07.08.2019 Views

Fadderutgave 2019

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6 7. august 2019 STUDVEST

Leigetakargui

Er du fersk leigetakar eller berre usikker på rettane dine? Studvest gjev deg svar på det du lurer på.

Artikkel først publisert i 2017.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN

Foto: EMIL W. BREISTEIN

1) Gjeld ein munnleg avtale?

Ein munnleg avtale er like bindande som ein

skriftleg, men det beste er å ha ein skriftleg. Då er

det mogleg å bevise kva som er avtalt.

2) Kor høg husleige kan utleigaren krevje?

Det finnast ingen makspris for leilegheiter

i Bergen, men ein bør ikkje betale meir enn

marknads pris.

3) Kor stort depositum kan utleigaren krevje?

Utleigar kan krevje maksimalt tilsvarande seks

månaders leie, men mellom ein og tre månader er

meir vanleg. Utleigar skal betale for oppretting av

eigen depositumskonto.

4) Har utleigaren lov til å krevje

tillegg for kabel-tv, offentlege avgifter,

vaktmeister eller trappevask?

Nei, utleigar har ikkje lov til å krevje tillegg for

dette. Det einaste det er lov å ta betalt for, i tillegg

til husleiga, er utgifter til straum, brensel, vatn

og avløp om desse vert betalt etter målt forbruk.

Dette må avtalast ved inngåing av leigeforholdet.

Det kan likevel ligge oppgåver i kontrakta, som til

dømes trappevask eller vårreingjering.

5) Kva skal eg som leigetakar vedlikehalde?

Du skal undersøkje røykvarslar og brannsløkkingsutstyr,

samt bytte batteri i røykvarslarane.

Du skal også vedlikehalde dørlåsar, kraner, vannklosett,

elektriske kontakter og brytarar, varmt–

vatnsbehaldarar, laust inventar og utstyr. Med

laust inventar og utstyr meinast til dømes alle møblar

som tilhøyrer utleigar, kjøleskap og vaskemaskin.

Vedlikehald av alt anna enn dette er det utleigar

som har ansvaret for.

6) Kan kjærasten min flytte inn hos meg?

Utleigar kan ikkje nekte leigar å ta inn nær familie

(ektefelle, partner, sambuar, barn, barnebarn, fosterbarn,

adoptivbarn, foreldre eller besteforeldre) i

husstanden, men å ta inn andre personar krev godkjenning

frå utleigar. Vener eller sysken av leigar

må til dømes verte godkjent av utleigar. Utleigar

kan berre nekte å godkjenne inn flyttinga om han

har ein sakleg grunn, og den saklege grunnen er

knytt til personen som skal flytte inn eller om husrommet

klart vert overbefolka.

7) Er det lov til å framleige bustaden?

Ja, men utleigar skal formelt godkjenne den

eller dei ein framleiger til. Utleigar kan berre nekte

å godkjenne leige forholdet om han har ein sakleg

grunn og den saklege grunnen er knytte til

personen som skal flytte inn.

8) Kan utleigaren

når som helst låse seg inn hos meg?

Nei. Utleigar kan inspisere bustaden om han har

ein sakleg grunn, men då må han varsle skriftleg

først.

9) Kva bør eg gjere

om eg oppdagar mugg i leilegheita?

Det beste er om ein kan unngå det før

dette oppstår. Mange studentar brukar ikkje

fasilitetane i leilegheita. Bruk opptrekksvifte. Luft

godt. Oppdagar ein mugg, har ein plikt til å varsle.

Dette vert best gjort gjennom ein skriftleg reklamasjon.

Då pliktar utleigar å utbetre dette.

10) Kan utleigar sett opp

husleiga meir enn konsumprisindeksen?

Det er ikkje lovleg å krevje ein større auke enn

konsumprisindeksen, med mindre du har leigd

lenger enn to år og seks månader. I praksis betyr

det at om du betalte 5000 kroner i juni i fjor,

kan husleiga for juni 2019 ikkje aukast til meir

enn 5127,6 kroner. Dette tilsvarar ei prisstigning

på 2,6 prosent. Konsumprisindeksen og

kalkulator for utrekning av ny leige finn du på

Statistisk sentralbyrå sine internettsider: www.

ssb.no

Kjelder: Kommunal- og regionaldepartementet,

Stig Høisæther i Leieboerforeningen, Geir

Grannes i BergenStudenten og Petter Ryst i

Husleietvistutvalget.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!