22.04.2016 Views

Kommunereforma Haram

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INFORMASJON

Kommunereforma

TA VALET!

HARAM SOM

EIGEN KOMMUNE?

DEN NYE KOMMUNEN

HARAM SANDØY?

REGIONKOMMUNEN

ÅLESUND?

GENERELT OM KOMMUNEREFORM

KVIFOR EI KOMMUNEREFORM?

I 2014 fekk alle kommunane i landet i oppdrag frå Regjering

og Storting å starte prosessen med å avklare om det er

aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Ei klar statleg

føring er å skape betre samsvar mellom kommunegrenser

og naturlege arbeids-, bu- og serviceregionar (ABSregionar),

der folk ferdast i det daglege mellom bustad-,

arbeid-, service- og fritidsaktivitetar.

Målet med kommunereforma er større, meir robuste

kommunar med auka makt og myndigheit. Stortinget har

bede kommunane greie ut korleis ein best kan utøve

mynde, ivareta demokratiet, levere tenester og drive god

samfunnsutvikling innafor avgrensa økonomiske rammer i

framtida.

Haram kommunestyre skal gjere lokalt vedtak om eventuell

samanslåing innan 1. juli 2016. Deretter skal Fylkesmannen

kome med tilråding om framtidig kommunestruktur overfor

departementet. Stortinget skal gjere endeleg vedtak

våren 2017 med iverksetting frå neste kommunestyreperiode

(2020).

KVA ER EIN INTENSJONSAVTALE?

Ein intensjonsavtale er resultatet av forhandlingar mellom

kommunane som saman ønskjer å bygge ein ny kommune.

Avtalen er ikkje juridisk bindande, men den syner kva for

prinsipp ein ønskjer å leggje til grunn for arbeidet fram mot

ein ny kommune

KVA ALTERNATIV HAR HARAM KOMMUNE?

Etter endt forhandling har Haram kommunestyre kome

fram til 3 alternativ:

1. HARAM HELD FRAM SOM EIGEN KOMMUNE

2. HARAM OG SANDØY

3. REGIONKOMMUNE ÅLESUND

Det er desse alternativa ein no skal velje mellom.

KORLEIS HAR EIN ARBEIDD?

Kommunestyret har sett ned eit forhandlingsutval som har

delteke i forhandlingar med nabokommunane. Utvalet har

vore leia av ordføraren. Det er innhenta synspunkt og råd

frå aktuelle utval og instansar i kommunen; næringsliv,

ungdomsråd, tilsette og tillitsvalde i kommunen, og

gjennom folkemøte.

FOLKEMØTE

26. april

Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset kl. 18.00

27. april

Vatne, Eidet kulturhall kl. 18.00

02. mai

Haramsøy, samfunnshuset kl. 18.00

09. mai

Søvik, Søvik skule kl. 18.00

2 | Haram Kommune

REGIONKOMMUNEN ÅLESUND

REGIONKOMMUNEN ÅLESUND

Kommunane Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal,

Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund har signert ein

intensjons avtale om å etablere ein ny kommune. Dersom

alle kommunane blir med vil regionkommunen få om lag

94 051 innbyggjarar.

Kommunen skal heite Ålesund. Ålesund skal vere kommunesenter

med sentrale rådhusfunksjonar knytt til ordførar og

rådmann. Dei andre kommunesentra skal ha funksjonar

knytt til kommunedelen og/ eller spesialiserte funksjonar

for heile den nye kommunen. Det skal lagast nytt kommunevåpen.

Nynorsk skal vere hovudmålform.

VISJON OG MÅL

Regionkommunen skal arbeide for å bli ein kommune med

nasjonal slagkraft, utvikle ein attraktiv region og bygge på

lokal identitet.

Det skal etablerast ein heilt ny og framtidsretta kommune,

med utgangspunkt i den einskilde kommune sine styrker

og særpreg. Regionkommunen vil dekke eit naturleg buog

arbeidsmarknadsområde for innbyggjarane sine, og

vere i stand til å møte dei store utfordringane i samfunnet.

Regionkommunen skal ivareta noverande og meir spesialiserte

oppgåver i framtida, samt ha ansvar for dei tenestene

som no er organisert gjennom interkommunale samarbeid.

Regionkommunen Ålesund vil arbeide for:

• At regionen skal bli ein attraktiv kvardagsregion (bu- og

arbeidsmarknadsregion) for innbyggjarane i framtida.

• Å vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store

landsdelssentra som Oslo, Bergen og Trondheim.

• Å prioritere samferdselsprosjekt som medverkar til å

binde saman regionkommunen.

• At næringsklynger skal vidareutviklast, og at næringslivet

kan vekse og utvikle seg.

• Å styrke forskings- og utdanningsinstitusjonane som

NTNU og Campusmiljøet på Nørve, samt utvikle samarbeidet

mellom utdanning og næringsliv.

• At Ålesund sjukehus skal vere det største sjukehuset i

fylket og utviklast vidare.

• Å vere føregangskommune innan digitalisering og

teknologibaserte tenester.

• At gevinstane som blir realisert gjennom stordriftsfordelar

skal gå til å styrke tenestene og realisere måla

for regionkommune Ålesund.

SAMFUNNSUTVIKLING OG SAMFERDSEL

Regionkommunen skal sikre ei samordna planlegging og ha

ein strategi for å utvikle både by og omland. Det skal

satsast på lokalsamfunna sine kvalitetar og leggast til rette

for medverknad. Det skal etablerast samarbeid mellom

­offentleg sektor, næringsliv, frivilleg sektor og forskingsog

utdanningsinstitusjonar. Kommunen vil byggje opp

under næringsutvikling, verdiskaping og innovasjon.

Mangfaldet i kulturlivet skal ivaretakast og vidareutviklast.

Folkehelsearbeid og arbeid med miljøutfordringar vil få

høg prioritet.

Regionkommunen vil arbeide for gode kollektivløysingar

og samferdselsprosjekt som kan styrke bu- og arbeidsmarknaden.

Det skal arbeidast for samferdselsprosjekt og

fjordkryssingar som bind saman byen og omlandet.

Hamnsundsambandet og Nordøyvegen er ein del av dette.

Også Borgundfjordkryssing, HaFast og Storfjordsambandet

(uprioritert rekkefølgje). Møreaksen og utvikling av Ålesund

Lufthamn Vigra er viktige satsingar for å betre kommunikasjonen

til/frå regionen.

TENESTEUTØVING

Kommunale tenester og arbeidsplassar skal vere nær

brukarane, og samtidig vere del av eit større og meir robust

fagmiljø. Barnehage, SFO, skule, kulturskule, eldreomsorg,

legesenter, bibliotek, servicetorg, symjebasseng og andre

basistenester vil i hovudsak vere plassert som i dag.

3 | Haram Kommune

REGIONKOMMUNEN ÅLESUND

Ansvaret for spesialiserte fagmiljø som ikkje er stadbundne

skal fordelast mellom dei tidligare kommunesentra for å

samle fagmiljøa. Samtidig vil alle kommunedelsentra få

viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar for å

forvalte desse for heile kommunen. Organiseringa av

­kommunen skal gi gevinstar gjennom å arbeide effektivt,

og med utstrakt bruk av teknologiske løysingar.

POLITISK STYRING OG DEMOKRATI

Den politiske organiseringa skal sikre heilskapleg perspektiv

og lokal medverknad. Kommunestyret skal ha inntil

77 medlemmer (dersom alle 10 kommunane blir med). For å

styrke nærdemokratiet, vil regionkommunen ha politisk

valde kommunedelsutval. Kommunedelsutvala følgjer dei

gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund, som

kan ha fleire utval.

Kommunedelsutvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar

på avgrensa område. Utvala kan sjølv ta initiativ til

saker og vere rådgivande organ for dei øvste politiske

organa. Kommunedelane kan sjølve etablere ulike ordningar

for dialog med innbyggjarane. Den nye kommunen skal

ha særleg fokus på digitale plattformer, og løysingar for

e-demokrati.

ØKONOMI

Det er eit mål at økonomien i regionkommunen Ålesund

skal vere i balanse og vere solid i eit langsiktig perspektiv.

Prinsippet som blir lagt til grunn er at alle kommunar går

inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det

dei har av verdiar. Alt frå hausten 2016 skal kommunane

starte ein felles økonomiplanprosess med tanke på den

nye kommunen. Investeringsprosjekt som er innarbeidd og

finansierte i økonomiplanane for 2017–2020 i dei tidligare

kommunane, skal prioriterast i regionkommunen sine

budsjett- og økonomiplanar. Det vil vere opp til kommunestyret

i den nye kommunen om det skal vere eigedomsskatt.

Ei overgangsordning kan etablerast i ein avgrensa

periode.

Les heile intensjonsavtalen på www.haram.kommune.no

Regionkommune Ålesund

Kommunenamn: Ålesund kommune

Kommunesenter/Rådhus: Ålesund

Befolkning 2015: 94 051

Areal: 1 390 km 2

4 | Haram Kommune

DEN NYE KOMMUNEN HARAM – SANDØY

DEN NYE KOMMUNEN HARAM – SANDØY

Nordøyvegen er ein føresetnad for å etablere den nye

kommunen. Kommunen vil få 10470 innbyggjarar, 1270 frå

Sandøy og 9200 frå Haram. Brattvåg skal vere kommunesenter

og Steinshamn skal utviklast som ein attraktiv

tettstad. Kommunen skal heite Haram, og den skal nytte

Sandøy sitt noverande kommunevåpen.

tettare tenestesamarbeid på øyane vil ha særskilt fokus.

Den nye kommunen vil framleis vere avhengig av dei

fleste interkommunale samarbeidsordningane kommunane

deltar i i dag. Dersom kommunane rundt Ålesund dannar

ei ny kommune utan Haram og Sandøy, vil dette bli ei

utfordring.

MÅL

Kommunen skal sikre innbyggjarane gode tenester, under

eit godt fungerande lokaldemokrati. Kommunen skal

arbeide for samfunnsutvikling som tek heile kommunen

i bruk, og nytte mulegheitene som ligg i ei tettare integrering

med ein større bu- og arbeidsregion også for øyane.

POLITISK STYRING

Kommunestyret skal ha 29 medlemmer og formannskapet

7. Kommunen skal ivareta etablerte og utvikle nye partnarskapsordningar

og samarbeid med næringsliv og frivillige.

Kommunen skal involvere folk til medverknad i demokratiske

prosessar.

SAMFUNNSUTVIKLING

Kommunen skal vere ein tydeleg samfunnsutviklar og utnytte

kommunens strategiske posisjon på kysten for å utvikle

næringsliv og arbeidsplassar. Ungdom skal vere ei

særleg satsing med desentraliserte tilbod, og Brattvåg skal

utviklast som studiestad og attraktiv møte- og aktivitetsplass

for ungdom.

SAMFERDSEL OG INFRASTRUKTUR

Kommunen vil arbeide for å få realisert samferdsels prosjekt

som Hamnsundsambandet og vidare sørover Borgundfjordtunnelen.

Det skal arbeidast for gode kollektiv- og

kommunikasjonsløysingar internt og for å nå ein større buog

arbeidsmarknadsregion. Det er viktig med ei sterk rute

32 mot Aukra. Breibandutbygging og digitale løysingar skal

prioriterast.

TENESTEUTØVING

Større fagmiljø gir mindre sårbare tenester, og dette vil

særleg gi gevinst for Sandøy sin del. Basistenester som

skule, barnehage og helse- og omsorg vil ta utgangspunkt

i dagens ordningar, men må tilpassast den nye kommune

sin framtidige økonomi og demografiske utvikling. Eit

ØKONOMI

Økonomiplan med investeringsplan frå 2017 til 2020 vert

lagt til grunn. Kommunane legg i potten det dei har av

verdiar. Det skal vere opp til den nye kommunen om det

skal vere eigedomsskatt. Avsette fondsmidlar til Nordøyvegen

inklusive RDA-midlar skal forvaltast i samråd med

næringslivet etter gjeldande ordning.

Les heile intensjonsavtalen på www.haram.kommune.no

Haram og Sandøy

Kommunenamn: Haram kommune

Kommunesenter/Rådhus: Brattvåg

Befolkning 2015: 10 470

Areal: 276 km 2

5 | Haram Kommune

HARAM HELD FRAM SOM EIGEN KOMMUNE

HARAM SOM EIGEN KOMMUNE

Haram kommune er del av bu- og arbeidsmarknaden i

Ålesundsregionen, og ein del av dei maritime og marine

næringsklyngene på Sunnmøre. Dei fleste arbeidsplassane i

kommunen er i dei maritime næringane.

Kommunen har hatt positiv folketalsutvikling dei siste 10

åra, særleg i dei mest tettbygde og sentrale områda på

fastlandet. Mange er tilflyttarar frå utlandet.

Haram kommune vil framleis kunne tilby basistenester som

barnehage, SFO, grunnskule, kultur, helse- og omsorgstilbod

og tekniske tenester. Innanfor dei ulike tenesteområda

har kommunen bra kompetanse og tilstrekkeleg

kapasitet i dag. Kommunen har interkommunalt tenestesamarbeid

om legevakt, IKT, brann og renovasjonsordningar,

og samarbeider med nabokommunane på ei

rekke andre område både formelt og uformelt.

Kommunen har varierte kultur- og fritidstilbod. Det er

etablert gode samarbeidsrelasjonar mellom kommunen,

frivillige og næringsliv.

Når det gjeld økonomi har kommunen høg lånegjeld som

følgje av store investeringar, og fleire investeringar er

planlagt dei næraste åra. Kommunen har eit investeringsfond

som har gitt avkastning over tid, og som har bidratt til

å oppretthalde driftsøkonomien. Kommunen har ikkje eigedomsskatt

i dag, men det kan ikkje garanterast at det vil

vere slik i framtida.

UTFORDRINGAR MED HARAM SOM EIGEN KOMMUNE

Sjølv om kommunen veks i folketal, er veksten lågare enn i

dei næraste nabokommunane til Ålesund. Kommunen har

ei utfordring med lågare fødselstal og eit høgare tal eldre.

Konkurransen om arbeidskrafta blir stor i framtida. Trenden

er at nye arbeidstakarar ønskjer større og robuste fagmiljø.

Haramssamfunnet er sårbart som følgje av svingningar i

det globale næringslivet.

Kommunane har større og meir komplekse oppgåver enn

for berre få år sidan, og kommunen blir framleis avhengig

av interkommunalt samarbeid på omfattande og spesialiserte

teneste i framtida. Det er også behov for meir heilheitleg

areal- og samfunnsplanlegging over kommunegrensene.

Kommunane kan ikkje vente større inntekter frå staten i

framtida. Det er stilt krav til omstilling og effektiv ressursbruk.

Økonomisk går ein glipp av overføringar frå staten

ved å stå åleine. Det skal innførast nytt inntektssystem for

kommunane frå 2017, og det er knytt stor usikkerheit til

verknadane av dette. Det er lagt opp til at kommunar som

går saman skal få behalde dei statlege overføringane som

no i 15–20 år, og får støtte til reformarbeidet.

Som eigen kommune vil det framleis vere nærleik mellom

dei styrande og dei som blir styrt. Det er eit godt politisk

klima på tvers av dei politiske partia, og det er god

­geografisk representasjon i kommunestyret.

6 | Haram Kommune

Haram aleine

Kommunenamn: Haram kommune

Kommunesenter/Rådhus: Brattvåg

Befolkning 2015: 9 200

Areal: 256 km 2

7 | Haram Kommune

VIKTIG INFORMASJON OM FOLKERØYSTINGA:

7. april: Kommunestyret godkjente intensjonsavtalane

for Haram-Sandøy alternativet og Regionkommune

Ålesund som grunnlag for innbyggjarhøyringa

i Haram. Kommunestyret har vedteke at

det skal gjennomførast ei rådgjevande folkerøysting

før kommunestyret gjer endeleg vedtak.

FOLKEMØTE

26. april Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset kl. 18.00–20.00

27. april Vatne, Eidet kulturhall kl. 18.00–20.00

02. mai Haramsøy, samfunnshuset kl. 18.00–20.00

09. mai Søvik, Søvik skule kl. 18.00–20.00

FOLKERØYSTING

19. mai Du kan røyste på Fjørtoft skule, Haramsøy skule,

Lespøy skule, Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg,

Eidet Kulturhall og på Søvik skule. Vallokala er

opne frå kl. 12.00–20.00 med unntak av Fjørtoft

som har ope frå kl. 15.00–20.00.

Du kan førehandsrøyste frå måndag 25. april til og med

fredag 13. mai på kommunehuset i Brattvåg, servicetorget.

Frå kl. 08.00–16.00 alle kvardagar. Siste veka 9. mai til og

med 13. mai frå kl. 08.00–18.00 med unntak av torsdag 12.

mai som har røystetid til kl. 20.00.

Det vil også bli høve til å røyste på følgjande institusjonar:

Haram kvileheim, måndag 9 mai kl. 15.00–17.30.

Haram omsorgssenter, tysdag 10. mai kl. 11.00–13.00.

Vatne sjukeheim, onsdag 11. mai kl. 10.00–12.00.

Alle som ønskjer kan møte opp å røyste!

Alle som fyller 16 år i 2016 eller er eldre kan røyste.

I tillegg vil det bli lagt opp til førehandsrøysting på ungdomsskulane

i kommunen og Haram vidaregåande skule.

Dag og tid er kunngjort på kommunen si heimeside.

Dersom du pga sjukdom e.l vil at nokon skal kome heim til

deg kan du ta kontakt med servicetorget tlf. 70 20 75 00,

eller sende ein e-post til postmottak@haram.kommune.no

Frist: onsdag 11. mai.

Dersom du er folkeregistrert i Haram, men er busett i eller

oppheld deg i ein annan kommune eller utanlands, kan du

røyste via brevpost. Korleis slik brevrøysting skal skje kan

du lese på kommunen si heimeside www. haram.kommune.

no under folkerøysting.

Du får ikkje tilsendt valkort i posten. Hugs å ta med

legitimasjon når du skal røyste!

VED FOLKERØYSTINGA KAN DU PRIORITERE FØLGJANDE

ALTERNATIV:

BEST = 1 MIDDELS = 2 DÅRLEGAST = 3

• Haram held fram som eigen kommune

• Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av

at Nordøyvegen vert bygt

• Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar

(Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven,

Ørskog, Ålesund) i Regionkommune Ålesund

160431-04 Grafisk design og produksjon: www.hatlehols.no Foto: Karl-Helge Skytterholm, Hilde Ellingseter, Haram Kommune

RETTLEIING

• Setlar utan tal tel som blank røyst/veit ikkje

• Setlar med fleire like tal vert forkasta

Prioriter alternativa under

Best = 1 Middels = 2 Dårlegast = 3

BRETT HER – DENNE SIDA INN

FOLKERØYSTING

KOMMUNEREFORM 2016

I HARAM KOMMUNE

Brett røystesetelen med denne sida inn før levering.

Haram held fram som eigen kommune

Haram slår seg saman med Sandøy

under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt

Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar

(Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula,

Sykkylven, Ørskog, Ålesund) i Regionkommune

Ålesund

160414-04 Røystesetlar.indd 2 21.04.16 06:54

HARAM KOMMUNE

Storgata 19, 6270 Brattvåg | Telefon: 70 20 75 00

postmottak@haram.kommune.no | www.haram.kommune.no

FOLKEMØTE

26. april

Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset kl. 18.00

27. april

Vatne, Eidet kulturhall kl. 18.00

02. mai

Haramsøy, samfunnshuset kl. 18.00

09. mai

Søvik, Søvik skule kl. 18.00

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!