19.01.2013 Views

Kulturhusprogram - Lyngdal kommune

Kulturhusprogram - Lyngdal kommune

Kulturhusprogram - Lyngdal kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ONSDAG 31. OKTOBER

teatersjefens utvalgte:

Blackbird

riksteatret.no | Foto: Jo Michael

har sanninga fleire sider?

Tolv år gamle Una hadde eit forhold til

førti år gamle Ray. Femten år etter søkjer

ho han opp på arbeidsplassen. Ho har

levd under ei skuggje av fordøming frå

omgjevnadene, og han har sona straffa

si og starta eit nytt liv. Kva skjer når ho

får sjansen til å fortelje historia frå sin

ståstad?

Blackbird er ein intens og tankevekkande

konfrontasjon mellom to menneske,

skrive av den prisbelønte dramatikaren

David Harrower. I skildringa av desse to

menneska og det særs uvanlege kjærleiksforholdet

deira, overskrid Harrower

det ein oppfattar som rett og galt.

Stykket vil garantert sette kjenslene på

prøve og utfordre grensene dine.

Blackbird fekk eineståande kritikkar etter

urpremieren på Edinburghfestivalen i

2005 og vart raskt sett opp i Londons

West End. Blackbird vert stadig sett opp

av teatersjefar over hele verda som ønskjer

å gi publikum gode teatertekstar,

og stykket har fått status som ein moderne

klassikar.

I Riksteatret si norgesaktuelle oppsetjing

gjør Vidar Sandem comeback på scena

etter mange år som teatersjef på Det

Norske Teatret, og det nye talentet Marie

Blokhus speler Una. Regien er ved Kim

Sørensen.

Verdspressa har sagt:

«unforgettable», The Times

«brilliant», Mail on Sunday

«a miracle», New York Times

«a smash hit not to be missed»,

Sunday Express

«a gripping drama» , Critic’s Choice

Nettside: www.riksteatret.no

blackbird

onsdag

31.10

19.00

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!