Jan Helge Gram Eggestøl prestevikar på Askøy Besøkstjeneste Med utdanning frå dei tre teologiske fakulteta og praksis som studentprest, døveprest og ”speidarprest” tykkjest det som om Jan Helge Gram Eggestøl, prestevikar på Askøy for to år, er ein særs allsidig person. Søndag 15. januar vart han innsett i tenesta under ei gudsteneste på Erdal, der han hovudsakeleg skal ha sitt virke. Prost Erling Kopperud og kapellan Egil Hjortland deltok under gudstenesta i eit nesten fullsett ”kyrkjerom” på ungdomsskulen, der soknerådsformann Vigleik Stoveland las opp biskopens kallsbrev. Tekst og bilder: Harald Gjøsæter Eggestøl fortel til @:men at han er 43 år og er oppvaksen i Ølen. Hans kristelege bakgrunn karakteriserer han som ganske brei, med basis både i bedehus og KFUK-KFUM. Etter ein periode som ungdomssekretær tok han fatt på teologistudiet. Han hadde tankar om å reisa ut som misjonær, men av ymse grunnar vart ikkje det noko av. I staden vart det presteteneste, først studentprest, så døveprest, og dei ti siste åra kapellan i Fyllingsdalen kyrkjelyd. Kona heiter Kari Øritsland, og kjem frå Hinna. Ho er i design- og kommunikasjonsbransjen. Saman har ekteparet tre born i tenåra; Ingvild, Håvard og Olav. - Det såg ut for at du trivdest under den første gudstenesta hos oss. Er gudstenesta noko du set særleg stor pris på som prest? - Eg er svært glad i å arbeida med gudstenester, og å stimulera til at kyrkjelyden i gudstenesta skal fungera som eit levande samfunn. Eg meinar at det er dette samfunnet som skaper ei gudsteneste. Det er viktig for meg at gudstenesta blir skapt saman med nokon. At det ikkje er presten og organisten sitt prosjekt, men at det er noko som kyrkjelyden gjer saman. Difor er eg oppteken av å skape ein gudstenestekultur der den einskilde kjenner seg trygg nok til å bruka sine gåver. - Sjølv har eg liturgisk vidareutdanning og har tru på å bruka det mangfald av uttrykk som er i våre liturgiar og vår songtradisjon. Eg tenkjer at ei gudsteneste er eit reelt møte mellom den levande og skapande Gud og det livet som utfaldar seg i kvardagen der vi lever. Eg har og tru på at om vi maktar å skapa eit livsnært samfunn, er det også rom for andeleg erfaring. Den kyrkjelyden der vi er trygge for kvarandre og tenkjer godt om kvarandre, er eit samfunn der det er godt å vera. - Kva er du særleg flink til, og tør du å fortelja noko om dine svake sider? - Eg trur eg er særleg flink til å involvera andre, og er oppteken av at det den einskilde er god til og likar å drive på med, skal han verta utfordra til å arbeida med. Ulike menneske har fått ulike gåver. Tenk å kunna gjere noko til ære for Gud, som har skapt oss og gjeve oss desse gåvene! Når det gjeld mine svake sider, så kan eg gjerne nemna merkantilt arbeid, og heller ikkje EDB har eg heilt taket på. Men motivasjonen for å bli betre er stor! På spørsmål om kva han gler seg mest til å ta fatt på, svarar Eggestøl at han ser fram til å leita opp og gripa fatt i nye samarbeidsfelt og prosjekt som i utgangspunktet kanskje ikkje er så enkle å få auga på. - Eg trivest med å møta den einskilde der han er i livet. Om eg kan få vera ein prest som gjennom å gå saman med den andre og la den andre få høve til å sjå nye perspektiv på sitt eige liv, er det flott. Eg trur at alle er unike og at Gud har eit ønskje og ein visjon for kvar og ein av oss. - Har du noko tilknyting til Askøy frå før? - Det har eg ikkje. Mitt blikk på Askøy er heilt ope, og for tida er eg svært oppteken av å sansa. Landskapet er flott og eg trivest med at det er så nær sjø og hav. Lyset er godt. Omgivnadene merker eg tilfører meg noko, berre etter den korta tida eg har vore her. Det er også fascinerande å møta nye kyrkjerom. Kyrkjehusa på Askøy er svært ulike og det opplever eg er interessant og gjev høve til eit Under ei gudsteneste i Erdal 15. januar vart Jan Helge Gram Eggestøl innsett som prestevikar i Askøy for to år. Etter gudstenesta fekk han gode ord og blomar hjå prost Erling Kopperud. variert gudstenesteliv. Kva kyrkjelydsarbeid utanom gudstenesta er du mest oppteken av? - Eg vil nok ha eit ope blikk for, og prioritera det som alt er i gong, men må også sjå om det er naturleg å starta noko nytt. Utgangspunktet må vera at det er nokon som vil noko. I Fyllingsdalen engasjerte eg meg i speidararbeid. I speidarmiljøet har eg høyrt at nokon kallar meg ”speidarpresten”. Det er ein flott tittel. Eg er oppteken av naturen og at vi må ta vare på skaparverket. I Erdal og Florvåg vil eg få ansvar for førti konfirmantar. Dei vil eg gjerne bruka mykje tid på. For tida er mest oppteken av andeleg utvikling. Det å vere open for at Gud kan forma meg og skapa noko nytt, er spennande. Å leve som kristen er å oppdaga Guds nærvær. Heilaggjering er å la Gud arbeida med meg, men også at eg sjølv strekkjer meg mot å leva eit sant og ekte liv. Å bli den eg er, skapt av Gud og frigjort i Kristus, er eit fantastisk perspektiv på livet. Og sjølvsagt vil eg konsentrera meg om arbeidet Erdal sokneråd. Det er eit flott råd med svært dyktige medlemar. Dei har sitt mandat frå folket i Florvåg og Erdal, og eg har mitt mandat frå biskopen. Saman skal vi gjera det vi kan for at den nye kyrkja kan bli eit kraftsenter i kyrkjelyden og lokalmiljøet. Der skal det vere mogleg å bli utfordra både andeleg, sosialt, kulturelt og intellektuelt. Det er så mange gode krefter og så utruleg med talent i kyrkjelyden. Det handlar om å dra lasset saman og la nye Erdal kyrkje verta ein møtestad og ein heim der det er godt å væra. Og @:men sin utsende legg berre til: Ta godt mot nyepresten! REDEGJØRELSE Bjørgvin bispekontor har sendt ut følgende melding vedrørende prestesituasjonen på Askøy: ”Kapellan Trond Egill Moe er etter eget ønske innvilget permisjon i 2 år fra sin stilling som kapellan på Askøy. Han skal i den tiden tjenestegjøre som kapellan i Fyllingsdalen prestegjeld, i Laksevåg prosti. Moe vil bli boende i tjenestebolig på Askøy i permisjonstiden. Kapellan Jan Helge Gram Eggestøl vil tjenestegjøre i Askøy prestegjeld med primæransvar for Erdal sokn i denne tiden.” Jan Helge Gram Eggestøl har tidligere arbeidet bl.a. som døveprest og de siste ti år har han vært kapellan i Fyllingsdalen menighet. Han startet sin tjeneste på Askøy ved årsskiftet. – noe for deg? Kanskje du nå tenker hva er dette, eller hvem gjelder dette? For å ta det siste først. Egentlig gjelder det mange. Det gjelder alle dere som kan tenke dere å være en del av menighetens besøkstjeneste her på Askøy. Vi har allerede en gruppe som har gått på kurs og som har lyst å gjøre en innsats. Men vi ønsker å ha flere med fordi vi har et stort ønske om og tro på at vår tjeneste betyr mye i hverdagen til mange mennesker her på Askøy. Hva dette går ut på kan du lese om i det som nå kommer. Av soknediakon Jannicke Monstad Hana Har du lyst til å glede en annen? Som besøker har du muligheten. Mange mennesker, særlig eldre, er ensomme og mye alene. Som frivillig besøker i besøkstjenesten kan du gjøre noe med dette. Besøkstjenesten er en del av menighetens diakonale arbeid. Målet er at mennesker skal få oppleve fellesskap og kontakt. Hvem kan være frivillige besøkere? • Viktigst er at du har lyst og at du har litt fritid å gi andre mennesker som trenger det. • Kontakt og fellesskap er det viktigste Hva kan besøkstjenesten omfatte? • Besøk/sosial kontakt • Følge ut (spasertur, følge til lege osv). • Enkle ærend og tjenester • Følge til gudstjenester, eldretreff o.a. • Telefonvenn Hvor ofte? • Det vanlige er en times tid en gang i uken/hver fjortende dag. • I utgangspunktet er det behov for at du besøker en person. Står jeg alene som besøker? • Besøkerne samles ca. tre ganger i året til å samtale over tema og utveksle erfaringer • Det er mulighet for nye besøkere til å gå på kurs dersom de ønsker det. Kan du tenke deg å bruke noe av fritiden din på å være med i en slik diakonal tjeneste? <strong>Menighetene</strong> på Askøy har ønske om å være med i denne tjenesten og skal vi lykkes i dette er du en viktig person! ”Den som sprer velsignelse, trives godt, den som kvikker opp andre, blir oppkvikket selv.” Ordspråkene 11. 25. Hvem er tilbudet om besøkstjeneste for? • Du som er mer alene enn du ønsker, er isolert, ensom. Om du har både hjemmehjelp, hjemmesykepleie og nære pårørende. • Du som trenger følge for å komme deg ut, enten bare for å spasere, eller for å bli hjulpet til et eldresenter, for å få kjøpt deg sko osv. • Du som har slitne pårørende som trenger avlastning • Besøkstjenesten gjelder for alle aldersgrupper, men det er mest eldre vi får vite om. Når du nå har lest dette har du kanskje sett at du kan være en besøker, eller at du er den som ønsker å få besøk. Uansett på hvilken side du er ønsker vi at du tar kontakt. Du kan ringe soknediakonen i Askøy på telefon 56 15 85 62, eller kirkekontoret på telefon 56 15 85 60. Vi som allerede er med i denne tjenesten samles på Kirkekontoret i Kleppestø torsdag 23. februar, kl. 18.00. Har du lyst å være med er du velkommen til å møte opp da! KYRKJEskyss til gudstenester i Herdla kirke Kontakt Ivar Eidsaa, tlf. 56 14 43 17 @ : m e n 1 - 2 0 0 6 @ : m e n 1 - 2 0 0 6