01.05.2013 Views

Last ned - Bedriftmagasinet

Last ned - Bedriftmagasinet

Last ned - Bedriftmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

26

DET NATURLEGE

møtepunktet i Sogndal

QUALITY HOTEL SOGNDAL

Quality Hotel Sogndal har sidan 2007

gradvis blitt fornya. I dag framstår hotellet i ny

drakt og er eit naturleg val for dei som skal halde kurs og konferansar.

- Sogndal er ei bygd, kjem det kontant frå salssjefane

Anja Fardal, Astrid Ølmheim Bjørk og

hotellsjef Erlend Fardal Lunde.

MIDT I SMØRAUGA

I Sogndal er dei stolt over statusen og nyttar

det i omtalen av seg sjølve.

- Vi er verdas einaste tippeligabygd, fortel

hotellsjefen.

- Vi er det naturlege valet i regionen og ligg

midt i smørauga for kurs og konferansar med

flyplassen snaue 20 minutt unna, legg han til.

- At bommen på Fjærlandsvegen er borte gjer

det enklare å møta marknaden nord for oss.

STORE INVESTERINGAR

Kun baren er å kjenne att. Resepsjonen og

møteromma er nye og moderne, det same er

den nye restauranten som skal opne i midten

av februar. Hotellromma er òg kraftig oppgradert.

- Vi har tolv møte- og konferanserom som er

utstyrt med det siste innan multimedia. Trådlaust

nettverk er det over heile hotellet, seier

Lunde. I vår opna me eit meir eksklusivt møterom

med råflotte stolar og bord, som vert nytta

til både møter og fine middagar.

- Ein ser raskt at alt dette har kosta?

- Vi nærmar oss vell 80 millionar kroner. Våre

eigarar Anne og Jørgen Christian Lindstrøm er

veldig bevisste på fornyinga og ser at Sogndal

er ei bygd i vekst. Det er veldig bra for oss som

hotell. Vi må ha noko ekstra å tilby og meinar

at Sogndal og regionen er landets beste område

for uteliv og utfolding i naturen. Skal vi

selgja oss inn til næringslivet på austlandet må

vi ha dette vesle ekstra å by på.

DET VESLE EKSTRA

- Våre gjestar kan verta med på båttur, brevandring,

kajakk, fjordrafting eller ei roleg

sentrumsvandring, for å nemna nokre av

aktivetane me legg til rette for i samband med

konferanse hjå oss.

Vi har tre restaurantar

og ein nattklubb. I februar

opnar vi ein ny

italiensk restaurant i

2.etasje.

Ved konferansar og

kurs er alle i sving for

å gjera det beste for

kundane. Vi har eit

dyktig og samansveisa

team på hotellet.

Og så har vi overlevd

2011 i Tippeligaen.

Dermed vert det

fotballpakkar i 2012

òg, seier han.

Bygd i 1962 – 50 år i 2012!

Fleire større utbyggings og

renoveringsprosjekt frå 2007

og fram til i dag.

115 rom

12 møte- og konferanselokale

300 konferansegjester

350 restaurantgjester

Quality Hotel Sogndal

Gravensteinsgata 5

N-6851 Sogndal

Telefon: +47 57 62 77 00

Fax: +47 57 62 77 40

E- post: q.sogndal@choice.no

Nettside: www.qualityhotelsogndal.no/

FOTO: TOR YTTRI.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!