16.07.2013 Views

Folk nr 1-2013

Folk nr 1-2013

Folk nr 1-2013

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

natur. Fordi Jesus bur i hjarta og fordi vi har fått del i guddomeleg

natur kan vi ikkje vera annleis enn slik Jesus er. Som han er, slik

er vi óg i verda (1 Joh 4,17).

Søk ære frå Gud

Vi skal ikkje vera det Bibelen kallar for augnetenarar, som berre vil

gjera menneske til lags, men Jesu Kristi tenarar som heilhjarta gjer

hans vilje (Ef 6,6). Det er uråd å vera ein Jesu tenar, om ein skal

springa rundt og gjera alle menneske til lags (Gal 1,10). Søkjer vi

ære frå menneske eller frå Gud? Oppmodinga frå Guds ord er å stå

vår prøve for Gud (2 Tim 2,15). Andre får meina kva dei vil. Det er

forferdeleg når menneske vil misbruka andre som tenarar for sin

eigen sjølviske agenda. Og det er ille når menneske på eigne vegne

skaper strid eller fører andre på avveg, fordi dei ikkje tener Gud i

sanning, men berre sin eigen buk. Slike tenester finnes ikkje i Jesu

måte å byggja menigheten på. Guds hus er eit reint hus.

Med alt du er

Peter seier:

Ten kvarandre kvar med den nådegåve han har fått, og vær gode

hushaldarar over Guds mangfaldige nåde. (1 Pet 4,10)

Ei god tenarhaldning er at alt det eg har fått av gåver, utrustning

og kunnskap om ting, kan brukast til å tena andre.

Det kan vera ei stor velsigning for ei forsamling at der er gode

administratorar som organiserer arbeidet godt. Men god administrasjon

kan ikkje erstatta openberringa om oss sjølve som tenarar

for Gud. Det at ting ytre sett fungere på ein teknisk god måte, er

ikkje alltid det same som at Guds mangfaldige nåde vert godt

forvalta. Grunnlaget for det, er at alle lemene på lekamen har same

omsut for kvarandre, og tener kvarandre kvar med den nådegåva

han har fått. Det er å sjå etter behov ein kan møta, enten ein står

på turnusen eller ikkje. Det er ein livsstil der ein finn vegleiing hjå

Gud og gjer det han vil, utan å blåsa i basun om det.

Den som tener, skal tena med den styrke Gud gjev. (1 Pet, 4,11)

49

Kor sterk er du då? Så sterk som

han er, som er med deg. Du kan!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!