27.07.2013 Views

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Det hende i Bayern for

mange år attende. Dei hadde

reist ei ny og vakker kyrkje.

Det var eit syn å sjå. Men

då dei freista lydtilhøva i

kyrkja synte det seg at akustikken

var nærast håplaus.

Verst var det med ordet frå

preikestolen. Det som var

sagt derifrå forsvann på eit

vis i ein utydeleg ordgraut.

Tekniske ekspertar som vart

tilkalla kunne ikkje hjelpa,

inntil ein nærast ved eit

tilfelle fann at om talaren

vende seg i ein fastsett retning,

og vart ståande stille

der kunne ein høyra orda

klårt i heile kyrkja.

Kva vart gjort?

På det rette siktepunktet vart

det på kyrkjeveggen hengt

eit måleri av Den krossfesta

Jesus Kristus. Og sidan

fekk alle forkynnarar, som

gjekk på preikestolen vite

at så lenge dei stod vendt

mot Golgatabiletet, ville

alle kunne høyre røysta og

bodskapen om tilgjeving og

nåde. Med ”blikket” festa

på Den krossfesta Kristus.

Av Arne Lindekleiv

PÅSKA - Med fokus på mysteriet

I dag lyder og bodskapen

om Guds tilgjeving og

nåde, men i ei tid der

vi og opplever mange

andre røyster på ”livssynsmarknaden”,

kan mange

lett verta forvirra. Kva

skal ein tru, og kva skal ein

ikkje tru. Mange spør om

ikkje det eine er like bra

som det andre. Ja nokon

vil og hevde at dei ulike

religionar berre er ulike

måtar å nærme seg den

eine og sanne Gud.

Fastetida, - tida fram mot

påska er meint å vera ei tid

der vi på ein særskild måte

kan vende tanken vår og

blikket fram mot påska og

påska sitt mysterium. Der

vi kan freista å få auga på

Han som kom hit for å vise

veg, - ja ikkje berre vise

ein veg, men som er den

Vegen som fører til Gud,

svaret på det mest fundamentale

spørsmål i livet.

Påskebodskapen lyder

klårast med ”blikket” festa

på Den krossfesta Kristus!

Difor fortel og Bibelen oss;

“Det er ikkje frelse i

nokon annan, for det

fi nnes ikkje noko anna

namn under himmelen

gjeve mellom menneske,

som vi kan verta

frelste ved”

Ap. Gj. 4 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!