20.03.2015 Views

Nordfjord Nytt 3 - Reisemål Stryn & Nordfjord

Nordfjord Nytt 3 - Reisemål Stryn & Nordfjord

Nordfjord Nytt 3 - Reisemål Stryn & Nordfjord

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Nordfjord Nytt

Oktober 2011

www.nordfjord.no

Cruiserederi på visningstur i Nordfjord

8. og 9. september hadde Nordfjord besøk av store og viktige cruiserederi. I

regi av Cruise Norway vart det arrangert visningstur for dei fire store

cruisehamnene i Fjord Norge; Bergen, Olden – Nordfjord, Geiranger og

Ålesund. Noko av det som vart vist fram i Nordfjord var Briksdalsbreen,

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Panoramavegen, Yrineset med lokalmat frå

Aabrekk Gard med påfølgande overnatting på Hotel Alexandra. Vi var også så

heldige at Moods of Norway stilte med skjerf til damene og slips til mennene.

Det å få vitjing av 10 bestlutningstakarar frå 9 store rederi er gull verdt. Det

betyr mykje at dei kjem hit og sjølve får sjå alt vi har å tilby, både av utflukter,

havnefasilitetar og Olden i seg sjølv. Det er cruisegruppa i Nordfjord som

stosom lokalt vertskap for visningsturen. Desse har som føremål å

marknadsføre Olden – Nordfjord som cruisedestinasjon. Denne gruppa er

samansett av Briksdalsbre Fjellstove, Nordfjord Hamn, Fjord1 Nordfjord-

Ottadalen, Geiranger & Nordfjord Cruise Handling og Reisemål Stryn &

Nordfjord. www.nordfjord.no/cruise

Ny dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord

Inger Elin Nes Hjelle tiltrer i stillinga som ny dagleg leiar i Reisemål Stryn &

Nordfjord frå 1. desember. Nes Hjelle er 36 år, kjem opphavleg frå

Nordfjordeid, og er no busett på Lillehammer der ho jobbar som internasjonal

rådgivar i Oppland fylkeskommune. Ho driv bl.a. mykje med informasjon om

EU-program og rettleier aktørar i fylket som ønskjer å delta i europeiske

samarbeidsprosjekt. Internasjonalisering har vore sentralt i val av både studium

og arbeid. I studietida hadde Inger Elin sommarjobb som guide og har vore med

mange busslaster med cruiseskipturistar på overlandsturar og i Briksdalen. Etter

universitetet fekk ho jobb som internasjonal koordinator på Høgskolen i Gjøvik

og blei etterkvart leiar av felles internasjonalt kontor for høgskulane i Gjøvik og

Lillehammer. Dette arbeidet gjekk m.a. ut på å profilere høgskulane overfor samarbeidspartnarar i utlandet og

rekruttere internasjonale studentar. På fritida er det aktivitetsbaserte opplevingar som er den store interessa. Ho

er aktiv i turistforeininga og har dei siste to åra vore leiar av fjellsportgruppa på Lillehammer.

NHO Reiseliv – Campingavdelinga arrangerer møte i Loen i november

Campingavdelinga i NHO Reiseliv vil arrangere eit møte 22. – 23. november 2011. Møtet vert arrangert på Hotel

Alexandra i Loen. Set av datoen i dag. Program vil bli sendt ut så snart det er klart.

National Geographic kåra Norge til beste ski destinasjon 2011

Den nye kåringa gjort av National Geographic lovar godt framfor årets vintersesong. For nokre veker sidan vart

Norge utnemnd til den "beste ski destinasjonen i 2011" på National Geographic Traveler Awards 2011 i Russland.

Det er russarane sjølve som står bak kåringa. På National Geographic si nettside www.ngmag.ru, har russarar stemt

fram sine reiselivsfavorittar i forskjellige kategoriar. Her gjekk Norge til topps som beste skidestinasjon. Prisen vart

offentlegjort på ein av dei største reiselivsmessene i Russland “Leisure 2011”.

NCE Tourism - Fjord Norway, konferanse 2011 – Tema: Visjon i praksis

NCE Tourism - Fjord Norway føl opp fjoråret sin suksesskonferanse og arrangerar "Fjord 2.0 konferansen med

fokus på NCE visjonen om at “NCE Tourism- Fjord Norway skal gjere Fjord Norge regionen verdensleiande på

tematurisme”. Fjord 2.0 konferansen er den årlege møteplassen for partnarar i NCE Tourism – Fjord Norway og

andre i reiselivet, der ein får ny kunnskap, ny inspirasjon og ikkje minst kan ta del i utviklinga av tematurisme i Fjord

Norge regionen. Konferansen vert arrangert for 3. gong. Dei to tidlegare konferansane i Bergen samla mellom 210

Nordfjord Nytt

Oktober 2011

www.nordfjord.no

og 240 deltakarar, og i år flyttar dei konferansen frå Bergen og ut i Fjord Norge regionen på ei ferd med Hurtigruta

frå Bergen til Kristiansund. Program finn de her: http://www.fjordnorway.com/no/NCE/ncekonferanse

Nordfjord Reiseguide for 20. gong

Reisemål Stryn & Nordfjord gjev i 2012 ut turistbrosjyre for 20. gong! Nordfjord Guiden

vart første gong utgjeven i 1992 og var då i eit anna format og innhaldet var delt opp

kommunevis. Guiden innheldt då åtte kommunar (Bremanger og Vanylven i tillegg). Brosjyra

har endra utsjånad i løpet av desse åra, men er fortsatt vårt viktigaste salsverkty når vi er ute

på messer og workshops i inn- og utland. Formatet er no A4-storleik og har 52 sider spekka

med informasjon og flotte bilete. Innhaldet er temabasert og ikkje delt opp kommunevis. Har

du lyst til å annonsere her, har du forsatt høve til det. Ta kontakt med beate@nordfjord.no

for prisar og bestilling.

Fjord Norge sitt marknadsmøte 2011 i Stavanger

13. og 14. september 2011 heldt Fjord Norge sitt årlege marknadsmøte, og denne gongen

var Stavanger vertsby. Det årlege marknadsmøte er ein møteplass for fagleg oppdatering og ein sosial

arena for reiselivsbransjen på Vestlandet. Årets møte sette fokus på Fjord Norge sin nye kommunikasjonsplattform,

samt presentasjon av neste års aktivitetar. Relevant og viktig marknadsinformasjon frå Innovasjon Norge sine

utanlandskontor. Informasjon om verdikjeden og kva som skal til for å sikre heilheta mellom produktutvikling, sal og

kundeoppfølging. Vi fekk også grundig oppdatering av forbrukar- og reiselivstrendar

frå ein av verdas fremste trend- og livsstilforskarar Poul Erik Jacobsen, som var

verdt heile reisa åleine.

Workshops i Moskva og St. Petersburg

I veke 35 arrangerte Innovasjon Norge workshops for reiselivet i Moskva og St.

Petersburg. Reisemål Stryn & Nordfjord deltok for sjette gong. Frå Nordfjord

deltok også Destinasjon Briksdal og Hotel Alexandra/Hotel Loenfjord. Vi hadde

mange gode avtaler og fleire av turoperatørane vart interessert i å få tilsendt info

om utflukter og aktivitetar for eit fleire dagars opphald i Nordfjord.

Ny Reiselivsmesse på Telenor Arena 13. – 15. januar 2012 – Vere med?

Ein ny arrangør vil neste år starte opp ei ny reiselivsmesse på Telenor Arena på Fornebu i staden for den vanlege

messa som har gått av stabelen i Lillestrøm i januar. Dei nye arrangørane opererer med mykje lavare prisar enn

konkurrenten. Vi har holdt av 24 kv.m stand på denne nye arenaen. Prisen for å delta her er ganske lav og difor vil

vi no lufte om det er interessant for nokon av våre medlemar å delta. Prisen for å delta på ein felles Nordfjordstand

har vi ikkje klart enno, men den vil i alle fall ligge langt lavare enn tidlegare år. Dersom interessa er stor nok

vil Reisemål Stryn & Nordfjord koordinere arbeidet med å samle bedriftene under ein paraply. Reiselivsmessa på

Lillestrøm har flytta si messe til mars då denne nye aktøren kom på bana. Tykkjer du dette høyrest interessant ut,

så ta kontakt snarast til beate@nordfjord.no.

Reiseklar i Bergen 20. – 22. januar 2012 – Vere med?

Som tidlegare år vil vi koordinere reiselivsmessa i Bergen 20. - 22. januar 2012. Responsen dei siste åra har vore

god på denne messa, så vi har bestilt 24 kvadratmeter stand for neste år. Mange av dei som har delteke på denne

messa under vår paraply, har ytra ynskje om å delta også i 2012. Vil du delta? Kontakt beate@nordfjord.no.

Countryknutepunkt på Breim, Gloppen

Countrymusikken sitt hovudsete i Norge skal ligge på Breim i Sogn og Fjordane. Det var klart etter at Norsk

Country Treff fekk sjangeren sin første knutepunktstatus. Kulturdepartementet foreslo å opprette eit knutepunkt

for countrymusikk, på linje med blant anna rock, jazz, blues og folkemusikk i statsbudsjettet for 2011. Det har lenge

vore spekulert i kven av countryfestivalane i Norge som ville få historia sin første knutepunktstatus. I september

Nordfjord Nytt

Oktober 2011

www.nordfjord.no

vart det klart at Breim gjekk av med sigeren! – Dette er eit fantastisk handslag til sjølve musikksjangeren, som no

blir heva opp på eit høgare nivå. Dette veit eg kjem til å bli svært godt motteke hjå alle band og artistar som utøvar

countrymusikk, og ikkje minst hjå det stadig veksande publikumet. Det er samtidig eit stort handslag til den vesle

bygda Breim, kor over 500 av bygdas 1400 innbyggjarar har jobba med denne festivalen i over 17 år, sa Nils R.

Sandal, artistansvarlig for Norsk Country Treff til Aftenposten etter tildelinga.

Nytt om medlemar

Oldedalen Skyss med større kapasitet

Oldedalen Skyss går til innkjøp av to nye Trollbilar til sesongen 2012. Det betyr

at dei kan transportere i alt 84 personar opp til Briksdalsbreen samtidig. Dei vil

då ha i alt 12 Trollbilar, der kvar bil har plass til 7 passasjerar.

www.oldedalen-skysslag.com

Familiehotellet går ut av familien

Best Western Raftevolds Hotel i Hornindal får nye eigarar frå årsskiftet. Anne

Raftevold og mannen Jens Edvard Jensen gjer seg etter 36 år med hotelldrift.

− Det har vore ein tilvenningsprosess. Eg hadde håpa at hotellet skulle bli

verande i familien, men eg er trygg på at hotellet vil bli teke godt vare på av dei

nye eigarane, seier Geirtrud Raftevold (87), som har høyrt til på hotellet i 64 år.

Anne Raftevold og mannen Jens Edvard Jensen har drive Best Western

Raftevolds Hotel i Hornindal desse åra, men er no klare for at andre skal få

drive tradisjonane vidare. Dei overlet drifta til Jens Brokmann og Petra Wieth.

− Bygda treng eit hotell, men sidan våre to born har vald andre yrker er det

godt at nye krefter tek over, seier Anne Raftevold. Jens Brokmann og Petra

Wieth er utdanna i hotellfaget og har lang praksis med hotelldrift både i Norge

og frå andre land. No skal dei busetje seg i Hornindal. − Vi ynskjer å ta vare på

kulturen og tradisjonane. Gjestane vil ikkje oppleve mykje endringar verken i

stil, drift eller på matmenyen, seier Brokmann. (Kjelde: Fjordabladet).

Langvin Gjestegaard – ny medlem

Langvin Gjestegaard har fått nye eigarar og tilbyr overnatting frå mai 2012.

Gjestegarden ligg i Innvik med flott utsikt over fjorden og fjella. Her tilbyr dei

rimeleg overnatting i 30 enkelt/dobbeltrom fordelt på fem hus. I hovudhuset ligg

resepsjon, kafeteria med 60 sitjeplassar, pub og TV-stove. Dei tilbyr også gode

selskapslokaler både på Gjestegaarden og i gamle Prestegården. Det er også

høve til overnatting i stølshus på Prestestøylen. Nettsider under utarbeiding.

www.langvin.no

Legg inn ditt arrangement på www.nordfjord.no!

No kan du legge inn ditt arrangement for synlegheit på nordfjord.no og dei to største reiselivsportalane i Norge:

www.fjordnorway.com og www.visitnorway.com. Når du har sendt inn ditt arrangement blir det lagt til godkjenning

hos Reisemål Stryn & Nordfjord og publisert innan kort tid. Dersom programmet ligg inne frå før, men du vil endre

noko eller legge til nye/fleire bilete er det berre å sende e-post til mail@nordfjord.no.

Registrer ditt arrangement på www.nordfjord.no/Registrer-arrangement/

Nordfjord Nytt

Oktober 2011

www.nordfjord.no

Kva skjer framover for reiselivsbransjen?

• 14. – 16. november Fjord 2.0 NCE - konferanse på Hurtigruta

• 22. – 23. november - NHO Reiseliv – campingavdelinga arrangerer møte i Loen.

• 29. – 30. november – Online booking kurs i regi av Reisemål Stryn & Nordfjord

• 13. – 15. januar - Reiselivsmessa i på Telenor Arena, Fornebu ny!

• 20. – 22. januar - Reiseklar i Bergen, Grieghallen

• 10. –15. januar - Fag og publikumsmessa ”Vakantiebeurs”, Utrecht i Nederland

• 2. – 3. februar - Reiselivkonferanse for Sogn og Fjordane på Hotel Alexandra i Loen

Reinsdyr på Utvikfjellet. Foto: CH/Innovasjon Norge

Vi ynskjer deg og dine ein flott haust og vinter!

Synnøve Aabrekk Beate Vik Hauge Yngve Stee Eli Folven

synnove@nordfjord.no beate@nordfjord.no yngve@nordfjord.no eli@nordfjord.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!