29.11.2018 Views

Bv3718

• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Årgang 121 • Nr. 37 • 30. november 2018

120 år

2 018

1898

Åtte år –

snart gjetar

Gi Bondevennen i julegåve!

Ei julegåve som gir glede og meining 40 gonger i året!

Abonnementsprisen for 2019 er kr. 1150,-

Halvt år kr. 575,-

3 mnd. kr. 300,-

Prisen inkluderer digital tilgang.

Du kan bestille på www.bondevennen.no, ringe oss på telefon 51 88 72 61,

eller sende oss ein epost til post@bondevennen.no.

Så får du tilsendt eit fint gåvekort.

LEIAR LANDBRUK, POLITIKK OG SAMFUNN

Kraftparadokset

Bothild Å. Nordsletten

bothild@bondevennen.no

Dei mange åtvaringane om fôrmangel,

masseslakt og mjølkemanko til trass - i

haust produserer husdyrlandbruket for

fulle muggar på nesten alle frontar. Berga

av importert halm og proteinar opplever

me dermed paradoksalt nok både

overproduksjon og minkande sjølvforsyningsgrad

på ein og same gong.

Stoda for mjølk er illustrerande. Bøndene

tok signala då forholdstalet vart auka

frå 0,99 til 1,04 i august. Mange venta med

å slakte kyr og auka kraftfôrrasjonane.

Som ein konsekvens auka mjølkevolumet

såpass at Tine ventar å sitja med 18

millionar liter meir mjølk enn det er bruk

for i år. Overskotet kan heldigvis brukast

til ost, smør og mjølkepulver, men det er

venta at neste års forholdstal blir kutta

monaleg, med meir slakting og fullare

lager som moglege konsekvensar.

Blir 2018 eit unntaksår, eller blir ekstrem

varme og rekordnedbør om kvarandre regelen?

Prognosane tilseier meir av alt og

til uføreseielege tider. Då er det, så langt

det er råd, klokt å bygge beredskap for det.

Ingen kan klandre dei som har auka

kraftfôrdosane etter at det kneip i år.

Bonden gjer det som løner seg. Samstundes

er det på tide å stille spørsmålet:

Dersom det er gode pengar i å produsera

mjølk med ein fôrrasjon på rundt 50 prosent

kraftfôr i år - kva skulle grunnen

vera til å endra fôrsetelen til neste år?

Medan fôrråvarene strøymer over grensa,

er vårt eige grovfôrpotensial underutnytta,

beitebruken minkar, og Noreg gror att. Må

kraftfôrprisen opp for å stimulera til auka

grovfôrproduksjon? Sjølv ikkje Bonde- og

Småbrukarlaget klarte å konkludera i den

betente saka under landsmøtet nyleg.

Likevel, svaret er nok ja. Men ikkje som

det einaste tiltaket. Dersom kraftfôrprisen

hadde auka i år, hadde fleire bønder

risikert konkurs. Det ville vera heilt uakseptabelt.

Andre, sterke verkemiddel som

stimulerer til meir grovfôrproduksjon og

beitebruk må også til.

I graslandet Noreg har Felleskjøpet

Rogaland Agder nett ferdigstilt ein av

Europas største kraftfôrfabrikkar, med

ein produksjonskapasitet på 560.000 tonn

i året. «Nøkkelen til framtidig matproduksjon»

erklærer kundemagasinet Vårt

Felleskjøp på framsida av siste utgåve.

Ja, slik kan det sjå ut til å bli.

I så fall, og medan me ventar på norske

alternativ til soya og mais, bør politikarane

vera ærlege om kva dei eigentleg

meiner med målsettinga om «meir mat

på norske ressursar».

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 3

REDAKTØR

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten

bothild@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 60 / 990 01 012

REDAKSJONEN

Sjur Håland (red. leiar)

sjur@bondevennen.no

Telefon: 51 88 73 44 / 982 09 381

Liv Kristin Sola

livkristin@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 64 / 941 78 096

Jane Brit Sande

janebrit@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 63 / 976 01 972

GRAFISK

Thea Hjertuslot

thea@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 65

ANNONSAR

Grete Botnan

grete@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 61

ABONNEMENT

Ann Solfrid Woldmo

ann@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 61

ABONNEMENTSPRIS 2018

kr 1100,-

Ilan Sharoni: Teikningar

Ålgård Offset AS: Trykk

BLI FAST ABONNENT

AV BONDEVENNEN!

Sauebonde vann gjev litteraturpris

Sirdalsbonden Tore Kvæven vann den høgthengande

Brageprisen i kategorien Skjønnlitteratur 2018 for romanen

Når landet mørknar. Boka tek lesarane med til Grønland

i mellomalderen. I tillegg til å vere forfattar,

er Kvæven sauebonde og lærar.

– Først og fremst er dette ei stor glede! Det har vore

ei fantastisk oppleving, og kjennes som eit løft, seier

Kvæven til Bondevennen.

Med prisen følgjer også ei pengegåve på 75 000 kroner.

Bonden har ikkje heilt bestemt kva pengane skal gå til.

– Men eg har veldig lyst på ein motorsykkel, avslører han.

Bondevennen gratulerer!

UTGJEVAR

Bondevennen SA

Sandvikveien 21, Hillevåg

Postboks 208 sentrum,

4001 Stavanger

Telefon:

51 88 70 00 (sentralbord)

51 88 72 61 (9.00-15.30)

E-post:

post@bondevennen.no

Internettadresse:

www.bondevennen.no

Bankgiro:

3201.05.11916

EIGARAR:

Felleskjøpet Rogaland Agder

Nortura SA

Tine SA

FRÅ ARKIVET

For 50 år sidan

Alvorleg situasjon på

mjølkemarknaden

Meieribrukets landsstatistikk visder at

i dei første 3 kvartala av 1968 har mjølkemottaket

vore 5 % større enn for den

tilsvarande perioden i fjor. Som dei fleste

vil hugsa var det i september og oktober

i førre året ein registrerte dei første tydelege

teikna på at mjølkeproduksjonen

var stigande i landet vårt. I første omgang

stilte ein seg noko avventande til dei nye

tendensane. Mellom anna spurde ein om

auken først og fremst var eit resultat av

ei omlegging av kalvingstida.

Frå BV 48/49 - 1968

For 100 år sidan

Angående opbevaring av

norskavlet korn

Det norskavlede korn inneholder altid

ved innhøstningen saa megen fugtighet,

at det kræver en grundig behandling

under opbevaringen for at det ikke skal

ta skade. Spesielt gjelder kanske dette

såkornet, som let taper i spireevne ved

lite omhyggelig lagring; men også korn,

som skal anvendes til brød må gis en god

behandling under lagringen, hvis melet

skal bli godt. Kornet bør sjelden lagre i

større høide enn ¾ à 1 m. selv om det er

innberget under de beste forholde.

Frå BV 48 - 1918

4 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

HØYR!

Årgang 121 • Nr. 37 • 30. november 2018

120 år

2 018

1898

«Vi treng tydelegare

leiing i krevjande

tider»

Åtte år –

snart gjetar

– Det blir ingen revolusjon

– Nortura si største utfordring framover er å vere godt

nok til stades i alle kjedene og tene pengar på sal, seier

Trine Hasvang Vaag.

Framside: Saman med broren og

naboungane utgjer Emil Tveite Haug

neste generasjons gjetarar på Voss.

DENNE VEKA I BONDEVENNEN

Liv Kristin Sola

– Å be konsernsjefen om å gå løyser ikkje

Nortura sine problem, seier Hasvang

Vaag, og viser til Arne Kristian Kolberg

sin avgang i førre veke.

– Styret har gjort dette fordi vi meiner

det var naudsynt. Vi treng tydelegare leiing

i krevjande tider og må gjere nokre grep.

Nortura skal vere bonden sitt selskap

også i framtida.

– Det er ikkje første gong styret sparkar

sjefen. Vert det litt lettvindt?

– Enten har vi tillit til at konsernsjefen

driver godt og leverer resultat, eller så har

vi det ikkje. Tillit er enten eller. Dette er ingen

kvikk-fiks.

– Kva eigenskaper ser de etter i ein ny

leiar?

– Tidleg å seie. Vi har satt ned eit tilsettingsutval

i styret som skal førebu dette

for styret, med tanke på kva byrå som skal

nyttast og kva eigenskapar vi leitar etter.

– Kva er planen no?

– Vi er godt i gang med å gjennomføre

ein strategi. Vi må auke salet og inntektene

for å klare å levere til bonden, rett og slett.

Samstundes må vi klare å trimme selskapet

med tanke på bemanning og kva for

oppgåver som skal prioriterast framover.

Med så små marginar som vi har i kjøttbransjen

vert innsparingane raskt spist

opp av kravet om å levere maten enda billegare.

Vi må møte konkurransen, med å

vere den mest konkurransedyktige aktøren.

Styreleiaren stadfestar at jobben mot

kjedene, ikkje minst COOP, skal intensiverast.

– Det er viktig for den norske bonden å

vere godt til stades i alle tre kjedene. Samstundes

jobbar vi mot alternative salskanalar

som nettbutikk, proffmarknaden,

medlemsbutikkar og frosenmatkjeden

Iceland.

– Kan dette påverke Nortura sin relasjon

til kjedene?

– For fem år sidan – ja, men i dag er det

aksept for å utnytte dei salskanalane som

finst. Det gjer også kjedene sjølve.

– Styret ditt – er det breitt nok samansett

til å forstå marknaden og sjå handlingsrommet.

– Eg er ikkje uroa over det. At ein er

bonde, betyr ikkje at vi ikkje har anna

kompetanse. Styret mitt er sett saman av

svært ulike menneske, både som typar og

kompetanse.

– Tenker styremedlemmane for likt?

– Nei, tvert om. Valkomiteen har gjort

ein bra jobb. Eg meiner at ei sterk forankring

i landbruket, i tillegg til anna kompetanse,

er viktig.

– Vil eigarane merke endringar i selskapet?

– Resultata som er levert frå andre tertial

2017 fram til no, er for dårleg. Det må

få følger. Vi har lagt ein plan for å endre på

det, og er utolmodige i påvente av resultat.

Det blir ingen revolusjon, men vi må sjå

resultat litt fram i løypa.

REPORTASJAR

Bønder på skikkeleg..................................................................... 10

Lydig hund og ivrige gjetarar.......................................... 20

AKTUELT

Strid om gjerdeplikten.............................................................. 6

Vil ha meir areal i drift.............................................................. 8

Litt lysare for svinebøndene............................................. 13

Kva no, MatPrat?................................................................................ 16

Ungdyrfjøs for heile familien.......................................... 18

Seks måter klimaendringene

vil påvirke norsk landbruk.................................................. 22

FAGLEG

Optimering av kraftfôr til mjølkeku...................... 14

DESSUTAN

Våg solidaritet......................................................................................... 24

Attlegg................................................................................................................ 26

Jord......................................................................................................................... 27

Faglag og møte.....................................................................................27

VEKAS SITAT

«Av og til lurar

eg på om eg blir

straffa for å ta til

motmæle.»

LARS MADLAND

SIDE 6

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 5

AKTUELT I LANDBRUKET

Strid om gjerdeplikten

Bane NOR vil ikkje lenger vedlikehalda gjerdene langs jernbanelina på eigedommen til

Lars Madland og andre bønder som grensar til jernbanen. Det finn ikkje bonden seg i.

Sjur Håland

I september small det igjen. Ei nybær ku,

tilhøyrande Lars Madland på garden Odland

i Hå, kom seg gjennom gjerdet, der

to pålar var knekte, og opp på skinnebanen.

Her vart ho treft av toget. Sjølv var

han i fjøset og la merke til at toget tuta.

At noko hadde skjedd, fekk han beskjed

om etter ein halvtime, då naboen ringde.

– Kua, med øyrenummer 1833, låg i

deler langs banen. Hovudet ein plass, og

føtene ein heilt annan plass, fortel han.

Snikoverfører ansvaret

Bonden har opplevd marerittet fleire

gonger. Det er like tungt å sjå dei ihelkøyrde

dyra kvar gong. Bane NOR har

likevel alltid erstatta tapet av dyra, og

dei har reparert gjerdet langs banen, når

Madland har gitt beskjed om at noko har

vore øydelagd.

– Det har aldri vore eit problem for

verken farfar, far eller meg. Men siste

tida har Bane NOR blitt størare. Dei har

på ein måte lagt opp til at eg bør reparere

gjerdet deira sjølv. Eg har ei kjensle av at

dei er i ferd med å snikoverføre ansvaret

for gjerdeplikta til meg, seier han.

Etter siste påkjørsla lova Bane NOR å

reparere gjerdet og erstatta tapet av kua.

To mann fiksar gjerdet i løpet av ein time,

argumenterte Madland med.

– Det har blitt utruleg omstendeleg.

Dei lova å reparera, men heldt fram at

dei måtte ut og fotografera og laga ein

plan først.

Heilt på trynet

Førre veke fekk han beskjed frå Bane

NOR om at tapet av kua ikkje ville bli erstatta.

Gjerdet er ikkje reparert.

– Dei har gitt meg varsel om at dei ikkje

lenger har gjerdeplikt, og at dei ikkje

betalar ut erstatning. Dette er heilt på

trynet. Eg har vore i opposisjon til Bane

NOR i det siste. Av og til lurar eg på om

eg blir straffa for å ta til motmæle.

Praksisen med at Bane NOR har gjerdeplikt

har vore gjeldande så langt tilbake

som Madland greier å sjå. Han har fått

tak i eit skjønn frå 1943, då banestrekket

vart omdefinert til å heita Jærbanen. Her

heiter det at; «jernbanen gjerder for linjen».

I følgje bonden, føreheld Bane NOR

seg no til ein høgsterettsdom kring gjerdeplikt

gjeldande Dovrebanen, der det

ikkje var gjerde i utgangspunktet.

Hjå Madland, skjerer jernbanelina

gjennom eigedommen i eit kilometerlangt

strekk. Han held fram at det er

Bane NOR som har den farlege reiskapen,

der toga køyrer både fortare og hyppegare

enn før.

– Om me hadde hatt gjerdeplikta, ville

me hatt ho frå dag éin. Dei kan ikkje snu

seg unna den praksisen som har vore i

alle år, held han fram.

Til retten

Madland reknar Bane NOR som ein

nabo. Han held fram ein uttale frå ein

Bane NOR-tilsett som ynskte eit godt

naboforhold med grunneigarane.

– Skal det bli realitet må dei ta ansvar.

Om ikkje, er det mange med meg som vil

nekta Bane NOR tilgang til private vegar,

seier han, og legg til; – Før nådde eg naboen

med å ringa eit telefonnummer. No

er han mest umogleg å få tak i. Å senda

e-post til kundeservice når noko står på

er alt anna enn haldbart.

Advokatar i Norges Bondelag vurderer

no om dei skal sjå på saka. Lars Madland

er spent på deira eventuelle konklusjon

kring gjerdeplikta.

– Dette er ein utruleg irriterande prosess.

Eg kjenner at ei plikt Bane NOR har

hatt til å halda gjerda no blir oversett.

Om ikkje Bane NOR bøyer av, er eg klar

til å ta saka til retten.

– Kva om du må gjerda sjølv framover?

– Det er lite aktuelt. Det er klart at det

hadde blitt auka kostnadar og meirarbeid

for meg. Folk frå Bane NOR måtte

vore med og sikra området. Om eg kjem

på innsida av gjerdet no, risikerer eg å

bli politimeld. Og om Bane NOR i tillegg

hadde kome på å setje krav til auka standard

på gjerdet, i forhold til det som gjeld

i dag, ville kostnadane til gjerdehald mot

jernbanelina blitt ekstreme.

Gjerdetvist: Ein kilometer av Jærbanen

skjerer gjennom Lars Madland sin eigedom.

Bane NOR har halde gjerda i orden «i alle

år» fram til i sommar.

6 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

Påkøyrd av toget: Lars Madland synar dei brekte pålane i Bane NOR sitt gjerde. Ei nybær ku byksa gjennom gjerdet og opp på skinnegangen

og vart ihelkøyrd av toget. Madland får ikkje erstatning, og gjerdet har ikkje blitt reparert.

Bondelaget på sporet

Bøndene samlast i regi av Rogaland

Bondelag, på Helleland 6. desember

for å diskutera utfordringane med Bane

NOR og gjerdeplikta.

– Bane NOR har slutta å vedlikehalda

gjerda og har gitt beskjed til

grunneigarane om at dei ikkje kjem til

å vedlikehalda gjerda lenger. Dette er

eit problem for bønder langs jernbanen

i heile fylket, seier styremedlem i Rogaland

Bondelag, Bente Gro M. Slettebø.

Ho fortel at Bondelaget stiller seg

uforståande til det som har skjedd.

– Det er ein grunn til den praksisen

som har vore. Det er uforståeleg at

grunneigarane skal overta gjerdeplikta.

I praksis hadde dette vore nærast

umogleg, ikkje minst i lys av tryggleikskrava.

Bente Gro

M. Slettebø

Ikkje akseptabelt

– Kva vil de oppnå med møtet?

– Me vil samla grunneigarane, dela

informasjon og samlast rundt felles

sak. Målet er å også få med Bane NOR

på møtet.

I eit dialogmøte med Bane NOR i august,

fekk Rogaland Bondelag aksept

for at problemet var reelt, og at det var

i alle si interesse å finne ei løysing. Ho

fekk ei forståing av at økonomi var eit

argument hjå Bane NOR.

– Me fekk eit intrykk av at Bane NOR

ynskte å bli friteken frå gjerdeplikt og

–vedlikehald. Det kan me ikkje akseptera,

seier ho.

Slettebø oppmodar Bane NOR til å ta

ansvar.

– Å møta ein kald skulder hjå Bane

NOR er ikkje greitt. Dei kunne vore gode

naboar for grunneigarane. Toga går

jamt gjennom heile døgnet. Bane NOR

har alle muligheiter til å sjå kva tid eit

gjerde treng ein ny påle. Det siste togførarane

vil er å kjøra ihel dyr. Det skal

mykje til for at eit dyr kjem over på linja

om gjerdet er godt.

Bane NOR:

Ikkje generell plikt

– Vi føler med alle som mister dyra sine,

anten det er hus- eller kjæledyr. Ikkje

minst tenkjer vi på dyras lidingar, svarar

fungerande kommunikasjonssjef Britt-

Johanne Wang i ein e-post etter telefonkontakt

med Bondevennen.

Wang held fram at Rogaland Bondelag

og Bane NOR hadde eit møte om

gjerdeproblematikken i august, og at det

no går føre seg ei kartlegging av heile

Sørlandsbanen, frå Kristiansand til Stavanger,

for å finna løysingar.

– Vi er nå midt i denne prosessen, og

då ønskjer vi ikkje å uttale oss meir konkret

før vi ser heile biletet og har sett på

eventuelle tiltak, held ho fram. – Vi vurderer

gjerde der vi meiner det vil ha størst

verknad, og vil vera i dialog med den

enkelte grunneigaren om korleis gjerde

skal forvaltast vidare for å få til gode løysingar,

og for å unngå at menneske og

dyr blir påført unødig smerte. Vi er også

kjent med at Samferdselministeren nyleg

har svart på spørsmålet om gjerdehald,

kor han presiserer at Bane NOR ikkje

har generell plikt til å gjerda langs jernbanen,

men at vi skal sjå etter stadar kor

gjerding har størst effekt, skriv Wang.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 7

AKTUELT I LANDBRUKET

Vil ha meir areal i drift

Meir enn 50 000 dekar jordbruksjord ligg unytta i Telemark.

Det vil Fylkesmannen gjere noko med.

Jane Brit Sande

I Telemark fylke er det totalt 294 000 dekar

dyrka mark som er underlagt driveplikt.

Men det blir ikkje søkt om produksjonstillegg

på alt arealet.

– Differansen er på meir enn 50 000

dekar. Det kan altså sjå ut til at berre 81

prosent av jordbruksarealet blir nytta til

matproduksjon, seier Helge Nymoen, landbruksdirektør

i Telemark, til Bondevennen.

Skal informere om driveplikta

Frå nyttår set Fylkesmannen i gang eit

prosjekt for å kartlegge status for dei

areala som tilsynelatande er unytta

landbruksjord. Prosjektet startar opp

etter nyttår, med analyse av fjellkommunane

i starten.

– Me skal pusha kommunane til å

opplyse grunneigarane om ansvaret

og plikta til å drive jorda. Oppfølging av

driveplikta har vore eit sovande kapittel,

seier Nymoen.

Ei utfordring er å finne ut kor areal

med unytta jordbruksareal ligg. Det er

stor variasjon i kommunane.

– Til dømes veit me at det i Bø kommune

blir søkt om produksjonstilskot på

95 prosent av kommunens totale jordbruksareal.

Dei siste prosentane kan

godt hende at er i drift, og det vil me finne

utav i løpet av prosjektet, seier Nymoen.

– Me vonar effekten av prosjektet er at

det blir meir attraktivt for grunneigarane

med langsiktige avtalar på leigejord,

noko som er ein fordel for bønder som

ønsker og treng arealet, seier Nymoen.

Ikkje nok dyr

Telemark har mange ulike produksjonar.

Sau og storfe dominerer blant husdyra.

Nymoen fortel at kraftfôrkrevjande produksjonar

ikkje har fått veldig stor plass i

fylket, med unntak av nokre egg– og svineprodusentar

i Midt-Telemark.

– Litt synd, med tanke på spreieareal.

Forholdet mellom dyr og areal må bli betre

her i fylket, seier han.

Skal kartlegge landbruksjord: Fylkesmannen i Telemark skal starte eit prosjekt for å kartlegge all matjord i kommunen.

Per i dag er det meir enn 50 000 daa som tilsynelatande er unytta. Bilete frå Sauherad kommune. Nes kyrkje midt i biletet.

8 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

Synast krisepakka var urettferdig

Misnøye med ei urettferdig fordeling av krisepakka etter tørken,

prega leiarsamlinga i Telemark Bondelag.

AKTUELT I LANDBRUKET

På Bondelaget sitt leiarmøte i Bø førre

veke, var det mange som var misnøgde

med fordelinga av krisepengane etter

tørklesommaren. Særleg kornbøndene

vart hardt råka. Nyetablerte bønder har

også møtt økonomiske utfordringar, då

erstatningsutbetalinga er basert på produksjonen

året før

– Krisepakken kom seint, men det var

naudsynt at det vart slik. Me måtte syte

for at me forstod omfanget av tørka, og

me måtta få forståing frå folket for krisa.

Det vart nytta normtall for avlingar fordi

dei er enkle å handtere, men diverre gir

det også ei urettferdig fordeling, sa Frøydis

Haugen, 2. nestleiar i Norges Bondelag.

Bondelaget vart nøydde til å prioritera.

Dei la særleg vekt på dei områda

som vart hardast råka, og ei rask utbetaling

av erstatninga.

– Avlingsskadeordningar gjeld som før,

og dette er eit sikkerheitsnett me nyttar

oss av kvart einaste år. Men det er eit viktig

poeng at taket i ordninga i år er heva for

alle produksjonar, påpeika Haugen.

I Telemark er det kome inne 860 sakar

om avlingsskadeerstatning. Så langt er

det betalt ut 46 millionar kroner.

Klima i endring

I framtida må me handtere lengre periodar

med likt vêr. Stoda kan truge matsikkerheita,

meiner Bondelaget.

Frøydis

Haugen

– Klimaavtrykka skal reduserast,

også i landbruket, men me må gjere det

utan at det går utover matproduksjonen,

sa Haugen.

– Mindre norsk matproduksjon flyttar

utsleppa, det kuttar ikkje, slo ho fast.

Blir Telemark og Vestfold fylke i 2020

Telemark blir slått saman med Vestfold frå 1.1. 2020.

Framtida til Telemark Bondelag er ikkje avklara.

Organisasjonsmodellen til Telemark

Bondelag skal på høyring. Det står mellom

å anten slå fylkesstyra og –administrasjonane

i Telemark og Vestfold saman,

eller halde fram kvar for seg.

– Lokallaga kjem med innspel til høyringa.

Dette kan slå ut i begge retningar,

seier fylkesleiar i Telemark, Aslak Snarteland,

til Bondevennen.

– Fordelen er at eitt fylkesbondelag

utgjer ein samlande faktor. I tillegg er

det ein fordel for aktørar som Fylkesmannen

og politikarane, å berre ha eitt

fylkesstyre å halde seg til, seier han.

Helge

Nymoen

Både fordelar og ulemper

Talet på produsentar som søker produksjonstilskot

er omtrent det same i begge

fylka, men i Vestfold er bruka større.

Mjølkekvotane er i snitt 100 tonn større

enn i Telemark. I Telemark kan dei skilte

med stor variasjon, med mjølkeproduksjon

både på 930 m.o. h., og på Jomfruland.

Beite er ein viktig ressurs, og for

mange er utmarka ein sentral del av

produksjonen på garden. Fruktproduksjonen

i fylket utgjer heile 25 prosent av

totalproduksjonen i landet – og meir skal

det bli.

Fylkesleiaren og landbruksdirektøren

ser både positive og negative sider ved

samanslåinga av fylka.

– Vestfold og Telemark fylke vil bli ein

betydeleg landbruksregion, seier Snarteland.

Avstandane, derimot, vil bli eit problem,

meiner både Snarteland og Nymoen.

Fylkesmannen sitt kontor blir lokalisert

i Tønsberg.

Aslak

Snarteland

– Vestfold er eit lite fylke, faktisk mindre

enn Vinje kommune. I Vestfold er

fagmiljøet meir samla, og produsentane

har kort veg til kontora. Her i Telemark

er avstandane allereie store, og miljøet

meir spreidd, seier Snarteland.

Nymoen erkjenner utfordringa dersom

kompetansesenteret blir flytta vekk.

– Me har allereie et godt samarbeid

med Vestfold, så slik sett er me kome

langt i arbeidet fram mot samanslåinga.

Viljen er veldig god, men me få finne ei

løysing på problematikken med dei store

avstandane, seier han.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 9

Førde

Sogndal

GARDSREPORTASJE

Bergen

Ingvild og Eirik Luteberget Nesheim og

barna Magnus (4,5), Ådne (2) og Eline (3

månadar) driv med ammekyr og kjøtproduksjon

på garden Tunheim i Vats i Vindafjord.

Dei overtok garden i 2016 etter Eirik sine

foreldre, Elisabeth og Bjørn Steinar Nesheim.

I haust tok dei i bruk eit sjølvbygd ammekufjøs

i heiltre med plass til 24 kyr. Kviger og oksar

står i bingar i det gamle fjøset.

Garden har 70 dekar dyrka mark, der 20 dekar

vert nytta til beite i lag med 80 dekar innmark.

Dei disponerer halvparten av eit fellesbeite på

1200 dekar og eig 160 dekar skog.

Ingvild jobber fulltid som fôringsrådgivar i Tine,

medan Eirik er vikarlærar på Vats skule. Dei

er utdanna ved NMBU på Ås, Ingvild med

master i husdyrfag og Eirik med bachelor både

i naturforvaltning og maskin/tekniske fag.

Stavanger

Vindafjord

Valle

Tønsberg

Skien

Arendal

Kristiansand

Kor lite kan me leve av?: Store utgifter og lite inntekter pregar startfasen i ammekuproduksjonen, men Ingvild og Eirik er stolte av fjøset sitt

og held fast på at dei vil vere skikkelege bønder.

Bønder på skikkeleg

Det var alt eller ingenting for Ingvild og Eirik Luteberget Nesheim

då dei overtok heimegarden til Eirik i 2016.

Liv Kristin Sola

Det er snart tre år sidan Ingvild og Eirik

Luteberget Nesheim overtok garden

Tunheim i Vats. Avgjersla var godt gjennomtenkt.

Begge var i gode jobbar, foreldre til

Magnus, og godt etablerte på Vigrestad

på Jæren, nær Ingvild sin heimstad Nærbø.

Skulle dei flytte og starte på nytt?

– Ein ting var i alle fall klart. Skulle me

velje garden skulle me vere skikkelege

bønder. Ikkje gå fullt på arbeid begge to

og drive litt gard på si, seier Ingvild, som

for tida har permisjon frå rådgivarjobben.

Ho sit i sofaen med Eline på fanget.

Far og gutane er på jobb og i barnehage.

Ikkje halvvegs bonde

Eirik sine foreldre, Elisabeth og Steinar,

fôra fram oksar i det det gamle båsfjøset

fram til Ingvild og Eirik overtok sommaren

2016. Dei kjøpte fem ammekyr med

kalvar, og i tillegg hadde Steinar kjøpt sju

kvigekalvar året før.

– Beita er den viktigaste ressursen på

garden og me ønska å ha ein beitebasert

produksjon. Beitene er legitimiteten til

norsk landbruk. Det vil me ta på alvor,

seier Ingvild.

Dei var inne på tanken om å bygge fjøset

om til ammekyr, men slo det frå seg.

– Eit gammalt båsfjøs som er bygd

om til oksar som igjen skal byggast om

til ammekyr. Det ville blitt halvvegs alt.

Me vil ikkje ha halvvegs løysingar, seier

Ingvild.

Dei bestemde seg for å bygge nytt.

Målet var at Eirik kunne gå heime og utvikle

drifta på garden. Då måtte dei ikkje

sette seg i djup gjeld.

Argumentasjon auka tilskotet

– Teikningane var klar og me søkte tilskot

første gong i 2016. Men på grunn

av stor pågang av ombyggingsprosjekt i

mjølkeproduksjonen vart me bedne om å

venta, seier Ingvild.

10 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

«Beitene er legitimiteten til norsk

landbruk. Det vil me ta på alvor.»

INGVILD LUTEBERGET NESHEIM

Ventetida nytta dei til å kutte kostnadar

i byggeprosjektet. Den opprinnelege

søknaden var eit bygg på tre millionar.

Året etter hadde dei klart å kutte kostnadane

med ein million.

Innovasjon Norge (IN) løyver tilskot i

prosent. Det nye prosjektet ville dermed

utløyse eit mindre tilskot enn dei kunne

fått året før. Det ga ikkje meining.

Arbeidet med å endre på teikningar,

lage ny driftsplan og nye kalkylar har

også ein kostnad, og bøndene ville ikkje

godta at dei skulle straffast for å gjere

bygget rimelegare.

Etter møter med IN vart støtta auka

frå ti til femten prosent. Men det var også

andre ting å argumentere for.

– Me bønder får krav om å bygge rimelege

bygg. Samstundes vil dei at me

skal vere heiltidsbønder. Ved å redusere

kostnadane på bygget, vert tilskotet så

marginalt at me likevel må ut i jobb. Det

heng ikkje i hop, meiner Ingvild.

Etter nye samtalar med IN, fekk dei

auke støtta til tjue prosent, eit bidrag på

400.000 kroner.

– Det er me svært takksame for. For

oss var tilskotet avgjerande for å realisere

prosjektet. Eg trur det er viktig å vise

kva me vil. Dei menneskelege faktorane

skal også vere ein del av vurderinga, seier

Ingvild.

Bratt læringskurve

Med erfaring som konstruktør hjå Reime

Agri har Eirik god kjennskap til 3D-modellering,

og teikna fjøset i 3D. Riska Sag

dimensjonerte bygget og sende materialpakke

av heile lengder av garde til Vats.

I byggetomta stod bøndene og tok imot 21

tonn treverk.

Lengder vart målt med millimeterpresisjon

og kappa med motorsag.

Maskiningeniøren måtte kjapt lære seg

stammespråket i tømmerbransjen. Her

var det ingen angrefrist.

– Mitt første ammeku-byggesett, flirer

Eirik.

Han gjekk youtube-skulen. Det haldt

heilt inn.

Fjøset er i heiltre med open front og

utvendig fôrbrett. På grunn av blåmann,

fekk dei tømmeret til redusert pris.

Materialet til overbygget kom på 250.000.

Grunnmuren er 7,5 x 40 meter og 1,5

meter djup. Fjøset har tre kalvingsbingar

på totalt 10 x 7 meter og langsgåande

kalvegjømme på 1,7 meter mellom liggebås

og vegg. Kalvegjømma kan nyttast til

drivgang.

Alt over grunnmuren har dei sett opp

sjølve. Spaltegolv, båsskilje, drikkekar og

delar av fangfronten er kjøpt brukt for

150.000 kroner. Lysrekka er led-strips

på rull – 7000 kroner for 400 meter. Liggebåsane

og kalvegjømma er av heiltre i

furu, som skal dekkast med halm.

– 150.000 rimelegare enn betong. Urin

impregnerer furu og gjer treet bestandig,

seier Eirik.

Madrassane i liggebåsane er matter

med gummigranulat dekka med skumgummi

og overtrekt med filtduk.

– Dei fungerer godt, og skiten smuldrar

opp slik at mattene held seg tørre.

Kanskje det nest beste etter vannmadrassar?,

seier Ingvild.

Ribba til eit minimum

– Tre er rimeleg og me kunne gjere jobben

sjølve. Tre er bra for dyra og det bind

mykje CO 2

, kommenterer Eirik.

Prosjektet kosta to millionar; 1,75 millionar

i direkte kostnad og livdyrkjøp på

300.000. I tillegg kjem 800 timar med

eigeninnsats, inkludert tid til teikning og

planlegging. IN løyvde 400.000.

– Me fekk mykje hjelp av familie og

vener, spesielt av svigerfar Steinar og

kameraten vår Magnus. Han tok gjerne

med seg resten av familien også, slik at

vi kunne vere i lag, seier Ingvild.

Dei sparte pengar på brukt utstyr, stor

eigeninnsats og ingen mekanisering.

Bøndene klarer seg med seks stikkontaktar

og eit sikringsskåp.

– Ribba til beinet, utan at det skal gå

ut over dyrevelferd, seier Ingvild.

At dei må måke og fôre manuelt ser

dei berre på som ein fordel.

– Dyra blir rolegare. Me blir betre

kjende med dei og kan observere kvart

dyr med tanke på gjødselkonsistens,

brunst og eventuell kalving, seier Ingvild.

Kostnadseffektivt og klimavenleg:

Fjøset er i furu med open front og utvendig

fôrbrett. Sutaksbord av furu, dragarar, sperr

og åsar er ubehandla gran og søylene i eik.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 11

GARDSREPORTASJE

#familiebruk: Garden skal ikkje vere eit kveldsprosjekt som tappar siste rest av energi frå slitne foreldre, men ein felles aktivitet for heile familien.

Plan for grovfôret

For fôringsrådgivaren er det ei ny erfaring

å planlegge ein fôrrasjon til ammekyr,

kor målet er å gi mykje fôr med lågt

næringsinnhald gjennom store delar av

året. Kyrne vert delt i to grupper etter

hald, og fôrplanen skal sørge for at kyrne

er i energibalanse gjennom året og ikkje

legg på eller tapar hald.

Fôrplan gjennom vinteren:

Fri tilgang til NH 3

-halm.

0,5 kg proteinkonsentrat (Protein 42)

for å sikre nok protein (120 gram råprotein

per kg ts i rasjonen).

0,5 kg kraftfôr (Energi Premium 80)

for tilskott av energi.

E-vitamin med selen og biotin for å sikre

god mineraldekning

– Fri tilgang til halm gjer at kyrne er

mette og rolege. Det er god dyrevelferd,

seier Ingvild.

Per i dag har dei nok grovfôr til ei tradisjonell

fôring. Men dei ønsker å bruke

minst mogleg kraftfôr i heile produksjonen

og tanken om sal av kjøt frå grasfôra

dyr er forlokkande.

– Me veit frå forsøk at godt grovfôr

gir god tilvekst og gode slakteklassar. I

tillegg gir ein høg del gras eit sunt kjøt,

seier Ingvild.

Ho trur dei har ein del å gå på i grovfôrdyrkinga

og målet er å auke avlingane

og produsere grovfôr med ulik varierande

energiverdi, frå 0,90 FEm til meir sinkufôr.

Krevjande beiteressursar

No har dei to ein jobb å gjere med å få

oversikt over tilstanden på beita, med

attgroing og gjerding. Med gravemaskin

har bøndene rydda og laga vegar så dei

kjem fram med kunstgjødsel. I sommar

sette dei av 30.000 kroner og kontakta

Sandeid fengsel for å få arbeidshjelp av

dei innsette.

– Me fekk mykje for pengane, men det

står mykje arbeid att, ikkje minst mange

meter med gjerding, seier Ingvild.

Hereford, angus eller kan hende tiroler

gråfe. Bøndene har ikkje landa på

rase.

– Me må prøve oss fram, sjå kva som

passar best i vårt opplegg, seier Ingvild.

No er det hereford som dominerer,

men dei er kryssa med angus. Tanken er

å ha reinrasa mordyr, men gjerne kryssingar

på produksjonsdyra.

Lynne, tilvekst og god utnytting av

grovfôr er eigenskapar dei ser etter. I tillegg

skal rasen passe til driftsopplegget,

til beitene og til familien.

Kalvinga skal vere i februar og mars,

og kyrne skal inseminerast før beitesesongen.

Bøndene har skaffa seg aktivitetsmålaren

Heattime, for å få litt ekstra

hjelp til brunstkontroll. For å sikre kalv,

skal oksen få ta omløp på beite.

Nye draumar

Til våren skal Ingvild attende til jobben i

Tine. Planen er at Eirik skal ta seg av fjøs

og heim – og mangesysleri på garden.

Han trivst i smia og har etablert bedrifta

Kvass. Bonden sliper knivar og smir sine

eigne, også for sal. Eit av mange prosjekt

han gler seg til å bruke meir tid på.

– Kvardagen på jobb vert lettare når

eg veit at Eirik prioriterer barna og dyra

og har kontroll heime, seier Ingvild.

Kvardagen går i hop, men før drifta

tek til å bringe inntekter til gards, handlar

mykje om å prioritere. Då kan ein familiedag

i fjøset vere eit godt alternativ

ein søndag.

– Dyra har det bra, og me er på rett

veg med drifta, seier Ingvild.

No skal dei prioritere jorda og beitene.

Ho har forstått at dei må ta ein ting om

gongen, sjølv om det ikkje alltid er like

lett å akseptere.

Sjølvmelding for

byggeprosessen

Mest nøgd med:

At me gjer dette i lag. At me fordeler

arbeidet og held kvarandre oppdatert.

Kunne vore betre:

Gamlefjøset skulle hatt betre klima

og betre liggeplassar – og me skulle

hatt meir peng på bok. Kubørste står

på ønskelista.

Tips til andre:

Snakk til alle om prosjektet ditt. Då

må du tenke og du får nye idear. Kjøp

brukt. Ikkje bruk pengar på unødige

ting – men tenk dyrevelferd. Avklar

ting på førehand og ha forståing og

respekt for den andre sine tankar og

vurderingar. Planlegg dagane når det

er travelt. Bygg i tre.

12 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

Litt lysare for svinebøndene

AKTUELT I LANDBRUKET

Svinekjøtmarknaden for 2019 blir lettare enn tidlegare prognostisert. Men 5.300 tonn på

reguleringslager og 2.500 tonn i overproduksjon, tyder likevel ikkje på at krisa er over.

Sjur Håland

Det har vore langt mellom gladnyheitene

i svinenæringa siste tida. No ser

det derimot ut til at svineprodusentane

likevel kan senke skudrane eit par hakk.

Totalmarked kjøtt og egg har revidert

2019-prognosane. Overskotet for svinekjøt

som var berekna for neste år, blir

2.900 tonn mindre enn tidlegare prognosar

synte.

Færre insemineringar

– Det er mange som har redusert talet

på insemineringar, dei må i stor grad

krediterast for dette, seier Gustav Grøholt,

organisasjonssjef i Norsvin.

Han held også fram at det er fem purkeringar

som har redusert produksjonen,

noko som slår positivt ut på prognosane.

I tillegg er det fleire som har valt å

slutta med gris.

– Me veit ikkje det nøyaktige talet,

men det kan dreia seg om 30-50 produsentar.

– Er det svinebønder ute i distrikta som

no gir seg?

– Ut frå det me veit no, er det ingen

klar trend på det. Her er det både snakk

om svinebønder i sentrale strok, og grisehus

i distrikta som stenger dørene.

Den siste må nok karakteriserast som

distriktsbonde. Me har registrert at den

siste svineprodusenten i Finnmark no

har slutta av.

I tillegg forklarar Grøholt at det er tre,

fire større besetningar som driv med

sanering, noko som også gir utslag på

prognosane neste år.

Grøholt er ikkje redd for at produksjonskapasiteten

har blitt mindre som

følgje av reduksjonen.

Gustav

Grøholt

På lager: Reguleringslageret for svinekjøt har på grunn av større etterspørsel blitt noko

redusert dei siste vekene og er no på 5.300 tonn.

– Nei, om marknaden skulle endra

seg og det blir behov for å auke produksjonen,

er det lite problem.

Stort reguleringslager

Om stoda ser lysare ut, slit framleis næringa

med eit betydeleg reguleringslager

på heile 5.300 tonn.

– Om me ikkje hadde hatt dette lageret,

ville situasjonen vore ein heilt annan,

seier han.

I den oppdaterte prognosen for 2019 blir

det lagt til grunn at produksjonen blir redusert

med tre prosent etter at talet på insemineringar

er redusert med fem prosent.

Effektivitetsauken er berekna til tre prosent.

– Vil det reduserte talet på insemineringar

halda fram også neste år?

– I forhold til 2017, så vil det reduserte

talet på insemineringar måtta halda fram

også neste år. Men det er ikkje sikkert at

me treng å redusera i 2019 med fem prosent

i forhold til 2018-talet, understrekar

han. – Men me blir nøydde til å halda oss

i taumane framover om det ikkje dukkar

opp nye verkemiddel, seier han.

– Kva tid blir det marknadsbalanse?

– Nei, hadde me berre visst det. Om

salet ikkje blir vesentleg forverra, har eg

trua på at me i andre halvdel av 2019 kan

få det likare.

Det store reguleringslageret er problematisk,

stadfestar Grøholt.

– Nett no er etterspørselen stor, men

5.300 tonn er frykteleg mykje. Reguleringslageret

vil hemma næringa i betydeleg

grad framover.

Behov for tiltak

Så langt i år er marknadsoverskotet for

svinekjøt på 6057 tonn. 1300 tonn er eksportert

gjennom WTO-kvoten. Prisen ligg

53 øre under målprisen, medan det vert

trekt to kroner per kilo i omsetningsavgift.

– Korleis blir neste år økonomisk for

svineprodusentane?

– Om semintala held seg låge og salet

ikkje blir dårlegare, trur eg på noko betring

i andre halvdel av 2019.

– Dermed er du litt optimistisk?

– Ja, men me har behov for nye tiltak.

Eksportstøtta forsvinn som kjent frå

2021. Det må arbeidast med betre reguleringsmetodar

framover.

– Kva med dei varsla endringane kring

eingongspurkene?

– Der veit me lite kva som skjer nett

no. Det blir spekulasjonar frå mi side,

men det er varsla overgangsordningar

her, så det er uansett lite sannsynleg at

eventuelle endringar vil slå inn før fleire

år fram i tid.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 13

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

Arild Eriksen,

Fungerende

fagsjef kraftfôr

«Med ett godt optimeringsprogram

er antall resepter som håndteres

samtidig ingen begrensning.»

Optimering av kraftfôr til mjølkeku

Optimering benyttes i dag i all kraftfôrindustri.

Hva i all verden går denne metoden ut på?

Optimering (Least cost formulation) handler

om å lage næringsmessig optimale

kraftfôrblandinger til ulike typer drøvtyggere

til lavest mulig pris. For å kunne gjøre

dette er vi avhengig av følgende:

Råvarer i drøvtyggerfôret

Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA)

handler råvarer til egen kraftfôrproduksjon

for mer enn én milliard kroner

hvert år. Store verdier er til enhver tid i

omløp, og disse forvaltes på best mulig

måte i et nært samarbeid mellom innkjøps-,

optimerings- og produksjonsdivisjonene

i FKRA.

Ei kraftfôrblanding til mjølkeku består

av 20-40 råvarer. Norske kornråvarer er

fundamentet for alle drøvtyggerblandinger.

Den norske landbrukspolitikken

er styrende for både prissetting og de

rammene som settes for råvareforbruk i

kraftfôret. Størrelsen på norsk kornavling

avgjør graden av import, dette påvirker i

neste omgang både pris og sammensetning

av kraftfôret. For importråvarer er

det verdensmarkedspriser som gjelder.

Vanlige importråvarer i kufôr er mais,

melasse og fiberkilder som luserne, kli,

palmekjerneekspeller og roepellets.

Soya, raps, belgvekster og maisgluten

er viktige proteinkilder i drøvtyggerfôret.

Både karbohydrat-, proteinråvarer og

grovfôr inneholder fett, men for å sikre

høy nok energitilførsel til mjølkekua tilsettes

plantebasert fett. Noe av det tilsatte

fettet kan være vombestandig, det vil si

at det er beskytta og passerer vomma for

deretter å bli fordøyd i tynntarmen. Tilsatt

fett har også en fabrikkmessig funksjon

ved at det «smører» pressene når fôret

pelleteres. I tillegg til hovedråvarene doseres

det inn mikrostoffer som mineraler,

vitaminer, vombeskytta aminosyrer

og diverse tilsetningsstoffer i kufôret.

Næringsinnhold i råvarene

All optimering er basert på gode data

om kjemisk innhold i den enkelte råvare.

Det er også viktig med god kunnskap

om bruksområdet for råvarene

som benyttes. Råvarer som «på papiret»

skal fungere godt, kan i fabrikk gi

utfordringer i form av heng i silo, lav

produksjonskapasitet i pressene, være

eksponert for salmonella eller toksiner.

Noen råvarer/råvareskifter mellom

resepter kan i tillegg gi smakseffekt.

Dette gjenspeiles i neste omgang

i form av redusert fôropptak på den enkelte

gård. Det er viktig å ha kjennskap

til slike forhold.

For næringsinnhold finnes det tabellverdier,

gjerne basert på analyser fra

utlandet. Det beste er selvfølgelig egne

analyser av de råvarepartiene som til

enhver tid er i bruk i fabrikken. Eget laboratorium

med kort ledetid fra råvaren

ankommer anlegget til bruk i produksjonen

er en forutsetning for god nøyaktighet

i optimeringsarbeidet.

På FKRA sitt driftslaboratorium analyseres

råvarene for protein, fett, NDF,

aske, stivelse, sukker og mineraler. I tillegg

er det salmonellakontroll ved mottak.

På bakgrunn av analysert innhold

beregnes/kalkuleres en rekke hjelpeparameter.

For å beregne det som skjer i

kuas fordøyelsessystem benyttes koeffisienter,

dvs. tallverdier som beskriver

hva som skjer med næringsstoffene i

vom og tarm. Koeffisientene vil variere

mellom dyregruppene (ulike fordøyelsessystem),

og de bestemmes i fordøyelighetsforsøk

eller beregnes.

Prognoser og priser

Formålet med optimering er som sagt å

lage billigst mulig kraftfôr, samtidig som

nærings- og råvaresammensetningen

ivaretas på best mulig måte. For å kunne

gjennomføre optimeringen på en god

måte må man vite noe om forventa salg

av de ulike kraftfôrblandingene, og ha

tilgang til oppdaterte råvarepriser. Fabrikkmessige

forhold må også ivaretas.

Noen råvarer er gjerne bare tilgjengelig

på enkelte fabrikker, eller på definerte

produksjonslinjer i fabrikken.

Ulike former for optimering

Singeloptimering: her optimeres kun én

enkelt resept. Målet er å lage best mulig

kraftfôr til eksempelvis høgtytende

mjølkeku. Råvarepris og næringskravet

til kua er styrende for hvordan resepten

blir seende ut. Det tas ikke hensyn til de

totale råvarerammene på produksjonsanlegget,

og singeloptimerte resepter

blir som regel en del billigere enn multioptimerte

resepter.

Multioptimering: her optimeres alle reseptene

på et fabrikkanlegg samtidig, og

det tas hensyn til definerte rammer for

bruk av råvarer. På en fabrikk produseres

det gjerne et stort antall resepter til

samtlige dyreslag. På de største fabrikkene

i Norge er det gjerne snakk om 100-

150 resepter som optimeres på likt. Med

et godt optimeringsprogram er antall

resepter som håndteres samtidig ingen

begrensning. Alle reseptene i ei multioptimering

konkurrerer om de samme

råvarene. Den som optimerer skal ved

hjelp av dataverktøyet fordele råvarene

ut i de reseptene der råvarene gir best

verdi til lavest mulig pris. Samtidig skal

14 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

Kraftkost: Formålet med optimering er å lage billigst mulig kraftfôr, samtidig som nærings - og råvaresammensetningen ivaretas på best mulig måte.

Foto: May-Linda Schølberg

de enkelte dyregruppenes næringskrav

ivaretas.

E-dairy

I løpet av 2018 har Felleskjøpet gradvis

tatt i bruk et nytt system for energi – og

proteinvurdering til drøvtyggere. Systemet

heter E-dairy, har sin opprinnelse i

Nederland (Schothorst Feed Research),

og er allerede tatt i bruk i flere store

mjølkeproduserende land i Europa. Systemet

er lineært og additivt, en viktig forutsetning

for bruk i optimeringsarbeid.

Hovedformålet med et energi– og

proteinvurderingssystem er som navnet

sier – vurdere hva som skjer med

næringsstoffene i råvarene, og på den

måten kunne si noe om hvor mye energi

og andre byggesteiner som til slutt blir

tilgjengelig for produksjon av mjølk og

kjøtt i drøvtyggerkroppen.

Næringsstoffer som protein, fett,

NDF, sukker og stivelse i gras/surfôr og

kraftfôr brytes ned til kortkjeda fettsyrer

og ammoniakk av vommikrobene.

Kortkjeda fettsyrer absorberes over

vomveggen, eller forbrukes sammen

med ammoniakk i produksjon av mikrobeprotein.

Mikrober og ufordøyde næringsstoffer

passerer så fra vomma til

tynntarmen. Her brytes de videre ned,

og blir tilgjengelig for opptak gjennom

tarmveggen. Det foregår også ei tilsvarende

gjæring i tjukktarmen, slik at det

også herfra tilføres en del næringsstoffer

til kua. Ufordøyde fôrrester havner i

gjødsla.

I E-dairy systemet beregnes omtrent

200 ulike næringsverdier. Sluttproduktene

i vom- og tarmgjæringa er energi

(FE), aminosyrer (AAT), fettsyrer og

sukker (glukose). Biprodukter i disse

prosessene er metan og CO2. I E-dairy

systemet beregnes metanproduksjonen

både i vom og tjukktarm. På bakgrunn

av disse beregningene er det nå mulig å

optimere for redusert metanproduksjon,

dersom det skulle være et ønske i framtida.

Optimering for redusert metanproduksjon

vil i likhet med andre metanreduserende

tiltak (som Agolin-tilsetning)

bidra til en enda mer bærekraftig mjølkog

kjøttproduksjon, men samtidig medføre

økte kraftfôrkostnader.

Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA)

optimerer, produserer og selger om

lag 380 000 tonn kraftfôr hvert år.

Dette fordeler seg på omtrent 120

ulike kraftfôrblandinger. Ca. 45 prosent

av tonnasjen går til drøvtyggersegmentet.

FKRA er deleier i Felleskjøpet Fôrutvikling

(FKF) som driver forskning

og utvikling på vegne av begge de

norske Felleskjøpene. Nytt moderne

forsøksfjøs til drøvtyggere ferdigstilles

våren 2019 på Stamsædgarden i

Klepp. Her skal FKF drive produktutvikling

av drøvtyggerfôr under topp

moderne forsøksforhold.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 15

AKTUELT I LANDBRUKET

Kva no, MatPrat?

Kva rolle skal opplysningskontoret for kjøt og egg

ha i ei tid kor me vert oppmoda om å ete mindre kjøt?

Liv Kristin Sola

Opplysningskontoret for kjøt og egg,

MatPrat, skal fremje omsetning av og

auke verdiskapinga for norskprodusert

egg og kjøt. Ei krevjande oppgåve når tilliten

til norsk matproduksjon er svekka,

kjøtforbruket går ned, og reguleringslagera

er historisk fulle.

Jobben vert ikkje enklare når Regjeringa

ønsker å fjerne høvet til å nytte

omsetningsavgift til å finansiere drifta.

Grunngjevinga for framlegget, som fekk

plass i regjeringserklæringa, var at det

ikkje skulle prioriterast offentlege midlar

til å fremje kjøtforbruk i ei tid kor det

er stort press for å redusere forbruket,

spesielt av raudt kjøt.

Etter vedtak på stortinget blei det i

vår sett i gang ein prosess i regi av omsetningsrådet.

Ei arbeidsgruppe som

skal sjå på opplysningskontora og deira

mandat vart etablert. Gruppa skal levere

si innstilling om opplysningskontora si

framtidige rolle og oppgåve, til omsetningsrådet

våren 2019.

Viktigare enn nokon gong

Direktør i MatPrat, Dag Henning Reksnes,

trur ikkje MatPrat har utspelt si

rolle, snarare tvert imot.

– Slik vi ser det, har opplysningskontora

ei svært viktig rolle å spele for

å sikre at den norske bonden får best

mogleg avsetnad og mest mogleg verdiskaping

knytt til produksjonen sin, ein

produksjon det er politisk vedteke at vi

skal ha. I tillegg bidreg vi til å skape marknadsbalanse.

Vår oppgåve i den pågåande

prosessen er å formidle korleis vi

jobbar og kva resultat vi bidreg med.

Dag Henning

Reksnes

Foto: MatPrat

– Er MatPrat som organisasjonen

dynamisk nok til å tilpasse seg trendar og

endringar?

– Organisasjonar må alltid endre seg

i takt med dei oppgåver og rammer ein

har eller får. MatPrat er definitivt ein dynamisk

organisasjon med mykje kompetanse,

men som alle andre treng vi påfyll

og tilførsel av ny kompetanse. Dette har

vi også prioritert i strategi og handling.

Men vi må hugse på at suksess for bonden

handlar om suksess i marknaden,

hjå forbrukarane, og legitimitet i storsamfunnet.

Utan det kan verken bonde

eller landbruksbasert industri lukkast i

det lange løp, seier Reksnes.

Seinare tids meldingar om at kjøtforbruket

går ned og tilliten til norsk matproduksjon

er svekka, tek direktøren førebels

med stor ro.

– At kjøtforbruket ser ut til å gå litt

ned, treng ikkje ha noko med tillit å gjere.

Etterspurnaden svingar over tid og vert

påverka av utfordringar knytt til pris, tilgang,

mattrendar, og spørsmål knytt til

klima, berekraft, humanhelse og dyrevelferd,

seier direktøren.

– Det er ingen fasit på kor stort forbruket

skal vere.

Meir kunnskap til folk

I samfunnet generelt, men også i somme

politiske kretsar, kjem det kritikk mot

bruk av offentlege midlar for å fremje

sal, spesielt av kjøt. Direktøren for Mat-

Prat avviser påstandane om at opplysningskontora

driv med propaganda for å

auke forbruk av kjøt.

– Vi skal vere faktabasert og transparent

og gi direkte og ærleg informasjon

om både positive og utfordrande sider

ved norsk matproduksjon, seier Reksnes

Han ønsker dialog på tvers av alle interessegrupper

for å auke kunnskapen

om samanhengane i norsk landbruk, og

minner om at MatPrat dei siste åra har

hatt auka merksemd på tema som dyrevelferd,

berekraft og human helse.

– Vi bygger om organiseringa og kompetansen

for å integrere samfunnstema i

all kommunikasjon. Vi skal ha truverd på

Meir enn oppskrifter: MatPrat ønsker

å formidle direkte og ærleg informasjon

om dei komplekse samanhengane i

norsk landbruk. Foto: Istock

samfunnstema. Det tek alltid tid å bygge

om ein organisasjon, men vi er godt på

veg, seier Reksnes.

– Kva skal gi MatPrat legitimitet hjå

skeptiske politikarar og krevjande forbrukarar?

– Det viktigaste er at MatPrat har legitimitet

hjå brukarane våre – forbrukarane,

og hjå dei som betalar for det vi driv

med – bøndene, seier Reksnes.

– Vi skal vere ærlege og faktabaserte

i vår kommunikasjon slik at vi byggjer eit

positivt omdømme og skapar konstruktiv

dialog med forbrukar og storsamfunnet.

– Difor finn du i dag langt meir enn

oppskrifter på matprat.no.

Reksnes meiner det er underleg at det

skal vere behov for å legitimere MatPrat

overfor politikarane, så lenge det er godt

dokumentert at generisk marknadsføring

fungerer og opplysningskontora gjer

ein god jobb.

16 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

– Det er trass alt dei same politikarane

som har vedteke at vi skal

ha kjøtproduksjon og difor har løyva

store midlar til dette over Jordbruksavtala.

Skal bonden realisere inntektsmåla,

må dei ta ut ein betydeleg

del av inntekta i marknaden i tillegg

til overføringane, seier Reksnes.

– I kor stor grad kan MatPrat styre

trendane?

– Trendar vert skapt internasjonalt.

Vi kan i liten grad styre dei, men vi kan

bruke dei positivt der det er mogleg,

seier Reksnes, og minner om at hans

budsjett er langt lågare enn kva til dømes

daglegvarebransjen og industrien

har til si marknadsføring.

Opplysningskontoret for kjøt og egg

(matprat.no) er finansiert med omsetningsmidlar,

som er offentlege midlar, trekt inn frå

aktive bønder etter forskrift.

Rom for breiare kunnskap

– MatPrat er eit viktig verkemiddel for å

balansere marknaden for kjøt og egg, ikkje

minst i ein krevjande marknadssituasjon,

seier Lars Petter Bartnes, leiar av

Norges Bondelag.

Bartnes, minner om at det vert stadig

færre verkty i verktykassa for marknadsbalansering,

og at MatPrat er eit viktig

verkemiddel for å balansere marknaden

for kjøt og egg, ikkje minst i den situasjonen

som me no står i.

– Opplysningskontora har ei viktig

rolle i marknadsbalanseringa, og det er

ein interessant debatt om dei kan utvide

sitt mandat og kommuniserer breiare for

å auke kunnskapen om norsk landbruk,

seier han til Bondevennen.

Bondelagsleiaren er gjerne med og

diskuterer forslag som kan bidra til å skape

ein meir kunnskapsbasert debatt om

norsk kjøtproduksjon. Han trur MatPrat

kan utviklast til å bli ein god kunnskapskanal

rundt norsk matproduksjon, nettopp

for å innfri på målet om å være et reelt

verkemiddel i marknadsbalanseringa.

– Intensjonen må vere å skape ytterlegare

tillit til norsk matproduksjon og gjere

forbrukar i stand til å forstå den kvalitetsjobben

bonden gjer kvar dag, seier Bartnes.

Han lover at bonden skal levere på

kvalitet, klima og bærekraft, og ikkje

minst dyrevelferd.

– Er du nøgd med jobben MatPrat gjer

og er organisasjonen godt nok forankra i

landbruket?

– MatPrat er godt rigga for å løyse dagens

mandat, og jobben dei gjer er god.

Men dersom mandatet vert endra må

kunnskapsbasen utviklast internt i kontora,

seier Bartnes.

Lars Petter

Bartnes

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 17

AKTUELT I LANDBRUKET

Ungdyrfjøs for heile familien

Endeleg kunne Aneth og Audun Meland invitere til opningsfest

av det nye ungdyrfjøset på garden.

Jane Brit Sande

Både sambygdingar og bondekollegaer

tok turen til Eiken i Hægebostad kommune

i Vest-Agder, førre veke. Aneth og

Audun, saman dei fire borna Anna, Eivind,

Ingrid og Arne, sytte for at alle besøkande

kom seg gjennom smitteslusa

og fekk ei omvising i ungdyrfjøset.

Eige fjøs for ungdyr

– Eit nytt ungdyrfjøs har lenge vore ein

draum. Etter mange år med leigd ungdyrfjøs

på nabogarden, var det godt å få

samla alle dyra heime, seier Audun.

Den nye driftsbygningen er eit supplement

til mjølkefjøset på garden. Totalt er

det plass til om lag 140 dyr i det fullisolerte

ungdyrfjøset.

– Sinkyrne blir flytta opp til det nye fjøset

ved avsining, og blir flytta ned igjen når

kalven er ferdig på råmjølk, seier Audun.

Tidlegare har Aneth og Audun selt

okse kalvane ved tre til fire månadars alder,

men med betre plass kan dei no fôre

dei fram til slakt sjølve. Kvigekalvane har

dei fram til eiga rekruttering eller livdyrsal.

Bøndene har ei mjølkekvote på 430

tonn, og i tillegg har dei 200 vinterfôra

sauer. Ungane har eit titals høner, og sel

egga for å tena eigne pengar.

Startar ute

Bøndene legg opp til kalving heile året.

Sinkyrne har eigen garde med liggebåsar

øvst i fjøset. Dei yngste dyra og kalvings–

og sjukebingane er plassert midt

i bygget, nærast fjøskontoret, kalvekjøkkenet

og bøndene sin inngang. Alle kalvane

står den første tida ute i kalvehytter.

– Så langt synest me hyttene fungerer

utruleg godt. Det er også mindre arbeid,

samanlikna med då me hadde dei inne

nede i mjølkefjøset, seier Aneth.

Når kalvane er ferdige med mjølk, får

dei plass inne i fjøset. Sidan blir dei flytta

etter kvart som dei veks, kviger og stutar

i kvar sin retning.

Heile familien i sving

Det var ikkje rom for å ligge på latsida då

fjøset skulle byggast.

– Særleg Anna og Eivind har vore gode

til å hjelpe til, seier Aneth.

– Dei har skrudd saman alle kalvehyttene,

med berre litt hjelp heilt i starten

og mot slutten, seier Audun.

Ungane sjølve har kost seg.

– Kva synast du var kjekkast med fjøsbygginga?

– Hmm, eg kan ikkje sei berre ein ting.

Me fekk vere med å kle fjøset og bygge

innreiinga også. Eg synest alt var kjekt,

seier Eivind.

Anna nikkar samd.

– Ja, og kalvehyttene var gøy. Når me

fant utav det, gjekk det veldig fort også,

seier ho.

Fasilitetar

Det 950 m 2 store fjøset har ein prislapp på

4,2 millionar kroner, pluss tomtearbeid.

Fjøsåpning samlar folk: Både bondekollegaer og sambygdingar fann vegen til fjøset på Eiken denne tysdagen.

Mange likar å nytte høvet til å sjå korleis andre har det.

18 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

Stolt gjeng: Familien var takksame

for alle som tok turen på fjøsåpninga,

og viste stolt fram bygget.

Audun og Aneth saman med

(frå venstre) Ingrid (8 år), Anna (12 år),

Eivind (10 år) og Arne (7 år).

Bøndene fekk 800 000 kroner i støtte frå

Innovasjon Norge. Grude Bygg har levert

stålbuar og sandwichelement på taket.

F. A. Betong i Lyngdal har levert betong

og gjort støypearbeid. Det er full gjødselkjellar

med kanalomrøring. Felleskjøpet

Rogaland Agder har levert innreiing.

– Fjøset har royalimpregnert kledning,

og alt snikkararbeidet har me gjort

sjølve, seier Audun.

Førebels ligg dei på mellom 55 og 65

kalvingar så godt som jamt fordelt gjennom

året, og fjøset er rekna til å klare 70

kalvingar i året. Aneth og Audun er begge

godt nøgde med ungdyrfjøset.

– Skal eg peike ut det eg likar aller

best med dette fjøset, må det vere at det

er så enkelt med fôring. Me bestemte

oss tidleg for at me skulle har køyrbart

fôrbrett. Fullfôrvogn hadde me allereie

som me nytta til mjølkekyrne, og den er i

sving her også, seier Audun.

– Og så er det så lyst og triveleg her

inne, seier Aneth.

Gode arbeidarar: Anna og Eivind fekk ansvaret

for å skru saman kalvehyttene, og fekk dreisen

på korleis det skulle gjerast. Foreldra kunne

ikkje skryte nok av dei driftige ungane.

Nøgde dyr: Det nye fjøset er ljost, oversiktleg og triveleg for folk og fe.

Dyra er rolege, til tross for eit jamt tilsig av folk.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 19

Treningsøkt: Håkon, Jonas, Hilda og Emil med Toya og saueflokken. Ikkje noko å seia på kontakten mellom folk og dyr.

Lydig hund og ivrige gjetarar

– Ein må vera bestemt, men også hugsa å gje ros, seier Jonas Tveite Haug (12 år).

Han veit korleis ein skal trena gjetarhund. Alt for tre år sidan tok Jonas

klasse 1 prøve med border collien Fantomet.

Tekst og foto: Anne Rivenes

Det nærmar seg vinter, men framleis er

bakkane greie å trena på. Ein liten flokk

spelsau vert henta ut, og fire unge gjetarar

vil ta ein treningsrunde med hunden Toya.

Jonas og Emil Tveite Haug, og Hilda

og Håkon Jordalen, bur alle på garden

Steffahaugen, med utsikt over Vangsvatnet

og sentrum av Voss. Dei har ei felles

interesse, å trena med gjetarhund. I

tillegg til to-åringen Toya, myldrar det i

tunet av kvelpar og unghundar av rasen

border collie.

Arv og miljø

Ivar Haug, far til Jonas og Emil, er gjetarhund-trenar

og leiar i Gjetarhundnemnda

i Hordaland. Også Kristina Jordalen,

mor til Hilda og Håkon, har lang erfaring

i å bruka gjetarhund i fjellet og på beite.

No har interessa gått i arv – eller skal ein

seia – at dei har blitt fenga av miljøet?

- Jonas og eg såg på at pappa trente,

og så spurte pappa om Jonas ville prøva.

Det ville han, og etterpå fekk eg prøva. Og

Erfaren: Jonas Tveite Haug har trent gjetarhund i fleire år, og har til og med klasse 1. I dag er det Toya som får trent seg.

20 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

Kommando: - Kva er det no då,

seier Hilda Jordalen. Hunden har

stogga litt opp, og ho lyt sjølv koma

nærare saueflokken for å hjelpa til.

hundane gjekk nesten finare med oss enn

dei gjorde med pappa, fortel Emil oppglødd.

Tener på tidleg start

Jau, faren må tilstå at det gjekk fint første

gongen gutane prøvde, og han såg

ingen grunn til å halda dei att.

– Det er viktig å starte tidleg. Det meste

ein skal læra i skule og idrett, startar

tidlegare og tidlegare. Å venta med gjeting

til ein er vaksen, vert litt feil, meiner

Ivar Haug.

Kristina Jordalen er einig. Ho synest

det er viktig at borna får prøva seg tidleg.

Dei har til og med hjelpt til med å sanka

sau for andre.

Slepp å springa sjølve

Dei fire unge har klar formeining om kva

som må til for at ein gjetarhund skal bli

god.

– Ein må vera litt bestemt, seier Jonas

(12 år).

– Ja, men av og til er det ikkje vits å vera

bestemt. Då må ein heller oppmuntra og

vera kjekk med dei, tilføyer Emil (8).

– Det er veldig nyttig med gjetarhund

når ein skal henta sauer, så ein slepp springa

rundt flokken sjølv, seier Håkon (8).

– I fjellet kan hunden oppdaga sauene

lenge før du sjølv ser dei, fortel Hilda (10).

Leik og lydnad

Dei er einige om at det er viktig å gje

skikkeleg skryt til hunden når den gjer

noko rett, slik at den forstår kva som er

bra. Og dei er nokså sikre på at rangordninga

i eit kvelpekull har noko å seia for

korleis hunden blir som vaksen.

– Den største kvelpen i eit kull er kanskje

vanskelegast å få til å lyde, men den

går betre inn mot sauene. Den minste i

kullet kan vera lettare å læra ting, men

går kanskje ikkje i sauene slik han av og

til må.

I dag tek dei med kvar sin seks månader

gamle kvelp på tunet. Dei skal snart få

byrja å trena, å bli testa for om dei har rette

instinkta for gjeting. Førebels får unghundane

mest kos og leik, og det er ein vaksen

hund som vert brukt på treningsbøen.

Nervøs på konkurranse

– For å velja ein favoritthund, må ein bruka

tid og bli kjent, forklarer Håkon.

Jonas var berre ni år då han tok gjetarhundprøve

klasse 1 med hunden Fantomet.

Det er tre år sidan. Han hugsar

godt at det var stas, og at han var nervøs.

Men det gjekk veldig bra, og premien var

hundefôr. Snart vil dei alle gjerne delta i

konkurranse.

«...hundane gjekk

nesten finare med

oss enn dei gjorde

med pappa.»

EMIL TVEITE HAUG, 8 ÅR

I sommar var Jonas, Emil, Hilda og

Håkon på gjetarhundsamling for juniorar

på Osterøy, hjå Audun Seilen, leiar i NSG

si Gjetarhundnemnd.

Samspelet er nøkkelen

– Ungar som har sansen for og lærer seg

dette med dyr, er viktig, anten det er sau,

hund eller andre dyr. Desse ungane er

ekstremt kreative og flinke. Eg såg aldri

ein mobiltelefon i fanget på dei i løpet av

leiren, og det seier jo litt, meiner Audun

Seilen.

At born byrjar tidleg å trena gjetarhund,

ser han ingen problem med.

– Det gjeld å finna ein måte å jobba på,

som engasjerer. At dei må vera både bestemte

og kunna gje ros, fiksar dei utruleg

godt. Dei har god kjemi med dyra. Det

å få samspelet til å funke, er nøkkelen.

Og då er det ingen minus å vera ti år i

forhold til 50, seier Seilen.

Han har sett døme på andre som har

starta svært tidleg, som i dag er i landstoppen

med gjetarhund, og som kan representera

Noreg som Young Handlers.

Høgre! Nei, venstre!

I dag jobbar Toya fint på bøen heime.

Borna sender hunden i stor boge rundt

flokken og får den til å koma med sauene.

Dei ropar kommandoar: Høgre!

Venstre! Ligg! Gå inn!

Og lydig diltar sauene etter gjetaren,

med hunden i hælane, over bøen, gjennom

grindene og tilbake til start. Der får

Toya klapp og ros for innsatsen, og dei

fire unge gjetarane smiler fornøgd.

Norsk Sau og Geit (NSG) har eit eige Gjetarhundråd og eigne fylkesnemnder/lag.

NSG er forvaltar av rasen Border Collie, og har eit eige avlsråd for gjetarhund.

På NSG sine nettsider finn du informasjon om gjetarhundkurs, prøvar, avl og trening.

Border Collie er kjent for å vera intelligent, smidig, ha god arbeidsvilje og for å

vera flink til å gjete.

Arbeidshundane har ikkje blitt avla på utsjånad, men etter eigenskapar.

Border collien kjem opprinneleg frå Storbritannia.

Kjelde: nsg.no/gjeterhund

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 21

AKTUELT I LANDBRUKET

Seks måter klimaendringene vil påvirke

Klimaendringene endrer været, folk og forskning. Derfor vil

klimaendringene påvirke norsk landbruk på flere måter - her er seks:

Helene Lillekvelland,

fagsjef samfunnsøkonomi, Norsk Landbrukssamvirke

1. Klimaendringene får store

konsekvenser for produksjonen globalt

Klimaet vil bli mer ekstremt. Vi har nettopp

lagt bak oss en varm sommer som

for store deler av landet gikk rett over i

en våt høst. I årene før har det også vært

mye regn.

Årets sommer er ikke det som beviser

klimaendringene, men den viser at vi har

variasjonen i været. Vi vet ikke hvordan

været vil bli neste år, men i år har været

vært rart. Været har fått mye oppmerksomhet,

det samme har bøndene - for

sommeren 2018 var noe helt utenom det

vanlige.

Selv om Norge nok ikke vil være det

landet som blir hardest rammet, må det

norske landbruket tilpasse seg et klima i

endring. Vi må tilpasse produksjonen og

være forberedt på at internasjonal handel

med mat kan bli mer krevende eller

dyrere.

2. Forbrukerne vil ha ren samvittighet

SIFO (Statens institutt for forbruksforskning)

har pekt på at forbrukerne i stadig

større grad foretrekker produkter som

er trygge, sunne og bærekraftige, uten

tilsetninger og medisiner. Såkalt «Guilt

free food». Mat vi kan kjøpe med god

samvittighet.

Maten skal være bra for helsa, samfunnet

og klimaet. Bra for dem som lager

den og for dyrene den lages av.

Trygg, sunn, bærekraftig mat er gjerne

litt dyrere, men gir deg noe mer: Ren

samvittighet. Vi er gjerne villige til å betale

for det. Noen ganger.

Markedet for bærekraftige varer vokser

raskere enn andre, viser en ny rapport

fra analysebyrået Nielsen. Varer

der det står på pakka at maten enten er

miljømessig bærekraftig, fairtrade eller

uten kunstige tilleggsstoffer, blir stadig

mer populære.

Det gir en god følelse å vite at du gjør

noe bærekraftig. Mange er villige til å

betale for den følelsen. Noen ganger.

Det er gode nyheter for norsk landbruk,

dersom vi klarer å fremheve våre

beste kvaliteter.

3. Vi utnytter ressursene på nye

måter til nye produkter

Ny teknologi for bioprosessering gjør det

mulig å bearbeide materiale fra skog,

jord og hav til mat, dyrefôr, kosmetikk eller

farmasiprodukter på nye måter.

Vi ser også stadig flere vegetabilske eller

syntetiske alternativer til egg, melk og

22 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

norsk landbruk

AKTUELT I LANDBRUKET

«Generasjonene som kommer

er opptatt av bærekraft. Vi har

ikke lært oss ordet som voksne.»

kjøtt. Det er faktisk mulig å dyrke fram kjøtt

i et laboratorium. Hele fem år er gått siden

prøvesmaking av den første laboratorieproduserte

burgeren ble sendt live på tv.

Lab-burgeren blir nok ikke hverdagskost

med det første. Foreløpig er det ikke

lønnsomt å produsere den. Men det er

mulig, og kostnadene ved produksjon vil

gå ned.

Lab-burger-menigheten jobber hardt

med å døpe lab-kjøtt om til «clean

meat». De spiller på en idé om at normalt

kjøtt er skittent, og sikter seg inn

på forbrukerens vilje til å kjøpe seg god

samvittighet.

Det kan bli viktigere å synliggjøre ekstraverdiene

av husdyrproduksjonen for

å rettferdiggjøre kjøttproduksjonen. Verdien

av beiting for turistnæringen, omdannelse

av gress som ikke er spiselig

for mennesker til proteiner som mennesker

kan spise (altså kjøtt) kan være

slike ekstraverdier.

4. Ny teknologi

Krevende, variabelt vær vil drive fram

teknologi som er tilpasset et mer ekstremt

landbruk.

Bruk av ny teknologi vil effektivisere

og endre landbruket, hjelpe bonden med

å bruke tiden sin bedre og med å spare

penger.

Vi får nye metoder å dyrke på der resultatet

er å produsere mer på mindre

areal, og samtidig ha 100 prosent kontroll

over egne klimautslipp.

Bruk av ny teknologi i landbruket gjør

yrket mer attraktivt for unge bønder.

Både unge som ønsker å drive et mer

tradisjonelt landbruk og de som vil drive

med urbant landbruk trenger at matproduksjon

henger med i tiden.

Ny teknologi vil altså gjøre det enklere

å være bonde på jobb og enklere å være

bonde med et normalt familieliv. Det er

viktig for at unge fortsatt skal ønske å

være bønder.

5. Sirkulærøkonomi

Knapphet på ressurser vil føre til mer

gjenbruk og resirkulering. Forbrukerne

vil etterspørre produkter basert på fornybare

og godt forvaltede ressurser.

Mye av biomassen som produseres,

er rester fra produksjonen av det som

egentlig selger. Halvparten av den vegetabilske

biomassen i Europa er restprodukter

fra produksjon av frukt, grønnsaker

og korn. I norsk kjøttproduksjon er 30

prosent av biomassen rester.

I Norge kan vi utnytte restråstoffene

til helt nye produkter på grunn av fortrinn

som god dyrehelse, rene produkter

og lavt antibiotikaforbruk. Fravær av

Bærekraft selger: Folk betaler gjerne

mer for varer som gir ren samvittighet.

Markedet for bærekraftige varer vokser

raskere på enn andre. Det kan være

gode nyheter for norsk landbruk.

Foto: Istock

Helene

Lillekvelland

salmonella i norsk kyllingproduksjon

har for eksempel gjort det mulig å utvikle

et plaster av eggehinne som kan

utkonkurrere dagens plasterprodukter

på pris.

Sirkulærtankegangen preger allerede

innovasjonen i bransjen. På Lauvsnes

Gartneri i Rogaland har de nå begynt

med plastfri emballasje på tomatene

sine. Hele innpakningen er biobasert.

6. Generasjonen etter Gro

Jeg startet med å si at disse trendene

handler om klimaendringene. Klimaendringene

gjør at vi blir nødt til å utnytte

ressursene våre mer effektivt. Vi må

legge om samfunnet og økonomien til å

bygge på fornybare, biologiske ressurser

i stedet for fossile. Vi må over i bioøkonomien.

Ny teknologi og endret forbrukerholdning

vil påvirke hva som er lønnsomt.

Mange av trendene tyder på at det er håp

om å redde verden.

Generasjonene som kommer er opptatt

av bærekraft. Vi har ikke lært oss

ordet som voksne. Gro Brundtlands definisjon

av bærekraft har vært pensum.

Vi har hatt prøver på skolen med

spørsmålet «Hva er bærekraftig utvikling?»

hvor vi har svart på rams: «Bærekraftig

utvikling er en utvikling som

tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge

fremtidige generasjoners muligheter

til å tilfredsstille sine behov».

Vi føler litt på etterslepet etter generasjonene

før oss. Derfor har vi tenkt å

redde verden. Derfor påvirker klimaendringene

landbruket på så mange

flere måter enn bare gjennom været.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 23

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

Siri Helle

agronom, forfattar, skribent i Dag og Tid.

Har mellom anna gitt ut boka «Skal landet gro att?

Korleis berge norsk jordbruk».

Våg solidaritet

For ein månads tid sidan fekk eg vere

med på noko ganske spesielt. Det burde

kanskje ikkje vore det, noko spesielt

altså, men slik er no ein gong verda, at

det at fiskarar og bønder finn saman i ei

sekularisert kyrkje i hovudstaden ikkje

er kvardagskost.

Eg var på Globaliseringskonferansen,

arrangementet heitte «Ta havet tilbake og

jorda i bruk». Opp midtgangen i Kulturkirka

Jakob kom ein bonde og ein fiskar, og

brudemarsjen var sjølvsagt Boknakarans

«Fesk og potedes». Den verdskjende

indiske aktivisten og filosofen Vandana

Shiva kasta glans over det heile.

Dette er flott fordi det syner initiativ til

å tenkje større enn seg sjølv. Til å innsjå

at fisk ikkje er noko utan potet, og at biff

og burger er best om det vert veksla på

med torsk og sei. At ein bur i dei same

bygdene, må ta ansvar for dei same FAUutvala,

bruke dei same lokalbutikkane

(eller legge dei ned). Krangle om dei

same bruene og vegane. Og, ikkje minst,

slåss for det felles prinsippet om at allmenningen,

den tilhøyrer alle, men aller

mest tilhøyrer han dei som bur i han. Om

han er våt og blå eller tørr og brun, så

må ressursane bli verande nære, om det

skal vere liv laga å bu i dei. Mat vert ikkje

produsert i eit vakuum - verken i Noreg

eller i verda.

Bønder og fiskarar - og særleg småbrukarar

og kystfiskarar - slit med dei

same krava til effektivisering, på kostnad

av såvel ressursgrunnlag, som kvalitet

og eigen økonomi. Prisen for å kome inn

i kystfisket er tidobla på ti år, og gjeldsgrada

i norsk jordbruk er 100 prosent -

all kapital er lånt, og gjelda er dobbelt så

høg som ved årtusenskiftet.

Men alliansen mellom fiskar og bonde

er òg litt trist - fordi vegen fram til at

kvardagsjordbruket verkeleg bidrar til

ein reell, solidarisk allianse synast så

lang. Avstanden er så stor frå festtalar til

fjøsstell, frå liv til lære. Det er ikkje berre

norske bønder og fiskarar som slit. «Solidaritet

er viktig for Norsk Bonde- og

Småbrukarlag», sa dåverande leiar Merete

Furuberg frå talarstolen på Globaliseringskonferansen.

For eit par helgar sidan klarte likevel

ikkje same organisasjon å vedta auke i

kraftfôrpris som eit mål for å auke sjølvforsyning

og ta vare på jordbruket sitt

samfunnsoppdrag: å bruke norsk jord.

«Import av fôr

er ei av dei

- om ikkje den -

mest usolidariske

praksisane i norsk

jordbruk.»

Kvifor dette ikkje heng saman? Import

av fôr er ei av dei - om ikkje den - mest

usolidariske praksisane i norsk jordbruk.

Og då tenkjer eg ikkje ein gong fyrst og

fremst på regnskog, savanne eller andre

biologiske og klimatiske utfordringar. Eg

snakkar om kollegaer: bøndene.

To tredjedelar av soyaen som kjem til

Noreg, kjem frå delstaten Mato Grosso i

Brasil. Staten er to og ein halv gong så

stor som Noreg og ekstremt fruktbar.

Men 80 prosent av maten dei som bur

der et, kjem frå andre stadar. Slik vert

det når åtte millionar hektar går til soyaproduksjon

- for eksport, til oss i Vesten.

I byen Sorriso, som kallar seg sjølv agroindustrihovudstad,

kosta eit hektar land i

2016 1,35 millionar norske kroner.

Det seier seg sjølv at småbønder ikkje

kan konkurrere med dette. Det seier seg

sjølv at dei som vil produsere mat til seg

sjølve og naboane og ungane som går på

skule i den næraste byen, ikkje kan konkurrere.

Det burde seie seg sjølv kva side

norsk jordbruk skulle vere på.

Norsk jordbruk er pressa økonomisk.

Kan ein vente at dei skal ta dette ansvaret?

Ikkje aleine. Å måtte legge ned matproduksjonen

her i landet gagnar heller ikkje

småbønder i Brasil - snarare tvert om.

Men om ein vågar handlar ikkje om

auke i kraftfôrpris. Det handlar om vilje

til omlegging, ikkje frykt for nedlegging.

Norsk jordbruk må våge å sjå på

ei endring i tilskotssystemet frå volum

og produksjon til kvalitet og bruk av jord.

24 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

Truleg vil det òg gagne norske bønder til

sist - ei auke i kornpris har lenge stått på

kravlista til norske bondeorganisasjonar.

Reduserte kraftfôrkostnadar, auka mjølkepris,

redusert overproduksjon grunna

mindre produsert mengde, auka beitetilskot,

driftsvansketilskot, tak på tilskot,

høgare tilskot til dei fyrste dyra og premiering

av moderate kraftfôrmengder:

alt dette gjer det mogleg for bonden å ta

jorda si attende - utan å få kollegaer på

andre sida av jorda på samvitet.

Bonden og fiskaren har ei lang historie

som to sider av same sak. Kystfiskarbonden

er eit godt døme på det. Det er berre

i dag vi ser på dei to som motsetnader.

Når dei no vert sett opp mot kvarandre

er det mellom anna fordi fiskeriet vil

tene på å fjerne importvernet på jordbruksprodukt.

Det vil lette fiskeeksporten,

får vi fortalt. Men må vi akseptere

konflikten?

Foto: Istock

Jordbruk og fiskeri må våge kvarandre

- og dei må våge systemkritikk. Dersom

systemet gjer det umogleg for dei to å

leve side om side, og i solidaritet med

kollegaer på andre sida av jorda, - kanskje

er det då systemet det er noko gale

med? Kanskje skal ein då, i staden for å

krangle om smulane frå dei mektige sitt

bord, byggje ein felles front for å rive ned

bordet og skape alternativ saman?

For har ikkje kystfiskaren og sjarkeigaren

med grunnkvote meir til felles med

deltidssauebonden på Vestlandet enn

han har med EU-byråkratar og handelsavtaleforhandlarar?

Og har ikkje begge

meir til felles med småbonden i Mato

Grosso som produserer mat til nabobyen,

enn dei har med det soyakonsernet som

prøver å skvise han ut? Kven vil norske

bønder og fiskarar vere på lag med? Valet

må takast - det er allereie på overtid.

MOLDROK:

drev av tørr mold

grunna vind,

jord arbeid – eller

friskt ordskifte.

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 25

ATTLEGG

Tysk rekord

Carlotta passerte i haust milepælen på

200.000 kilo mjølk. Holsteinkua Carlotta

er født i 2001 og er drektig med sin 14.

kalv. Som kvige mjølka Carlotta 11.321

kilo. Toplaktasjonen var etter fjerde kalven

då ho produserte 15.681 kilo mjølk.

Buskapen Carlotta høyrer heime i, tel

400 kyr. I snitt har buskapen ein livstidsproduksjon

på 55.000 kilo mjølk dei siste

seks åra.

Carlotta vert karakterisert som ei

klok ku, som har halde seg unna stresssituasjonar

rundt fôrbrettet. Det meldes

om at ho er flytta over til aldersavdelinga

der ho har fått sin eigen luksusbås med

djupstrø, og fred og ro frå dei yngre damene

i fjøset.

Beste eplesesong

på ti år

Sesongen av norske eple er på hell,

og produsentane kan sjå attende på

eit svært godt år. Ikkje sidan 2008 har

avlingane vore så gode, både på volum

og kvalitet. Årets eple har vore spesielt

søte. Fruktlagera er no tomme, og frå 1.

desember vert tollsatsen for eple sett

ned til null.

Foto: Privat

John Deere på

topp i Danmark

Medan 2017 var eit tåleg bra traktor-år i

Danmark, har sommartørken i 2018 og

kanskje også den generelle økonomien

blant danske bønder, ført til stagnert

traktorsal i Danmark så langt i år. John

Deere har likevel gått motsett veg. I

oktober vart det selt heile 45 nye John

Deere-traktorar av i alt 111 (120 i oktober

2017). Det betyr at dei grøne og gule

nådde ein marknadsdel på traktorar

over 40 hestekrefter på 40,5 prosent.

Dei neste på oktober-statistikken var

Claas (13), Valtra (12), medan New Holland

og Case IH selde 11 traktorar kvar.

Massey Ferguson selde åtte nye traktorar

og enda på ein marknadsdel på

drygt åtte prosent.

Kjelde: Landbrugsavisen.dk

Tollfritaket for grovfôr forlenges

GOD HELG

Halloween og Black Friday er unnagjort.

Me er på vinglande vinterveg

inn i adventstida med kjoleglitrande

julekonsertar, medan

småskeive adventskalendrar rullar

i reprise på TV. Nissar, Tuss og Troll

ligg i beredskap attmed mandarinskåla

og fingerkremkjeksen på salongbordet.

Apropos troll. Før, då sosialdemokratiet

var på sitt beste, og

foreldra våre hadde krigen som referansepunkt,

måtte me greia oss

utan nettroll. Då var radioapparatet

det einaste live-sendande sosiale

media. Om du til dømes lytta til

06.30-vêrmeldinga og var usamd

i kulingvarselet til den vestlandske

meteorologen bak mikrofonen,

kunne du ikkje prompte gripa til

tastaturet og leggja inn ein kommentar

om jordas undergang og

ønskja den alvorsame vêrmeldaren

ei framtid innehaldande eld og svovel

eller isande lågtrykk i tre meters

bøljehøgd aust for Hebridane.

Hadde du noko å klaga på, var

eit formelt brev til Kringkastingsrådet

einaste moglegheit. Den

pre-Twitter moglegheita var det dei

færraste som nytta seg av, forståeleg

nok. Einaste unnataket var då

indremisjonshovdingen Hallesby i

1953 trakka i salaten og starta den

såkalla helvetesdebatten per radio.

Då fekk Kringkastingsrådet ein del

brev. Hadde Hallesby levd i dag og

gjort eit liknande sprell, ville han

ha blitt sausa inn med edder, galle

og evig eld på direkten.

Kva det er som får alminnelege

folk til å endra seg til å bli ufine

nettroll så snart dei får eit tastatur

i fanget, får vel forskarane finna

ut av etter kvart. Men eg har ein

mistanke om kva faren min hadde

kommentert, om han hadde opplevd

dette.

– Slik var det ikkje då eg vaks

opp rett før krigen!

Sjur

Det vil fortsatt kunne importeres grovfôr

tollfritt etter nyttår. Tollfritaket forlenges

til og med 31. mars 2019. Det medfører at

auksjonen av kvotene for høy i november

utsettes til slutten av januar.

Landbruks- og matdepartementet

melder at ytterligere forlengelse av tollfritaket

ikke kan påregnes.

Tollfritaket gjelder for følgende varer:

Hel halm, tollvarenr. 12.13.0001

Høy, tollvarenr. 12.14.9091

Viderebehandlet høy eller halm (ikke

pelletert), tollvarenr. 12.14.9099

Importøren må på forhånd avklare

med tollvesenet hvilke tollvarenummer

importen klassifiseres under.

26 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

FAGLAG OG MØTE

Rogaland

Plastinnsamling

ved Julebygda Grendahus, lørdag 1. des. kl.

10.00 – 12.00. Kr 100 for første lass.

Viking 4H

Søre Hå Bondelag

Det vert julemøte i lag med Varhaug Bondelag

hjå Varhaug Idrettslag, tysdag 4. des.

kl.1930. Rådmann i Hå, Anne Berit Berge

Ims, og landbruksdirektør i Rogaland, Geir

Skadberg, vert med. Servering av riskrem.

Styret

Nærbø bygdekvinnelag

Julamøte på Bygdahuset onsdag 5. desember

kl 19.30.

Silje Sandanger kjem. Ho syng og spelar

for oss. I tillegg fortel ho litt om det som

opptek ho mest i livet hennar; relasjonar

og det å veksa opp som adoptert. Servering.

Lagsblad. Utlodning.

Ta med julepakke(100kr). Alle er velkomne.

Styret

Stavanger Bondelag

ønsker medlemmene velkommen til julegrøt

og god drøs, torsdag 6. des. kl. 19.30

på Betlehem.

Vel møtt!

Styret

Gjerding langs jernbanen

Rogaland Bondelag og bondelaga langs

jernbanen inviterer grunneigarane langs

jernbanelinja til møte om gjerdehald,

torsdag 6. des. kl. 19.30, på Helleland

grendehus.

Med oss har me blant anna samarbeidsadvokat

frå Vierdal advokatfirma, som fortel

om den relevante jussen, Øystein Langholm

Hansen frå stortingets transportkomité,

og advokat frå Noregs Bondelag.

Me ynskjer klar beskjed frå dei som opplever

problem med gjerdehaldet, slik at me

kan arbeide for ein betre løysing for alle.

Opent for alle.

Julebord med magi

Bjerkreim Bondelag og Bjerkreim Bygdekvinnelag

inviterer medlemmer m/partner

til julebord 14.12. kl.19 på Bjerkreim

Samfunnshus.

Magiker og humorist Kevin Lunde frå

Rundlurt på NRK , samt mange lokale innslag

underholder. Julemiddag og riskrem

av den beste sorten v/Geir Ove Versland,

400 kr pr. person.

Påmelding ved betaling med vipps til 917

29 184 (Liv Karin Strand), eller konto 3335

30 46972, innan 2.12. Snakk med Liv Karin

om du lurer på noko (917 29 184).

Velkommen!!!

Gjesdal sau og geit

Mandag 3. des skal vi ha grautmøte.

Møte blir i Dirdalhallen som i fjor, og starter

kl 19:30. Med på møte kommer Marit

Epletveit frå Bondelaget, og Stian Espedal

frå Nortura. Stian har og med boka si, og

vil snakke litt om denne. Blir og mulig å

kjøpe eksemplarer av boka.

Servering av risengrynsgraut og rømmegraut

m/spekemat. Saft og kaffi.

Velkommen til møte!

Styret

Bore bygdekvinnelag

Me lager ”julasnob”.

Sted: Bore samfunnshus, 10. desember

kl.18.00

Konditor Toralf Sele blir med oss. Servering

av julegrøt. Loddsalg. Pris kr 300.

Bindende påmelding v/innbetaling til konto

nr. 3290.07.73551 innen 1. desember. mrk.

innbet. med mailadresse eller mob.nr.

Velkommen.

Styret

Julemøte Høyland Gard

Nortura krets Hjelmeland, Strand og Forsand

invitere til julemøte med julemiddag

på Høyland Gard den 6. des kl 19.00.

Kjell Rakkenes frå administrasjonen vert

med og har innlegg.

Styret

Fruktberande bruk

Mange kan stadfesta at «eit stort bruk

har eit stort sluk». Både pengar, krefter

og mat går i sluket, og det går nok

med ein del frukt òg. Å eta «frukt og

grønt» er bra for helsa, men nokre

frukter skal me visst halda oss unna.

Dei er forbodne, og dersom du likevel

vågar eta dei, kan fylgjene verta leie.

Det verste er at «forboden frukt smakar

best», om me skal tru ordtaket.

Nei, då er det greiare å hausta fruktene

av ærleg arbeid, til dømes på ditt eige

mønsterbruk.

Samankoplinga av frukt og bruk er

ikkje gjord utan grunn. Frukt og bruk

har same opphav: Dei kjem av ei indoeuropeisk

rot som tyder ‘nyta, ha glede

av’. Mange av orda som kjem frå denne

rota, viser til landbruk eller landbruksprodukt.

Substantivet bruk (jf. landbruk,

småbruk) kjem herifrå, og det

same gjeld verbet bruka og ymse avleiingar,

som gardbrukar. Me nyttar ofte

bruka i den generelle tydinga ‘ha gagn

av, nytta’, til dømes når me talar om å

«bruka hamar og sag», «bruka vitet»

og «bruka føtene». Men bruka kan òg

tyda ‘ha til leveveg, driva, dyrka’, og det

er denne tydinga me finn i seiemåtar

som «bruka tre gardar», «bruka jorda»

og «bruka i tre år».

Ordet frukt kom til oss i mellomalderen

gjennom lågtysk frå latin fructus

(‘grøde, frukt; nytte, føremon, glede’),

som er i ætt med verbet frui (‘nyta’). Me

kan i grunnen seia at frukt har grunntydinga

‘det me nyt’. Nokre menneske

arbeider fulltid med å dyrka frukt, og

dersom mange personar i den same

bygda held på med det, står me andsynes

ei fruktbygd. Fruktdyrkarane har

eit strevsamt innhaustingsarbeid, for

det heiter seg at «dei beste fruktene

heng høgst».

Mange slags stegvise endringar vert

skildra ved hjelp av ord og seiemåtar

som opphavleg viser til planteriket. Me

seier at noko «veks fram», «slår rot»,

«blømer» eller «visnar». Ei frukt er eit

verdfullt og handfast resultatet av ein

lang voksterprosess, og me kan fint

bruka frukt om andre typar resultat.

Eit samarbeid kan «bera frukt(er)», og

ein diskusjon kan vera fruktlaus eller

fruktbar (eig. ‘som ber frukt, er fruktberande’).

Avleføre personar vert gjerne

omtala som fruktbare. Dei er mogne

og i stand til å få avkom. Dei kan rett

og slett bera frukt, og som me alle veit:

Eplet fell ikkje langt frå stammen. Tyder

det at born er nedfallsfrukt?

Kristin Fridtun, språkvitar og forfattar

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 27

FAGLAG OG MØTE

Rogaland

Sauakafé med riskrem

Sør-Jæren Sau og Geit inviterer til julemøte

og uformell ”sauadrøs” på Bjelland

bedehus på Brusand, onsdag 5. desember

klokka 19.30.

På programmet står ellers servering av

riskrem og småkaker, quis og informasjon

fra laget.

Alle er hjertelig velkomne!

Styret

Rogaland Sau og Geit

Foreløpig program - Fjelldagane 2019 til

Oppland, Spidsberg seter Hotel (http://

www.spidsbergseter.no) fra 1. – 5. august

Torsdag 1.8.: Fly fra Sola (kommer tilbake ang

oppmøtetid). Etter ankomst Gardermoen blir

vi hentet av busser. Vi tar en stopp i Lillehammer,

hvor vi spiser lunsj på Maihaugen og

eventuelt spasertur i byen. Etter lunsj kjører vi

til Spidsbergseter Hotel, hvor vi skal bo.

2.8.: Busstur til Sødorpfjellet (seterområde

med fjellovergang og utsikt til Rondane).

Videre til Lom, hvor vi spiser lunsj hos

Arne Brimi. Gardsbesøk hos Odd Arne

Myromslien på returen til hotellet.

3.8.: «Ut i det blå» med Pål Kjorstad, nestleder

i Norsk Sau og Geit. En del av programmet

denne dagen blir tur inn i beiteområdet/sætra

til Pål. Her blir det servert

lunsj. Spasertur på ca. en halv time. Anna

opplegg for de som ikke kan være med på

dette.

4.8.: Seminar på hotellet om diverse sauetema

i Oppland. Forhåndsopplevelse til

Per Gynt Spelet. Tur til Gålå på Per Gynt

Spel om kvelden.

5.8.: Hjemreis. Vi tar en stopp på Hadeland

Glassverk, hvor det blir servert lunsj.

Overnatting på hotellet:

Hotellet har rom inne og leiligheter med

stue, kjøkkenkrok, 2 soverom og 2 bad.

Pris: ca. 9.000,- ved 80 personer.

Dette inkluderer full pensjon, billetter til

Per Gynt Spelet,

Gardermoen-Spidsbergseter tur/retur og

alle utflukter.

Hotellet har svømmebasseng.

Flybilletter tur/retur kommer i tillegg.

Påmelding til: Leif Matnisdal: lematnis@

online.no, 918 86 165,

eller Torill Undheim: torill.undheim@nortura.

no, 957 92 107

TYR ROGALAND inviterer

til Ammekukurs

på Grand Hotell i Egersund 19. og 20. januar

Laurdag 19. januar:

Kl 11.00

Opning ved leiar i Tyr Rogaland, Inger

Johanne Bligaard

Kl 11.15 – 12.15

Fokusområder for Mattilsynet – v/Olav

Tørresdal Mattilsynet Region Sør og Vest

Kl 12.15 – 13.30 Lunsj

Kl 13.30 – 14.45

Marknaden for storfe om 5 år? Korleis

jobbar marknadsregulator opp mot storfe.

Totalmarked’s rettar og plikter. Ved Ole

Nikolai Skulberg frå Nortura Totalmarked SA.

Kl 15.15 – 16.30

Val av rase og driftsopplegg. Kvart raselag

presenterer sin rase og den’s fortrinn – og

kva driftsopplegg den passar for.

Kl 16.45 – 17.30

Paneldebatt med utgangspunkt i årshjulet

på ammeku, raseval og driftsopplegg. Ved

dagleg leiar i Tyr Oddbjørn Flataker.

Kl 20.00

Festmiddag, underhaldning med Arnt Olav

Klippenberg.

Søndag 20. januar:

Kl 09.30 – 10.30

«Grovfor 2020» - orientering om prosjektet

Grovfôr 2020, ved Anders Rognlien fra Yara

Norge AS Kl 10.45 – 11.30 Vinterfôr til

ammekua – dyrking og fôring. v/Ingrid

Møgedal NLR.

Kl 11.45 – 12.15

Ammekua og klimarekneskapen

v/Oddbjørn Flataker.

Kl 12.15 – 12.30

Presentasjon av Tyr, og kva medlemsfordelar

ligg i Tyr? v/Oddbjørn Flataker/

Inger Johanne Bligaard.

Kl 12.30 – 13.15 Lunsj

Kl 13.15 Årsmøte TYR Rogaland

Prisar:

Lørdag-søndag kr. 1700,- pr. person i dobbeltrom

inkludert fullpensjon/ enkeltrom

kr. 2000,- Dagpakkelørdag og søndag

kr.495 ,- pr. person pr. dag (NB! Ikke inkl.

middag lørdag kveld pluss 525,-)

Bindande påmelding innan 16. desember

til sekretær Karin Fuglestad mail: karin.

fuglestad@nortura.no. VELKOMEN TIL EI

FAGLEG, TRIVELEG OG SOSIAL HELG!!!

TYR Rogaland «Vi jobber for deg med interesse

for ammeku og kjøttfe!»

Varhaug og Søre Hå

Bondelag

arr. julemøte tirsdag 4. des. kl. 19.30,

Idrettshuset, sosiale rom, Varhaug.

Servering av riskrem.

Program: Rådmann og Fylkesmann kommer.

Alle velkomne!

Styrene

Kombivogn 2 x 4m

45.000,- + mva

Neste Bondevennen

kjem 7. desember

Bv 38

Bv 39

Bv 40*

Bv 1

Bv 2

7. desember

14. desember

21. desember

11. januar

18. januar

Fristen for annonsar er torsdag veka

før utgjeving.

* Bondevennen nr 40 har frist

tirsdag 11. desember

Gunnar Høien AS

Tlf. 900 79 400

GJØDSELTRANSPORT

• Gjødseltransport lastebil/semi

• Transport av maskiner, utstyr og fôr

• Graving og massetransport

Kontakt:

Andreas 934 09 411 / Jarle 907 96 144

28 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

FRÅ BONDE TIL BONDE

DIVERSE

Jærsk meierihistorie!

Me har 7 bord og 14 tilhøyrande

stolar som har vært brukt i

melkebaren på tidlegare Jæren

Meieri. Borda har rustfritt stål

nederst på beina og stolane har

messing nederst på beina.

Mål på bordplate er 60 x 120.

Lettstelt respatex og tre. Kan setjast

saman til langbord eller brukast som

tomanns-bord. Stolane har trukne

seter i kunststoff og tar liten plass.

Dette blei kjøpt på auksjonen etter

nedleggelsen.

Tlf. 900 93 313

MASKINER/UTSTYR SALG

Grimme kjøleanlegg fra 2010,

for grønnsaker/poteter, til salgs.

Ring 918 31 104

JORD ØNSKES LEID

Jord til grasproduksjon

ønskes leid i Sandnes-Klepp-Solaområdet.

Tlf. 404 97 634

Rubrikkannonsar under

«Frå bonde til bonde»

blir lagt ut gratis på

nettsida vår,

www.bondevennen.no

HØY/HALM/STRØ

Frøhøy, tørrhalm og

høyensilasje selges

Leveres med bil direkte på gården.

Tlf. 970 90 902

Frøhøy selges

Tlf. 952 93 457 / 905 65 247

Frøhøy, halm og amm.beh.

halm til salgs.

Tlf. 916 25 383

Grasballar for salg.

Tlf. 480 31 277

ARBEID UTFØRES

Saueklipping utføres

Glenn Torland, tlf. 98 66 26 25

For oppsett av gjerde

ring og få tilbud:

Veshovda Drift AS

/v Rolf Gravdal tlf 97 19 60 45

Hytter, innredning og utstyr for fôring

og stell av kalver. Tel. 908 26 618

www.godkalven.no

ÅPENT FJØS

- Sira -

ARRANGERES HOS:

John Skregelid

NÅR: Lørdag 8. desemeber kl. 11.00 - 14.00

Nesvik Landbruksbygg as

Leverandør av komplette landbruksbygg

• Betongarbeid

• Påbygg

• Nybygg

• Betongelement

• Rehab av fjøs

• Betongsaging

• Kjerneboring

• Meisling

• Stålsperr

• PVC dører-vindu

Stian Nesvik, 957 60 445 / E-post: stian@nesvik-lb.no

Sigmund Nesvik, 904 08 978/ E-post: sigmund.nesvik@gmail.com

HVOR: Sirnesveien 36, 4438 Sira

Kom og se flott nytt melkefjøs med:

• VMS melkerobot

• Fokusavdeling og kontrollert beiteslipp

• Innredning og profilert spalt, skraperobot

• TKS, stasjonært fullfôranlegg med

Easy feeder utfôringsvogn

• Isolert bygg med mekanisk ventilasjon

og gjødselkjeller under bygget

Vel møtt til fagprat!

Brannvarslingsanlegg

Vi leverer, monterer og tar service på FG-godkjent

brannvarslingsanlegg til landbruk. Vi tar årlig kontroll

av pulverapparater og brannslanger.

Ta kontakt for befaring.

Stian Stokka – Serviceingeniør brann

tlf 453 98 866 – post@stokka-brannteknikk.no

I samarbeid med:

BONDEVENNEN Nr. 37 - 30. november 2018 29

Solceller og batterier til landbruket

Meisling og utrensk av fjos for ombygging.

Rilling av gulv og spaltegulv.

Egil Håland 4360 Varhaug 51 43 04 94 / 41 69 96 17

www.Toppaland.com

Tlf: 905 56 907 / 405 50 644 www.kvernelandenergi.no

Opp?

Behov for lift?

Vi har utleie på Bryne,

Vigrestad og Harestad

i Randaberg.

Ring oss på 970 85 666

og nå nye høyder!

www.ekstralift.no

TRELAST

eikelsag@online.no

Tlf. 48 15 45 05/99 44 79 03

99 15 52 33

Vi utfører alt innen

bolig- og landbruksbygg

Nybygg - påbygg - rehabilitering

VI FORHANDLER ALT AV BYGGEVARER:

- Stålsperr - Limtre, stål og tre-åser

- Sandwichelementer - Eternittplater

- Plastmoplater - PVC vindu og dører.

Ta kontakt for pris.

Ta kontakt på telefon 991 57 987

oskar@vigrestadbygg.no

borge.meland@gmail.com

Mob.: 911 74 250

Vi leier ut minigravere

fra 1,7 til 2,6 tonn, med

eller uten fører hytte.

Meislehammer, steinklype,

hyggelige priser.

Ring 970 85 666!

www.ekstragraver.no

VI KAN

LANDBRUK!

Våre sertifiserte

elektrikere utfører

elkontroll og termografering

i landbruket.

Vi er DSB og

FG-godkjent.

www.ave.no - Tlf. 09543

Jærvegen 67, Nærbø

I tillegg til alle typer

betongsaging tilbys:

• KJERNEBORING

• MEISLING

• ALT I RIVING

Vi utfører rilling av

spaltegulv/oppsamlings

areal i fjøs, med

gode erfaringer.

Forleng beitesesongen

med tilleggsfôr

fra Rumenco

WWW.TILLEGGSFOR.NO

Tlf: 52 81 80 60 Tlf: 51 49 71 97 Tlf: 38 34 51 03

30 Nr. 37 - 30. november 2018 BONDEVENNEN

For innmelding av slaktedyr og livdyr, spørsmål om inntransport,

avregning, livdyrkjøp og andre henvendelser til Nortura,

ring Nortura medlemssenter på tlf. 48 12 04 00.

For levering påfølgende uke er innmeldingsfristen

tirsdager kl. 16:00, for webinnmelding

på Min side er fristen onsdag

morgen kl. 06:00.

Pris- og grunntilskotsendring på sau, lam og vêr etter nyttår

Konsernstyret har gjort

vedtak om uendra engrospris

på lam i fyrste halvår

2019. På grunn av prisnedtrappinga

gjennom sesongen,

kan ein justere opp

engrosprisen etter nyttår

for å koma ut med uendra

engrospris.

Betre marknadsbalanse på

lam gjer at ein også kan

redusere omsetningsavgifta

og grunntilskotssatsen blir

auka i februar.

Dato Veke nr Årsak til endring Endring

1. januar 1 Redusert omsetningsavgift (kr 0,90) og auka engrospris (kr 0,50) + kr 1,40

14. januar 3 Auka engrospris + kr 1,00

4. februar 6 Auka grunntilskot (kr 1,00) og auka engrospris (kr 1,00) + kr 2,00

25. februar 9 Auka engrospris + kr 1,00

22. april 17 Auka engrospris + kr 4,00

For sau er det stabil pris, men vi får ein auke i grunntilskotet frå nyttår med kr 1,10.

For vêr blir det ein grunntilskotsoppgang på kr 5,- frå 25. februar (veke 9).

Foto: Lisa Elvagjeng

Kolberg går av som

konsernsjef i Nortura

Konsernstyret har blitt enig med Arne Kristian

Kolberg om at han fratrer, grunnet manglende

resultatoppnåelse.

Nortura har det siste året ikke oppnådd de resultater

som styret har forventet. Konsernstyret har derfor

blitt enig med konsernsjef Arne Kristian Kolberg om

at han fratrer sin stilling. Visekonsernsjef Hans Thorn

Wittussen konstitueres som ny konsernsjef, mens

konserndirektør for produksjon, Lisbeth Svendsen,

konstitueres som ny visekonsernsjef.

Hele pressemeldingen kan du lese på våre nettsider.

Husk innmeldingsfrist

mot jul

For å kunne planlegge slakting og inntransport

på en god måte før jul er vi som vanlig

nødt til å framskynde innmeldingsfristene for

perioden.

Innmeldingsfristen er tirsdag 4. desember for slakting

i uke 50 og 51, unntak er småfe der fristen for

slakting i år gikk ut 27. november. Innmeldingsfristen

er fram til kl. 16:00 på tlf. 48 12 04 00, på Min side er

fristen påfølgende dag kl. 06:00.

Dyretransport og

transportdyktighet

Nortura har stor oppmerksomhet på at dyr

som sendes til slakt skal være transportdyktige.

Gjennom beskrevne rutiner for dyretransport

har vi tydeliggjort sjåførenes ansvar for å

vurdere om dyret/dyra er skikket til transport.

Mattilsynet er også opptatt av dette.

Sjåføren har ansvar for at dyra som tas om bord i bilen

er skikket til transport. I tillegg til sjåføren, har også

produsenten et selvstendig ansvar for at det kun er

dyr som er skikket til transport som sendes til slakt og

at sjåfør blir informert om eventuelle dyr med avvik.

Et godt samarbeid mellom produsenten og sjåføren,

og godt tilrettelagte opplastingsforhold, letter jobben for

sjåføren og reduserer risikoen for å gjøre feil.

Det er dyreeier som kjenner dyra best, og som kan

gjøre vurderinger av hvert enkelt dyr på forhånd, før dyrebilen

kommer.

Se mer om ansvar og retningslinjer under nyheter på

medlem.nortura.no.

KADAVERHENTING

Kundeservice Norsk Protein 941 35 475

Innmelding kadaver.norskprotein.no

Advarsel mot ensidig fôring

med ubehandlet halm og

frøhøy

Den lange perioden med tørke i store deler av

Nord Europa sommeren 2018 har som kjent fått

konsekvenser for grovfôravlinger, og det blir gitt

mye halm og frøhøy som erstatning.

Ubehandlet halm og frøhøy har lav fordøyelighet

og lavt innehold av tilgjengelig protein. Mikrobene i

drøvtyggernes vom har store problemer med å bryte

ned fiberen i halmen og nyttiggjøre seg nødvendige

næringsstoffer.

Flere titalls storfe er når dette er skrevet blitt syke etter

å ha fått mye ubehandlet halm, eller frøhøy. Av disse tilfellene

er, det vi kjenner til, ca. 15 voksne kjøttfe døde.

Obduksjonsresultater utført på flere dyr viser forstoppelse

i bakre mageavdelinger (bladmage og løpe) og

dyrene har som regel strøket med som følge av komplikasjoner

til forstoppelsen.

Se mer under siste nytt på medlem.nortura.no/storfe.

MEDLEMSBUTIKKER

Førde 57 83 47 49 / 948 38 141

Forus 52 87 78 24 / 959 48 785

Egersund 916 13 256

Sandeid 52 76 42 18

Voss 476 75 411

Bergen 482 61 442

Bergen (returslakt) 906 59 946 / 957 84 406

Sogndal 468 84 540

Julemøte på Haugalandet

Nortura arrangerer Julemøte i Vindafjordhallen,

Nedre Vats onsdag 12. desember kl. 19:30.

Program:

• Leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes

blir med og har tema:

Med FRP i regering har me fått eit meir

distriktslandbruk? Korleis kan distrikta utnytta

dette til eit positivt landbruk

• Informasjon og oppdatering frå Nortura

Servering av julemeny m/tilbehør.

Påmelding seinast 7. des. på tlf. 971 65 537 / 52 76 41 19 /

52 76 42 23

Prisendringer

Fra mandag 26. november reduseres avregningsprisen

for sau og ung sau med kr 4,00

per kg. Det skyldes endringer i engrospris og

grunntilskudd.

NØDSLAKT

Telemark og Aust-Agder 416 18 622

Sør Rogaland/Vest-Agder +

Dalane utan Bjerkreim 478 73 179

Sør-Rogaland (Eigersund/Forus) 480 11 600

Nord-Rogaland (dagtid) 480 99 248

Nord-Rogaland (kveld/helg) +

Bergen og Hardanger 977 52 537

Resten av Hordaland 482 88 105

Sogn og Fjordane - Sogn 992 27 133

Sogn og Fjordane - Nordfjord sør

for Nordfjorden inkl. Stryn sentrum

til Oppstryn + Sunnfjord 992 27 133

Sogn og Fjordane – Nordfjord

nord for Nordfjorden og Sunnmøre 977 75 210

Romsdal og Nordmøre 975 75 137

Redaktør for Nortura-sidene: Svein Bjarne Sommernes svein-bjarne.sommernes@nortura.no

Returadresse:

Bondevennen

PB 208, sentrum

4001 Stavanger

Gode fiberrike

kraftfôrløsninger

Et krevende grovfôrår kan håndteres med fiberrike kraftfôrløsninger

FORMEL har kraftfôrtyper som kan erstatte inntil 50% av grovfôrmengden.

Selv med lite grovfôr, er det derfor mulig å opprettholde full husdyrproduksjon gjennom vinteren.

For dyras helse og produksjon er det viktig med nok fiber i totalrasjonen.

Dyreslag Kraftfôrtype Kommentar

Mjølkeku

FORMEL Fiber Elite

FORMEL Fiber Grovfôrmangel

Anbefales ved 20-30% grovfôrmangel

Anbefales ved 30-50% grovfôrmangel

Okse FORMEL Biff Intensiv Anbefales ved intensiv fôring (6-10 kg/dag)

Ammeku

FORMEL Fiber Grovfôrmangel/

FORMEL Biff Intensiv

FORMEL Ammeku Konsentrat

Kan gis for å dekke opp energibehovet ved redusert

tildeling av grovfôr (1-6 kg/dag)

Gir ekstra tilførsel av proteiner og mineraler i for

eksempel halmbaserte rasjoner

Sau FORMEL Sau Intensiv Anbefales ved reduserte grovfôrmengder/lite fiber i

rasjonen (opptil 0,7 kg/dag gjennom vinteren)

Geit FORMEL Biff Intensiv Kan benyttes som en del av fôrrasjonene for å erstatte grovfôr

Ta kontakt med en av våre konsulenter på kraftfôr for gode tips om fôring.

fkra.no - ordretelefon 994 30 640

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!