06.12.2018 Views

Bv3818

• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Årgang 121 • Nr. 38 • 7. desember 2018

120 år

2 018

1898

Balansert kost,

takk!

En smartere

griseproduksjon

Økt lønnsomhet med Format Vekstmodell

Alle Format-kunder tilbys nå Format Vekstmodell

som er et nytt web-basert oppfølgingsverktøy for

slaktegrisprodusenter. Med Format Vekstmodell

øker du kunnskapen om dyras tilvekst gjennom

hele innsettet, og kan optimalisere fôringen

slik at kostnadene blir mindre samtidig som

slaktevekten er optimal.

Kontakt din fagkonsulent

for å komme i gang

kostnadsfritt.

Nyhet!

fkra.no - ordretelefon 994 30 640

LEIAR LANDBRUK, POLITIKK OG SAMFUNN

Nortura i drift

Bothild Å. Nordsletten

bothild@bondevennen.no

Hjørnesteinen Nortura er kringsett av

utfordringar. Ei siste oppdatering på problema

i slakterisamvirket fekk me då

konsernsjef Arne Kristian Kolberg nyleg

måtte gå grunna manglande resultat.

Driftsresultatet for andre kvartal er

svekka med 132 millionar på eit år. Selskapet

sparar og permitterer, men eigarane

ser lite til innsparingane. Overproduksjonen

kostar millionar. Overgangen

til grossistdistribusjon har vore eit pengesluk

og nytt IT-system trøblete. Produsentar

og forbrukarar ergrar seg over

mangel på Nortura-produkt i butikkhyllene

medan kjøtforbruket generelt går

ned og folks tillit til norsk mat er svekka.

Stoda er alvorleg.

Problema i Nortura forsvinn ikkje med

Kolberg, like lite som ein ny konsernsjef vil

kunne svinga tryllestaven og endra kurs

over natta. I førre utgåve av Bondevennen

forsikra styreleiar Trine Hasvang Vaag

lesarane om at samvirket har ein plan og

er i gang med å gjennomføre ein strategi.

Sal og inntekter skal opp, medan talet på

tilsette skal ned, får me vita. Men det blir

ingen revolusjon, påpeiker styreleiaren.

Med tanke på uføret Nortura finn seg i,

spørs det om ikkje tida nettopp er inne

for radikale tankar og handlekraft. Hasvang

Vaag vil satsa meir på alternative

salskanalar. Det er sikkert lurt. Kvifor

ikkje også etablera ein bondeeigd daglegvarekjede?

Slike idear er det opp til

dei 19 000 bøndene som eig samvirket å

diskutera, og å avgjera. Skal dei redda

skuta si, må dei i alle fall koma sterkare

på bana no.

– Du har aldri ein dårleg organisasjon

utan dårlege eigarar. (...) Det er alltid

grunn til å spørje om eigarutøving i

sånne tilfelle som dette, sa landbruksøkonom

Ivar Pettersen til Nationen etter

Kolbergs sorti.

At eigarengasjementet har dabba av sidan

konserndanninga i 2006 er ei kjensgjerning.

Komplekse finansieringsmodellar

og utskiljing av dotterselskap har

truleg undergravd kjensla av kontroll,

medan svevande konsernspråk kan

framandgjera sjølv det mest ihuga samvirkemedlem.

Like fullt. Skal Nortura halda fram med

å vera den viktige hjørnesteinen i distrikta,

i landbruket og næringsmiddelindustrien,

då må fleire eigarar gjera seg

høyrde og vera med på å staka ut kursen

framover.

Engasjement aleine kan ikkje redda

Nortura, men utan endå meir aktive eigarar

blir samvirket sin eigenart svekka

og skuta dømd til å driva for vêr og vind.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 3

REDAKTØR

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten

bothild@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 60 / 990 01 012

REDAKSJONEN

Sjur Håland (red. leiar)

sjur@bondevennen.no

Telefon: 51 88 73 44 / 982 09 381

Liv Kristin Sola

livkristin@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 64 / 941 78 096

Jane Brit Sande

janebrit@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 63 / 976 01 972

GRAFISK

Thea Hjertuslot

thea@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 65

ANNONSAR

Grete Botnan

grete@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 61

ABONNEMENT

Ann Solfrid Woldmo

ann@bondevennen.no

Telefon: 51 88 72 61

ABONNEMENTSPRIS 2018

kr 1100,-

Ilan Sharoni: Teikningar

Ålgård Offset AS: Trykk

BLI FAST ABONNENT

AV BONDEVENNEN!

Desember er gjerne månaden for nostalgi. I Bondevennen sitt arkiv, finns det rikelig

av slikt. I farne tider var det oftast kvinnene som mjølka, medan mennene stelte

hestane. Denne kvinna har teke på seg mjølkefrakken og eit høveleg hovudplagg. Ho

sit på mjølkekrakken og har låst mjølkebøtta mellom knea i tilfelle kua sparkar. Mjølkekrakken

var standard utrustning i alle fjøs. Katten like så. Kyrne er gullande reine.

I dette fjøset, med innreiing, golv og renner av tre, er reinhaldet så godt at katten kan

sitja i renna og intenst venta på den etterlengta mjølkeskvetten.

UTGJEVAR

Bondevennen SA

Sandvikveien 21, Hillevåg

Postboks 208 sentrum,

4001 Stavanger

Telefon:

51 88 70 00 (sentralbord)

51 88 72 61 (9.00-15.30)

E-post:

post@bondevennen.no

Internettadresse:

www.bondevennen.no

Bankgiro:

3201.05.11916

EIGARAR:

Felleskjøpet Rogaland Agder

Nortura SA

Tine SA

FRÅ ARKIVET

For 50 år sidan

Vereringar

Det er merkeleg med denne saueavlen.

Her har ein diskutert vereringar i snart

6-7 år, intenst kvar haust så snart utstillingane

begynte til langt fram på vårparten.

Ein skulle tru at emnet nå var utdebattert.

Men slik er det ikkje. Var det stor

interesse i fjor, har interessa vore ennå

større i år. Er det forresten rett å tala

om interesse i denne samanhengen? Er

det ikkje helst kritikk som nå kjem til uttrykk?

Frå BV 48/49 - 1968

For 100 år sidan

Sørgelig melkeproduktion

Vor melkeproduktion er i de forløpne

krigsaar kommet i en sørgelig forfatning,

og vi tænker da ikke bare paa de

øieblikkelige følger av en for knap fôring.

Verre endda er det, er der mange steder

har været fôret saa unormalt og naturstridig,

at dyrene kan ha faat varig men

av det. Saa kommer ogsaa det til, at selv

på meierier med kvalitetsbetaling vil den

i forhold til melkeprisen meget lave værdiforskjel

paa meget fet og meget mager

melk gjøre, at folk bryr sig forholdsvis

litet om at skaffe god melk.

Frå BV 49 - 1918

4 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

HØYR!

Årgang 121 • Nr. 38 • 7. desember 2018

120 år

2 018

1898

«Om du har gjeld

over to millionar

er tiltaket

uinteressant.»

Balansert kost,

takk!

Heilt perfekt!

Smågrisprodusent Knut Haugland er stornøgd med

Omsetningsrådet si avgjerd om utkjøp av purker.

Bothild Å. Nordsletten

Framside: Nok energi og protein i

rasjonen er viktig for å sikre god

dyrehelse i krevjande fôrår.

Foto: Liv Kristin Sola

DENNE VEKA I BONDEVENNEN

REPORTASJAR

Med garden som drivkraft......................... 10

Potetene flaut vekk – bygde

ammekufjøs i staden................................. 20

– Heilt perfekt, eg har veldig trua på dette.

Bondelaget og Nortura har gjort ein

svært god jobb. Dette blir ei nullstilling

av overproduksjonen. Me får også etter

kvart fleire moglegheiter til å regulera

smågrisproduksjonen. Det har me aldri

hatt før, seier smågrisprodusent frå Bø

i Telemark, om Omsetningsrådet sitt tiltak,

som vart kjent i førre veke.

– Utkjøpssummen kunne vore høgare,

meiner Haugland.

– Men det viktigaste er at me no får

sjansen til å kjøpa ut produsentar, som

uansett skulle slutta. Med ei ny og svært

effektiv purke, og utan reguleringsmoglegheit

på smågris, har me kome i

ein vanvitig vanskeleg situasjon. Heile

norsk svinenæring er i ferd med å gå utfor

stupet. Det måtte gå galt ein dag, så

lenge purketalet ikkje blir regulert ned i

takt med effektivitetsbetringa. Når salet

samstundes blir redusert, så er dette tiltaket

heilt naudsynt.

Haugland sjølv kjenner ingen som har

tenkt å nytta seg av utkjøpsordninga, og

meiner heller ikkje at den er for alle.

– Om du har gjeld over to millionar er

tiltaket eigentlig uinteressant. Dette tiltaket

er for produsentar med nedbetalte

hus. Eg er usikkert på kor mange som

slår til. Det er jo ikkje mange som driv

med dette i dag, fordi dei ikkje må...

– Ser du ulemper med tiltaket?

– Nei og ja. Det vil alltid vera ulemper.

Det er ikkje alle som likar at du skal kjøpe

ut mindre besetningar for at dei store,

på sikt, skal halda fram. Ein dag blir det

jo behov for nye produsentar, og det kan

føre til ei sentralisering. Men det nyttar

ikkje å tenkja framover på den måten.

No er det berekraftig økonomi som gjeld,

og det er berre ein måte å gjera det på,

og det er å starte med å slakte ut 4000

purker.

Haugland er overtydd om at færre

purker vil styrka økonomien i næringa.

– Det er god økonomi i dette utkjøpet,

me vil få prisane opp att. 4000 purker tilsvarar

150 000 smågris. Me får eit heilt

anna utgangspunkt for å halda svineproduksjonen

i balanse att. Så må vektene

opp på 83-85-kilo. Det er her den beste

økonomien ligg for slakteri og produsent.

– Du er ikkje uroa for at mindre røktarar

i distrikta gir seg, og at berre dei store og

sentrale bruka held fram?

– Jau, det er ein risiko, ingen tvil om

det. Men dette burde me ha tenkt på før

me kom i denne stoda. Eg er veldig kritisk

til at Norsvin har vore såpass bakpå

med å ta tak i dette. Så lenge Nortura ikkje

rår over marknadsreguleringstiltak,

så er det næringa sjølv som må ta tak.

Eg påstår at næringa ikkje har gjort det.

AKTUELT

Uansvarleg høyringsutkast........................ 6

Dannar grunneigarlag før E39-landing..... 8

Jord: planet-reparering på gardsnivå....... 24

Handlar om ny forståing, ikkje teknikk..... 26

FAGLEG

Fôrplanlegging med E-dairy...................... 14

Danske kalveråd til norske bønder............ 16

God fôring – ein balansekunst................... 18

DESSUTAN

Attlegg........................................................ 13

Bier + blomster = mat?.............................. 22

Lesarbrev................................................... 27

Faglag og møte.......................................... 28

VEKAS SITAT

«En kalv som får

rikelig med mat av

god kvalitet og har

god liggeplass er

innstilt på et liv i

overflod og vil utnytte

hele sitt potensial.»

HENRIK LÆSSØE MARTIN

SIDE 16

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 5

AKTUELT I LANDBRUKET

Uansvarleg høyringsutkast

Pelsdyrbøndene fortvilar over den moglege erstatninga som blir

føreslege i høyringsutkastet til lova om avvikling av pelsdyrnæringa.

– Statsråd Hoksrud tar ikkje ansvar, seier Leif John Haugstad.

Sjur Håland

– Dette er ei uverdig langpining av folk

som ligg nede. Eg les høyringsutkastet

som om at styresmaktene prøver å koma

frå nedlegginga av pelsdyrnæringa med

så lite utgifter som råd, seier Haugstad.

365 millionar

Kva er verdien på to arbeidsplassar, ein

heim og eit strigla produksjonsapparat

med 1450 minktisper? Regjeringa legg

opp til ein samla kompensasjon til pelsdyrnæringa

på 365 millionar kroner til

fordeling på kring 200 pelsdyrbruk. Det

er eit godt stykke frå 2,3 milliardar kroner,

som er anslaget frå pelsdyrnæringa,

basert på tal frå Oslo Economics og

Samfunnsøkonomisk Analyse.

Garden til Elin og Leif John Haugstad

ligg på Haugland på Vigrestad i Hå. Etter

at dei selde huset i byggefeltet og tok

over garden frå ein sambygding i 2014,

har dei strevd med glede i arbeidet for å

bygga seg ei framtid som bønder. Dyrka

jord og beite var i ei dårleg forfatning.

Det same galdt bygningane. Dei to hadde

ei formidabel oppgåve.

Levebrød for to

– Me har renovert eigedomen, bygd nytt

våningshus og etablert ein minkfarm.

Det har vore mykje strev, men det har

vore meiningsfylt. Me skaffa oss eit levebrød

for to. No kjem staten inn og øydelegg

alt for oss, seier Leif John, og får eit

stadfestande nikk frå Elin.

Gardsbruket er lite. Av arealet på 100

mål, er 30 mål dyrka. I fjøset er det plass

til ti kyr. Mjølkekvoten er på 40.000 liter.

Kyrne utløyser ein del i tilskott, og mjølkeoppgjeret

bidreg til at det kjem inn

jamlege beløp på kontoen. Men det er

pelsdyrproduksjonen som er bærebjelken

på garden.

– Sjølv i inneverande år, som er eit år

med dårlege prisar, syner rekneskapen

hjå Elin og Leif John at pelsdyrproduksjonen

kjem til å utgjera to tredjedelar av

næringsgrunnlaget, illustrerer Asbjørn

Voll frå Hå Rekneskapslag, som møter dei

to bøndene saman med Bondevennen.

Fell i grus

Mykje tyder på at bærebjelken forsvinn,

noko dei to alt har byrja å ta høgd for. I år

har dei for første gong ikkje kjøpt inn nye

avlsdyr for å bygga opp kvaliteten på dyra.

– Framtidsplanane fell rett og slett i

grus. Eg har gått på jordbruksskule og

satsa på garden. Me skulle investert i

meir mjølkekvote og rusta driftsbygningen

for lausdriftskravet på ein fornuftig

måte. Det kan me berre gløyma, seier

Leif John.

365 millionar delt på kring 200 pelsdyrbruk

blir småpengar i høve til dei reelle

kostnadane med avvikling, i følgje

dei to bøndene.

– I høyringsforslaget er det sett av 50

millionar kroner til riving. Det har eg rekna

til å bli 160.000 kroner hjå oss. For

Asbjørn Voll

det beløpet skal huset vaskast grundig,

betongen skal meislast og stålet plukkast

ut, medan treverk og bur skal rivast

og skiljast før alt skal destruerast på lovleg

vis. Dette heng sjølvsagt ikkje i hop,

seier han.

Milliongjeld

Minkhuset frå 2013 har plass til 1450

avlstisper. Med stor eigeninnsats i botn,

er restgjelda etter investering i bygning,

utstyr og dyr no på tre millionar kroner.

– Dette er eit kjerneeksempel på ein

liten gard kor det har vore mogleg å skapa

to arbeidsplassar med grei inntekt.

Bøndene på denne garden er dyktige og

legg sjela i arbeidet. At det nå ser ut til

å koma eit forbod der erstatningsbeløpet

ikkje ein gong dekker gjelda, er horribelt,

seier Voll.

Hå Rekneskapslag fører rekneskapen

for ti minkfarmar i Hå kommune. Voll

held fram at det bør takast takst på den

einskilde garden, for å få fram det reelle

tapet eit forbod mot pelsdyrhald vil få.

Vil eventuelt justere forslaget

Bondevennen har vært i kontakt med

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud,

som svarer følgende i en e-post:

Landbruks- og matdepartementet

har sendt forslag til lov om forbud mot

hold av pelsdyr på høring. Med dette

høringsforslaget følger regjeringen

opp Jeløya-plattformen der det ble

varslet at regjeringen ønsker å gjennomføre

en styrt avvikling av pelsdyrnæringen.

For meg har det vært viktig å sikre

god fremdrift i denne prosessen, for å

sikre at de bøndene som nå lever med

usikkerhet kan få nødvendige avklaringer

raskest mulig. Flere pelsdyrbønder

har vært tydelige på at disse avklaringene

må raskt på plass. Og jeg har stor

sympati med de bøndene som nå står i

en vanskelig situasjon.

Høringsnotatet beskriver samtidig

et forslag til en ordning for økonomisk

kompensasjon til pelsdyroppdrettere

som rammes av forbudet. Begrunnelsen

for forslaget om kompensasjon og

innretningen på ordningen er omtalt i

høringsnotatet. Når høringsfristen er

ute vil jeg vurdere alle høringsinnspillene

og eventuelt justere forslaget. Etter

dette vil regjeringen fremme saken

for Stortinget som endelig må vedta

dette.

6 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

– Då hadde det blitt nett som ei ekspropriasjonssak.

Det finns takstfolk

som kan dette. Om styresmaktene verkeleg

vil leggja ned ei så oppegåande

næring som dette, må dei gjera skikkeleg

opp for seg, meiner han.

Ikkje alternativ

Kva som trengs i kroner og øre for å erstatta

inntektstapet og to tredjedelar

av livsgrunnlaget, har ikkje Elin og Leif

John klart svar på. Det dei veit er at garden

ikkje er stor nok, og at marknaden

ikkje har plass til meir egg, slaktekylling,

svin eller sau. Å bruke huset til anna, er

lite aktuelt. Leif John fnys av enkelte forslag

som handlar om blomar i veksthus,

soppdyrking i kaffigrut eller vindruer.

– Bygningen er konstruert for mink.

Han kan ikkje brukast til anna. Innreiinga

er ein del av konstruksjonen, forklarer

han.

– Eg vil heller ha tre millionar kroner

i gjeld enn å miste arbeidet. Eg er glad i

dyr, det er pelsdyrproduksjon eg og Leif

John har satsa på. Utdanning i andre yrkje

har eg ikkje, det er dette eg vil, seier

Elin.

Inntekt til to

Elin og Leif John er viljuge til å syna fram

nokre av tala, for å illustrera kva verdiar

pelsdyrproduksjonen på garden representerer.

Mjølkekuproduksjonen gir eit

årleg overskot på 230.000 kroner. I år

vil pelsdyrproduksjonen truleg enda på

eit overskot på 430.000 kroner (eit godt

resultat i lys av dei låge skinnprisane).

Om ein reknar eit snitt basert på år med

gode og dårlege skinnprisar, gir pelsdyrproduksjonen

eit årleg overskot på rundt

ein million kroner. Eit beløp som skal

brukast til renter, avdrag og løn til dei to

bøndene.

– Om me ikkje tar for godt i, kan me

seia at for å dekka restgjelda på tre millionar

kroner og to års inntekt til å dekka

omskulering og turvande investeringar

i kufjøset, som me elles ville finansiert

med minken, vil minstebeløpet me treng

som ein konsekvens av forbodet vera

Lever av liten gard: Elin og Leif John Haugstad driv gard på Jæren. 40.000 i mjølkekvote og

1450 avlstisper sikrar arbeid og grei løn til begge to. Dei treng minst 5 millionar kroner frå

Staten for å kunna manøvrera vidare dersom det kjem eit forbod mot pelsdyrhald.

fem millionar kroner, seier dei to.

Pelsdyrfarmane er både arbeidsplassar

og heimar for bøndene, Asbjørn Voll

erfarer at forbodet som ser ut til å koma,

skapar store bekymringar også utanom

rekneskapa.

– Eg går nok i mi eiga boble og grublar

mykje av dagane, innrømmer Leif John.

– Har de håp om å få kompensert for

slike påkjenningar?

– Nei, slikt finns det nok ikkje dekkande

tal for, seier dei to.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 7

AKTUELT I LANDBRUKET

Dannar grunneigarlag før E39-landing

Statens vegvesen er i ferd med å landa traseen for ny E39 mellom Lyngdal og Ålgård.

Nå organiserer grunneigarane i Rogaland seg for å få ei hand på rattet før siste

streken blir sett på kartet.

Sjur Håland

Siste høyringsrunden nærmar seg med

stor fart. Gigantprosjektet handlar om

kring 100 kilometer firefelts 110 km/t

høghastigheitsveg. Traseane er smala

kraftig inn i høve til då prosessen starta.

Frå 2 kilometers breidde, er det nå snakk

om justeringar for å finna ut kor vegen skal

leggast innafor korridorar på 400 meter.

Minst fotavtrykk

Innan Rogaland sine grenser står det

reelt om to traseval, kor Statens vegvesen

sin favoritt er den såkalla R1. Med

363 dekar dyrka mark, 530 dekar innmarksbeite,

300 dekar skog og 136 dekar

dyrkbar mark, vil R1 i følgje vegvesenet

gi det minste fotavtrykket når det gjeld

landbruk.

I grendehuset på Helleland fekk 140

bønder informasjon om prosjektet, og

advokatråd for korleis ein best kan opptre

fram mot endeleg traseval – og fram

til Nye Veier AS står på trammen for å

forhandle om grunnavståing.

Over nyåret kjem Statens Vegvesen

med si tilråding, før vegplanen blir lagt

ut til høyring på vårparten.

– Den jobben skal me prioritere. Det

blir ei travel lemming, kommenterte Marit

Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

Engasjement er viktig

Advokat Elisabeth Nygård i advokatfirmaet

Haver tilrådde grunneigarane å

vera på banen framover.

–Engasjement er viktig. Det er smart

å samordna interessene. De grunneigarar

må utfordra lokale og sentrale politikarar

og vera tidleg ute med gode og

saklege argument, sa ho.

Bondelaga i Gjesdal, Bjerkreim, Helleland

og Lund har no personsonar i eigne

interimsstyre for grunneigarlag som

skal sjå på korleis grunneigarlaga skal

organiserast vidare.

–Alle som blir involvert, blir inviterte

til å vera med i grunneigarlaget i kommunen

sin, fortel Bente Gro M. Slettebø,

bonde og grunneigar i Bjerkreim og styremedlem

i Rogaland Bondelag.

Vil rusta grunneigarane

– Kva vil de oppnå, vegen kjem vel uansett?

– Rogaland Bondelag ser at prosjektet

8 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

Kart: Innafor ein av desse tre

400 meter breie korridorane

skal E39 liggja. Statens vegvesen

held førebels ein knapp på R1.

Kart frå Statens vegvesen si heimeside.

er stort og omfattande. I vår tid har me

ikkje opplevd eit så stort eigedomsinngrep

som dette i Rogaland før. Me treng

å utstyra grunneigarane med dei turvande

verktøya for at landbruket og bøndene

blir så lite skadelidande som råd.

Det er avgjerande viktig framover at

grunneigarane får oppdatert oversikt og

er med i prosessen inn mot målgang, meiner

Slettebø. Ho held fram at det statlege

selskapet Nye Veier AS arbeider hurtigare

enn Statens vegvesen, og at det gjeld for

bøndene å vera vakne og på hogget.

– Det er ikkje mange grunneigarar

som har vore involvert i slike prosessar

før. Me treng å vera budde og å vita kva

som skal gjerast til ei kvar tid.

Perfekt tima

–Er de eigentleg litt seint ute med denne

organiseringa?

–Dette var perfekt timing. Me får tilbakemelding

på at me heller er tidleg

ute, sidan me ikkje heilt veit kva trase

som til sjuande og sist blir valt. No får

me uansett tid til å organisera oss grundig

før høyringsrunden startar.

Interimstyra skal kalla inn dei råka

grunneigarane i dei respektive kommunane.

Då skal det også veljast formelle

styre for grunneigarlaga, som får oppgåvene

med å ivareta grunneigarane sine

interesser framover.

–Då vil me også få ein oversikt over

kor mange bønder som blir råka av vegprosjektet,

det har me ikkje heilt oversikt

over no, seier Slettebø.

Ho er innstilt på at ein del kamelar må

svelgjast framover for alle som må avstå

grunn til vegen, og for alle som brenn for

jordvern og landbruk.

–Men me vil svelgja dei kamelane

med minst hår, illustrerer ho.

I front for grunneigarane:

Rogaland Bondelag har teke initiativ til at

Gjesdal, Bjerkreim, Helleland og Lund har

etablert eigne grunneigarlag for å ivareta

landbruket og enkeltbønders interesser fram

mot vedtaket om ny E39, som er venta i løpet av

neste år. Bente Gro M. Slettebø er styremedlem

i fylkeslaget og ein av pådrivarane.

Riv i hjarta

Fire felts motorveg langs den opphavlege

«kjerrevegen» som svinga innom alle

plassane der det budde folk, er vanskeleg

å svelgja.

–Ja, det riv i hjarta. Trafikkgrunnlaget

sør for Ålgård er jo avgrensa. Ei løysing

med to og trefeltsveg, som også Rogaland

fylkeskommune gjekk inn for, hadde

vore betre.

Grunneigarlaga er skipa for at eigarane

skal koma best mogleg ut av det

ved å spela inn behov og løysingar for

eigne bruk.

–Det blir vidare grunneigarlaga si

oppgåve å nå fram med felles bodskap,

støtte kvarandre og løfta fram gode lokale

løysingar. I enkelte tilfelle vil det framleis

vera aktuelt for enkelte grunneigarar

å koma med eigne innspel i prosessen,

understrekar ho.

Slettebø karakteriserer nye E39 som

ei alvorleg sak for ressursgrunnlaget og

jordvernet i Rogaland. Det blir nye bataljar

framover.

–For eksempel dobbeltspor på Jærbanen.

Me må vera vakne og hausta av dei

erfaringane me gjer no til liknande små

og store prosjekt. Rogaland Bondelag har

opparbeidd seg eit godt kontaktnett, som

må haldast varmt. Det gjer vondt når areal

vert lagt under asfalt og betong. Når storsamfunnet

sine interesser presser på, kan

me kjenna oss små. Men me kan aldri tillate

oss å berre stå og sjå på, seier ho.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 9

Førde

Sogndal

GARDSREPORTASJE

Bergen

Erik og Anne Dahl driv gard med mjølkeproduksjon

og framfôring av oksar, samt

produksjon av ved og juletre i Bamble

kommune i Telemark. Dei har fire vaksne

born.

Mjølkekvota er på 186 tonn. Totalt har

bøndene 550 mål dyrka mark disponibelt.

198 mål høyrer til garden. Arealet består av

fleire små teigar, dei fleste under 20 mål.

Stavanger

Valle

Tønsberg

Skien

Bamble

Arendal

Sel ved: Erik sel mykje ved til privatpersonar. Veden er frå eigen skog.

Med garden som drivkraft

Bamble-bonden Erik Dahl har møtt fleire utfordringar på sin veg.

– Garden må alltid vere på stell, det er den som er drivkrafta mi, seier han.

Jane Brit Sande

Etter fem år som leiar i Bamble Bondelag,

har Erik Dahle gitt stafettpinnen

vidare. I løpet av leiarperioden hans har

lokallaget blitt kåra til årets lokallag i

Telemark fire gonger, og årets lokallag i

Norge éin gong.

– Det er ei tid for alt, og ein leiar skal

ikkje sitte for lenge, seier Erik.

Bonden har hatt eit eller fleire verv

kvart einaste år sidan han tok over garden

i 1991.

– Men aldri meir enn eit arbeidskrevjande

verv om gongen, for elles går det

utover arbeidet her heime. Garden må

alltid vere på stell, det er den som er

drivkrafta, seier han.

Før og etter

Det er eit skifte i Erik sitt liv: Før og etter

ulukka. Ein vårdag i 2015 var han ute

og køyrte på motorsykkelen. Ein bilist

tok ein U-sving, og trefte Erik. Trøpedalen

gjekk gjennom ankelen. Han mista

mykje blod.

– Eg hugsar det veldig godt. Men du

skal vite at eg søv godt om natta og eg har

vore på motorsykkelen igjen, seier Erik.

Han takkar familien for hjelpa han

fekk i tida etter ulukka. At Anne, ungane

og fleire andre stilte opp var heilt essensielt

for bonden.

– Bror min har også vore ein ressurs

sidan første dag, og vore uvurderleg si-

10 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

«Skal en bli høyrt, er det ikkje nok å berre

stille opp når ein skal seie nei.»

ERIK DAHLE

dan. Kvar dag er han innom garden, etter

at han har kome heim frå eige arbeid,

seier den takksame bonden.

Erik bestemte seg tidleg for at han ikkje

skulle bære nag eller irritere seg over

det som skjedde. Trass i alt han har vore

gjennom, omtalar seg sjølv som heldig.

– Etter kollisjonen hugsar eg at eg

låg der og tenkte «dette er ikkje bra». Så

kom det ein eldre mann og sa: Eg er lege,

eg skal hjelpe deg. Det var avgjerande

for utfallet, ingen tvil om det.

Trent seg opp att

Først no, tre år seinare, synest Erik at

han begynner kome i form igjen. Han var

sengeliggande i fleire månadar. Det som

eingong var ein sterk kropp, bygd opp av

tiår med fysisk arbeid, var berre eit svakt

minne.

– Eg trong ei veke på å trene meg

opp til berre å stå oppreist. Etter eg kom

heim starta den verkeleg tunge jobben.

Stolar stod strategisk plassert rundt i

gardstunet, slik at eg alltid hadde høve til

å ta ein pause når eg trong det.

– Eg er sta og har godt humør. Det er

to gode ting i ein slik prosess, seier han.

Smertene har Erik med seg heile tida.

Det er berre når han sit i ro eller ligg

strekk ut at han får eit avbrekk. Amputasjon

av foten er ein moglegheit, men

noko han vil vente så lenge han greier.

– Men det er mange ting som er verre

enn å i tilfelle miste eit bein. At eg søv

godt er avgjerande, så skal eg heller halde

ut når eg er vaken, slår han fast.

Små endringar i drifta

Det er gjort små, men naudsynte endringar

i drifta på garden etter ulukka.

Ammekyrne er fasa ut. Erik og Anne

hadde juletre på slektsgarden til Anne i

Sauherad, i tillegg til juletrefelt heime i

Bamble. Garden i Sauherad har den eine

dottera tatt over. Førebels greier han å

følgje opp juletreproduksjonen heime.

Det høyrer også ein del skog til garden.

Erik hyrer inn ein deil arbeidskraft, både

i skogen og på garden. Han kan heller ikkje

hogge juletrea sjølv.

Gjer fortsatt jobben: Både båsfjøset og den gamle sveivevogna gjer fortsatt jobben.

– Om ikkje kroppen alltid er på lag,

har eg i det minste blitt god på organisering,

seier Erik.

Små og rå

Bamble Bondelag tel ikkje meir enn 135

medlemmer. Lokallaget har likevel blitt

kjend for sitt arbeid opp mot politikarane

og lokalmiljøet.

– Me har opparbeida gode kommunikasjonslinjer

frå bøndene og inn til kommunestyret,

administrasjon og politikarane.

Med tida har me greidd å etablere

god kontakt med alle partia her i kommunen,

seier Erik.

Det politiske arbeidet har stått høgt

på agendaen i fleire år. At Landbruks- og

matminister Bård Hoksrud sjølv kjem frå

Bamble, veit laget å spela på. Erik fekk

statsråden til å stille opp på lokallaget

sitt årsmøte i år.

– Me minna han på kva som er viktig,

og at han må framsnakke landbruket,

seier Erik.

– Me snakka om at Norge har eit

variert landskap, med variert bruksstruktur,

om rekruttering, og om jordvern,

sjølvsagt. Marknadsubalansen var

også oppe, og om kor viktig balanse er

for økonomien i landbruket. Han er ein

mann det er mogleg å snakke med, men

me i landbruket må vere merksame på

dei som vil påverke han.

Lokallaget syner også godt att i lokalsamfunnet.

Barnehagebarn i bygda får

oppleve både kalvefødslar og griseslakting,

og kyrkja blir pynta med eit lokalt

juletre. Når bondelaget arrangerer open

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 11

GARDSREPORTASJE

God plass: Erik nyt god plass på

garden, og at det er skog på eigedommen.

Fjøset ligg skjult bak reiskapshuset.

gard, inviterer dei både den lokale andelsgarden

og ysteriet til å vere med på

arrangementet. Om våren er det kuslepp

på garden til Erik. I år kom heile 600 personar.

– Slikt bygger godvilje hjå folk, og er

med på å synleggjere heilskapen i kommunen.

Skal en bli høyrt, er det ikkje nok

å berre stille opp når ein skal seie nei,

seier Erik.

Vil ikkje ha jernbane

Særleg jordvern er eit tema som går

igjen i møta med politikarane. Bøndene

kjempar for å påverke samfunnsutviklinga.

I Bamble vil både industri, bustadutbygging

og nye vegar ete matjord.

– I denne kampen er det viktig å ikkje

kome på kant med politikarane. Me opplever

at dei strekk seg langt for å også

vere på lag med oss. Nye E18 vart lagt om

etter innspel blant anna frå oss. Når vegen

er ferdig, tar prosjektet maks ti mål.

Det kan me leve med, seier Erik.

Den neste utfordringa for lokallaget,

er planane om ny trasé for Sørlandsbanen

gjennom kommunen.

– Me har allereie nye og gamle E18 og

kraftlinjer. Ei jernbanelinje vil dele opp

kommunen ytterlegare, slår bonden fast.

Gir folk ein sjanse

Erik er ein som gir. I tillegg til styreverv

og engasjement, stiller han opp for menneske

som treng eit avbrekk frå ein vanskeleg

kvardag, eller som treng eit dytt

i ei positiv retning. Både skuleungdom,

ungdom og vaksne har fått vere med i arbeidet

på garden.

– Det er eit potensial i alle, me må

berre hente det ut. Det gjeld å finne

oppgåver dei kan handtere. Meistringskjensle

er starten på alt, seier Erik.

Stort sett er det telemarkingar som

kjem til gards. Nokre har eit dårleg utgangspunkt

heimanfrå, medan andre

kanskje ikkje fungerte på skulebenken.

– Eg gir dei litt forskjellege oppgåver,

for å sjå korleis dei løyser dei. Så må dei få

litt skryt, når dei får det til, same om det er

noko stort eller lite. Ein gong hadde eg ein

15-åring som sa: Det er første gong eg har

fått skryt. Slikt gjer inntrykk, seier Erik.

Det er ikkje alltid det går på skiner.

Erik bruker mykje tid på å kome under

huda på desse menneska. Tillit skal byggast,

begge veger, samstundes skal det

vere klart kven som er sjefen.

– Det har vore gonger der det ikkje

har fungert. Når ingen argument, uansett

tid og tolmod, går inn. Når dei ikkje

vil ta innover seg at dei sjølve må ta ansvar

for å endre livet sitt, då kjenner eg

meg makteslaus.

Arbeidet er ikkje noko Erik vil gjere for

pengar. Nokre gonger er NAV inne i biletet,

og då får Anne og Erik ei godtgjersle.

Men det er ikkje betalinga som er motivasjonen

deira.

– Det er så utruleg moro når det går

bra. Me har det utruleg godt i dette landet,

men diverre er det mange som har

det veldig tøft. Me har alle ei plikt til å

hjelpe viss me kan, seier Erik.

God inntekt: Erik og Anne har produsert juletre i ei årrekkje. Godt resultat kjem ikkje av seg

sjølv. Stussing av greiner til riktig tid, gir fine tre, og god inntekt.

Sjølvmelding

Mest nøgd med:

– Eg er i grunn nøgd bestandig. Blandinga

mellom engasjement og gardsarbeid

likar eg godt. Og ikkje minst

det sosiale med å engasjere seg er

utruleg givande. Eg har kontaktar i

heile landet, og det er heilt fantastisk.

Minst nøgd med:

– Eg uroar meg for marknadsubalansen,

no gjeld det meir eller mindre

alle produksjonane.

Råd til andre:

– Engasjer deg! Det er givande på

mange vis!

12 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

ATTLEGG

Kø for å koma inn i Gilde-butikken

Populært, er eit forsiktig ord for å beskriva

responsen på Nortura Forus sin opne

dag, laurdag første desember. Butikken

skulle opna klokka ti.

– Det var kø alt før porten inn til anlegget

opna klokka ni. Halv ti opna me

butikken. Køen heldt seg heile dagen.

Siste kunden vart ekspedert 14.30, ein

halv time etter ordinær stengetid, summerer

Wenche Skår, ekspedisjonsleiar

hjå Nortura Forus.

Ingen trong syna medlemskortet

denne dagen. Vipps eller bankkort heldt

i massevis for kundar som ville ha spekemat,

medisterpølse, pinnekjøt eller andre

kjøtvarer. Kundane handla med seg både

ordinære kjøtvarer og varer på tilbod.

– Me høyrer jo om at Gilde sine produkt

kan vera vanskelege å finna i einskilde

butikkar. Slik er det definitivt ikkje

hjå oss, fastslår Skår, som fortel at butikken

vil prøva å halda fleire opne handledagar

framover.

Foto: Sigmund Rangen

Årets sal av mjølkekvotar

Om lag 15 prosent av seljarane har selt delar

av kumjølkkvoten i 2018. Dette er omtrent

på same nivå som i fjor, med unntak

av Troms. Samanlikna med 2017 har sal av

grunnkvote auka med 42,4 prosent.

Gjennomsnittleg salsmengd har auka

frå 84.000 liter i 2017 til 92.500 liter i år.

Trøndelag og Rogaland er dei fylka kor

det er selt mest, medan Troms og Telemark

har lågast sal.

Totalt har 325 produsentar selt 30 millionar

liter mjølk i 2017. Av dei er 24 millionar

selt ut att til private kjøparar.

I 2018 vart det bestemt at kumjølkkvote

selt til staten ikkje skulle seljast ut att.

I årets oppkjøpsrunde har staten kjøpt

om lag seks millionar liter kumjølkkvote,

noko som utgjer 0,4 prosent av den totale

grunnkvoten i 2018. Kostnaden på 15 millionar

kroner vert finansiert over omsetningsavgifta

for mjølk.

Geitemjølk – ti produsentar har selt i

underkant av 700.000 liter grunnkvote

I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt

at det skal vere ei oppkjøpsordning

for geitemjølkkvotar. Som ein konsekvens

av dette vart prisen per liter geitemjølk

selt til staten (minst 20 prosent),

auka frå 2,50 til 12 kroner.

Gjennomsnittleg salsmengde for seljarane

gjekk opp frå 42.400 liter i 2017

til 65.600 liter i år. Totalt vart det selt i

underkant av 656.700 liter geitemjølk.

Kring 132.800 liter vart selt til staten

for om lag 1,6 millionar kroner, medan

522.900 vart selt privat.

Det er ikkje mogleg å flytte kvotar til

kommunar utanfor satsingsområdet.

Dette gjeld ved sal, kjøp, leige, felles

mjølkeproduksjon og oppstart av geitemjølkproduksjon.

Foto:

Dreamstime

Bakgrunnen for dette er at geitmjølkproduksjonen

skal konsentrerast til satsingsområdet

for industriell omarbeiding

av geitemjølk.

Kjelde: www.landbruksdirektoratet.no

Rikard Gaarder

Knutsen.

Foto: Torbjørn

Tandberg

Ny statssekretær

Hanne Maren Blåfjelldal meldte i slutten av førre veke at ho trekte seg som statssekretær

i Landbruks- og matdepartementet. Ho har hatt stillinga under både Sylvi

Listhaug, Jon Georg Dale og til sist Bård Hoksrud. Rikard Gaarder Knutsen (Frp),

bilmekanikar av utdanning og tidlegare politisk rådgivar, har gått inn i stillinga som

statssekretær for landbruksminister Bård Hoksrud.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 13

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

Ola Stene,

fagleder storfe,

Felleskjøpet Rogaland Agder

«…klarer vi å øke med fem gram AAT

per kg TS i alt surfôr i Norge, vil vi

spare 25 000 tonn importert soyamjøl.»

Fôrplanlegging med E-dairy

Godt grovfôr blir mer verdt med E-dairy, og systemet øker presisjonen i fôr planlegginga.

Ny strukturberegning gjør oss bedre rustet til å takle utfordrende fôrår.

I forrige nummer av Bondevennen skriver

Arild Eriksen om optimering av

kraftfôr og at Felleskjøpet i løpet av 2018

gradvis har tatt i bruk et nytt system for

energi- og proteinvurdering til drøvtyggere.

Dette gir nye muligheter for vurdering

av fôrrasjoner.

E-dairy

Gjennom Felleskjøpet Fôrutvikling er

Felleskjøpet med i styringsgruppa for utvikling

av E-dairy. Dette er et system fra

Schothorst Feed Research i Nederland,

med stor utbredelse i hele verden. Om

lag åtte prosent av alt kraftfôr i verden

blir produsert på grunnlag av fôrvurderingssystemer

fra Schothorst.

Det nye systemet fungerer godt i fôrindustrien,

det gir god funksjonalitet i

optimeringsprogrammene for kraftfôr

og vi kan ta vare på egenutviklet kunnskap

om råvarer og prosess.

Ny energiberegning

I E-dairy blir nedbrytbare næringsstoffer

delt opp i tre underfraksjoner, rask

nedbrytbar (< 1 time), middels nedbrytbar

(1-12 timer) og seint nedbrytbar (> 12

timer). Dette kan vi bruke for å beregne

en synkroniseringsverdi for raskt nedbrytbare

fraksjoner. For eksempel er det

avgjørende at det er nok nitrogen (nedbrutt

protein) til stede når karbohydrater

blir brutt ned i vomma for å få en optimal

produksjon av mikrobeprotein. Dette er

igjen viktig for mjølkeproduksjon og

innhold av protein i mjølka. Synkroniseringsverdien

er spesielt viktig i Norge,

der vi har rasjoner med mye raskt

nedbrytbare karbohydrater fra bygg og

havre. Da trengs riktig mengde raskt

nedbrytbart protein for å utnytte disse

råvarene best mulig.

Gjæringsmodellen i E-dairy beregner

produksjonen av eddiksyre, propionsyre,

smørsyre og andre syrer i vom og tykktarm.

Hver syre har ulikt energiinnhold

(smørsyre > propionsyre > eddiksyre) og

systemet beregner produksjon av metan

i vomma. Metanproduksjon er i denne

sammenhengen tap av energi, samtidig

som det er ønskelig med låg metanproduksjon

av klimahensyn. Fordøyd

glukose og fordøyde fettsyrer får egne

energiverdier. I praksis gir dette systemet

lågere energiverdi for fett og noen

kraftfôrråvarer, og høgere energiverdi

for godt konservert surfôr med høgt sukkerinnhold.

Bedre utnytting av aminosyrene

AAT er summen av alle aminosyrene. E-

dairy kan beregne mengden av alle 20

aminosyrene, både de ti essensielle som

må tilføres gjennom fôret og de ti ikkeessensielle

som dyret kan lage sjøl. Av

disse 20 er det lysin, metionin og histidin

som er de tre viktigste for drøvtyggerne.

En god balanse mellom aminosyrene gir

en god kvalitet på total AAT, og dette blir

håndtert i optimeringen av kraftfôrblandingene.

Riktig balanse mellom aminosyrene

gir mer proteineffektiv mjølkeproduksjon

og fordeler som høgere

ytelse, med mer protein og fett i mjølka.

Samtidig vil vi oppnå lågere urea-innhold

i mjølk og blod, og lågere N-utskilling i

urin, mindre miljøbelastning.

Tilfredsstillende strukturverdi

For låg strukturverdi de første fem månedene etter kalving

14 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

Potensial: Det ligger et stort potensial i bedre vurdering av grassurfôr, både ved å fange opp det gode surfôret i beregninga av fôrrasjoner og

ved å forbedre kvaliteten av surfôret. Foto: Bondevennen

Mer verdt

E-dairy gir større kvalitetsforskjeller

på surfôr. Låg gjæringsintensitet gir en

høgere AAT-verdi, gjennom mer sukker

til vommikrobene og at surfôrproteinet i

mindre grad blir brutt ned i vomma. En

lågere gjæringsintensitet kan oppnås

ved fortørking og bruk av maursyrebaserte

ensileringsmidler. Det er godt dokumentert

at bruk av maursyrebaserte

ensileringsmidler øker proteinprosenten

også på fortørka gras.

Det ligger et stort potensial i bedre

vurdering av grassurfôr, både ved å fange

opp det gode surfôret i beregninga av

fôrrasjoner og ved å forbedre kvaliteten

av surfôret. For å sette det litt i perspektiv;

klarer vi å øke med fem gram AAT

per kg TS i alt surfôr i Norge, vil vi spare

25 000 tonn importert soyamjøl. Det vil

gi tilsvarende større plass for norsk korn

og høgere sjølforsyningsgrad.

FKRAs laboratorium i Stavanger

analyserer hvert år hundrevis av grovfôrprøver.

Dette er et viktig arbeid for

å utnytte grovfôret best mulig. Summen

av næringsinnholdet i grovfôret

og kraftfôret gir kvaliteten på totalrasjonen.

Større presisjon i vurdering av

både grovfôr og kraftfôr gir derfor en

høgere verdi av totalrasjonen i form av

økt lønnsomhet.

Sikrer vommiljøet

E-strukto er en beregningsformel for

beskrivelse av vommiljøet. Dette er et

meget viktig verktøy for beregning av

fôrrasjoner, særlig i år med lite grovfôr

og mye bruk av kraftfôr som grovfôrerstattere

og alternativt grovfôr. E-strukto

tar hensyn til fiberinnhold, fiberkvalitet

(inklusiv kuttelengde), nedbrytbare karbohydrater

og nedbrytingshastigheten

av disse, syrer i surfôret, tilsatte bufferstoffer

i kraftfôr, nedbrytbart protein

og fôringsfrekvens.

Bruk av bufferstoff, grovere formaling

av korn, optimal fiberkvalitet og bedre

konservering av surfôr er alle faktorer

som gjør at vi kan produsere mjølk

og kjøtt på en høgere andel norske fôrmidler.

En god beregning av rasjonens

strukturverdi er et godt verktøy for å

oppnå dette.

Hva kan vi dra nytte av?

E-dairy gir muligheter for bedre utnyttelse

av godt grovfôr. Ny strukturberegning

gjør oss bedre rustet til å takle

utfordrende fôrår, både når det gjelder

grovfôr og fôrkorn. Vi har et godt grunnlag

for høgere norsk fôrandel, og vi har

verktøy for beregning av metanutslipp.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 15

FAGLEG FRISKARE KYR GIR GLAD BONDE

Danske kalveråd til norske bønder

– De aller fleste kan bli bedre til å ta vare på kalven, spesielt i

perioden fra fødsel til avvenning fra melk, sier Henrik Læssøe Martin.

Liv Kristin Sola

Martin var på Særheim på Jæren sist

uke for å forelese i serien Friskere kyr gir

glad bonde. Martin er veterinær og spesialkonsulent

hos danske Seges og har

elleve års erfaring som rådgiver. Spesialområdene

er blant annet helserådgiving

på kalv, ungdyr og slaktekalv. Tema for

dagen var kalvehelse.

– Selv om danske besetninger er mye

større enn norske, har kalvene samme

behov for god fôring og god oppstalling,

uavhengig av besetningsstørrelse og

driftsopplegg, sier Martin.

For å gi ku og kalv en god start er det

viktig med ro. Stress rundt kalving øker

risikoen for vanskelig kalving, børbetennelse,

ketose og andre kalvingsrelaterte

sjukdommer.

I Danmark er det krav om at alle kyr

skal kalve i djupstrøbinger, også i båsfjøs.

Martin anbefaler god plass, minst ti

m 2 per ku, men gjerne mer. Under seks

m 2 per ku er en utfordring.

Gi kalven en god start

Martin minner om at det er mer enn ett

svar på hvordan kalvene skal fôres og

oppstalles, men noen punkt er likevel

grunnleggende.

– Kvigeoppdrettet er den nest høyeste

utgiftsposten i melkeproduksjonen.

Derfor må du gjøre de rette tingene. Nok

råmelk av god kvalitet – tidlig nok, er avgjørende,

slår han fast.

For å sikre nok immunstoff i råmelka,

er det viktig å melke kua raskt etter kalving

fordi den relative mengden immunstoff blir

redusert når melkemengden øker.

– Råmelk inneholder noen hormonstoff

som påvirker utvikling av tarmfunksjonen

hos kalven og stimulerer til

vekst. Noe som igjen gir økt opptak av

næringsstoff ved neste fôring. Det er

selvforsterkende, sier Martin.

Har kalven dårlig sugerefleks må den

få råmelk med sonde.

– Ikke vent og se, råder Martin.

Om det er praktisk mulig, er det bra

for kalven å få melk fra mora så lenge

som mulig fram til melka kan leveres.

Mye melk gir god økonomi

– Det er viktig å gi rikelig med melk, spesielt

de første fire ukene, sier Martin, og

viser til nyere forskning på epigenetikk

(hvordan miljøet påvirker funksjonen til

genene). Mye tyder på at hvordan kalven

har det de første ukene, vil ha påvirkning

for resten av livet.

– En kalv som får rikelig med mat

av god kvalitet og har god liggeplass er

innstilt på et liv i overflod og vil utnytte

hele sitt potensial. En kalv som får lite

råmelk, restriktiv fôring eller dårlig oppstalling,

vil i større grad innstille seg på å

overleve, og vil ikke i samme grad utnytte

sitt genetiske potensial, forklarer Martin.

Vedlikeholdsbehov til kalven tilsvarer

energien i rundt fire liter melk. På spørsmål

om hvor mye melk kalven bør ha per

måltid, svarer Martin:

– Skal du velge mellom 2x3 eller 2x5

liter om dagen, velg det siste. Ved små

mengder melk, mener jeg faktisk at det

er større risiko for diaré. Årsaken er at

kalvene ikke blir robuste nok og ikke får

nok energi til å sikre optimal funksjon av

immunforsvaret sitt.

Martin mener at ved store mengder

melk er det er bedre å fôre tre ganger

om dagen. Fôrutnyttelsen er høyere når

Øvst på ønskelista:

nytt kalvefjøs

Godt stell – men mykje arbeid: Gruppa konkluderer med at sjølv om kalvestellet er arbeidskrevjande,

tek Torgersen (nr. to f.v.) ingen snarvegar og går ikkje på kompromiss med kalvane

sine behov.

Etter ein god dose teori drog ei gruppe

bønder på besøk til Torger Torgersen,

kursdeltakar og mjølkeprodusent på

Jåttå i Stavanger.

Då robotfjøset vart bygd vart det prioritert

velferdsavdeling og kalvingsbinge,

medan småkalvane er oppstalla først

i enkelthytter, sidan i små grupper på

halm, før dei går inn i det ombygde båsfjøset

når dei er kring tre månadar.

– Det er her utfordringa oppstår, seier

Torgersen, og spør om råd frå dei andre.

Ulike forslaga vert diskutert, og Torgersen

landar på å prøve ut eit av tiltaka

som vert føreslått.

I løpet av fem år, er planen å ha på

plass eit eige kalvefjøs. Innan den tid,

gjer bonden det beste ut av situasjonen.

16 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

FAGLEG FRISKARE KYR GIR GLAD BONDE

Sosialisering er viktig: Mye tyder på

at kalver som får gå i lag, har høyere

tilvekst og er bedre i stand til å takle

stress og nye situasjoner.

du fôrer ni liter delt på tre ganger, fremfor

to ganger.

– Ja, melk er dyrt, men det er god

økonomi i å fôre godt de første seks månedene.

Da har kalven størst potensial

for tilvekst fordi kroppsvekta er lav og

en større andel av fôret blir brukt til tilvekst

enn til vedlikehold, sier Martin, og

forklarer:

– Energibehovet til vedlikehold øker

med økende vekt, derfor blir også den

relative tilveksten per energienhet lavere

når dyret blir større.

Helmelk eller melkeerstatning

Melkepris, kvoter eller praktiske tilpassinger

er avgjørende for å velge helmelk eller

melkepulver. Uansett bør kalvene få melk i

åtte uker. Bruker du både helmelk og melkeerstatning,

anbefaler Martin å prioritere

helmelk de første tre til fire ukene

– Melkepulver kan i spesielle tilfeller

være bedre enn helmelk, når helmelka

har dårlig kvalitet. Men har du problem

med melkekvaliteten bør du prioritere

tiltak for å forbedre melkekvaliteten, sier

Martin.

Han ber bøndene sjekke innholdet

av fett og proteinkilde i de ulike melkeerstatningene.

Helmelk inneholder

ulike proteiner, blant annet ysteproteinet

kasein, og myseprotein. Martin minner

om at de yngste kalvene ikke kan fordøye

planteprotein (soya), og har dårlig evne

til å fordøye myseprotein (se tabell).

Fordøyelsesprosent

av proteinkilde:

1-3

uker

4-5

uker

Skummetmelkepulver 92 % 96 %

Mysepulver 65 % 92 %

Soyaproteinkonsentrat 57 % 82 %

– Bruker du melkeerstatning, velg en

type som inneholder 50-60 prosent

skummetmelkepulver til kalver under

tre uker. Kalvene har lettere for å fordøye

protein fra skummetmelk sammenliknet

med proteiner fra mysa.

Martin råder bøndene som har et

opplegg som fungerer, til å ikke å la seg

friste av selgere med gode tilbud.

Hold kalven varm

Optimal temperatur for de yngste kalvene

er rundt femten grader. Ved fem grader

trenger de en liter melk ekstra for å

kompensere for varmetapet. Ved temperaturen

ned mot femten minus, tilsvarer

varmetapet energien fra tre liter melk.

Kalvedekken er et godt tips for å redusere

varmetapet hos kalver som står ute

i hytter eller i kalde fjøs.

– Kalver som ligger på fuktig underlag

har stort varmetap. Rikelig med strø reduserer

varmetapet, øker tilveksten, og

gir lavere risiko for luftveissjukdommer,

sier Martin.

I kalde perioder; øk melkemengden,

eller øk konsentrasjonen ved å tilsette

melkepulver i helmelka, eller gi en mer

konsentrert melkeerstatning. Blander

du inn ekstra melkepulver i helmelka, er

det viktig å sikre stabilt tørrstoffinnhold

i blandinga fra dag til dag. Dette krever

bruk av en BRIX-måler.

– Vi har gode erfaringer med å øke

tørrstoffinnholdet opp mot femten prosent,

men aldri komme over atten. Sørg

for at kalvene alltid har fri tilgang til

friskt vann, spesielt når tørrstoffinnholdet

er over tretten prosent.

Best i lag

Martin anbefaler å la kalvene gå to i lag

de første to til seks ukene. Deretter er

grupper på fire optimalt fram til fire måneders

alder.

– Mye tyder på at jo tidligere kalvene

får gå i lag, dess bedre lærer de seg de

sosiale ferdighetene de trenger når de

seinere skal i større grupper. De har økt

fôropptak og tilvekst, takler bedre stressituasjoner

og venner seg lettere til nye

situasjoner.

Han advarer mot å samle kalver i store

grupper på små areal. Smittepresset

blir for stort og luftkvaliteten for dårlig.

– Kalver bør ha minst tre m 2 luft per

kalv når de er i grupper større enn to.

Økes tettheten med bare ti prosent, kreves

det dobbelt så stort luftskifte for å

sikre samme luftkvaliteten.

Ingen snarveg til reine binger

Om noe høres for godt ut til å være sant,

er det ofte det. Det gjelder også renhold

av kalvebingene.

– Uten å vaske trenger du heller ikke

å desinfisere. Ingen desinfisering har effekt

rett på skitne flater, sier Martin.

Rådgiveren anbefaler såpe og vann.

Såpen må ha høy pH – minst tolv, slik at

vaskevannet har en pH over elleve.

Når flatene er rengjort, er et effektivt

tiltak å bruke flamme til å svi bort små parasitter,

som kryptosporidier og koksidier.

Henrik

Læssøe

Martin,

Seges

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 17

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

God fôring – ein balansekunst

Kjenner du fôrbehovet til dyra dine og har analyser av grovfôret

– då kan du sikre god fôring både i gode og krevjande fôrår.

Liv Kristin Sola

– Elendig, svarar Erik Ravndal, på spørsmål

om å summere årets grovfôrsesong.

– Fjoråret var ille, men dette året vart

enda verre her hjå oss, seier bonden,

som driv med slaktegris, sau og ammekyr

på Ravndal i Gjesdal kommune i Rogaland.

Erik disponerer kring 1000 dekar

kulturbeite og lågheibeite i Sirdal og 180

dekar dyrka mark.

I normale år tek Erik to slåttar. Ein

sein førsteslått kring 15. juni sikrar vinterfôr

med låg energiverdi til ammekyrne.

Ein god andreslått i midten av august

sikrar næringsrikt fôr til sauene i tida

rundt lamming. Tredjeslåtten vert beita.

Det er strategien i såkalla normale år.

Årets grovfôrsesong

Førsteslått vart kring 60 prosent av normal

avling, men ein kanonslått med tanke

på kvalitet. Tilveksten før andreslått

tørka vekk og avlinga vart 30-40 prosent

av normalt. Lenge såg det ut til at ein god

tredjeslått skulle berge heile fôråret. Så

kom regnet.

– Dei frodige kjelvene skrumpa inn til

å bli ein rundball på målet då me hausta

siste rest av graset midt i oktober. Grovfôrsesongen

under eitt vart nokså nøyaktig

2,5 rundballar per dekar, seier Erik.

Mest som Kanariøyane

Beitesesongen vart også krevjande. Ammekyrne

går ute, helst til 1. oktober. Dei

beitar i to flokkar i lag med kvar sin okse.

Normalt klarer dyra seg utan fôrtilskot

på beite før hausten kjem snikande. I

sommar vart det annleis. Allereie i juli

måtte Erik i gang med tiltak. Løysinga

vart å gi fiberkraftfôr og litt silo på beite,

for å unngå å tære på vinterfôret.

– Det hender eg gir tilskot av grovfôr

mot slutten av beitesesongen, men eg

har aldri gitt kraftfôr ute, til ammekyrne.

Beitene såg ut som landskapet på Kanariøyane,

kommenterer bonden.

«Første steg

er alltid å ha

grovfôranalysar

og porsjonere ut

grovfôret»

ERIK RAVNDAL

Sauene vert sanka i månadsskiftet

august/september. Livlam og insemineringssøyer

vert sett inn, medan vaksne

søyer går ute fram til nyttår. Væren vert

sleppt 7. november.

I gode avlingsår får dei tilskot av silo ute,

men i år med lite grovfôr får dei 0,7-0,8 kilo

kraftfôr per sau per dag ute på beite.

Avhengig av fôranalysar

Erik fekk kjøpt 150 rundballar, ei blanding

av første- og andreslått. Nå ventar

han på rådgivar, Ragnvald Gramstad frå

NLR, som skal ta prøvar av alle tre slåttane,

i tillegg til kjøpefôret.

Når analysane er klare vert Gramstad

invitert inn til kjøkenbordet. Med

utgangspunkt i analysane fordeler dei

grovfôret mellom dei ulike husdyrslaga

og periodane, og legg ein plan for korleis

dei skal disponere fôret gjennom vinteren

og sikre nok grovfôr i alle fall ut april.

– Skal dette gå i hop må eg vete kor

mykje grovfôr eg har og kor mykje eg kan

nytte meg av kvar dag, seier Erik.

Grunnleggjande kunnskap

Overordna mål for fôringa både til sau

og storfe er å sikre nok grovfôr fram til

beiteslepp, sikre energidekning hjå dyra,

fôre etter hald og sikre mineraldekning.

Kalvinga er i mars og april og overlappar

med lamminga. Påsettlam og kviger

får jamn fôring fram mot lamming og

kalving, medan vaksne kyr får restriktiv

fôring gjennom vinteren. Oksane får

mellom seks og sju kilo kraftfôr.

– Ei søye i normalt hald treng 1 FEm

og ei vaksen ku av denne tunge rasen har

behov for rundt 7 FEm per dag, og det må

vere balanse mellom fiber frå grovfôr og

stive frå kraftfôr.

God livdyrmarknad: Erik har nytta gode avlsoksar og overskot av kviger og om lag 70 prosent av oksane er selde til liv.

18 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

FAGLEG MATPRODUKSJON, ØKONOMI OG DRIFTSLEIING

Stor produksjon: Erik Ravndal har for tida 33 ammekyr og totalt 64 storfe, samt 300 vinterfôra sauer og full konsesjon på slaktegris.

I år nyttar han Formel Sau Intensiv,

som inneheld meir fiber og dermed erstattar

meir av grovfôret. Erik er oppteken

av å fôre for rett hald og grupperer

storfe og sauer etter same prinsipp:

yngre dyr i eigne grupper og vaksne dyr

gruppert etter godt og mindre godt hald.

– Første steg er alltid å ha grovfôranalysar

og porsjonere ut grovfôret. Deretter

supplerer eg med andre passande

fôrslag slik at eg kjem opp i det fôrnivået

som dyra må ha, seier Erik.

Supplerer med kraftfôr

– I eit normalt fôrår får kyrne berre mineral

i tillegg til førsteslått. Frå januar

gir eg 0,6-0,7 kilo Ammeku Konsentrat

for å sikre mineraldekning og nok protein

fram mot kalving i mars, seier Erik.

I år vert det annleis. Grovfôrtildelinga

er avgrensa til tre rundballar på to dagar

(fire tildelingar). Kyrne får 2,5-tre kilo

Formel Biff intensiv for å supplere grovfôret.

Alle kyrne får plass ved fôrbrettet og

etetida er avgrensa til fire til fem timar

per dag. Bonden opplever likevel ikkje at

dyra er svoltne og urolege. Tvert om, ligg

dei i liggebåsane og ser ut til å vere vel

nøgd.

– Ei fullfôrvogn hadde absolutt vore

kjekt i ein situasjon med mangel på grovfôr.

Då kunne eg blande inn tørr halm

og laga ein passande miks slik at dyra

hadde grovfôr tilgjengeleg fleire timar

om dagen.

Bonden understrekar at han ikkje er

nokon fôringsekspert:

– Det eg kan har eg plukka med meg

frå kurs og fagblad, lært av andre bønder

og gjennom rådgiving, seier Erik, og

skryt av husdyrmiljøet i bygda.

– Kjem du til å endre fôringsopplegget

etter dette året?

– Med slike prisar som me har hatt på

grovfôret i år og i fjor, kjem eg økonomisk

betre ut med kraftfôr, men i normale år

med normale grovfôrprisar, vil eg føretrekke

å kjøpe stråfôr. Mest mogleg

grovfôr er grunnlaget i rasjonen, seier

Erik.

Åtvarar mot einsidig fôring

Etter at fleire storfe er rapportert sjuke

som følgje av einsidig fôring med ubehandla

halm og frøhøy har fagpersonar

frå Tine, Nortura, NMBU og Veterinærinstituttet

gått ut med eit varsko. Fagfolka

åtvarar mot å bruke ubehandla halm eller

frøhøy som einaste fôrmiddel. Desse fôrslaga

har lågt innhald av protein og mykje

ufordøyeleg fiber, noko mikrobane i vomma

i liten grad klarer å gjere seg nytte av.

Søk fôringsråd ved større fôrskifte

I følgje Bengt Egil Elve, tilførselsleiar

storfe i Nortura, er bruk av ubehandla

halm som einaste fôrmiddel ikkje så

vanleg på Vestlandet og Rogaland. Likevel

er det viktig å vere merksam på at ved

store endringar i fôrrasjonen må du sikre

nok energi og protein i rasjonen, og god

nok vitamin- og mineraldekning.

– Husk at når du fôrar drøvtyggjaren,

er det i realiteten mikrobane i vomma du

fôrar. For å fungere, må mikrobane sikrast

nok protein og energi i form av lett

tilgjengelege karbohydrat som stive og

sukker. Når vommikrobane fungerer vert

også resten av fôrrasjonen betre utnytta,

seier Elve.

– For å sikre nok protein til ammekyr

(500 – 800 kg levande vekt) på vedlikehaldsfôring

nyttar me ein norm på 344 til

490 g AAT per dag. Det er kring tolv prosent

råprotein på tørrstoffbasis.

– Ein gammal tommelfingerregel er

at ved fôring med tungt fordøyeleg grovfôr

som halm eller frøhøy, bør du i tillegg

gi minst 200 gram kraftfôr til sau, og eitt

til to kilo kraftfôr til ammeku, for å sikre

eit godt vommiljø.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 19

Storfe: Tor Wincent Byberg har drive med gris i «alle» år. Med det nye ammekufjøset har han også lagt til storfe i husdyrporteføljen.

Potetene flaut vekk

– bygde ammekufjøs i staden

Tor Wincent Byberg ville gå frå poteter og korn til gras.

Dermed bygde han seg like godt eit nytt ammekufjøs.

Sjur Håland

Grisen har fått selskap med drøvtyggjarar

på garden til Byberg på Klingsheim

på Rege i Sola. Sist i november vart det

arrangert fjøsopning i ammekufjøset til

Byberg.

Bonden har drive med kombinert produksjon

i ei årrekkje. Dermed har jorda

kunna nyttast til poteter og korn.

– Siste åra har det ikkje nytta med

poteter her hjå oss. Anten druknar potetene,

eller så renn jorda vekk utover

hausten, fortel han.

Heller gras

Med dei uføreseielege vekstsesongane,

vil 55-åringen nå heller dyrka gras til

eige bruk.

– Klart eg kunne produsert silofôr for

sal, men grovfôrprisane er varierande,

eg vil heller produsera til eigne dyr, argumenterer

han.

Bonden tar turen oppi ein av bingane

i det nye fjøset, legg eine armen kring

ein to vekers ung kalv og klør han i nakkegropa,

medan kua står rett ved og følgjer

nøye med. Frå fjøset vart teke i bruk

i september, har han fått tre nye kalvar.

– Så kjem det nokre kalvar til kring

nyttår. Enkelte vil ha konsentrert kalving

i ammekuproduksjonen sin. Eg vil sjå det

an og prøva meg litt fram.

Eit jamt sig med nysgjerrige bønder

var innom på opningsdagen. Dei fekk

servert grillmat, byggeinfo og eit par blå

plasttrekk til å ha over skoa.

– Eg har alltid likt storfe. Me hadde

storfekjøtproduksjon tidlegare, seier

verten, med fartstid i yrket frå 1991.

Det meste av jorda på garden blir nå

brukt til grasproduksjon. I tillegg leiger

han ein gard med 40 dekar beite, som no

skal nyttast av eigne dyr.

Ikkje feil hest

– Marknaden er i endring. Er du redd for å

ha satsa på feil hest?

– Nei. Eg reknar med at det er tørken

som har ført til den store pågangen på

storfekjøt siste tida. Då eg starta planlegginga

av fjøset var det 8-10.000 tonn for

lite storfekjøt i den norske marknaden.

Fjøset er bygd med god plass til 52

mordyr pluss påsett og full framfôring av

oksar.

– Eg startar forsiktig. Det blir ikkje fullt

trykk i bingane dei første åra, eg må læra

etter kvart og bygga opp produksjonen.

Hummar og kanari

Dyra i nyfjøset er av ulike rasar.

– Ja, her vart det litt hummar og kanari.

Eg hadde bestemt meg for charolais,

men så kom eg over ei heil besetning

med ulike dyr, som var for sal. Dyra

20 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

Påsett: Fjøset har plass til 52 mjølkekyr

med fullt påsett. Denne kalven synar alle

teikn på å ha funne seg godt til rette.

her kjem i hovudsak inn under kategorien

tung rase.

– Fjøset er flunkande nytt. Men er det

likevel noko du kan seia du er ekstra nøgd

med alt no?

– Det er, som du kjenner, fantastisk

luftig i fjøset. Slik var det ikkje før, då me

hadde oksar i eit båsfjøs. I tillegg er det

stilt og roleg, det verkar som om dyra

trivst svært godt.

Fôrar med hjullastar

Den breie fôrgangen gir høve til fleire

mekaniseringsalternativ. Førebels har

han valt å bruke minilastaren til handtering

av grovfôret.

– Fullfôrvogn kan bli eit alternativ

fram i tid. Nå startar eg forsiktig, prøver

meg fram og tar litt om gongen.

Gjødselkanalane under fjøset har

plass til kring 500 kubikkmeter husdyrgjødsel.

Resten pumpar han inn i gjødsellageret

under grisehuset, der han har

ledig kapasitet. Byberg er ikkje arbeidssky.

Alt av grunn- og betongarbeid på

det tusen kvadratmeter store bygget har

han gjort sjølv, medan eit byggefirma har

teke seg av overbygget.

– Dei siste rekningane har ikkje kome

inn, men eg reknar med at sluttsummen

ikkje kjem til å enda på særleg mykje

over fire millionar kroner. Om du inkluderer

dyra, vil samla investering truleg

enda på kring fem millionar kroner.

– Har du fått tilskot til bygginga?

– Det har det blitt mindre av. Feil

alder, feil kjønn og feil plass, så det kunne

eg berre gløyma, smilar han.

Enkelt og funksjonelt

Det er Felleskjøpet Rogaland Agder

(FKRA), som har levert innreiinga til fjøset.

Per Arvid Ueland er Salskonsulent

storfe med særleg ansvar for ammeku

og ungdyr.

– Dette er eit kaldfjøs med naturleg

ventilasjon, med gardin frå Munters. Frontane

i innreiinga er kraftige og berekna for

ammeku. Dei kjem frå det danske firmaet

Orla Hansen, medan DeLaval har levert

båsar og gitter elles, forklarer han.

Kanalomrøraren er av merket Landia.

Ueland kommenterer at Byberg har valt

enkle, trygge løysingar.

– Enkelt og funksjonelt. Med oksebingar

med spaltegolv, lenger nede i rekka

kjem ungdyravdelinga med liggebåsar,

før du kjem rundt på andre sida der mordyra

og kalvane held til.

Felleskjøpet har selt innreiing til fleire

ammekufjøs både på Jæren, i Egersund

og i Lund siste tida.

– Ammeku er eit spanande satsingsområde.

Med dette fjøset vil me visa at

FKRA leverer gode løysingar med fleire

valmuligheiter også i ammekuproduksjonen,

held han fram.

Per Arvid

Ueland

Arbeidshjelp: Minilastaren lettar arbeidet

med grovfôrhandteringa.

Nysgjerrig på nytt: Eit jamt sig av skuelystne stakk innom nyfjøset på opningsdagen.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 21

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

Åsmund Bjørnstad

er professor i genetikk og

planteforedling ved NMBU.

I tillegg skriv han bøker og dikt.

Bier + blomster = mat?

I juni fekk landet ein Nasjonal Pollinatorstrategi,

signert av heile åtte ministrar.

Det er ikkje eit tiltak knytt til Ernas lovnad

om høgare fødselstal, men til at insekt

trengst til pollinering av ville og dyrka

planter. Formålet er «å sikre fortsatt

mangfald av villbier og andre pollinerande

insekt».

Det er ei omfattande uro knytt til «bidøden»

i USA, rapportar om at insekta

er færre og - i siste og kanskje første

instans - at matvareproduksjonen er i

fare. I Maja Lundes suksessroman Bienes

historie møter vi eit Kina som har

gjennomlevd ein hunger av unemneleg

omfang etter bienes bortgang. Slagord

som «Ingen bier - ingen mat» har òg

skapt mykje engasjement. Ei meir moderat

misoppfatning er at vi bør takke biene

for «kvar tredje munnfull». Ingen av

delane stemmer - heldigvis.

La meg først (som gamal birøktar) seie

at om uroa for biene fører til fleire birøktarar

og blomsterenger, er det veldig bra

- berre det skjer av naturglede og fordi

pollinering, vill som tam, trengst. Og det

skulle vera rom for langt meir honning

enn dei fattige 1,6 millionar tonna som

tambier haustar i dag - på verdsbasis.

Nasjonal Pollinatorstrategi har henta tal

frå det internasjonale Naturpanelet sin

rapport om emnet (IPBES 2016).

• Først (side 9) peiker den på at «globalt

er nesten 90 prosent av blomeplanter

heilt eller delvis avhengige av dyrepollinering.»

• Men på side 10 kjem paradokset: «Naturpanelet

reknar at 5 - 8 prosent av

den globale jordbruksproduksjonen

er avhengig av pollinatorar».

Kvifor spriker tala så mykje?

Fordi menneska i stor grad har henta

maten frå vekstar som ikkje avheng av

insekt! For å skjøne det må vi ta ein liten

omveg, for dette har fleire grunnar.

Når bønder - frå steinalderen til planteforedlarar

i dag - finn ei framifrå plante,

vil dei gjerne formeire henne slik ho er.

Det enklaste viset er med stiklingar,

knollar eller poding, dvs. vegetativt. Ein

kvist kan bli millionar av tre.

«Kløver og luserne

går begge til fôr,

men er heilt

avhengige av

insekt.»

Straks det skal bestøving til, kan nemleg

avkomet bli ei annleis plante enn den

vi ville bevare. Det kan vi unngå om planta

bestøvar seg sjølv. Då blir òg resultatet

stabilt (rett nok etter litt tid). Eitt frø kan

bli milliardar. Mange ville planter har

vald denne formeiringsmåten, og endå

fleire dyrka. Det er når planta driv kryssbestøving,

med vind eller insekt, at avkoma

oftast blir annleis enn dei vi ville ha.

Det er difor ikkje så rart at folk har vald

ut kulturplanter som går å formeire vegetativt

eller som driv sjølvbestøving.

Vekstar som før var krysspollinerte, er

det ikkje lenger. Vakre erteblomster, ein

gong skapte for insekt, er bestøva før

vi ser kronblada. Færre vekstar er fullt

krysspollinerte, som vindbestøva timotei

eller humlepollinert kløver, og her finst

alle gradar. Mange klarar seg utan insekt

(eller vind), men har likevel nytte av dei,

som tomat. Mekanisk risting kan pollinere

i stilleståande veksthusluft, men

humler gjev klar avlingsvinst. Motsett er

bier uvelkomne i appelsinar, for då får

fruktene fleire steinar (frø).

Den tredje grunnen til mindre insektbestøving

i dei store kulturvekstane er fordi

dei er flytta og dyrka verda rundt. Dei

som avheng sterkt av lokale insekt, er

blitt verande heime. Kroneksempelet er

vill fiken og fikenveps, som avheng heilt

av kvarandre og dessutan av han- og hotre.

Alt i det aller første jordbruket, for 11

000 år sidan, finn vi fiken frå dyrka, ubestøva

og truleg stiklingformerte ho-tre.

Dermed kan vi skjøne kvifor insekta

spelar ei mindre rolle i dyrka vekstar.

Men kor stor er den rolla, i prosent? Her

er tala ofte forvirrande. Somme reknar

prosent av alle artane, andre prosent av

produksjonen. Desse tala blir ofte blanda

22 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

MOLDROK OM MOLD, MAT OG LANDBRUK

Foto: Istock

saman. Vi må først ta med alle artar som

blir mat, direkte til oss eller til fôr. Så må

vi dele dei inn etter formeiringsmåten.

Kva artar er heilt uavhengige av insekt,

det vil seie vegetative eller sjølvbefrukta?

Kva artar er vind- eller insektpollinerte?

Til siste må vi rekne ut i kor stor grad avlinga

avheng av insekt.

Når Naturpanelet skriv at 75 prosent av

«leiande matvekstar» avheng av insekt,

reknar dei berre med dei vi et som frø!

Knoll- og rotvekstar er ikkje med, heller

ikkje fôr- og sukkervekstar, bladgrønsaker,

sjølvbefruktande, vindbestøva eller

ubefrukta (som appelsin). Så dette er

misvisande.

Ein litt eldre artikkel (Ellers m.fl., 2011)

reknar i staden med dei 150 «leiande»

matplanteartane i FAO* sin store database,

altså i produsert avlingsmengd

(grasartane er ikkje med). Dei kjem til

at kring 80 prosent av alt karbohydrat

og protein frå planter er frå vekstar som

er heilt uavhengige av insekt. Resten varierer

frå å ha litt nytte av insekt (fem-ti

prosent meir avling) til å vera 100 prosent

avhengige. Reknar ein slik, kjem dei

fram til kring fem prosent nedgang i produksjonen

av dei 150 matvekstene - som

er viktig nok!

Særleg har oljevekstane nytte av insekt:

raps og solsikke i stor grad. Soya

i liten grad. Palmeolje, jordnøtt og oliven

ingen. Utan insekt ville vi få knapt med

feittløyselege vitamin som A, C og E.

Mange frukt-, bær-, grønsak- og kryddervekstar

treng også insekt - men òg

med talrike unntak, som druer.

Konklusjonen er at utan insekt får vi

ein langt mindre variert, smak- og næringsrik

meny, men langt frå «ingen bier,

ingen mat».

Men frøproduksjonen er noko meir utsett.

Kløver og luserne går begge til fôr,

men er heilt avhengige av insekt. I liten

skala - som ved kryssing i planteforedling

- kan ein halde humlebol eller små

kubar i veksthusa, eller handpollinere. I

større skala er moglege tiltak utval av

foreldreplanter med meir nektar, meir

sjølvfertilitet, sparsam bruk av frø eller

handpollinering, som i dyre hybridfrø i

tomat.

Nasjonal Pollinatorstrategi set våre viktige,

små samarbeidspartnarar på dagsorden.

Det viktige sektorsamarbeidet

mellom dei åtte ministrane som skreiv

under, blir også aktualisert. I Telemark,

til dømes, har vegvesenets kantpussing

kombinert med sandstrøing om vinteren

ført til gode tider for marihand-artar, inkludert

fylkesblomsten systermarihand.

Meir av slikt!

* FN sin organisasjon for ernæring og

landbruk

MOLDROK:

drev av tørr mold

grunna vind,

jord arbeid – eller

friskt ordskifte.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 23

AKTUELT I LANDBRUKET

Levande jord: planet-reparering på

Fokus på jord kan vera det som samlar landbruket, meiner Marthe Norderhaug

og Laura Elm. Øko-elevane er glade for at både økologiske og konvensjonelle

bønder no har fått auga opp for mikrolivet i jorda.

Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss

I Aurland var over 100 samla til fagmøte

om jord 22.november. Som rektor ved

Sogn Jord- og hagebruksskule, Aksel

Hugo, sa det: her er både forskarar, rådgjevarar,

bønder, elevar og organisasjonar.

Ja, «heile kroppen» er her.

«Alle» vil læra meir om det rike og

livsviktige livet i jorda, dei ørsmå prosessane

som auga ikkje ser, men som til

saman avgjer om jorda er fruktbar eller

ikkje – og om jorda bind opp eller avgir

karbon. Det handlar om å mata folket og

å overleva på kloden.

Levande jord er nøkkelen

– Mange har sett utviklinga av matjorda,

med synkande fruktbarheit. Å gjera noko

med dette, kan samle bønder på tvers av

økologisk og konvensjonell drift, meiner

Marthe Norderhaug.

– No er fleire interesserte i å sjå jorda

som ein verdi i seg sjølv, og å samarbeida

med jorda, i staden for å «bruka» den.

Det er ein spennande tanke, at me ikkje

skal gje næring til plantene, men til mikrolivet.

Før har me sett på jorda som eit

«vekstmedium», men no forstår me at

den er levande, seier Laura Elm.

Lenge har landbruket blitt omtalt som

ein del av klimaproblemet. Men satsing

på jordfruktbarheit og karbonbinding viser

at landbruket like mykje kan vera ein

viktig del av løysinga.

Relevant for alle bønder

Som elevar ved Sogn jord- og hagebruksskule

har Marthe Norderhaug og

Laura Elm fått kunnskap og inspirasjon.

– Eg er alt i gang med økologisk grønsakproduksjon

etter regenerativt prinsipp,

på familiegarden i Østfold, fortel

Norderhaug.

Laura Elm kom attende til Aurland

på grunn av jordfruktbarheitsprosjektet

som skulen starta opp i år

– Det har gjeve ei vitalisering av undervisninga.

Det er kult at skulen som

har vore ein spydspiss i økologisk landbruk,

no også kan bli ein spydspiss i regenerativt

jordbruk, meiner Elm.

Fallande fruktbarheit

SJH feira i fjor 100 år, og rektor Aksel

Hugo likar å sjå det store biletet. Han

trekkjer linjene frå jordkvalitet, plantekultur,

fôr og dyrehelse til matkultur og

folkehelse.

– Me såg at næringsinnhaldet i jorda

tilsa at me skulle ha gode avlingar, men

avlingane var ofte variable. Jorda spruta

ikkje akkurat av fruktbarheit. Difor valde

må å setja fokus på jord, forklarer gardsstyrar

Per Thunshelle.

Med 1,2 millionar i støtte frå Landbruksdirektoratet

er SJH i gang med

«Agronomisk optimalisering av karbonbinding

og jordfruktbarheit», eit treårig

prosjekt.

Blandar frø og bryggar ferment

– I samarbeid med Vital Analyse og NLR

skal me utvikla tiltak som styrkjer humus

og karbonbinding. Me skal vera

demo-gard, driva undervisning og kurs,

seier Thunshelle.

Lærar Nat Mead fortel at dei kart-

Prinsipp for jordoppbygging og karbonbinding

Mest mogeleg fotosyntese – mengde og aktivitet

Beskytte jorda og forstyrre minst mogleg

Tilbakeføre organisk materiale – kretsløp av næringsstoff

Mangfald på alle nivå

La husdyra fylle si rolle

Kjelde: Hege Sundet, NLR Øst

24 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

AKTUELT I LANDBRUKET

gardsnivå

legg og analyserer tilstanden i jorda, dei

lagar forsøks- og vekstskifteplanar og

nye frøblandingar, dei utviklar undervisningsmateriell,

og dei lærer seg å «bryggja»

ferment, altså kompost-te eller

andre preparat til flatekompostering og

gjødsling.

– Me vil fokusera meir på gjødsling,

fermentering av husdyrgjødsel, tidspunkt

for vår- og haustgjødsling, og på

kva areal me bør bruka til kva vekstar,

seier Nat Mead.

Klima-killer eller planet-bergar

Med seg som mentor har SJH fått Martin

Beck, landbruksrådgjevar som underviser

i regenerativt landbruk i Danmark,

Tyskland, Sverige og Norge.

– Kyr vert skulda for å vera klima-killers,

men no etter kvart veit me at det er

heilt feil. Tvert om, beitedyr kan gjera det

mogleg å redda jorda, seier Martin Beck.

Men korleis hamna me her, med ein

planet i krise? Kva har landbruket bidrege

med? Beck ser mange punkt som har

drege i feil retning.

– For mykje ubevokst jord. For store

mengder ubehandla husdyrgjødsel. For

mykje intensiv jordarbeiding. For lite

fokus på næringsstoffbalansen i jorda.

Gjødsling med nitrogen utan å gjødsle

med karbonkjelder.

Godt jorda: Laura Elm og Marthe Norderhaug har gått på Sogn jord- og hagebruksskule.

Dei meiner at levande jord er ein del av klimaløysinga.

Mikrobiologi i fermenteringsmodus

Som botemiddel finst det heldigvis fleire

verktøy i kassen.

– Å syte for nok kalk, svovel og bor i

jorda, då vil humusinnhaldet byrja å stige.

Så partnerplanter, særleg i grønsakdyrking,

(planter som trivst ilag og drar

nytte av kvarandre, red.merk.). Halde

markene grøne. Då vil me vinna utviklinga,

meiner Beck.

Nøkkelen i humusdanning er fermentering.

Fast organisk gjødning bør komposterast,

og flytande gjødning fermenterast.

Mjølkesyrebakteriane ein tilset,

kan ein sjølv bryggja. Ved flatekompostering,

direkte på jordet, er det klart til

planting rett etter.

– Gjødsle alltid oppå jorda. Ingen nedfelling

eller pløying. Gjødsle alltid på grøn

vekst. Aldri på svart jord. Rå ubehandla

gylle på svart jord er oppskrifta på humusnedbryting,

understreker Beck.

– Men det er jo heilt vanleg å gjera?

– Ja, men no skjer det heldigvis mykje

bevisstgjering, som også er på veg inn i

det etablerte rådgjevingssystemet. Humusrevolusjonen

må kome nedanfrå, frå

grasrota, bokstaveleg tala, seier Beck.

Regenerativt landbruk:

Jordhelse og rettferd

– Regenerativt landbruk er eit framhald av det økologiske,

og byggjer på prinsipp om jordhelse, dyrehelse og rettferd.

Karbonbinding i jord handlar både om jordhelse og

klimatiltak, seier Hege Sundet i NLR Østafjells. Ho peikar

på at 60 prosent av kornarealet i Norge vert haustpløgd.

Det ville hatt stor positiv effekt om ein hadde latt det stått

i stubb, gjerne med underkultur, og pløyd eventuelt om

våren. I grønsakdyrking er det store moglegheiter for

samdyrking og underkulturar, ettervekstar og mellomvekstar.

Haustsådde vekstar kan bli tidleg vårbeite, slik at

det heile tida føregår fotosyntese, som er førsteklasses

«planet-reparering på gardsnivå».

Utdanning i regenerativt landbruk

Interessa for regenerativt landbruk er sterkt aukande. I

2019 vil VitalAnalyse, i samarbeid med Martin Beck, arrangera

to kurs i jordfruktbarheit. Eitt i Trøndelag og eitt

på Austlandet. Kursa er ei utdanning i regenerativt landbruk

over ni dagar og fire samlingar for bønder, gartnarar

og landbruksrådgjevarar. VitalAnalyse er ei stifting med

mål om å betra fruktbarheita i matjorda. Motivasjonen er

den tette samanhengen mellom frisk jord, friske planter

og friske menneske og dyr.

Les meir om regenerativt landbruk her (engelsk):

https://regenerationinternational.org/

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 25

AKTUELT I LANDBRUKET

Handlar om ny forståing, ikkje teknikk

– Når me forstår ting på ein ny måte, gjer me andre val

og vel andre metodar, seier inspirasjonsbonde Hellek Berge.

Tekst: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss

Hellek Berge er deltids-kornbonde i

Gvarv i Telemark. Han fekk heilt nye tankar

etter å ha sett ein youtube-video som

viste at jordarbeid er noko av det mest

skadelege du gjer på jorda di, og at konvensjonelt

driven jord slepp laus karbon.

På jord-fagdagen i Aurland fortalde

han om endringar både i tankegang og

driftsform, ei endring som har lønt seg.

Det gjeld å få mest mogleg gratis hjelp

frå naturen.

– Eg rekna på det, og tenkte «Jøss,

har eg i så mange år kasta bort så mange

pengar på så mykje gjødsel og fått så

lite att for det»!

Mangfald betaler seg

No har Berge lagt om til økologisk. Han

pløyer berre litt, og då kun om våren.

Raigras og kløver er dekke under kornet.

Han har redusert bruk av kjøpenitrogen

med 90 prosent, driv vekstskifte,

har jorddekkevekstar/fangvekstar og eit

større mangfald.

– Mangfald over bakken gjev større

mangfald under bakken. Og funksjonell

jord taklar både tørke og væte betre. Eg

satsar på mest mogleg avling med minst

mogleg innsatsmidlar. No er eg tre gonger

så effektiv som vinnaren av «havre-

NM», fortel Berge.

Grunnprinsipp på garden

Hellek Berge reknar opp fire prinsipp

bonden kan fylgja, som vil betra jorda og

binda karbon.

– Minimer påverknaden på jorda, og

då tenkjer eg både fysisk med pløying

og kjemisk med gjødsling og sprøyting.

Auka diversiteten og mangfaldet. Aldri

Kolbjørn Anda

God, grøn økonomi:

Eg satsar på mest

mogleg avling med

minst mogleg

innsatsmidlar, seier

telemarksbonden

Hellek Berge.

Foto:

Lotte Shephard,

Økologisk Norge

bar jord, la det vera grønt eller liggja

att planterestar. Grøne planter så lenge

som råd, fordi levande røter fôrer mikrolivet

i bakken. Oppsummert, maksimere

det som er bra og minimere det som ikkje

er bra, forklarer Berge.

Med vekstskifte er det behov for

gjødsling berre kvart femte år. Og mangfaldet

teiknar seg når ein på fem år har

hatt sju artar innom jordet, av både gras

og belgvekstar.

– Eg brukar like mykje pengar på frø

til dekke som eg tidlegare brukte på

sprøytemidlar. God jord er god økonomi,

når ein tenkjer langsiktig, meiner inspirasjonsbonden

frå Gvarv.

Ville redusera ugraspresset

På Leikvoll gard i Rogaland driv Kolbjørn

Anda med fôrdyrking, mjølkeproduksjon

og slaktegris. Han er også inspirasjonsbonde,

og deler gjerne av sine erfaringar

med å driva jordfruktbarheitstiltak.

– Min motivasjon til å tenkja nytt var

å bruka husdyrgjødsla meir effektivt, å

redusera ugrasspresset, løsne jorda og

auka infiltrasjonsevna, minska ressursbruken,

auka karbonlagring i jord og

tilpassa jorda til eit meir uforutsigbart

klima.

– Det er kanskje ikkje nok å berre

grøfta og køyra med lette traktorar. Det

handlar også om jordlivet. Det er berre så

synd at politikarar og styresmakter enno

ikkje har fått augo opp for dette. Her har

me ein jobb å gjera, meiner Anda.

Prøver seg fram

På garden gjer han ulike forsøk, som i

sommar, då han køyrde beitepussar med

ferment, freste og sådde rug. Mindre

bruk av plog og meir bruk av fres. Kanskje

kan ein sleppa å pløya, og berre så

i raigras og kløver. Vårgjødsling føregår

med slangespreiar. Fermentering av

blautgjødsel gjer det lettare å røra ut og

luktar mindre enn ubehandla gjødsel,

har Kolbjørn Anda funne ut.

Han driv økologisk mjølkeproduksjon

med 27 årskyr, men slaktegrisproduksjonen

er konvensjonell. Den økologiske

mjølka går til Stavanger Ysteri, eit samarbeid

som har blitt løna med Bedriftsutviklingsprisen

i landbruket 2018 i Rogaland.

26 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

LESARBREV

Frivillig i lomma

på Russland

I 2010 var jeg på kanaltur i Russland.

Det som slo meg var de enorme viddene

med god matjord som lå helt eller delvis

brakk. Det slo meg at med et mer effektivt

styresett ville Russland når som helst

kunne svinge seg opp til å bli en matvaregigant

– og dermed igjen en global

stormakt.

At det skulle skje så fort at Russland allerede

i dag, bare åtte år senere, er blitt

verdens største korneksportør, det hadde

jeg ikke trodd. Ikke da. Heller ikke at

Norge nå kjøper mer av sitt matkorn fra

Russland enn fra noen andre.

Samtidig gjør vi oss mer og mer avhengig

av soyaimport fra et mildt sagt ustabilt

Brasil for å kunne produsere nok

melk og kjøtt.

Lille Norge har aldri vært så avhengig av

mat- og fôrimport som i dag. Vår selvforsyningsgrad

er nå godt under 40 prosent.

Og synker stadig.

Vi kan, kort sagt, konstatere at våre lokale

matjordkrevende byvekstdrømmer

bygger på ett eneste klart langsiktig politiske

mål: å gjøre Norge raskest mulig

avhengige av land som Russland og

Brasil.

Røyne Kyllingstad

LESARBREV

Noko å melde?

Send teksten til

post@bondevennen.no

Hald teksten kort

og poengtert.

Gi Bondevennen

i julegåve!

Ei julegåve som gir glede og meining

40 gonger i året!

Abonnementsprisen for 2019 er kr. 1150,-

Halvt år kr. 575,-

3 mnd. kr. 300,-

Prisen inkluderer digital tilgang.

Du kan bestille på www.bondevennen.no,

ringe oss på telefon 51 88 72 61, eller sende

oss ein epost til post@bondevennen.no.

Så får du tilsendt eit fint gåvekort.

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 27

FAGLAG OG MØTE

FRÅ BONDE TIL BONDE

Rogaland

Julemøte på Geno loftet Særheim

Velkommen til Julemøte på Geno loftet Særheim,

torsdag 13. desember kl. 19.30

Program:

- Avlsarbeidet på NRF «vegen videre» v/ avlssjef i Geno, Håvard Tajet

- Gjennomgang av nye eliteokser v/ Lars Byberg Timpelen, Tine

- Nytt fra styret v/ Ole Magnar Undheim

Servering av Julegrøt.

Gjesdal Bygdekvinnelag

inviterer til Førjulskos på Gjesdal Bygdahus, tor. 13. des. kl. 19:00.

Ragnvald Gramstad kåserer.

Frisk musikk og sang av Bjørn Sunde og kone.

Vi serverer julemat og kaffe.

Inngangspenger kr 200,-.

Alle er velkommen. Husk å ta med mannen!

Bondekafe Forsand

Onsdag 12. desember kl. 19.30 på kommunehuset Torbjørn

Norland viser bilete frå Sveits og fortell om grasfôring. Litt info

om fruktdyrking. Litt underholdning. Rømmegraut og spekemat.

Arr. Forsand sau og geit, Strand og Forsand bonde og

småbrukarlag,Forsand bondelag og landbrukskontoret

Time Svineavlslag – julemøte

inviterer medlemmene til julemøte på Høghuset,

fredag 14. des. kl. 19.30.

Representant frå Fiskå Mølle vert med.

Hjertelig velkommen!

Påmelding straks, til Sem, tlf. 454 46 994, eller Geir Nesse, tlf. 908 44 365.

Styret

Neste Bonde vennen kjem 14. desember

Bv 39

Bv 40*

Bv 1

14. desember

21. desember

11. januar

Fristen for annonsar er

torsdag veka før utgjeving.

* Bondevennen nr 40 har

frist tirsdag 11. desember

HØY/HALM/STRØ

Frøhøy, tørrhalm og

høyensilasje selges

Leveres med bil direkte på gården.

Tlf. 970 90 902

Frøhøy selges

Tlf. 952 93 457 / 905 65 247

Frøhøy, halm og amm.beh.

halm til salgs.

Tlf. 916 25 383

Halm til salgs

Tlf. 920 35 368

MASKIN/UTSTYR SAL

Doff X3 m/hydr.kanon

Serigstad 134 fôrhaustar, til salgs.

Tlf. 94 88 43 49

LIVDYR

NRF kalver til salgs

Okse- og kvigekalver, ferdig

avvendte med drikke.

Tlf. 986 89 700

VI KAN

LANDBRUK!

Våre sertifiserte

elektrikere utfører

elkontroll og termografering

i landbruket.

Vi er DSB og

FG-godkjent.

www.ave.no - Tlf. 09543

Jærvegen 67, Nærbø

JORD ØNSKES LEID

Jord til grasproduksjon

ønskes leid i Sandnes-Klepp-Solaområdet.

Tlf. 404 97 634

MASKIN/UTSTYR KJØP

Brukt traktor

Eg ønskjer å kjøpa velhalden

traktor med 80 til 100 hk.

Den må ha 4-hjulstrekk og

frontlastar.

Frode, mob. 907 48 403

ARBEID UTFØRES

Saueklipping utføres

Glenn Torland, tlf. 98 66 26 25

Kjøle- og fryseanlegg/

varmepumper

Sola Kjøleservice,

tlf. 918 53 800

For oppsett av gjerde

ring og få tilbud:

Veshovda Drift AS

/v Rolf Gravdal tlf 97 19 60 45

Kombivogn 2 x 4m

45.000,- + mva

Landbruksforsikring

+ Landkreditt = sant

Med stolthet kan vi fortelle at Landbruksforsikring har blitt en

del av Landkreditt og endret navn til Landkreditt Forsikring.

Dermed har vi samlet bank, fond og forsikring på ett sted.

Ønsker du å vite mer om vi kan tilby deg? Snakk med oss.

Du finner oss på Rogaland Landbrukspark på Klepp.

Ta kontakt med oss:

BANK OG FOND

Peder Skåre

Tlf: 911 01 528

FORSIKRING

Aksel Fiskaa

Tlf: 969 07 727

Les mer på Landkreditt.no

28 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

GJØDSELTRANSPORT

• Gjødseltransport lastebil/semi

• Transport av maskiner, utstyr og fôr

• Graving og massetransport

Kontakt:

Andreas 934 09 411 / Jarle 907 96 144

Gunnar Høien AS

Tlf. 900 79 400

ÅPENT FJØS

- Nærbø -

Brannvarslingsanlegg

Vi leverer, monterer og tar service på FG-godkjent

brannvarslingsanlegg til landbruk. Vi tar årlig kontroll

av pulverapparater og brannslanger.

Ta kontakt for befaring.

Stian Stokka – Serviceingeniør brann

tlf 453 98 866 – post@stokka-brannteknikk.no

ARRANGERES HOS:

Sven Reime

NÅR: Onsdag 12. desemeber kl. 11.00 - 14.00

HVOR: Indrebøveien 21, 4365 Nærbø

TRENG DU EIN NY

SPARRINGSPARTNAR

PÅ GARDEN DIN?

Tveit Regnskap er landets største kompetansemiljø

innan landbruksøkonomi og rekneskap.

NYHET: Kom og se DeLaval’s nye

melkerobot VMS V300 i bruk!

• Påbygg med melkekyr og ungdyr

• Isolert bygg med mekanisk ventilasjon

• VMS V300 melkerobot NYHET!

• Skraperobot med vanntilsetning

• Fokusavdeling

• Kvigeavdeling

• DeLaval innredning, Kraiburg liggeunderlag

• Profilert spalt ifra VDV Beton

Vel møtt til fagprat!

I samarbeid med:

Me kan hjelpe med alt av rekneskapstenester

og økonomirådgjeving på ditt gardsbruk.

Ta kontakt for en uforpliktende samtale.

Tlf. 52 76 71 00 eller

post@tveit.no

www.tveit.no

BONDEVENNEN Nr. 38 - 7. desember 2018 29

TRELAST

REPARASJON AV LANDBRUKSMASKINER

4343 ORRE - TLF. 51 42 81 00

MOB. 911 50 314 - 986 55 414

borge.meland@gmail.com

Mob.: 911 74 250

eikelsag@online.no

Tlf. 48 15 45 05/99 44 79 03

99 15 52 33

Opp?

Behov for lift?

Vi har utleie på Bryne,

Vigrestad og Harestad

i Randaberg.

Ring oss på 970 85 666

og nå nye høyder!

www.ekstralift.no

Hytter, innredning og utstyr for fôring

og stell av kalver. Tel. 908 26 618

www.godkalven.no

I tillegg til alle typer

betongsaging tilbys:

• KJERNEBORING

• MEISLING

• ALT I RIVING

Vi utfører rilling av

spaltegulv/oppsamlings

areal i fjøs, med

gode erfaringer.

Nesvik Landbruksbygg as

Leverandør av komplette landbruksbygg

• Betongarbeid

• Påbygg

• Nybygg

• Betongelement

• Rehab av fjøs

Solceller og batterier til landbruket

Tlf: 905 56 907 / 405 50 644 www.kvernelandenergi.no

• Betongsaging

• Kjerneboring

• Meisling

• Stålsperr

• PVC dører-vindu

Stian Nesvik, 957 60 445 / E-post: stian@nesvik-lb.no

Sigmund Nesvik, 904 08 978/ E-post: sigmund.nesvik@gmail.com

Vi leier ut minigravere

fra 1,7 til 2,6 tonn, med

eller uten fører hytte.

Meislehammer, steinklype,

hyggelige priser.

Ring 970 85 666!

www.ekstragraver.no

Grøtdag på Klepp

På Felleskjøpet Klepp 13. desember kl. 10-21

Vi inviterer til Grøtdag torsdag 13. desember kl. 10-21!

- Gode tilbud på Ålø frontlasterredskaper

- Stort utvalg av brukte maskiner

- Tilbud på Elocam 3,0-1TB trådløst kamera m/lagring

- Gode dagstilbud til bonden i FK butikken

Velkommen innom Maskinsenteret på Klepp!

181127_grøtdag_maskinsenter_klepp_23B.indd 1 27.11.2018 14.47.25

30 Nr. 38 - 7. desember 2018 BONDEVENNEN

For innmelding av slaktedyr og livdyr, spørsmål om inntransport,

avregning, livdyrkjøp og andre henvendelser til Nortura,

ring Nortura medlemssenter på tlf. 48 12 04 00.

For levering påfølgende uke er innmeldingsfristen

tirsdager kl. 16:00, for webinnmelding

på Min side er fristen onsdag

morgen kl. 06:00.

Svært god tilgang på fôringsdyr

– De fleste i Norge som har en fot innenfor landbruksnæringa

vet at grovfôrsituasjon for vinter

2018/19 er noe utfordrende. Så langt er det gjort

en enorm nasjonal innsats for å foredle norske

grovfôrressurser. Videre pågår det en del import

av grovfôr, i tillegg er det lett tilgjengelig grovfôrerstattere

hos de fleste kraftfôrleverandører, sier

livdyrsjef i Nortura, Odd Finnesand.

Fôrplaner med store mengder grovfôrerstatter er

tilgjengelig hos alle leverandører.

– Vi er nå i en periode der de fleste har en viss

kontroll på vinterens grovfôrgrunnlag, men for en del

områder har 2018 vært det andre uåret på rad, og det

kan selvsagt få større konsekvenser, sier Finnesand.

Nortura har i løpet av høsten forskjøvet mengder av

fôringsdyr til områder med underskudd. Nå går vi inn i

en periode der landet over kjenner på en viss balansering

og overskudd. Noen områder er allerede i en situasjon

der vi dessverre må skyve på innmeldte fôringsdyr.

– Jeg vil benytte anledningen til å takke for den

tålmodigheten dere har vist så langt.

Foringsdyr er på et vis ”ferskvare” og kan ikke ”legges

på lager for bruk senere”. Fôringsdyr vi har innmeldt nå

er grunnlaget for at vi skal ha ferskt storfekjøtt til våre

norske forbrukere neste høst og vinter 2019/20.

Har du ledig sluttfôringskapasitet så kontakt Norturas

livdyrformidling på tlf. 48 12 04 00 (tast 2).

Nortura fikk gjennomslag for utkjøpsordning

Omsetningsrådet har godkjent Norturas forslag

om å innføre en utkjøpsordning av smågrisprodusenter

for å redusere det kraftige overskuddet

i svinemarkedet. Ordningen har et tak på 4000

avlspurker, og kompensasjonen er på 16 000 kroner

per purke for de som melder seg på.

– Med over 5000 tonn på reguleringslager pluss et forventet

overskudd neste år på ytterligere 2500 tonn var det helt

avgjørende nå å få på plass denne ordningen. Alternativet

ville vært å ta prisen betydelig ned, noe som ville ført til en

ukontrollert avvikling i form av konkurser og personlige

tragedier, sier styreleder i Nortura, Trine H Vaag.

Rent praktisk innebærer dette at smågris- og kombinertprodusenter

som skriver avtale forplikter seg til

opphold av all form for svineproduksjon i 7 år. For å sikre

at det ikke skal skje noen omgåelse av dette forplikter

eieren seg til å tinglyse dette som en heftelse på eiendommen

i denne perioden.

For de som ønsker å benytte seg av ordningen er

det nå ”førstemann til mølla” prinsippet som gjelder, og

det åpnes for å sette seg på interesselista fra mandag

10. desember. Første mulighet for å skrive avtale er 3.

januar 2019, og siste mulighet, så fremt ordningen ikke

allerede er fylt opp, er 1. mai. Tilbudet er tilgjengelig for

alle svineprodusenter i Norge som produserer smågris,

og det er Nortura Totalmarked som skal administrere

ordningen.

Det legges opp til å få til en så god geografisk fordeling

som mulig innenfor 6 spesifiserte regioner. I tillegg

er det et mål å få til en mest mulig balansert fordeling

mellom Nortura og KLF slakteriene – med utgangspunkt

i dagens markedsandeler i tilførselsmarkedet.

– Den geografiske fordelingen har vært viktig for oss å

få inn i ordningen, slik at vi ikke risikerer å ”tømme” en region

for gris, hvis interessen skulle vise seg å være ekstra

stor i enkeltområder. Tilsvarende må vi forsøke å unngå

at tiltaket får uheldige konkurransevridende effekter mellom

Nortura og KLF bedriftene, sier Trine H Vaag.

Utkjøpsordningen er et engangstiltak, forordnet

gjennom en midlertidig forskrift, som avsluttes 1. mai

2019. Det er svinenæringa sjøl som finansierer ordningen

gjennom omsetningsavgiften, og samlet kostnad

er beregnet til 64 millioner kroner hvis den fylles opp.

Ny situasjon

Den ubalansesituasjonen næringa står i nå, skiller seg

fra tidligere overskuddsperioder på to viktige områder.

For det første er har ikke overskuddet denne gangen

oppstått på grunn av nyetableringer og utvidelser, men

skyldes først og fremst at vi har fått en ny og supereffektiv

purke som produserer flere gris per kull.

For det andre er vi ikke lenger i en situasjon med en

vedvarende vekst i etterspørselen. Mens salget av svinekjøtt

de siste 20 årene har økt med 2–3 prosent hvert

eneste år, har den utviklingen stoppet opp. Langtidsprognosene

viser at flat salgsutvikling er det vi kan regne med

i årene framover. Selv om semintallene har gått betydelig

ned de siste månedene på grunn av ulike ”frivillige” tiltak

i næringa, så gir ikke det noen varig effekt. Det grunnleggende

problemet er at purketallet er for høyt.

– Derfor er det så utrolig viktig at vi har klart å få på

plass denne ordningen som gjør det mulig å nivellere

svinemarkedet på riktig nivå også i et lengre perspektiv.

Men skal vi lykkes med det, så må den muligheten vi

har fått nå, forvaltes med edruelighet. Det betyr i klartekst

at vi må være svært forsiktig med prisøkningene

når markedet igjen nærmer seg balanse – for å unngå

å havne i samme situasjon igjen om noen år, understreker

Trine H Vaag.

Samling for unge bønder

i Agder

Nortura, TINE, FKRA, Norsk Landbruksrådgiving

Agder, Norges Bondelag Agderkontoret

arrangerer samling for unge bønder i Felleskjøpets

lokaler på Rigetjønnveien, Kristiansand

torsdag 13. desember kl. 19:00 - 22:00.

Program: ”Eierskifte og eiendomsoverdragelse”

• Eiendomsoverdragelse v Kristian Øverbø,

Økonomisk rådgiving

• Aktuelle oppdateringer fra de ulike

organisasjonene

• Omvisning på maskinsenteret til FKRA

Det blir servering av skikkelig julemiddag. Det blir

også gode tilbud i FK-butikken. Samlingen er helt

gratis – ingen påmelding. Velkommen!

Prisendringer

Fra mandag 3. desember økes avregningsprisen for

storfe med kr 0,50 per kg, grunnet økt engrospris.

Fra samme dato reduseres avregningsprisen

for sau og ung sau med kr 2,00 per kg, grunnet økt

omsetningsavgift.

For å få all slaktemoden gris slaktet og omsatt

før jul trappes prisen gradvis ned, og først for de

tyngste slaktene. Fra mandag 3. desember reduseres

engros-, og avregningspris for gris over 85

kg slik: 85,1 - 90 kg ned kr 0,30 per kg, 90,1 - 95 kg

ned kr 0,80 per kg og gris over 95 kg ned kr 0,70

per kg. For videre nedtrapping henvises til tidligere

informasjon og våre nettsider medlem.nortura.no.

KADAVERHENTING

Kundeservice Norsk Protein 941 35 475

Innmelding kadaver.norskprotein.no

MEDLEMSBUTIKKER

Førde 57 83 47 49 / 948 38 141

Forus 52 87 78 24 / 959 48 785

Egersund 916 13 256

Sandeid 52 76 42 18

Voss 476 75 411

Bergen 482 61 442

Bergen (returslakt) 906 59 946 / 957 84 406

Sogndal 468 84 540

NØDSLAKT

Telemark og Aust-Agder 416 18 622

Sør Rogaland/Vest-Agder +

Dalane utan Bjerkreim 478 73 179

Sør-Rogaland (Eigersund/Forus) 480 11 600

Nord-Rogaland (dagtid) 480 99 248

Nord-Rogaland (kveld/helg) +

Bergen og Hardanger 977 52 537

Resten av Hordaland 482 88 105

Sogn og Fjordane - Sogn 992 27 133

Sogn og Fjordane - Nordfjord sør

for Nordfjorden inkl. Stryn sentrum

til Oppstryn + Sunnfjord 992 27 133

Sogn og Fjordane – Nordfjord

nord for Nordfjorden og Sunnmøre 977 75 210

Romsdal og Nordmøre 975 75 137

Redaktør for Nortura-sidene: Svein Bjarne Sommernes svein-bjarne.sommernes@nortura.no

Returadresse:

Returadresse: Bondevennen

Bondevennen PB 208, sentrum

PB 208, sentrum

4001 Stavanger

4001 Stavanger

Vi i Nortura vil ynskje alle

våre medlemar ei riktig god jul

og takk for samarbeidet i 2018!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!