gryteklutar

som eg hadde laga. Ein gong fekk eg ein fin, raud

fløyelskjole som tanta mi hadde sydd til meg. Eg var så

redd for denne kjolen – han var mest for fin til å bruka,

og eg hadde han lenge. Utanom nye klede var det gjerne

ymse småting i pakkane og kanskje bøker, og ikkje minst

stas var det å få fine sjokoladefigurar.

Fest i stova!

Dørene mellom stovene stod opne og det var fyrt godt i

etasjeomnen så huset var lunt og varmt. Det var høgtid

og fest i heimen! Juleevangeliet høyrde med og det var

det oftast far som las. Så gjekk me rundt juletreet. Det

var så kjekt å syngja alle dei fine julesongane våre og

far hadde slik god songstemme. Elles kosa me oss med

gåvene våre og med litt å bita i som frukt og neter. Julaftan

var ein lang dag, men ein fantastisk dag med så mange

spanande opplevingar.

Romjula

Første juledag skulle me ikkje gå nokon stad, men me

kosa oss heime med god mat denne dagen òg. Til middag

var det svinesteik frå grisen me slakta før jul. Så hadde

me god tid til å lesa i bøker me hadde fått, og me gjekk

rundt juletreet denne dagen òg.

Andre juledag var det gudsteneste i den kyrkja me høyrde

til, Kausland kyrkje. Så sant det var brukande ver, drog

me til kyrkja då. Det var ikkje veg dit så me måtte ro i

færingen vår. Det var mykje folk som ville til kyrkje ein

slik dag og dei fleste rodde. Det var litt av eit syn med

alle båtane på rekkje og rad! Ved kyrkja møtte me slekt

og kjenningar som me kanskje ikkje hadde sett sidan

sist jul.

I romjula var det også juletrefest. Skulen var liten og låg

litt usentralt til så difor vart festen halden i Kommunehuset

som låg i grenda vår. Her var det ein stor, romsleg

sal. Det var Husmorlaget som stod for festen. Me var

pynta i julekleda våre og hadde slik forventning til denne

samkoma. Her var det ymse opptrinn som hadde med jula

å gjera, det var diktlesing og song og me hadde ymse

juleleikar. Og så var det bordsete. Eg kan enno hugsa dei

gode skivene me fekk der! Det var nok julebrød med ost

og lefser òg, men det er skivene eg hugsar best! Så var

det juletregong og me fekk syngja dei kjende og kjære

julesongane våre igjen.

Når eg tenkjer tilbake, kan eg enno kjenna den forventninga

eg alltid hadde framfor denne høgtida, og eg ser

alltid jula for meg som ei tid med mykje lys. Me hadde

som sagt ikkje elektrisitet, men i jula skulle det vera tende

lys over alt. Eg er så glad for at jula er nett på denne mør-

Juleblad 12.indd 02.12.2012 22:46:02

kaste tida av året. Då kjem lyset verkeleg til sin rett.»

Me takkar Astrid Brigtsen hjarteleg for at ho delte desse

minna frå si barndoms jul med oss! På spørsmål om det

er ein julesong ho set ekstra stor pris på, svarar ho «Mitt

hjerte alltid vanker»

Me tek med det første og dei to siste versa av denne vakre,

gamle salmen av H. A. Brorson:

Mitt hjerte alltid vanker

i Jesu føderum

Der samles mine tanker

som i sin hovedsum

Der er min lengsel hjemme,

der har min tro sin skatt.

Jeg kan deg aldri glemme,

velsignet julenatt!

6

Akk, kom, jeg opp vil lukke

mitt hjerte og mitt sinn

og full av lengse sukke:

Kom, Jesus, dog herinn!

Det er ei fremmed bolig,

du har jo selv den kjøpt,

så skal du blive trolig

her i mitt hjerte svøpt.

Jeg gjerne palmegrene

vil om din krybbe strø.

For deg, for deg alene

jeg leve vil og dø.

Kom la min sjel dog finne

sin rette gledes stund

at du er født her inne

i hjertets dype grunn!

A.R.H

Juleblad 12.indd 6 02.12.2012 22:46:0

Ny liturgi

I haust vart det vedteke at det skulle koma ein ny liturgi i kyrkja, der kyrkjelyden skulle verta meir involvert i

gudstenesta. Dette førte til litt endring i det vanlege oppsettet av gudstenesta.

Blant anna er det no ”medliturgar”, det vil seie at det er andre frå kyrkjelyden enn kun presten som bed bøner og les

teksten for dagen, og under forbøna for kyrkja og verda, er born/ ungdomar med og tenner lys i globen.

Når preiketeksten skal lesast, går presten og to born/ ungdomar med lys i hendene i prosesjon fram frå altaret, medan

kyrkjelyden syng Halleluja. Dette er ei fin markering for lesinga av Guds heilage evangelium! (Sjå bilde)

I Haga kyrkje er det ikkje så store endringar i oppsettet av gudstenesta, då me allereie har hatt noko liknande i fleire

år. Men i 2012 har altså alle kyrkjene i heile Noreg fått nye liturgiar.

Juleblad 12.indd 02.12.2012 22:46:08

Bjørgvin bispedøme har utropt 2013 til ungdomsår i bispedømet vårt.

U2013

Her er ti punkt om kva dei tenkjer om ungdomsåret:

TI TESER OM UNGDOMSÅRET

1. - er bispedømet si storsatsing på ungdom frå konfirmasjonsalder og oppover

2. - vil gje ungdom hjelp til å veksa i den trua dei er døypte til.

3. – vil synleggjera at ungdom er kyrkje i dag, ikkje berre for framtida

4. – vil at kvar enkelt kyrkjelyd set ungdom på dagsorden og let dei få finna sin plass

i gudstenesta og livet i kyrkjelyden

5. – vil at ungdom skal få vera med og ta ansvar for kyrkja si ungdomssatsing.

6. – skal lyfta fram ungdomsarbeidarane, både dei løna og dei uløna, og gje dei

status som sentrale aktørar i bispedømet si satsing.

7. – skal i hovudsak skje i dei lokale kyrkjelydane, men skal og profilerast gjennom

serskilde arrangement.

8. – må synleggjerast både i tradisjonelle og sosiale media

9. – vil inngå samarbeid med dei frivillige kristelege organisasjonane

10.– vil søkja samarbeid med alle relevante aktørar i samfunnet, og i kulturlivet.

8

Juleblad 12.indd 8 02.12.2012 22:46:10

MITT BIBELVERS

1.Kor, 13, 7:

Alt held han ut,

Alt trur han,

Alt voner han,

Alt toler han.

Magnhild Tysseland

9

Sef. 3, 17:

Eg lèt det bli att hos deg

eit audmjukt

og fattig folk.

Dei skal ta si tilflukt

til Herrens namn.

Jer. 29, 11:

1. Tim. 4, 12:

Odd Aksel Bruvik

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren,

fredstankar og ikkje ulykkestankar.

Eg vil gje dykk framtid og von.

Line Bjørhovd

Lat ingen sjå ned på deg

fordi du er ung,

men ver eit førebilete

for dei truande

i ord og gjerning,

i kjærleik, truskap

og reinleik.

Jenny Ofrim

Juleblad 12.indd 9 02.12.2012 22:46:10

noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for

Juleteikningar

10

Desse fine teikningane er laga av born som

går på ”Kompis” i kyrkja på Haga.

De finn fleire rundt omkring i bladet :-)

Marhild

Juleblad 12.indd 10 02.12.2012 22:46:14

for borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna - noko for borna

Kryssord

Skriv inn orda i rutene etter bileta. Då får du eit nytt ord loddrett i dei gråe rutene.

Der Jesus

blei født

Kva leikar er det inni julepresangane?

SERLIBRA

ROTKART

LOSSERGOLEK

Stokk om på bokstavane og sjå kva du finn!

11

BATOENG

LERPER

KEDUKLøysing:

1) Raserbil

2) Traktor

3) Legoklosser

4) Togbane

5) Perler

6) Dukke

Juleblad 12.indd 11 02.12.2012 22:46:15

Endring til noko betre

Ja, slik vinklar presteforeininga det, når dei snakkar om den nye kyrkjelova som skal koma. Det er nokon

som prøver å skapa eit bilete av at me no har “avkristna grunnlova”, og at endringane er noko som

vert pådytta kyrkja. Sanninga er vel heller at endringa i grunnlova frå 21.mai 2012, er første steg på vegen

mot ei kyrkje som i større grad får styra seg sjølv, noko som lenge har vore eit ynskje frå kyrkja si side.

Samfunnet vårt har endra seg frå å vera nokså einsarta

til å verta svært mangfaldig. Gjennom globalisering og

innvandring har me i vårt land folk med ulik kulturbakgrunn

og ulike religionar. Staten skal vera for alle uansett

religion, men Den norske kyrkja skal vera for dei som

ynskjer å vera medlemer der. Det er difor ikkje ynskjeleg

at staten har ein “statsreligion”. Grunnlova har m.a. vorte

endra frå “Den evangelisk-lutherske Religion Forbliver

Statens offentlige Religion” til “Den Norske Kirke, en

evangelisk-luthersk kirke, forbliver Norges Folkekirke

og understøttes som saadan af Staten….” Det står også

at “Verdigrunnlaget forbliver vår kristne og humanistiske

arv.” Og både den nye og gamle utgåva har med at :

“Alle innvaanere af Riget have fri religionsudøvelse.”

Endringane i grunnlova er viktig for å visa at me for

framtida vil vera eit ope og inkluderande samfunn som

gjev rom for alle. Samstundes er det eit sterkt ynskje at

me og tek vare på det som er vår historie og tradisjon.

Dessutan er første steg på vegen mot sjølvstyre teke.

Det er ikkje lenger staten med eit departement som

skal vera kyrkja si toppleiing, men eit kyrkjeleg organ.

Kongen i statsråd utnemner ikkje lenger prostar og

biskopar, det gjer kyrkja sjølv. Samstundes skal kyrkja

framleis finansierast gjennom løyvingar frå stat og kommune.

Balansegangen mellom sjølvstyre og offentleg

finansiering, vert og eit viktig spørsmål å ta omsyn til.

Politikarane på stortinget har vore tydelege på at dei

ynskjer ei skrittvis utvikling, og dei er opptekne av at

dei endringane som no kjem, ikkje skal svekka kyrkja.

Me er no inne i ein “overgangsfase” der det vert arbeidd

med korleis kyrkja no skal organiserast, når ho meir

skal styra seg sjølv. Det er i kyrkjelova og forskriftene

dette vert fastsett, og neste skritt på vegen er å vedta nye

slike. Kyrkjerådet har tidlegare bestemt at dei ynskjer ei

arbeidsgjevarline og at det skal vera tre forvaltningsnivå.

Det vil seia at prestane og dei vigsla tilsette, ikkje lenger

skal vera tilsette ein annan stad enn kyrkjetenaren og

organisten og dei andre som arbeider i kyrkja. No har

presten biskopen som sjef, medan dei andre har soknerådet

eller fellesrådet. Dette skaper uklare liner, og er

særleg vanskeleg om personalkonfliktar kjem til. Når

ein no berre skal ha tre forvaltningsnivå, er det mest

spanande kva nivå som vert “i midten”. Soknerådet

12

skal liggja i botnen som før, og på toppen må ein ha

noko som m.a. kan overta departementet sine oppgåver,

eit “kyrkjeråd” eller “kyrkjestyre”. Men skal ein

då ha fellesråd innanfor store kommunar, slik som no?

Skal ein ha eit råd på prostiplan, eller bispedømeplan?

No har kyrkjerådet sendt ut eit stort “refleksjonsdokument”

der sokneråda vert bedne om å leggja fram sitt syn

på den nye kyrkjeordninga. Soknerådet i Samnanger har

gått inn for å leggja “mellom-organet” på prostiplan. Dette

bør då vera arbeidsgjevar for alle tilsette i prostiet. Men

dei poengterer at det då er viktig at soknerådet beheld sam rå-

derett over ressursane sine, både av midlar og menneske!

Kontoret i prostiet, kan vera som eit “tenestekontor” der

ein hentar kompetanse og hjelp på same måten som ein

gjer det hjå kommunen i dag. Her vil det vera både personalkontor

og økonomikontor og folk med kompetanse

på bygg og vedlikehald. For å behalda styringa med økonomien

lokalt, kan ein kjøpa tenester hjå prostikontoret. I

denne modellen vil bispedømerådet gå ut, og biskopen vil

kunna bruka meir av tida si på tilsyn med kyrkjelydane.

Så står det berre att å sjå kva dei andre kyrkjelydane

meiner om saka, og kva kyrkjerådet endeleg kjem

fram til. Kyrkjemøtet skal handsama framlegg til

ny kyrkjeordning og valordning i 2013, før

det skal ut på høyring. Så skal stortinget

vedta ny kyrkjelov i 2014 og kyrkjemøtet

vedta ny kyrkjeordning

same året. Så først i 2015

vil den nye ordninga

kunna takast i bruk.

Britt

Haukanes

Juleblad 12.indd 12 02.12.2012 22:46:16

året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk -

januar

februar

Ein gjeng ”tårnagentar” ser på ei av

dei gamle altartavlene i kyrkja på

Ådland. Og sjølvsagt skal dei opp i

tårnet også!

mai

juni

mai

sam

13

Samningen

Unni Tverli og Hjørdis Hesjedal vert

heidra for trufast teneste. I 25 år har dei

vore med og hjelpt soknepresten når han

har andakt på aldersheimen. Soknerådsleiar

Åshild Aa. Haga og sokneprest

Audun Aase står for utdelinga.

I mars laga også samningar og fusingar

kor saman, med tonar av samningen

Eilert Tøsse og tekstar av

fusingen Anders Holmefjord.

mars

april

sam

I April hadde Samnanger musikklag

konsert saman med Marte

Øien i kyrkja på Ådland.

Og 1. juni kom Sogn og Fjordane

teater på vitjing. Dei held ei gripande

framsyning om Mathias

Orheim og hans liv og virke.

Frode Rasmussen og Linda Øvrebø

som i hovudrollene.

Juleblad 12.indd 13 02.12.2012 22:46:21

året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk -

juni

”Kompisane” har sommaravslutningsfest

i peisestova på

Haga.

Anette Bjørnenak og

Gjermund Fredheim

spela fortryllande tonar

i kyrkja på Ådland

ein vakker septemberkveld.

På eldredagen eldrerådet

arrangerte i

kyrkja på Haga 1.

oktober, spela Bendik

Boge på trekkspel.

juli

sam

august

september

Samningen

14

I byrjinga av juni var det kyrkjelydshelg i på Wallemtunet.

På biletet er det ballspel ute, der både store

og små er veldig energiske. I september var det konfirmantar

og leiarar sin tur å reisa same staden (Under)

oktober

sam

I oktober vart dei store

trea ved kyrkjegardsporten

skorne kraftig

ned - ikkje med lett

hjarta, men dei var

vortne farleg store.

Juleblad 12.indd 14 02.12.2012 22:46:25

året som gjekk- året som gjekk - året som gjekk - året som gjekk -

sam

Sokneprest Audun Aase

hadde 25-årsjubileum som

sokneprest i Samnanger i

2012. Dette vart markert

på kyrkjelydsfesten i november.

På denne festen, var

biskop em. Ole D. Hagesæther

ivitert til å snakka

om ”kallet si kyrkje”,

som var namnet han gav

kyrkja då han vigsla ho

i 1995. Her er Audun og

Marit Aase saman med

Else og Ole Hagesæther.

Det var nesten desember

då skulemusikklaget

hadde sin førhjulskonsert

i kyrja på Haga. Og på

julafta stiller dei opp

igjen. Takk skal dei ha!

november

desember

Karsten Isachsen var gjest

hjå pensjonistane i kyrkja

på Haga.

15

oktober

Lovsong med bibelske

tekstar, var tema

for korprosjektet i

haust. Her frå konserten

i oktober.

Juleblad 12.indd 15 02.12.2012 22:46:28

AlphA-kursA stArtAr opp Att!

Samnanger har lange tradisjonar med Alpha-kurs. Mange samningar har vore med på eitt

eller fleire av kursa. Etter fleire år med pause, startar me no opp att.

Kva eit Alpha-kurs er? Les vidare..

Alle som leitar! Alpha-kurs er for alle som vil vita meir om kristen tru, som lengtar etter

å høyra til i eit kristent fellesskap. Det er ein stad for spørjande menneske, søkjande menneske og eit

pusterom for travle menneske. Meir info på middagen 8. jan.

Læring og latter. På Alpha-kurset går det også an å ha det moro samtidig som ein lærer om

den kristne trua. Aktuell, utfordrande undervisning og samtale blanda med humor og alvor.

Gammal kunnskap får nytt liv.

Pizza og pasta, i alle fall mat :-) Kurskveldane tek til med eit godt kveldsmåltid. Dette er

ein fin anledning til å verta kjend med dei andre på kurset og få nye vener.

Hjelpa kvarandre! I små grupper kan me hjelpa kvarandre med å finna svar på vanskelege

spørsmål. Samtalane kan gå djupare, du kan få hjelp med spørsmåla dine. Det handlar om liva våre, det

meiningslause, det uforståelege, men også det som gir meining. Det handlar om håp, ein annan

dimensjon, ein open himmel.

Alt du vil vita! Ingen spørsmål er for store eller for små, for vanskelege eller for dumme. På

Alpha-kurset vil du bli teken på alvor med spørsmåla, ideane og tankane dine. Her kan ein setja ord på

tru og tvil utan å bli pådytta noko meining.

Det vert invitert til Alpha-middag den 8.januar,! Her vert det òg info om kurset.

Kurset startar måndag den 14. januar, og går over 10 kveldar.

Påmelding til kyrkjelydskontoret tlf. 56589010, post@samnanger.kyrkja.no

16

Juleblad 12.indd 16 02.12.2012 22:46:28

Kyrkjebladet vil ynskja

lesarane sine ei velsigna julehøgtid !

Vel møtt i kyrkja i jula.

E.OLDERVOLL

REGNSKAPSKONTOR

6 2 Årland

INKA FOT- OG KROPPSTERAPI

Kari: 90 8 09 Elin: 91 8 28 40

Samnangerheimen, Haga

deKorina

blomster & interiør

Tlf. 6 8 9 00 www.dekorina.no

THOMAS EIKELAND

Betongentrepenør

Tlf. 6 8 64 2 Mo. 909 80 99

K.I. SVENSDAL A/S

Graving - transport

6 8 66 2 - 91 8 8

Vil du bli frivillig medarbeidar

på Kirkens SOS kriseteneste?

Innføringskurs for nye medarbeidarar på telefon

eller SOSchat tek til 11. februar 201 .

Interessert? Les meir på

www.kirkens-sos.no/bjorgvin

Kontakt oss på 2 8 4 / 941 8 6 4

eller bjorgvin@kirkens-sos.no

Samnanger sokneråd inviterer sambygdingane sine

til middagsselskap, med kaffi og kaker!

Tid: Tysdag 8. jan. kl.19.00 (- 21.45)

Stad: Haga kyrkje

Påmelding til kyrkjekontoret inn. 2. jan. 2013.

Tlf. 56589010, post@samnanger.kyrkja.no

Gåsdal, 5650 Tysse. Tlf.: 56 58 63 87. Fax: 56 58 78 94

Sløyser, skottrenner, tak- og veggbeslag.

Det klippes og bukkes etter standard eller oppgitte mål.

okb.service@okbservice.no http://privat.bluezone.no/blomdal/

- http://www.okbservice.no/

1

KRO OG MOTELL

Tlf. og faks:

56 58 77 40

www.bjorkheim.no

post@bjorkheim.no

5652 ÅRLAND

Tlf. lager

Bjørkheim

6 8 0

Tlf. kontor

Eidsvåg

0

Juleblad 12.indd 1 02.12.2012 22:46: 0

A.S.SAFA - SAMNANGER FABRIKKER

5650 Tysse

Tlf. 56 58 98 00 Telefaks 56 58 98 01

Lakslia 14 - Borgstova - Indre Arna Døgnvakt

Står til teneste med alt ved dødsfall 55 24 08 08

PÅ TYSSEKAIEN - TLF. 56 58 63 32

Transport og graving

Tlf. 56 58 87 00 Mobil 99 55 29 29

Avdeling Samnanger Telefon: 05555

18

VAAGE SERVICES

Motorreparasjonar. Alt i sveising

Rolvsvåg Tlf.957 84 451

SAMNANGER

TAXI

Tlf. 56 58 88 66 - Mob. 470 26 289

SAMN. FYSIKALSKE INSTITUTT

Off. godkjent fysioterapeaut Geir Næss

Timebestilling 56 58 91 09

SAMNINGEN

Ting Samningen du også!

56 58 77 05

SOLHEIM AUTOSERVICE A/S

Bjørkheim

56 58 90 00

SAFA-UTSALGET

5652 Årland

56 58 61 60

K. THARALDSEN

Maling / tapetsering

56 58 63 20 - 958 45 545

NORDVIK ELEKTRO

Autorisert elektroinstalatør

56 58 78 52 - 918 93 650

TYSSELAND

Smie og mekanisk verkstad

Tlf. 56 58 76 40 - Mobil 480 08 815

KIWI minipris

Ope kl. 7-23 (9-21)

Telefon 56 58 76 16

Juleblad 12.indd 18 02.12.2012 22:46:30

Gudstenester i jula

Julaftan kl.14.30 - Ådland

Familiegudsteneste

Song av Knut Inge Røen m. familie

Offer til Kirkens Nødhjelp

Julaftan kl.16.00 - Haga

Familiegudsteneste

Song av Solhild Røen Hauge

Skulemusikklaget spelar

Offer til Kirkens Nødhjelp

Juledag kl.12.00 - Ådland

Høgtidsgudsteneste

Dåp

Song av Marit Kristine Hisdal

Blåsargruppe tek del

Offer til ”Misjon uten grenser”

Nyårsdag kl. 17.00 - Haga

Gudsteneste

Nattverd

19

Samnanger kyrkjelyd

Kyrkjelydskontoret:

Telefon: 56 58 90 10 Fax. 56 58 90 11

E-post: post@samnanger.kyrkja.no

Postadresse: Hagabakkane 1, 5650 Tysse

Kontortid: Måndag -fredag: kl.10-15

Om du vil treffa nokon særskild, er det lurt å ringja på førehand.

Alle er ikkje på kontoret kvar dag.

Tilsette: Kontortelefon Privattelefon

Sokneprest: Audun Aase 56 58 90 13 56 58 61 30

audun.aase@samnanger.kyrkja.no

Dagleg leiar: Britt Haukanes 56 58 90 15 56 58 78 59

britt.haukanes@samnanger.kyrkja.no

Leiar for barne- og ungdoms- 56 58 90 16 40 42 99 33

arbeidet: Hilde Aarvik hilde.aarvik@samnanger.kyrkja.no

Barnearbeidar : 56 58 90 17 47 46 61 55

Line Bjørhovd line.bjorhovd@samnanger.kyrkja.no

Kantorar: 56 58 90 14 56 58 65 43

Anne Lise og Eilert Tøsse eilert.tosse@samnanger.kyrkja.no

Sekretær og kyrkjetenar 56 58 90 12

Haga: Bente L.D. Bødker bente.bødker@samnanger.kyrkja.no

Kyrkjetenarar Ådland: Finn Moss 56 58 77 70

Kyrkjegardsarbeidar: Hans Tysse 56 58 63 14

Soknerådsleiar - Åshild Aadland Haga 56 58 65 08

Kirkens S.O.S . Tlf. 815 33 300

Kyrkja sin nattfilial - døgnope. Her får du snakka med ein prest

/ sjelesørgar, gjerne anonymt om du vil.

E-postteneste: www.kirkens-sos.no

Vitjing i heimen

For dei som ikkje kan koma til kyrkje, kan soknepresten halda

nattverd i heimen. Om nokon ynskjer samtale/ sjelesorg eller skriftemål,

kan dei også ta kontakt. Presten har sjølvsagt teieplikt.

Barnedåp

Alle foreldre som er medlemer av DNK, får sendt ei orientering

om dåpen straks kyrkjelyds-kontoret har fått fødsels-melding.

Dåpssøndagane vert kunngjorde i kyrkjekalenderen og på heimesidene

våre. Elles er det berre å ta kontakt med kontoret.

Gjevarteneste Gåver til konto:

Trusopplærings-stillinga: 3562 07 01910

Prosjekt Haga kyrkje: 3562.71.03172

Prosjekt Zambia: 3530.21.38786

Kyrkjeblad for Samnanger

Redaksjonsnemnd: Bente Dyrøy Bødker, Anlaug Røen Hauge

Redaktør: Britt Haukanes

Takk til alle som har lånt oss bilde! Foto merka Sam” er teke

av ”Samningen”

Heimeside www.samnanger.kyrkja.no

Juleblad 12.indd 19 02.12.2012 22:46:30

Returadresse: Samnanger kyrkjekontor

Hagabakkane 1, 5650 Tysse

Vel møtt til faste aktivitetar i kyrkjelyden

Babysong

Song musikk og rørsler med dei

minste. Kvar måndag i kyrkja

på Haga.

Oppstart etter jul: 7. januar

Aldersgruppe: 0-1 år.

Kompis

Ein plass å vera etter

skulen. M.a. mat,

spel, musikk,

aktivitetar,

”on line”,

leksehjelp,

vera med venner.Haga

kyrkje

ons. 12.30 -16.00

Pris 150 pr. mnd. Påmelding

til barnearbeider

Line 474 66 155

For vaksne:

LOVSONG OG BØN

Haga kyrkje. Måndagar kl. 20-21

PROSJEKTKOR

2 gongar i året.

I vår: Prosjekt med Ruben Espelid

SAMTALEGRUPPER/ SMÅGRUPPER

Ynskjer du vera med i ei gruppe, ta kontakt

med soknepresten 56 58 90 13

Søndagsskular

Ei hjelp for heimane med dåpsopplæringa. Søndagsskulane

følgjer opplegget ”Sprell levande”.

I Haga kyrkje under gudstenestene.

I Tysse bedehus kl. 11.- 12.15.

For datoar, sjå kyrkjelydskalender.

Barnekor

Glad song med borna.

To korgrupper: 4 år

tom.2.klasse og King

Sing for 3.-7. klasse.

I Tysse bedehus,

tysdagar kl. 17.30

(Arr: Samarbeid mellomMisjonsforsamlinga

og kyrkja.)

Basement

Rusfri open ungdomsklubb med café. PS2

med ”Band Hero”, biljard og andre spel,

lovsong, musikk og prat i kosekroken.

Frå og med 8.klasse. Anna kvar fredag i

kyrkja på Haga. I partalsveker.

Oppstart fredag 11..januar

Juleblad 12.indd 20 02.12.2012 22:46:32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!