12.07.2015 Views

Lapprosen nr 3 2012 - Den norske Rhododendronforening

Lapprosen nr 3 2012 - Den norske Rhododendronforening

Lapprosen nr 3 2012 - Den norske Rhododendronforening

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Min favoritt– Rhododendron dendrocharisTekst og foto: Torolf JuvikEtter at Kirsten Storheim i vår utfordra meg til å skrivaom min favoritt, har eg tenkt mykje på kva som eigentleger min favoritt. Det er jo så mange flotte planter å veljamellom. Men etter å ha tenkt lenge og vel, ja faktisk heilesommaren, har eg kome fram til at det kanskje ikkje berreer blad og blom som tel, men at planta i tillegg – for oss –også har ei historie og er ein souvenir.Vi har etter kvart ein god del slike planter i hagen.Det var ein dag i mai 1999 at Inga Olsen frå Arendalringde og fortalde at ho hadde fått inn nokre eksemplarav små og relativt sjeldne rododendron frå Glendoick.Ho hadde kun nokre få eksemplar av kvar, så om vi varinteressert måtte vi bestemma oss raskt.Allereie morgonen etter var vi på veg til Arendal. Deter vel ikkje så langt når det er mogleg å få fatt i nokrespanande rhodoar?Vi kom heim med nokre flotte eksemplar av rododendronog ein del andre planter.Men den som eg har valt som min favoritt, er ein som hososs er blitt ein liten juvel. <strong>Den</strong> blomstrar overdådig kvarteinaste år.Rh. dendrocharis Subsect. Moupinensia(dendro; frå gresk dendron = tre og charis frå gresk karis= ynde/pryd; fordi den prydar den trestamma den veks på.(Kjelde: Per M. Jørgensen.)Dette er altså ein epifytt som vil ha god drenering. Ogkorleis plantar ein ei slik plante? Vi har valt å grava nedei lita trerot heilt inntil husveggen på framsida av huset,der den blei planta. Om dette er årsaka veit eg ikkje, menden har kvittert med fin tilvekst og flott blomstring kvart år.Eg sender stafettpinnen vidare til Inga Olsen.<strong>Lapprosen</strong> 3 - <strong>2012</strong> - 9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!