23.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

gudstenesteteologi

opptakt

Som prestar og teologar har vi eit stort ansvar

som formidlarar av faget vårt. Følgjande

hending kan illustrere kva eg meiner: På ein

samtalekveld snakka vi om «syndsbekjennelsa»

og hennar historie. Ei av dei som var

til stades reiste seg og ropa ut: «Og dette har

de late vere å fortelje oss! Dette har de prestar

visst, og du kor mykje lettare det hadde

vore for meg om eg hadde visst at syndsbekjennelsa

ikkje var ein for alle tider fast del

av den lutherske gudstenestas begynnelse.»

Ein ting er at det mellom oss sikkert fins

varme forsvarar av syndsbekjennelsa slik

ho er i si noverande form, og at det også fins

folk som vil ha ho fjerna. Men det vi skuldar

lekfolket, det er å formidle kunnskap. «Slik

har ein då alltid gjort det», seier ein ofte til

forsvar for å halde faste på eitt og hint. Ein

slik setning vert eit maktmiddel til å få tilstandar

og ting til å vere som dei alltid har

vore. Vi veit at syndsbekjennelsa kom inn

med Gustav Jensen og at ho er eit særnorsk

fenomen. Vi sit inne med mykje historisk og

teologisk kunnskap. I desse reformtider er

det viktig at vi formidlar kunnskap. Det er

også viktig at vi tek på alvor at liturgi og

34 nytt norsk kirkeblad 5/2007

gudstenestas teologi

– handling og kropp 1

Av Kari Veiteberg

gudsteneste, bønene våre, orda våre, måten

vi samlast på, kva vi seier, korleis vi feirar

nattverd, korleis vi går frå ein annan: Alt

dette er teologi.

om liturgisk teologi

Om ikkje liturgisk teori og liturgi som fagområde

er ganske i vinden no? Liturgi vert

i alle fall ikkje lenger sett på som eit handverksfag

som berre omhandlar dei praktiske

spørsmåla ved det å gjennomføre ei gudsteneste.

Nei det er eit stort fagfelt, med både

ei historisk side og ei systematisk-teologisk

side. Den liturgiske teologien oppfattar eg

mellom anna som eit forsøk på å gi liturgifaget

høg status.

Ein måte å beskrive den liturgiske teologien

på, er å seie at det er ei skuleretning

som øver teologisk kritikk av liturgien og

ein liturgisk basert kritikk av teologien. Når

eg har lese det som er skrive av liturgiske

teologar, finn eg to karakteristiske drag: (1)

Den liturgiske teologien ser gudstenestelivet

som teologiens kjelde. Den liturgiske utfaldinga

er theologia prima, ho er grunnvollen

for theologia secunda som består i reflek

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!