01.05.2013 Views

Last ned - Bedriftmagasinet

Last ned - Bedriftmagasinet

Last ned - Bedriftmagasinet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TUSSA IKT OG BOURBON OFFSHORE NORWAY

MED TRYGGLEIKEN I HØGSETET

For Bourbon Offshore Norway er tryggleiken til mannskap og skip av høgaste prioritet når

dei driv med avanserte operasjonar i dei tøffaste havstroka som finst. Tryggleiken rundt

dei avanserte IT-installasjonane på landjorda har dei overlate til Tussa IKT.

Bourbon, med hovudkontor i Paris, Frankrike,

er med ein flåte på meir enn 400 skip ein

leiande internasjonal aktør som leverer

maritime tenester for olje- og gass-sektoren

over heile verda.

Skipsreiarlaget Bourbon Offshore Norway

(BON) i Fosnavåg eig og driftar 20 av desse

skipa. Dei har ansvaret for den vêrharde

nordsjømarknaden, men driv også farty

i Brasil, Mexico, Egypt, Vest-Afrika og

Australia. Den norske staben driv nokre av dei

største og mest sofistikerte skipa i Bourbonflåten.

Med høgteknologiske oppgåver og

dei tøffe krava til leveransepresisjon som er

i offshoremarknaden, er Bourbon Offshore

Norway heilt avhengige av IT-system og

kommunikasjonsløysingar som fungerer

optimalt.

- I 2008 stod vi framfor ei naudsynt

oppgradering av IT-systema. Vi gjorde då

eit strategisk val om å la eigne IT-ressursar

fokusere på forretningskritiske system,

innhald og prosessar og å setje vekk drift

og vedlikehald av infrastrukturen, fortel

administrerande direktør Bjørn Idar Remøy.

Dermed byrja dei arbeidet med å finne ein

ekstern samarbeidspartnar.

IKT-ansvarleg Kay-Åge Fugledal forklarar

at dei var på utkikk etter ein partnar med

tung fagleg kompetanse på utstyr, løysingar

og prosessar, men som også kunne tilby ei

komplett datasenterteneste.

- Vi stilte strenge krav. Det var svært viktig for

oss å kunne føle oss trygge på at utstyret og

teknologien vi treng for å drive dei komplekse

operasjonane våre ville virke uavhengig av

tidssoner, straumbrot og eventuelle feil på

utstyret, seier han. Og dei måtte ikkje sjå

langt for å finne det dei leitte etter.

- Tussa IKT hadde kompetansen og

dataromfasilitetane. I tillegg kunne dei levere

kommunikasjonslinene. Det vart etablert eit

fibersamband mellom kontora våre i Fosnavåg

og Tussa IKT sitt datasenter i Ørsta. Det at

Tussa kunne ta eit slikt “ende-til-ende”ansvar

talte svært positivt, meiner han.

Med fiberen på plass vart eit “digitalt

flyttelass” køyrt til Ørsta og på denne måten

kunne BON oppretthalde drifta frå dag ein.

Når den gamle løysinga så var etablert i det

nye datasenteret starta arbeidet med å flytte

IT-tenestene over på ei ny og meir feiltolerant

plattform for ytterlegare å redusere risikoen

for nedetid.

Fugledal framhevar at Tussa IKT har vist stor

evne til fleksibilitet og samarbeid, mellom

anna ved at konsulentane har jobba tett

opp mot Bourbon sitt sentrale IT-driftssenter

i Marseille, som har styringa med enkelte

av systema som avdelinga i Fosnavåg er

avhengige av.

Salssjef Norodd Dyrhovden i Tussa IKT synest

det har vore eit godt og utviklande samarbeid

for begge partar og at Bourbon Offshore

Norway gjorde eit godt strategisk val.

- Med dagens løysing har dei i større grad

anledning til å ha fokus på kjerneverksemda.

Samstundes har dei sikra seg enkel tilgang til

ny teknologi og gjort det lettare å utvikle meir

kostnadseffektive løysingar i framtida. Slik kan

Bourbon også i framtida vere i verdsleiinga på

havet.

TUSSA IKT

Ein av dei største IT-aktørane på søre

Sunnmøre. 40 konsulentar.

Leverer datasikkerheit, fiberløysingar

og 24/7 servicesenter.

BOURBON OFFSHORE

www.bourbon-online.com

Hovudkontor i Paris - Frankrike.

Internasjonalt reiarlag med 407 farty

pr. 31.12.2010, 88 under bygging.

8 350 tilsette i 35 land i Europa, Sørog

Mellom-Amerika, Afrika og Asia.

BOURBON OFFSHORE

NORWAY AS

www.bourbon-offshore.no

Kontor på Mjølstadneset/Fosnavåg.

Driftar/eig 20 store avanserte

offshore farty. Kring 500 tilsette.

Salssjef i Tussa IKT, Norodd Dyrhovden (midten) i lag med

Bourbon Offshore Norway sin adm. dir Bjørn Idar Remøy og IKT-ansvarleg Kay-Åge Fugledal (t.h.).

Foto Marius Beck Dahle

10 11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!