15.09.2013 Views

123552 Kyrkjeliv 5-05 - kulturkyrkjavaldres.no

123552 Kyrkjeliv 5-05 - kulturkyrkjavaldres.no

123552 Kyrkjeliv 5-05 - kulturkyrkjavaldres.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

26:123552 Kyrkjeliv 5-05 24.11.2009 21:08 Page 12

Kyrkjestogo i Skrautvål

vil stå klar i januar

KYR 12

OLAV ROBØLE

I januar vil soknerådet i Skrautvål

halde møte i eiga etterlengta kyrkjestogo.

Og så får andre brukarar sleppe

til etter kvart. Dessutan får ein omsider

innlagt vatn og toalett i tilknyting

til kyrkja. Huset har ei grunnflate på

37 kvm, og av dette vil kyrkjestogo

legge beslag på 28. Dei verkeleg store

forsamlingane vil det såleis ikkje

bli plass åt, men det skulle bli ein triveleg

samlingsplass. Rogne Bygg er

hovedentreprenør.

Bygdefolket lyt trø til

Det var ein lang veg å gå før draumen

om eit husvære til ymse bruk

kunne realiserast i soknet, og ei

finanskrise måtte til innan målet var

nådd. 710.000 kroner vart tildelt frå

den ekstrapotten som sentrale styresmakter

stilte til rådvelde. No skulle

anbodsrunda på byggverket vise at

dette vart i minste laget, men når så

Nord-Aurdal kommune kunne hoste

opp 110.000 frå løyving til andre

ekstraordinære tiltak, ordna det seg.

Men berre med sjølve huset. Skal det

snarast mogleg få eit smakfullt innhald,

vil bygdefolket måtte trø til.

Skulle nokon ha eit gamalt skåp,

bord eller anna som det er vanskeleg

å finne plass åt. er det berre å ta kontakt,

seier leiaren i byggenemnda,

Ann Kristin Bakkene.

Kjøkenkrok og dusj

Det vart seinhaust før arbeidet for

alvor kunne koma i gang, både fordi

det dro noko ut før sluttfinansieringa

vart klarert og for å få på det reine

om grunnen var stabil nok og at han

ikkje inneheldt gamle skattar som

kunne sett bom for byggearbeidet i

lang tid. Det vart òg kravd større

avstand til kyrkja enn fyrst tenkt.

Men frå september har det gått slag

i slag. Fyrst laut den gamle stallen

vekk, og det beste av den takast vel

vare på. Etter at tilleggsgrunn var

sikra, vart det òg von om ei framtid

for den. Om ikkje for heile huset, så i

alle fall nok til eit fint minne om den

tida då folk i bygda hadde hesteskyss

på kyrkjevegen. Men dei romma ein

her får, vil nok mest få ein funksjon

som lager, no som dei siste åra.

Utadørs vart det også endringar. Ei

heving av terrenget forbi kyrkjestogo

på omtrent meteren ga betre tilkomst

sørfrå og større parkeringsområde.

Kyrkja i Skrautvål var vel den einaste

på lang lei der dei som hadde

arbeid å gjera, ikkje hadde nokon

stad å ty inn når dei skulle ha pause.

Og det som fanst av avtrede både for

kyrkjegardsarbeidarar og gudstenestedeltakarar

var utedoane i sørre

enden av stallbygningen. No blir det

omsider orden på dette. Kvilerommet

får òg ein liten kjøkenkrok, og

eine toalettet blir utstyrt med dusj.

Kyrkjestogo i Skrautvål vil få ei grunnflate på 37 kvadratmeter og er teikna av Håvard Aabol og vil stå klar til

bruk i januar. Rogne Bygg er hovedentreprenør.

KYRKJELIV I NORD-AURDAL

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!