06.09.2013 Views

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

Juleblad - kyrkja - Samnanger - Den norske kyrkja

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kyrkjebladet har teke turen innom til Astrid Brigtsen i

den koselege heimen hennar på Steinsland. Astrid kom

hit til bygda saman med mannen sin, Olav Brigtsen, då

han tok til som rektor på Samnanger Ungdomsskule i

1968. Dei slo seg først ned på Frøland der dei budde til

dei flytta til Steinsland.

Dei første åra på Frøland var Astrid heime og tok seg av

hus og born, men ho var aktivt med i sundagsskulearbeidet

på Frøland, noko som ho lika godt.

«Borna var så flinke til å møta opp og eg har mange gode

minne frå den tida», seier ho.

Men Astrid var lærarutdanna og tok etter kvart til å

arbeida i skulen, først som vikar og seinare fast på Ungdomsskulen

der ho underviste i norsk, kristendom og

heimkunnskap. Det er nok mange rundt om i bygda vår

som har lært meir enn å koka poteter av henne!

Etter meir enn 40 år i Samnanger må ho vel seiast å vera

fullgod samning, men sine barnesko trødde ho på eit anna

Steinsland, nemleg i Sund kommune på Sotra. Me tenkte

det kunne vera kjekt å høyra litt om korleis dei feira jul

på hennar trakter den gongen ho vaks opp.

Me let Astrid fortelja:

Førjulstida

«Eg har alltid vore svært glad i jula. Då eg var lita, var

jula mest ikkje over før eg tok til å gle meg til neste jul.

Juleførebuingane tok til fleire veker før jul. Då kom

bestemor frå Toftarøy og skulle baka lefser og flatbrød

til oss. Det var laga til med bakstebord og omn med

takke til å steikja på i kjellaren. Det var stas då eg vart

så stor at eg fekk vera med på dette. Eg lærte å laga

emne – noko dei som kunne baka var svært nøye på – og

etter kvart fekk eg prøva meg med kjevlet òg. Det var

god kunnskap som eg fekk ta med meg vidare i livet.

Me hadde ein liten gard og der hadde me sauer, høner,

gris og ei ku. Til jul skulle grisen slaktast og alt skulle

nyttast. Det vart både blodpudding og blodpannekaker

– og sjølvsagt mykje godt kjøt og flesk. Til jul vart det

elles baka julebrød med rosiner og sukat og så var det

Juleminne

4

hjortetakk, sitronkransar og krumkaker. Alt skulle vera

reint og nypussa til jul. Då eg vart gammal nok, fekk eg

ansvar for å pussa messing og kopar. Det var den store

oljelampa av messing, det var dørhandtak og mange andre

ting. Alt skulle skina til jul!

Juletreet

Det vaks ikkje gran i nærleiken av oss, men me hadde

ein slektning på Toftarøy som hadde planta eit granfelt.

Dit rodde me ut og fekk henta oss juletre. Eg hugsar bror

min og eg fekk ta ut det treet me ville ha. Eg var så nøye

på det, det skulle vera fint og så det måtte vera så høgt

at det nådde taket når stjerna var sett på. Me hadde ikkje

elektrisitet så det var levande lys på treet. Mellom pynten

var det også ting me hadde laga på skulen, som lekkjer og

korger. I korgene var det gjerne neter eller anna godt.

Teikna av

Oskar

Juleblad 12.indd 4 02.12.2012 22:46:01

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!