26.07.2013 Views

Me fylles av jublande song - dalemannskor.no

Me fylles av jublande song - dalemannskor.no

Me fylles av jublande song - dalemannskor.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Føreord

Me fylles av jublande song – Dale Mannskor 75 år

Dale Mannskor vart stifta 3.juni 1931 og kan såleis feira 75-års jubileum i

2006.

Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I

dag kjem dei 42 medlemene frå ulike stader i Vaksdal kommune.

Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale

Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten.

Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør

for korsongen langt ut over kommunegrensene.

”Å fremja songinteressa på staden” heiter det i føremålet frå 1931. Det har

koret gjort til fulle. Koret er i dag eit av dei få mannskora av dei typiske

”industristad-kora” på Vestlandet som er att og lever vidare.

I dette jubileumsskriftet tek vi ikkje sikte på å gje ei samla historisk framstilling

av Dale Mannskor gjennom 75 år. Men meir gje ei vinkling på

samspelet mellom kultur og lokalsamfunn og koret si rolle for trivnad og

utvikling i dalesamfunnet og i kommunen. Gjennom ei tematisk tilnærming

vil vi gje innblikk i lokalhistoria vår, tradisjonar som er skapte og haldne i

hevd, og glimt frå det lokale musikklivet.

I tillegg tek vi med omtale av typiske koraktivitetar som konkurransar,

songarstemner og utanlandsturar.

Viktig kjeldemateriale i arbeidet har vore lokalavisene: Nordhordland,

Bruvik, Bygda Vår, VaksdalNytt og VaksdalPosten samt Hordaland og

Bergens Tidende. (Sjå elles kjelder sist i boka).

Bilete er i hovudsak utlånt av Ruth Olsnes.

Skriftet er blitt til gjennom ”dugnadsinnsats” av fleire. Ole Johnny

Domben har hatt hovudansvaret, og med seg har han hatt Birger Kvamme,

Øyvind Solberg, Randolf Rønhovde, John Birkeland og Dagfinn Roe.

Vi rettar ei særskild takk til Ole Petter Lien for viktig medverknad og verdfull

rettleiing.

God lesnad!

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!