VN_Reiseguide2020_NO_INNMAT_TRYKK
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
NORDFJORD REISEGUIDE 2020
NORDFJORD SMAK SPOR
og bær til most og saft. I
tillegg produserer dei edlare
dråpar med namnet «Attåt».
På Flo litt lenger inni fjorden,
er det også gode forhold for
fruktdyrking, noko du kjenner
når du drikk eplemost frå Flo
Gardsmat.
© Påldtun
FRUKT OG BÆR
Det er fine forhold for fruktdyrking
i Gloppen, difor var
det naturleg at to verksemder
har skapt sitt levebrød
gjennom kvalitetsmat- og
drikke frå lokalt dyrka frukt.
Påldtun frukt og bær lagar
barndomsminne på flaske. Alt
dei lagar er 100% heimelaga.
Saft, sylte og hermetiske bær
er laga med råvarar frå eigen
gard og gardar i nærleiken.
DRIKKE
Fjording er ein ny aktør
som har utfordra den irske
produsenten med å lage den
første kremlikøren frå Norden,
Fjording Nordic Cream.
Med eit land som har stolte
tradisjonar innan sprit og
mjølk var det naturleg å
basere seg på norsk potetbrennevin,
med smak av
karamell og hasselnøtt.
Ideen og produkta stammar
frå det vakre fjordlandskapet
i Nordfjord. Det vert donert 1
US-dollar for kvar selde flaske
til gode fjordhestformål, for å
bidra til å sikre framtida til vårt
vakre nasjonalsymbol
«Fjordhesten».
Gardsfolket på Gardsbrenneriet
fann kvarandre
då dei begge utdanna seg til
sivilingeniørar i kjemi. Dei
flytta heim til odelsgarden for
å kombinere utdanninga med
«det gode liv» på landsbygda.
Gardbrenneriet pressar frukt
35
© Espen Mills
VN_Reiseguide2020_NO_FERDIG.indd 35 12/02/2020 18:13