23.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 5-2007 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

gudstenesteteologi

skild frå presten og dei har visst ikkje møttes

igjen før vår eiga tid.

Første store åtak kjem frå Luther i

«Kyrkjas babylonske fangenskap» frå 1520,

kor han understreka at ein ikkje ber fram

framfor Guds ansikt, men at ein tek i mot

det. Luther oppmoda også til å føre altaret ut

til folket. Presten skulle vende seg med andletet

til forsamlinga, meinte han, og skriv i

innleiinga til Deutsche Messe (1526): «Ved

ein riktig messe blant ordentlig kristne, måtte

alteret forandres og presten måtte hele

tiden vende seg til folket, slik Kristus utan

tvil har gjort det i nattverden. Men dette får

utstå til sin tid.» 23

Diverre, kan ein seie, lukkast ikkje reformasjonen

i å skape ein liturgisk praksis

som svarte til den teologiske grunntanken.

For det første: Den sterke lutherske understrekinga

av messa som mottaking av sakramentet,

mot messeofferet, opna vegen

for ein individualisme som seinare kom til å

få overtaket i luthersk tradisjon. Denne forsterka

individualismen overskugga også det

nattverdsynet som legg vekt på takkseiinga,

evcharistiens gledesfylte fellesskap. For det

andre gav ortodoksien si sterke vektlegging

av preike og undervisning mindre rom for

kyrkjelydens liturgiske aktivitet/deltaking.

Eg høyrer til dei som er påverka av Den

liturgiske rørsla, «the liturgical renewal

movement». 24 Ein seier at den liturgiske

rørsla starta på slutten av 1800-talet. Då

vakna interessa for den kristne kyrkja før

keisar Konstantin si omvending i byrjinga

av 300-talet. Konstantin vert nemlig sett på

som eit stort vasskille i den kristne liturgihistoria.

Frå å vere marginalisert og undertrykt,

blir kyrkja gradvis identifisert med

den offisielle kulten. Frå å feira gudsteneste

i heimane blir det seremoniar i store basili-

40 nytt norsk kirkeblad 5/2007

kaer. Det som tidlegare var ei handling av

folket, blei gradvis ei handling for folket.

I The People’s Work: A Social History of

the Liturgy definerer Frank C. Senn den liturgiske

rørsla som ei rørsle som ville gjenoppdage

gudstenestas kjernekarakter som

offentleg arbeid av folk. (jfr. leitourgia). Det

handla ikkje om restaurasjon («the litugical

restoration movement», som blankpussing

av gamal gudstenesteprakt, men om revitalisering,

gjenoppdaging, oppvurdering av

gudstenestas fellesskapsdimensjon.

Gjennombrotet for rørsla blir tilskrive eit

referat frå Lambert Beauduin (1873-1960)

frå katolikkdagen i Malines 1909: «Folket

over liturgi», sa han, og «gjeninnsett dei

truandes aktivitet og delaktighet i gudstenesta!»

Beaduin meinte det var umogleg å

få til ei liturgisk fornying utan å få til lekfolkets

aktive deltaking i liturgien. Kva var

dette? Jo oppdaginga av leitourgia igjen og

oppdaging av oldkyrkjas liturgiske liv. Det

starta som eit ad fontes-engasjement, ein

ønskte ei tilbakevending til den «ekte» liturgien,

slik ein feira ifølgje dei opphavlege

kjeldene. Men det som er interessant, er at

under denne jakta etter det opphavlege og

ekte kom det til syne eit mangfald.

Den endeleg omfamninga av desse ideane

skjedde i og med det 2. vatikankonsil

i 1963. Etter Vaticanum II har ein mellom

anna oppmoda lokalkyrkjelydane til å feire

messe på morsmålet, alle skulle få mogelegheit

til å delta utifrå sine eigne føresetnader;

«lettfatteleg, verksamt og innsiktsfullt»

skulle det vere. Ein opererer med bordaltar

versus populum, slik at presten ser folket

og folket ser det presten gjer. Ja, beinvegs

vart det i alle kyrkjerom sett opp sentralalter

nede i kyrkjeskipet i tillegg til høgaltaret.

Sacrosanctum Concilium (Den liturgiske

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!