07.06.2022 Views

EKKO - Hardanger Musikkfest 2022

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

EKKO

2.–6. NOVEMBER 2022


Framsidefoto: Stein Bjørge

Velkomen til festival!

Me er tilbake på staselege Hotel Ullensvang, som vert ein

sentral møteplass og konsertarena for dei store arrangementa.

I år er det kort avstand mellom arenaene, og det er lagt opp til

gode moglegheiter for mat og drikke mellom konsertane.

Festivalen i 2022 spinn kring EKKO som lydfenomen, tankeeksperiment

og refleksjon – og som mytisk skapnad. Tema vil

verta belyst gjennom verk frå kammermusikklitteraturen som

i særleg grad symboliserer musikken som spegel og reaksjon

på store vendepunkt, i tillegg til visuell kunst, samtalar og

kontrasterande musikalske uttrykk.

Foto: Knut Utler


Foto: Giorgia Bertazzi

Foto: Mori Hirotoshi

Foto: Magnus Skrede

Onsdag 2. november

EKKO FRÅ KULTURSKULEN Krossvoll, Lofthus | kl. 17.30 og 19.30 | frå kr 100

Kom og opplev ung energi og unge kunstnarar i tradisjonelle

og utradisjonelle kunstuttrykk. Eit samarbeid mellom Ullensvang

Kulturskule og Hardanger Musikkfest.

Torsdag 3. november

EKKO PÅ ODDA VIDAREGÅANDE SKULE Odda vgs | kl. 13.25 | Gratis

Kammermusikalsk vitjing med internasjonale festivalartistar.

FØRELEIK: LYDSPOR FRÅ EI UVENTA TID Ullensvang g.h. | kl. 17.00 | kr 130

Varm opp til festival med eit glas Hardangersider og festivalkomponistane

Nils Henrik Asheim, Birgit Djupedal, Sigurd

Fischer Olsen og Tyler Futrell i samtale med Sigurd Sandmo.

OPNINGSKONSERT Ullensvang kyrkje | kl. 18.00 | kr 300

Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd.

Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam og Florian Donderer

byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.

KLASSISK KVEIK Krossvoll, Lofthus | kl. 20.00 | kr 350

Oppskåka i ny drakt. Festivalen sine mange freistingar presentert

i ord og musikk, med kunstnariske leiarar og årets artistar.

Lett servering inkludert i prisen. Lun stemning, og Lofthus

ekspedisjon har open bar.

Fredag 4. november

MORGONTONAR Gløyp, Kinsarvik | kl. 08.00 | kr 250

Musikalsk frukost med Karl Seglem.


Foto: Anders Førde Midtbø

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BAKST OG BALLADE Lofthus Ekspedisjon | kl. 11.00 | kr 250

Nyt herlege bakverk frå Fløy til musikalsk og visuelt innhald frå

Silje Aker Johnsen, Fredrik Rysjedal og Nils Henrik Asheim.

AUST OG VEST Ullensvang kyrkje | kl. 13.00 | kr 275

Meistermøte mellom tradisjon og improvisasjon med

Erlend Apneseth (NO) og Karin Nakagawa (JP).

KONSERTINNFØRING MED SIGURD SANDMO Krossvoll | kl. 16.00 | kr 100

Sigurd Sandmo inviterar til betraktningar rundt Messiaen sin

«Kvartett til tidenes ende», som kan høyrast i Ullensvang kyrkje

kl. 22.00. Musikalsk innslag ved Oslo Strykekvartett.

TENNISKONSERT MED BFUNG Hardangerhallen | kl. 18.00 | kr 400

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets

stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt,

Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin

og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.

KVARTETT TIL TIDENES ENDE Ullensvang kyrkje | kl. 22.00 | kr 300

Stjernemusikarane Florian Donderer, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam

og Håvard Gimse spelar det vakraste verket i verda.

Me treffest på festivalpuben Lofthus Ekspedisjon utover kvelden!

Laurdag 5. november

MUSIKALSKE MYTER Krossvoll, Lofthus | kl. 11.00 | kr 250

Ei reise i ord og tonar gjennom mytane si verd, musikalsk

illustrert av Szymanowski sitt praktfulle verk «Mythes». Sigurd

Sandmo, Håvard Gimse og Florian Donderer. Sal av gyldne snittar.

STABAT MATER, TERJUNGENSEMBLE Ullensvang kyrkje | kl. 14.00 | kr 300

To verk over hymna til jomfru Maria, skrive med 286 års

mellomrom. Pergolesi og Futrell vert tolka av Terjungensemble,

Silje Aker Johnsen og Mari Askvik. Rystande vakker musikk.


Foto: Andreas Ulvo

Foto: Ilja Hendel

Foto: Andrej Grilc

SMAKAR FRÅ JAPAN OG HARDANGER Alvavoll | kl. 16.00 | kr 425

Påfyll for gane, hjarte og øyre med Karl Seglem, Karin Nakagawa

og Harald Alvavoll.

OVERRASKINGSKONSERT Hardangerhallen | kl. 19.00 | kr 400

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og

underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i

kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal

vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og

Gunilla Süssmann er vertskap.

APNESETH TRIO Krossvoll, Lofthus | kl. 22.00 | kr 275

Eit av dei mest innovative og aktive banda i Noreg. Lyden

av norsk folkemusikk møter jazz og elektronika. Med Erlend

Apneseth, Stephan Meidell og Øyvind Hegg Lunde. Levande

filmredigering av Klara Sofie Ludvigsen og Fredrik Rysjedal.

Sundag 6. november

SØLEPYTTEN Hotel Ullensvang, Lofthus | kl. 11.00 | kr 250 (familiebillett)

Teikneforestilling med Fredrik Rysjedal. Opplev den mystiske

sølepytten i det den vert teikna fram på storskjerm. Musikalsk

fylgje av Karin Nakagawa, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan

Meidel. Passar for heile familien. Hotel Ullensvang tilbyr familiepakke

på bading og lunsj i etterkant av arrangementet.

GRIEGVITJING Ullensvang kyrkje | kl. 12.00 | kr 300

Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon

Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program.

Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.

ATTERKLANG Kraftkatedralen | kl. 15.00 | kr 375

Ei verdig avslutning på ekkoet med Det Norske Jentekor,

Terjungensemble, Karl Seglem og Erlend Apneseth.


Billettpakkar

TORSDAG 3. NOVEMBER

Opningspakka kr 550

Perfekt for å koma i festivalstemning

kl. 17.00 Føreleik med komponistane, Ullensvang Gjesteheim

kl. 18.00 Opningskonsert i Ullensvang kyrkje

kl. 20.00 Klassisk Kveik – oppskåka i ny drakt, Krossvoll

FREDAG 4. NOVEMBER

Brunsjpass kr 425

Den optimale brunsjpakka

kl. 11.00 Bakst og ballade, Lofthus Ekpedisjon

kl. 13.00 Aust og vest, Ullensvang kyrkje

Kveldspakke kr 575

Få med deg nokre av festivalen sine høgdepunkt

kl. 16.00 Konsertinnføring med Sigurd Sandmo, Krossvoll

kl. 18.00 Tenniskonsert med BFUng, Hardangerhallen

kl. 22.00 Kvartett til tidenes ende, Ullensvang kyrkje

LAURDAG 5. NOVEMBER

Lunsjpass kr 450

Rystande vakker musikk

kl. 11.00 Musikalske myter, Krossvoll

kl. 14.00 Stabat Mater, Ullensvang kyrkje

Mellom konsertane anbefaler me lunsj på Hotel Ullensvang,

Fløy bakeri eller Lofthus Ekspedisjon.

Heildagspass kr 1200

Dagspass fra morgon til kveld

kl. 11.00 Musikalske myter, Krossvoll

kl. 14.00 Stabat Mater, Terjungensemble, Ullensvang kyrkje

kl. 16.00 Smakar frå Japan og Hardanger, Alvavoll (m/ sidersmaking)

kl. 19.00 Overraskingskonsert, Hardangerhallen, Hotel Ullensv.

kl. 22.00 Apneseth Trio, Krossvoll

Kveldspass kr 575

Ein nydeleg festkveld

kl. 19.00 Overraskingskonsert i Hardangerhallen

kl. 22.00 Apneseth Trio på Krossvoll

SUNDAG 6. NOVEMBER

Avslutningspakka kr 500

Musikalsk punktum som gjev gjenklang heilt til neste år

12.00 Griegvitjing, Ullensvang kyrkje

15.00 Atterklang, Kraftkatedralen, Tyssedal

Hardanger musikkfest tilbyr enkeltbillettar,

festivalpass, ulike pakkar og gåvekort på

ticketco.no


Festivalpass

Festivalpasset gjev tilgang til alle arrangement frå

torsdag 3. til sundag 6. november.

Festivalpass kr 2100

FestivalpassUng kr 1000

Hardingpass kr 1800

HardingpassUng kr 700

På arrangement med begrensa kapasitet og/eller servering må

ein løysa ut billett i forkant. For arrangement med servering må

ein betala eit tillegg.

Me vil gjerne ha med fleire Frendar!

Ta kontakt med Frendesjef Gisle Haukelidsæter for meir info.

Telefon: 483 57 548

Ved kjøp av festivalbillett tilbyr Hotel Ullensvang rabattert pris på

overnatting. Sjå hotelullensvang.no

hardangermusikkfest.no


hardangermusikkfest.no

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!