02.05.2013 Views

sluttrapport - Skånevik nett

sluttrapport - Skånevik nett

sluttrapport - Skånevik nett

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6.3.3. Kontinuitet fram mot ny sesong

Planlegging og marknadsarbeid fram mot neste sesong må setjast igong snarast råd. I forhold

til enkelte reiselivsaktørar er me allereie for seine til å koma inn i programmet for kommande

sesong.

6.4. Anbefalt vidare arbeid

Med ein hastig, kort og våt testsesong har Åkrafjorden Oppleving utretta mykje, og svært

mange har tru på at dette vil bli eit svært attraktivt reisemål. Erfaringsmessig tar det fleire år

før ein er innarbeidd i turistmarknaden.

Den positive responsen og velviljen prosjektet har møtt frå nære og fjerne omgjevnader gir eit

kraftig signal om at dette er verd å satsa vidare på. Turdeltakarar, sponsorar, offentlege

støttespelarar, reiselivsbransje, medier, grunneigarar, og samfunnet elles har vore eintydig

positive. Vidare satsing er noko ein må få til.

For full operativ sesong sommaren 2008 og vidare satsing tilrår ein følgjande:

• Få på plass ressurser/økonomi til vidare prosjektarbeid

• Utarbeida marknads- og produktstrategi, nye målsettingar

• Arbeida mot offentleg finansiert turistrute

• Etablera turprogram og produkttilbod

• Marknadsføring

Dette arbeidet må ha fokus mot komande sesong, men bør også vera ein del av ein ny

prosjektplan gjeldande for ein treårsperiode. Søknad om finansiering må gjerast i dette treårsperspektivet

for å sikra kontinuitet i utvikling og marknadsinnarbeiding.

For å ivareta dei store og utfordrande oppgåvene som ligg føre oss vil det vera å anbefala at

ein organiserer prosjektet på ein slik måte at ein i stor grad involverer det ressurssterke og

kunnskapsrike nettverket rundt Åkrafjorden Oppleving i prosjektgruppe og styringsgruppe.

Turdeltakarar som blir bedt om å notera ned positive assosiasjonar, kvitterer med ord som

entusiasme, energi og positivitet. Dei som har stått i første rekke og møtt våre gjester, har vist

ansvarsfølelse, glede og glød i ein elles hektisk og til dels uoversiktlig testsesong. Bratt

læringskurve er akseptert som ein naturleg spegling av omgjevnadane.

Desse eigenskapene er uvurderlege i ein organisasjon og ein vesentleg suksessfaktor i

testsesongen. Prosjektet bør leggja til rette for at denne linja kan vidareførast i komande

sesongar.

Etne, Hordaland

dato

Åse Tveit Samdal

Prosjektleiar/koordinator

Åkrafjorden Oppleving AS

Prosjektrapport Sightseeing 2007 26

Åkrafjorden Oppleving AS

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!