16.07.2013 Views

Folk nr 1-2013

Folk nr 1-2013

Folk nr 1-2013

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fordi vi er skapte for han og til han, er mykje av identiteten

vår knytt opp til å vera tenarar. Vi vart skapte for å tena inn i ein

større plan og hensikt. Om vi i tillegg finn ut at Gud sjølv er ein

tenar, har vi endå større tenaridentitet, fordi vi er skapt i Guds

bilete.

Frelst til å tena

Tenarkallet kom endå sterkare i fokus då vi tok imot frelse. »De

vende om frå avgudane og tok til å tena den levande Gud,« skreiv

Paulus til tessalonikarane (1 Tess 1,9). Som kristne skjønar vi det

naturlege i dette. Vi er kjøpt og prisen er betalt, nettopp for at vi

ikkje skal træla for menneske, men leva i teneste for Gud (1 Kor

7,23). Vi tilhøyrer Gud. Difor skal dei som lever, ikkje leva for seg

sjølv, men for han som døydde og stod opp for dei (2 Kor 5,15).

Når vi så har fått del i hans natur, vert det naturleg å vera slik som

han er.

Sjølv sa Jesus at:

Menneskesonen er ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena

og gje livet sitt som løysepeng for mange. (Matt 20,28 og Mark 10,45)

I samfunnet er det status å ha ein posisjon som menneske kan sjå

opp til. Gud ser opp til dei som gjer seg sjølv til tenarar for alle

(Mark 9,35). Jesus hadde høgare posisjon enn nokon annan i

utgangspunktet.

Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart

menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv

og vart lydig til døden, ja døden på krossen. Difor har Gud opphøgd

han og gjeve han namnet over alle namn. (Fil 2,7-9)

Jesu teneste for Gud

Det høyrer ikkje med her å gå inn på heile omtalen av Jesu teneste

for Gud, men eg vil likevel ta med eit par ting som kan visa oss litt

om kva vi sjølv kan forventa oss som Guds tenarar. Jesus tente

under ei salving frå Gud (Apg 4,27). Andens kraft og det at Gud

45

Ei god tenarhaldning er at alt det

eg har fått av gåver, utrustning og

kunnskap om ting, kan brukast til

å tena andre.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!