28.09.2013 Views

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KYRKJEBLAD FOR KVINNHERAD PRESTEGJELD

Magnar Hellesøy går ut - ordinert som den første sidan 1946 i Kvinnherad kyrkje.

Foto v/Håvard Sætrevik/Grenda

over fjorden 1 mars 2005

Mars 2007

Årgangang 5

Nr. 1

Leithaug-konsert

Inspeksjon eller inspirasjon

v/ Hildur Øvsthus (s. 2)

Det var kjekt å vera foreldre og

Om sjå to korleis flotte Bjarte konsertar Leithaug med

v/Hildur humør Øvsthus(s. og song-glede 3) losa borna

gjennom den eine songen etter

Andakt den andre. v/Magnar Alle Hellesøy var med. (s.4 - Dei 5)

Vårdikt v/ Airin H. Zimmer (s. 5)

“gav alt” og song med flotte bar-

Bu-heima-leir

nestemmer. Innimellom vart det

v/Kristine tid til leikar. Bjorøy Hestad Ein artig (s. 6) variant av

“tampen brenn” vart eit triveleg

Påskesalmen innslag for både v/Reidar barnekoret Algerøy - og og

Jubileum v/Ragnhild Huse (s. 7)

dei vaksne som sat og såg på. Les

Første heile saka steg på i dåpsopplæringa

midtsidene.

v/Åge Sætre (s. 8 - 9)

Gjedrem tilbake

Om ordinasjon

Ryggoperasjonen var svært vel-

v/John Victor Selle (s. 10)

lukka - Gjedrem er snart tilbake

Misjonssøndag i Kvinnherad. Meir v/Ida Opdal på side - og14.

Om prestesituasjonen

v/John Victor Selle (s. 11)

Påskegudstenester

Intervju med ein uskedeling

v/Ola Matti Mathisen (s. 12 - 13)

Sjå oversikt på nest siste side.

Livet som misjonær

Lyspunkt i ein vinterkveld

v/Gunnlaug Vågen Tjelmeland (s. 13)

Les om ekteparet Kjærland på s. 7.

Velkomen i kyrkja (s. 14)

Orgelet i Rosendal

Frå Vogge til grav - og

Rekneskap Bilete og historikk for Over på Fjorden s. 12.

(s. 15)

FULLDISTRIBUSJON

2

OVER FJORDEN Kyrkjeblad for

Kvinnherad

prestegjeld. Kontonr. : 3460.10.18049 med

adr.: Over Fjorden v/Ragnhild Huse, 5637

Ølve

Redaksjonsnemnd:

Hildur Øvsthus, redaktør, 5636 Varaldsøy,

Tlf.53488159, epost: hi-oev@online.no

Ida Opdal, 5472 Seimsfoss, tlf. 53481484

E-post: ida.opdal@knett.no

Ola Matti Mathisen, Geilo 39, 5463

Uskedalen, tlf. 99371325.

E-post: olamatti.mathisen@knett.no

Gunnlaug Vågen Tjelmeland, 5499 Åkra,

tlf. 53479968.

E-post: gunnlaug.vagen.tjelmeland@

kvinnherad.kommune.no

Ragnhild Huse, 5637 Ølve, tlf. 53489144.

John Eyolf Johansen, 5635 Hatlestrand,

tlf. 99517988.E-post: eyolfen@hotmail.com

Ragnar Nøttveit, 5475 Ænes, tlf. 53484543,

Åge Sætre (sjå her meir under).

Kyrkjekontoret i Kvinnherad:

Boks 161, 5470 Rosendal, tlf. 53481182,

fax: 53480977.

Fung. sokneprest i Kvinnherad:

John Victor Selle,tlf. priv.: 53471694. E-post:

john.victor.selle@kvinnherad.kommune.no

Kapellan i Kvinnherad:

Åge Sætre, Krakanesvn 7, 5635 Hatlestrand,

tlf. 53488870, fax: 53484787, m.tlf.

40413694. E-post: agesatre@hotmail.com

Kyrkjelydssekretær i Kvinnherad

Oddbjørg Heimark, P.b.166, 5486 Rosendal,

tlf. 53 48 19 36, priv 53 48 11 84

Kontorsekretær i Kvinnherad

Hildur Øvsthus, tlf. m.m. sjå

Kyrkjekontoret i Kvinnherad. E-post kontor:

hildur.ovsthus@kvinnherad.kommune.no

Organistar i Kvinnherad:

Mest sørsida: Peter Couzens, Kyrkjevn. 28,

5470 Rosendal, tlf. 53484292

Mest nordsida: Reidar Karstein Algerøy,

5635 Hatlestrand. M.tlf.: 97677244.

E-post: reidar.algeroy@knett.no

Kyrkjeverje i Kvinnherad:

Arne Lindekleiv, Røssland, 5460 Husnes,

tlf. arb. 53483293, priv. 53471551.

M.tlf. 95121300. E-post:

arne.lindekleiv@kvinnherad.kommune.no

Gravar (ikkje Varaldsøy sokn):

Johannes Rørvik, 5450 Sunde.

Tlf: 53471376, mob. 99255194

Varaldsøy sokn Gravar: Svale Våge,

5636 Varaldsøy, til. 53488158

INSPEKSJON ELLER

INSPIRASJON..?

Ja takk, begge deler, sa Ole Brumm når

han vart stilt på val. Me dreg ofte på

smilebandet over slike svar. Kanskje er

det ikkje så dumt likevel?

Når dette vert lese, er han over, bispevisitasen. Mykje

energi og mange arbeidstimar har blitt lagt ned på

kyrkjefronten i Kvinnherad siste halvåret for å førebu

dette besøket.

Alle protokollar og kontor-rutiner skal vera i orden.

Melding til bispekontoret om «Rikets tilstand» er

utarbeidd og sendt. Biskopen skal rundt i alle sokna,

og opplegg for dette skal passa for alle dei han

ynskjer å møta og snakka med. Det har vore litt av eit

puslespel for å få programmet til å hanga saman dei

dagane visitasen varer.

Me har lett for å gå oss trøytte – eller i alle fall

er det lett å stivna i velbrukte arbeidsrutinar. Eit

besøk utanfrå kan avsløra at ting kan gjerast på ein

annan og kanskje betre måte. Det vil sikkert vera

tilfelle i kjølvatnet av denne visitasen og, noko anna

ville vera unaturleg. Då er det viktig å ta imot slike

korreksjonar på ein god måte, og oppfatta dei som

inspirasjon til vidare innsats innan kyrkje og trusliv i

Kvinnherad.

Her er det mange som spelar på lag, og det er god

bruk for fleire som vil gjera ein innsats! Me har mykje

å gle oss over, og mykje å vera takksame for. Me trur

biskopen fyrst og fremst vil vera til inspirasjon for

medarbeidarane, gjennon den inspeksjonen han

føretek ved ein visitas.

Jula vart

ramma

inn av

to flotte

konsertar

Malmsten leiar både ”Røysterett for alle”

og publikum i ”Deilig er jorden”. (Foto: Ola

Matti Mathisen).

Siste sundagen før jul hadde

Strandebarm songkor konsert, og

Uskedalskoret ”Røysterett for alle”

song seg vakkert inn i eit nytt år i

Varaldsøy kyrkje ein av dei første

kveldane i 2007.Her deltok også

Kvinnherad Trekkspelklubb og Sussi

Bodin. Begge konsertane hadde svært

godt frammøte, noko som fortel om

stor interesse for song og musikk .

Begge kora har vore i kyrkja før, og både bygdefolk

og songarar såg fram til konsertane. Det var godt å

høyra julesongane Strandebarm Songkor framførde,

tonane følgde oss med inn i den siste, hektiske veka

før jul. Ei gruppe på 4 songarar som kallar seg «Litt

av kvart», hadde eigen avdeling, og det vart lese dikt

innimellom songane. Særleg avslutningsnummeret til

koret var mektig, framført frå galleriet med tonefølgje

av orgelet.

”Røysterett for alle” var sist på Varaldsøy og song ved

juletider for tre år sidan, og songarane såg fram til

den nye visitten. Det må vera ei oppleving i seg sjølv å

syngja i ei kyrkja med så fantastisk akustikk!

Koret hadde eit fint avstemt program med 10 songar

delt på to avdelingar og jula var sjølvsagt i fokus. Det

er ikke lett å rangera mellom dei ymse numra, men

eit særleg sterkt inntrykk på alle gjorde nok sjølve

opninga med Eit barn er født. Her fekk vi nok ei gong

høyre dirigent Maria Malmstens bokstaveleg tala

malmfulle røyst, i vakker vekselsong med koret som

først stod langs veggane men etterkvart tok plass i

kordøra.

Kvinnherad trekkspelklubb spela i denne kyrkja første

gong, men det blir nok ikkje den siste. Trekkspeltonar

egner seg særs godt i ei kyrkje og dei seks

musikantane baud på eit program som passa godt for

staden.

Danskfødte Sussi Bodin bur på Varaldsøy og har

sunge i denne kyrkja før. Ho akkompagnerte seg sjølv

på gitar.

Det var var og allsong,og det var nesten som om taket

skulle lyfte seg då både kor og tilhøyrarar song Deilig

er jorden saman til slutt.

Slike konsertar vil me gjerne ha fleire av!

HØ

Varaldsøy kyrkje, her i kveldsljos og såvidt inne i 2007 er

eit framifrå konsertlokale. (Foto: Ola Matti Mathisen)

3

Denne andakten viser til det meste i 1.

Korintarbrev kap.1. Den handlar om at

Paulus henvender seg til kyrkjelyden i

Korint, for å klargjera kven dei er som

kristne og kven dei er døypt til. Den

handlar også om kva tid og korleis vi skal

tale.

Paulus nemner ein mann ved namn Sostenes.

Paulus omtalar han som vår bror. Med andre ord

så hadde Sostenes teke i mot trua på Jesus. Den

Jesus som er vår frelsar. I Apg. kap.18.17. står det at

synagogeforstandar Sostenes, som sansynlegvis er

same person som det står om i korintarbrevet, vart

banka opp av jødane, fordi han hadde komme til tru

på Jesus.

Det var ikkje alltid like greitt å vera kristen på Paulus

si tid. Det hende meir enn ein gong at Paulus og

sikkert Sostenes var i ordskifte med folk om kva som

var rett lære av Lova og profetane og denne nye læra

som Jesus kom med. Dette at Gud hadde ein son og

at ved å tru på han får ein evig liv.

Sjølv om det ikkje fantes så rask postgong, aviser,

internett eller tv på Jesus tid, fantes det likevel

kommunikasjon. Det var svært viktig med god

kommunikasjon også på Paulus si tid. Han fekk

høyre nyhende om kva som skjedde i Korint

når han var andre stader i Middelhavsområdet.

Kommunikasjonen fekk han gjennom all båttrafikken

som føregjekk i Middelhavet, folk som var på

vandring og folk som heilt spesifikt gjekk frå stad til

stad med nyhende til folk.

Det var ein annan ting Paulus også var skikkelig glad

for når det gjaldt folket i kyrkjelyden i Korint. Han

visste at dei ikkje mangla dei gåver som berre Den

Heilage Anden kunne gje dei. Dei hadde folk til å

forkynne og bera vitnesbyrdet om Sonen vidare til

generasjon etter generasjon.

Ingen av dei visste til liks med oss kva tid Jesus

kjem igjen, men dei var godt rusta til å møta dei

utfordringar som låg i deira kvardag mellom jødar,

grekarar og andre som ikkje ville vedkjenne seg

namnet Jesus. Slik kan vi også oppleve det i ein

kvardag med menneskjer rundt oss som ikkje meinar

eller har tru på dei same tinga eller sakene som vi

brenn for sjølv.

Paulus åtvara difor mot strid i kyrkjelyden. Han

regelrett formanar dei til å halde saman som han

4

ANDAKT OM KVEN, KVA

TID OG KORLEIS

seier:

1.Kor.1.10. ”Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre

Jesu Kristi namn, at de må vera samde”.

Ei dame ved namn Kloe som var frå Korint, hadde

gjeve Paulus beskjed om at det føregjekk ting i

kyrkjelyden som ikkje var bra. Dei kristne hadde

delt seg i ulike leira. Dei sat i kvar si ”skyttargrav”

og hevda til dømes at ”vi held oss til Paulus” og ”vi

til Apollos” og ”andre til Kefas”, eller Peter og andre

igjen til ”Kristus”.

Det at dei ikkje kan sjå vert for vanskeleg, dei misser

målet av syne. Det kan vera vanskeleg å halde stø

kurs mange gonger, enten ein byrjar å tvila på kven

ein er døypt til eller om vi kjempar for å halde

kursen i vårt daglege virke.

Paulus var oppteken av å forkynne sin bodskap til

alle menneskje. Paulus forstod at det handla om kva

folk trudde på i hjarta sitt, ikkje bare å få døype alle

saman fortast mogeleg, sjølv om det også er viktig å

vera døypt. Han etterlyser på denne måten den beste

visdomen vi kan få. Den som vi får frå Gud. Guds

visdom til alle menneskjer. At vi har ein omsorgsfull

Gud som ser alle, døypt eller ikkje døypt.

Paulus vil at dei skal tala profetisk, han avviser ikkje

tungetale, men han er oppteken av at det er det

profetiske som er viktigast. I 1.Kor.14 seier Paulus:

”Eg vil heller tala fem ord med vitet enn tusenvis av

ord som ingen forstår”.

Han framelskar den korsfesta Jesus Kristus sin måte å

kommunisere til folket på, alltid med kjærleik til dei

ein snakkar til og med naturleg autoritet. Sei difor

ikkje noko som kan oppfattast som noko ei dåre kunne

ha sagt. Og uansett kva du no skulle ynskje og sei,

ikkje gjer det før du har tala med din Far i Himmelen

om det på førehand.

Han ynskjer å vegleia deg til å sei det du skal sei i rett

tid. Då vert det kraft i talen. Slik vert det ein profeti

som mange ynskjer å samle seg om eller høyre på.

Husk å gjera det alltid med kjærleik til dei du

henvender deg til.

Paulus talar vidare om ein snublestein, eller noko

ein kan støyte seg på. Snublesteinen er Guds kraft til

frelse. Vår snublestein som er Jesus.

Ein gong stod eg ved bymurane rundt gamlebyen i

Jerusalem, der var det ikkje ein snublestein, men ein

hjørnestein. Ein av deltakarane på turen stod lenge og

tenkte der ved denne hjørnesteinen, før han sa:

”Er det dette vi kan kalle ei hjørnesteinsbedrift”?

Ja, om ein tenkjer i ordets rette forstand er det jo

akkurat det. Ordet om Jesus gjekk først ut mellom

folket i Galilea, frå læresveinane og vidare til heile

verda.

Det er viktig med hjørnesteinsbedrifter, dei er med

og limer samfunnet saman og gjev livsgrunnlag til

mange fleir enn bare dei som er tilsett i bedrifta.

For at det skal fungere er bedrifta avhengig av

mange underleverandørar. Paulus var ein slik

underleverandør, han førte små deler vidare slik at det

Vår

Hvorfor sender du våren o´Gud ?

Hva har vi gjort for at du vil lønne oss

med slik en gave ?

Jeg takker og priser deg Gud!

Det var ikke min

hverken godhet eller ulydighet

du gikk ut i fra – i år heller.

Men av din grenseløse kjærlighet øser du ut.

Takk for knopper som brister.

Måtte det briste en i meg også.

Takk for alt som står i blomst.

Kanskje -

kunne også jeg få være blomsten din i år.

Airin Helene Zimmer (Ølve)

kunne skape ein heilskap for dei han møtte på ulike

stader.

Han førte det på denne måten også tilbake til den

hjørnesteinen som bygningsmenna vraka, vår Jesus. Vi

får slik ein Himmel over vårt liv, til Guds ære og vår

gavn.Gud kalla Moses i 2.Mos. 3. Moses fekk sjå den

brennande klungeren og Gud tala til han gjennom

den. Han vart overvelda av alt det som Gud sa til han.

Han måtte til og med ta av seg skoa sine fordi han

stod på heilag grunn.

Vær difor vaktsam ovanfor kva slag grunn du står på

når du skal tale, og tal med visdom når du talar.

Moses følte oppgåva for stor, han sa han ikkje kunne

utføra den, men Gud gav han ei anna løysing, han sa

at Aron, bror hans skulle vera den som førte ordet,

Aron skulle vera ordføraren. Finn ut kva tid du skal

finne deg ein ordførar viss det er noko du skal sei.

Tenk deg alltid om to gonger før du presenterer noko

som er viktig for deg. Legg vinn på å tala profetisk.

Gjer det med naturleg autoritet og med Guds rike

velsigning til kvar den som trur, jøde først og så grekar

og sidan alle dei andre vi ynskjer skal ha den same

trua oss.

Med ynskje om Guds rike velsigning over liv og virke frå

Magnar Hellesøy

5

Helga 13-14 januar var 28 born og

omlag 12 leiarar samla til bu-heima

leir i Omvikdalen skule. På leiren var

vi saman om dagen og sov heime (eller

hjå ei bestemor) om natta. Temaet for

leiren var «Sprell levande».

Det er uråd å seia kven som var mest spente

laurdagsmorgon, leiararane eller deltakarane. Vi

starta med leiking for å bli betre kjend. Etterpå

6

BU-HEIMA

LEIR

Er det lenge før eg får prøva

slengdissa?

Frå venstre: Adele Bauge, Ola

Teigland Hunstad, Ingeborg

Hestad, Jonatan Eskeland, Aurora

Li Farestveit, Magrete Haugland

Næs, Eline Flatland, May Beate

Brakstad, Birgitte Shan-Qi

Farestveit

Theodor Hellesøy i fritt svev (8 år frå Rosendal)

hadde Oddbjørg Heimark og Elisabeth Fauskanger (frå

Søndagsskulekrinsen) bibeltime.

Det vart også tid til mykje synging. Sjølv om ikkje vi

skulle ha noko kor, så vart songen så bra at det vart

opptreden på familiesamlinga. Utpå dagen kom det

som mange hadde sett fram til; gruppene. Då var det

ballspel ute og i gymsalen, baking på kjøkkenet, hobby

i eit klasserom og elektronikk på loftet. Det vart arbeid

iherdig i fleire timar. Dagen vart avslutta med leirfest.

Neste morgon starta dagen med søndagsskule. Vi

tente bønnelys og fekk møta ein gjetar som leita etter

lammet sitt. Heldigvis vart det funne i god behold.

Trass i surt og kaldt ver vart slengdissa og ballbingen

flittig brukt i pausane.

Leiren vart avslutta med familiesamling. Då kom

dei som ikkje hadde fått vera med på leir, foreldre,

besteforeldre og ikkje minst, mindre søsken.

Hobby-gruppa hadde utstilling og bake-gruppa

serverte bollar og lefser. Det vart ei fin avslutning på ei

minnerik helg. Håpar vi treffast på leir til neste år og!

Kristine Bjorøy Hestad

Sundag med

bønnelys og lam

7

Deg være ære

Denne songen står i Norsk salmebok på nummer 187. Melodien blei til

før teksten. Den store barokkomponisten Georg Friedrich Händel (1685-

1759) blei fødd i Tyskland, men flytta etter kvart til London og blei engelsk

statsborgar. I England laga han alle dei store oratoria sine med tekst frå

Bibelen. Det mest kjende er «Messias» frå 1742.

PÅSKESALMEN

Nokre år etter laga han oratoriet «Judas Makkabeus». Teksten er her henta frå dei apokryfe bøkene i

Bibelen. Den mest kjende melodien i dette oriatoriet er «See the conqu’ring hero comes».

Denne melodien fann den franske presten Edmund L. Budry (1854-1932) så inspirerande at han i 1885

skreiv ein ny tekst som handlar om at Kristus er stått opp. Den norske presten Arne Fjeldberg (1907-1960)

omsette songen i 1949. Songen kom så inn i Sangboken og deretter i den noverande salmeboka vår. Den

storslagne melodien og den mektige teksten gjer at dette er blitt eit sjølvsagt salmeval i alle norske kyrkjer

kvar påskedag.

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

Lyset fyller haven,

se en engel kom,

åpnet den stengte graven,

Jesu grav er tom!

Deg være ære,

Herre over dødens makt!

Evig skal døden være

Kristus underlagt.

JUBILEUM MED SONG

OG MUSIKK

Georg Friedrich Händel

3.sundag i advent var det jubileumskonsert i

Ølve kyrkje. Jubilantane var: Kor i Ølve 10 år,

og Kulturskulen 30 år. Kyrkja var fint pynta

med levande ljos og blomar. Born frå Ølve og

Hatlestrand underheldt på flygel og keyboard.

Koret hadde fleire avdelingar, m.a. med Henrik

Barthel som solist.

Magnhild Berge kveda for oss. Reidar Algerøy var

dirigent, og leia samkoma.

Applaus, blomar og takk-ord var velfortent! Med glade

tonar i sinnet drog publikum velnøgde heim.

RH

RA

2 Se, Herren lever! Salig morgenstund!

Mørkets makter bever.

Trygg er troens grunn.

Jubelropet runger: Frelseren er her!

Pris ham, alle tunger, Kristus Herre er!

3 Frykt ikke mere! Evig er han med.

Troens øye ser det: Han gir liv og fred.

Kristi navn er ære, seier er hans vei,

evig skal han regjere,aldri frykter jeg.

Kor i Ølve (i slank utgåve) har det årlege eldretreffet sitt på

Ølve alderspensjonat

Første

steg på

planen

for

dåpsopplæring

er

gått!

HER ER DET SAMLING I DEN FINE

BARNEHAGEN PÅ VARALDSØY

8

Borna frå venstre: Vilde Lokøy Haukenes, Ingri

Våge Gjuvsland, Erlend Øvsthus, Andreas Øvsthus,

Helge Øvsthus, Marte Kjærland, Kristi Våge

Gjuvsland (har snudd seg), Emma Lokøy Haukenes

4 åringane på synfaring i Kvinnherad kyrkje, framme frå venstre Elise Nygård,

Sigmund Bleie Ulvestadbakken, Sondre Hjelmeland Øvstebø, Daniel Hellesøy og Sander

Elias Fjell Helleland. Bak frå venstre May Beate Brakstad, Emily Hardeland Hjelmeland,

Ingeborg Hestad, Eline Vestvik Flatland og Ina Opheim Hjelmeland. 3 foto v/Anna K

Hellevang/Grenda.

Under ser vi John Victor fortel om dåpen og Oddbjørg lurar på kor mange stjerner

borna ser i kyrkjetaket.

Hausten 2006 vart første steget på den nye dåpsopplæringsplanen

teke. Kvinnherad sokn hadde det

største opplegget. Laurdagen var 4-åringane saman

4 timar med andakt, teikning, måltid, song, leik

og synfaring i kyrkja. Foreldre var med. Sundagen

etterpå fekk dei boka si. Soknet er det einaste som

har planlagt fleire samlingar for desse 4-åringane i

2007.

I Åkra, Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokn hadde

vi eit enklare opplegg. Vi starta også her med ei

laurdags-samling som varte halvannan til to timar.

Her øva vi på songane, åt og leikte saman. Vi avslutta

som regel med å vera i kyrkja og øva oss til sundagen

med songopp-trinn og overrekking av bøker. I

desse sokna har vi nokre år delt ut bøker til 6-åringane,

slik at dei var med på helgesamlingane også.

(Framhald s.9)

I Ølve

var vi

samla

heile tida

i kyrkja

I Åkra var vi først på

bedehuset på laurdagen –

”resten av helga” i kyrkja

Her vart borna brått oppteken – kvar av sitt! Frå

venstre: Hugne Furdal, Andreas Ølvestveit, Veslemøy

Vidvei Isaksen, Brynjar K. Berge, Lisa Jonetta

Ølvestveit (delvis skjult), Elin Bakka, Ole Martin

Hillesdal, Sigbjørn T. Dahle, Even Bakka, Asgeir

Vågen, Oda Vågen, Oskar Jegteberg og Sander Ø.

Kvame.

(Framhald frå s.8)

Sidan desse mindre sokna kan ha små kull, tok

vi også og baud inn 5-åringane. Nokre av desse

møtte særleg på laurdagen. Dei fekk ikkje noko

utdelt på søndagen (med unntak av Varaldsøy!),

men var med og song då.

Vi opplevde desse samlingane positivt. Kontakten

med foreldre og born i ljos av den heilage dåpen

vil verta viktigare og viktigare. Heimen og kyrkja

må arbeida tettare saman no når skulen også i

praksis ikkje har med dåpsopplæringa å gjera.

Men kyrkja sin kontakt med skulen og barne-

Inste bord frå venstre: Are Revne, Magni Berge, Helena Dale, Anna Kristina Dale, Katarina

Dale, Frida Gustafsson, Tollev Vikane (med ryggen til), Christel Moss, Benedicte

Hellestveit. Fremste bord frå venstre: Ina Traavik, Kirill Barthel, Tuva Berge, Andreas

Haavik, Synne Rødland.

På Hatlestrand begynte

laurdagen i den koselege

Gamleskulen. Her i kyrkja

1. rad frå venstre: Eirik Kirkhus Lysen, Nicolai

Nistad, Judith Skår Jakobsen, Sondre Kirkhus

Lysen, Emil Nistad. 2. rad: Erik Håland Lie, Tora

Tuften Aksnes-Øystese, Oda Prestnes Fosså, Anna

Bjørkelund, Malin Nerhus, Simen Prestnes Fosså,

Mats Joakim Eikeland. 3. rad: Mathias Mandrup

Boland Johansen, Eiril Ekeland, Silje Nerhus.

hagane vil likevel vera viktig for oss.

Også Uskedalen og Ænes sokn vil nok følgja opp

slike helgesamlingar seinare.

Så får vi byggja stein på stein vidare. Neste steg

er kontaktsamlingar med foreldre som har døypte

born i opp til 5 år (for små sokn). Kva kan foreldre

tenkja seg å gjera for å følgja opp dåpen ? Kan

dei kanskje inspirera kvarandre ? Kyrka kjem ikkje

inn som ekspertar på alt her. Men på same tid er

det ei forplikting med dåpen. Korleis kan vi finna

ut av dette saman ? Kanskje er det på ein måte

enklare enn ein kan tru. Men viktige val må takast.

ÅS

9

PRESTEORDINASJON I KVINNHERAD KYRKJE:

...IKKJE OFFER MEN NÅDE”

Foto v/Håvard Sætrevik/Grenda

Laurdag 27. januar vart Magnar

Hellesøy frå Løfallstrand ordinert

til prest i den Norske Kyrkja. Svært

mange hadde funne vegen til kyrkja

denne kvelden, og det vart ei

høgtidsstund slik det alltid er når

nye tenarar vert innvigde til teneste.

Magnar Hellesøy skal ha si fyrste

oppgåve som prest i Alta prosti.

I talen til ordinanden peika biskopen, Ole Danbolt

Hagesæther, på forholdet mellom offer og nåde. Ein

kan sjå på tenesta som eit offer, og ein kan sjå henne

som nåde frå Gud. Til tross for mange tunge stunder

er det ei gleda som har si kjelde i den nåde vi har

fått frå Gud. Då dreiar det seg ikkje lenger om eit

offer.

Magnar Hellesøy har fått si utdanning ved

Misjonshøgskulen i Stavanger. Å kunna ha eit

breitt misjonsgrunnlag med seg i fagutdanninga

for prestetenesta i sitt eige land, er kanskje endå

viktigare i dag enn før. Kyrkja er global – og vi er ein

del av det globale trusfellesskapet. Trusopplæring er

difor ei særs viktig oppgåve å arbeida med. Som leiar

for eit nytt trusopplæringsprosjekt i Alta, vil dette bli

Magnar Hellesøy sitt fyrste innsatsområde.

Under høgtida medverka m.a. prosten i

Sunnhordland prosti, Svein Arne Theodorsen, den

tidlegare soknepresten i Kvinnherad, Gunnvald

10

Bjotveit, kapellan Anne Skoglund som representant

frå kyrkjelyden i Alta, professor Magnar Kartveit

frå Misjonsskulen, ordinanden sin far, Thorleif J.

Hellesøy og ordinanden sin onkel, Kaare Mehl, som

var komen frå USA i høve ordinasjonen.

Etter høgtida i kyrkja var det bordsete i Rosendal

Bedehus, som var fullsett av slekt og vener. Mange

gode ord blei gitt til den nye presten med ynskje om

signing og lukka i den nye tenesta.

.... ikkje eit offer, men nåde.

JVS

Nærast foreldra til Magnar: Åse og Thorleif J. Hellesøy,

kona Kirsti Nordstokkå Hellesøy med dottera Karen Marie

og Magnar.

MISJONSSØNDAG

Søndag 28.01. var det misjonssøndag

i Kvinnherad kyrkje, der vi fekk høyra

frå misjonssprosjektet vårt i Santa Fe

do Sul i Brasil.

”Våre” misjonærar der heiter som kjent Eli og

Vidar Bakke, og det var ein av deira medarbeidarar,

Åsmund Brekke, som heldt preika denne sundagen.

Han hadde med seg kona si, Analic. Han orienterte

om prosjektet, og kunne fortelja at der i det nordaustre

hjørnet av Brasil hadde vore innvandring frå

Tyskland sidan 1800-talet. Men kun dei siste 30 åra

hadde desse tyskætta hatt nemneverdig samband

med andre samfunn, og framleis hadde dei lite

kontakt med andre.

Dei som starta prosjektet i nord-aust i

Santa Fe, sa til kvarandre: ”La oss starta med

kyrkjelydsoppbygging der det ikkje er lutheranarar

frå før!” Slik starta det, av dette fekk det

navnet ”Null-prosjektet” Dette prosjektet har no

vart i ca.6 år.

I dette hjørnet av landet er det no 4-5 kyrkjelydar

som har starta på null på same måte. Dei starta med

dør-til -dør aksjonar og hyppige møter, og det har

utvikla seg til levande kyrkjelydar med barne- og

ungdomsarbeid, gudstenester og møter i heimane.

På Rosendal bedehus fekk vi til kyrkjekaffien

etterpå bli nærare kjent med prosjektet. Vi fekk

gjennom ord og bilete eit godt inntrykk av eit

levande fellesskap trass til dels vanskelege tilhøve.

Gudstenestene vert haldne i ein leigd garasje, men det

er omlag 55 frammøtte på desse gudstenestene. Dei

ynskjer no å gå i gang med å byggja ein ny kyrkje, og

tomt fekk dei kjøpt i 2003.

Kyrkja skal byggjast i to fasar: Første fase inneber

m.a. kyrkjerom med plass til 130 menneske. Dei går

med glød og entusiasme inn for dette. Kostnadene til

første fase er rekna til kr. 210.000.-ja, du leste rett.

Dette er summen, og Det Norske Misjonsselskap som

omfattar vårt null-prosjekt, håpar på at kyrkjelyden

- med m.a. vår hjelp, kan få reist kr. 90.000.-, slik t

første byggjefase kan koma i gang så fort som råd.

Dei som var med på å starta null-prosjektet i Santa Fe

, Vidar og Eli Bakke, er ferdige med si teneste i slutten

av april i år. Det er brasilianske medarbeidarar som

no tek over arbeidet. Dei ynskjer framleis å arbeida

for at menneske skal bli forvandla og fylgja Kristus.

Dei ynskjer at heile mennesket skal vera forplikta på

fellesskapet og vera med på oppdraget.

P.S.

Om nokon vil gje: Kontonr. til kyrkjebygget i Santa

Fe er 8220 02 85030 med adressen: Det Norske

Misjonsselskap, Postboks 226 Sentrum, 4001

Stavanger. Blanketten må merkast med ”Kirkebygg

Santa Fe” med prosjektnr. 510 257.

Prestetenesta i Kvinnherad prestegjeld

sumaren og hausten 2007

Stillinga som ny sokneprest i Kvinnherad

prestegjeld er no lyst ut og hadde

søknadsfrist 20. februar. Innan fristen

hadde det meldt seg fire søkjarar.

Tilsetjing vil finne stad i bispedømerådet

sitt møte den 8. mai. Dette inneber at vi

ikkje vil få endeleg avklaring om kven som

blir ny sokneprest før mot slutten av mai

månad.

Dersom alt går som det skal, siktar ein på

innsetjing i stillinga ved prost Svein Arne

Theodorsen i gudstenesta i Kvinnherad kyrkje

søndag 19. august. Gudstenesta søndag 12.

august som tidlegare er satt opp i Kvinnherad

kyrkje, er dermed flytta til sundagen etter, den 19.

august. I staden blir det gudsteneste i Uskedalen

sundag 12. august.

Fungerande sokneprest Selle avsluttar si teneste

IO

den 1. juni. Det vil deretter bli lagt opp til ein

vikarordning fram til den nye soknepresten er på

plass. I skrivande stund er det ikkje klårt korleis

dette vil bli eller kven vikaren eller vikarane vil bli.

Preikelista for sumaren er difor lagt opp utan namn

på den som skal gjera tenesta. Ut over hausten

reknar vi med at alle gudstenester vil bli haldne som

vanleg ut frå den plan som er lagt. I neste nummer

av kyrkjebladet vil preikelista for resten av året og

vidare inn i neste år bli fullstendig slik den plar vera.

Kyrkjekontoret i Rosendal vil imidlertid bli betent

som vanleg, og alle prestens tenester tatt hånd

om på vanleg måte. Ein reknar med at naudsynt

informasjon utanom kontortida vil vera tilgjengeleg

på telefonsvararen slik at ein kan få kontakt med

prest når det er behov for det.

Så ynskjer vi alle kyrkjebladets lesarar både på

nordsido og sørsido ei god vårtid og ein endå betre

sumar. Då blir det og ein god haust!

John Victor Selle

11

Den pensjonist som ikkje har noko

meiningsfylt arbeid å gå til, har det trist. Det

er bildeprosjektet som held meg i live!

Denne erklæringa er det Gunnar Kjærland (83) i

Uskedalen som kjem med. På papiret er misjonæren i

Uskedalen pensjonist, men i praksis er han framleis i

full aktivitet.

– Eg har enno mykje upublisert material liggjande,

seier Gunnar, som har eit imponerande livsverk bak

seg: Han har lært verdas analfabetar bibelhistoria

– til no i 27 land og gjennom bildeprosjektet ”Bibelen

i bilder”.

Ei oversetting til swahili er klår – det opnar for

intensivert misjonsarbeid i mange land i Afrika.

Gunnar er fødd i Haugesund, men faren John var som

namnet fortel frå Uskedalen. Han drog til Amerika,

men kom att etter fem år og busette seg i Haugesund.

I 1936 overtok han garden her i dalen, men pakta den

bort til i 1940. Då flytta han heim.

Gunnar budde i Haugesund til han var 17, men han

var heime eit par år under krigen og dreiv då mellom

anna med skogsarbeid.

- Når vart du ein kristen?

- Spiren vart sådd under krigen. Eg var 12 år og gjekk

på sundagsskulen. Ein sundag høyrde eg ei forteljing

som eg ikkje gløymde – den om Livingstone. Etter

krigen gjekk eg Fjellhaug Misjonsskole og i 1952

reiste eg ut, fortel Gunnar, som tilsaman har vore

i teneste ute i verda i 35 år for Norsk Luthersk

Misjonssamband.

Av dei har han vore 30 år i Afrika og medgjev at

hjarta hans framleis er hos Borana-nomadane i

Etiopia. Han har også eit antropolog-hjarta! I dei

12

Uskedelingen som har lært

verdas analfabetar bibelhistoria

tre åra frå 1985 til1988 budde han saman med

stamma og dette var dei finaste åra han har hatt som

misjonær.

Det var godt å komma attende til dei i år 2000.

Mellom anna var det godt å sjå kyrkja i landsbyen. Ho

skilde seg ikkje ut frå dei andre grashyttene på noko

anna vis enn at ho hadde ein trekross på toppen. For

meg var ho mykje flottare enn eit firkanta, kalka hus!

Boranarane er ikkje opptekne av tid, alt handla om

grunnleggjande behov.

Då dei kom heimatt til Noreg etter fem-seks år

hadde dei ikkje dei store resultata å skilta med:

Berre eitpar var blitt døypt. Og då dei kom attende

etter den andre perioden, hadde Gunnar ein ide:

Det måtte finnast ein eller annen nøkkel til å nå

sjølv analfabetar med evangeliet. Han las mykje, til

dømes ei bok som heitte ”Guds broer” og som var

skreve av amerikanaren Donald McGavran. Gunnar

tok kontakt med han og svaret var klårt: - Kom til

Amerika, så skal eg hjelpa deg!

Og hjelp fekk han – i Los Angeles, både av Donald

McGavran og professor i antropologi Alan Tippett.

Arbeidet i USA enda opp i ei avhandling om å byggja

opp menigheiter i nomadiske samfunn. Svaret var å

finna i element frå nomadane sitt eige liv og eigen

kultur. Og den munnlege overleveringa var sjølve

nøkkelen: Boranafolket overleverte historia si frå

slektsledd til slektsledd i ordna sekvensar. Med desse

som hjelp kunne dei føre historia si over fem hundre

år attende utan noko skriftleg material.

Kjærland enda opp med over 600 sider med

registreringar av Borana-kulturen. Ideen som slo

ned i Gunnar etter desse observasjonane var å nytta

sekvensar og bilete. (Framhald s.13)

Karsten Isachsen i Åkra kyrkje:

LYSPUNKT I EIN VINTERKVELD

«Jeg tror på gledens Gud» var overskrifta

då Åkra sokneråd og Åkra bygdalag

arrangerte åpen kyrkjekveld med

Karsten Isachsen tidleg i februar.

Ein time fekk dei vel 80 frammøtte lytta til ein tale

som famna alt frå det djupaste alvor til pur latter

og livsglede. Humor og alvor gjekk hand i hand

gjennom heile talen

«Jeg tror på gledens Gud! Jeg tror Jesus har noe å si til

oss i alle situasjoner og under alle forhold», sa Isachsen.

Han fortalde at han hadde hatt ein kjær hobby i

mange år, nemleg å samla på lyspunkt.

Nokre av dei: «Kvifor arbeide når ein har friske

foreldre?» «Det er aldri umulig å vantrivast.» «Ikkje ta

sorgene på forskot, for då får du dei to gonger.» «Start

dagen med eit smil, så er i alle fall det unnagjort.»

(Framhald frå s.12)

Han plukka ut dei store hendingane i Bibelen og laga

bilete av dei. Han fekk ein amerikansk doktorgrad på

arbeidet, men vil helst ikkje ha nokon blest om det.

Gunnars ide bygde på det han visste om kulturen til

eit lite folk i ein avsidesliggjande del av kjempelandet

Etiopia. Men ein tredjedel av dei som bur på denne

kloden er analfabetar og mange misjonærar arbeider

mellom folk som ikkje kan lesa. Så vende den eine

misjonæren etter den andre seg til Gunnar for å

nytte bileta. Og etter kvart er dei teke i bruk i stadig

fleire land.

I praksis skjer opplæringa ved at ein tek for seg

bileteetter bilete og knyter bibelhistoria til dei. Og på

«Det er dei alminnelege dagane som er dei beste. Viss

du vil leva eit godt liv, gjer dagane dine enkle,» var

bodskapen. Trivsel er noko du har med deg, eller

ikkje har med deg. Isachsen har eit mål om at han

skal oppføra seg slik at alle likar seg sjølv litt betre i

nærleiken av han. Kloke ord til ettertanke.

Irritabilitet var eit ord Isachsen brukte litt tid på.

Om å eiga sin eigen irritabilitet og ikkje bebreida

eller skulda på andre. Han rådde oss til å starta

med eg. «Eg blir så irritert..» i staden for «Du irriterar

meg.» Særleg er dette viktig overfor born som gjerne

har nok med si eiga skuldkjensle, om dei ikkje skal

få dei vaksne si i tillegg. Han siterte ein kar frå eit

seminar: «Det er det same for skulda kven som har ho.»

Det som skaper tru er «å se et glimt av Jesus», sa

Sverre Eika i Holmenkollen kapell ein gong. Mange

trur at ein må gjera visse forbetringar i livet sitt for

å vera kristen. Men, seier Isachsen; synda trivst like

godt i moral som i umoral. Synda sitt vesen er det

iskalde hjarta. Og det iskalde hjarta kan ein finna

kvar som helst. I «den nye pakta» som vart innstifta

ved nattverden på skjær-torsdag er det nok at den

eine parten held avtalen sin.

Etter talen song me ei av dei salmane Isachsen

var mest glad i; «O Jesus, du som fyller alt i alle».

Då den var slutt sette arrangørane fram bord i

midtgangen. Det vart det servert kaker, rundstykke,

kaffi og saft. Isachsen sjølv rigga seg til med

boksal ute i våpenhuset. Og folk handla til gode

prisar. Inntektene frå boksalet går til å driva

rekreasjonssenter for prestar som treng påfyll og

kvile.

Ute var vinterkvelden vakker og kald. Inne i kyrkja

var det varmt og godt. Isachsen gjorde det me venta

av han. Han delte varme, humor, kloke og alvorlege

ord til ettertanke med oss som var der.

GVT

tre år kjem dei igjennom heile serien. Men ”Bibelen

i bilder” kan sjølvsagt også nyttast av andre enn

misjonærar i opplæring av analfabetar – stikkord

her er sundagsskolen, skulen, konfirmantopplæring,

foreiningsarbeid, barnelag – og heime!

Kjærland byrja med 40 bilete, men det kom snart

ynskje om fleire. Italienaren som hadde teikna dei

første var død, men Kjærland fekk brordottera si til å

teikna 64 nye i same stilen og den komplette serien

har 52 bilete frå det gamle testamentet og 52 frå det

nye.

Kjærland har laga ein tekst til kvart bilete. Tekstane

er samla i ei bok som kjem på stadig fleire språk..

Tekst og foto v/ Ola Matti Mathisen

13

VELKOMMEN I KYRKJA

Skjærtorsdag, 5.april:

Uskedalen kl. 11.00 v/Sætre

Ølve kl. 19.30 v/Sætre

Kvinnherad kl. 19.30 v/Selle

Langfredag, 6.april:

Åkra kl. 11.00 v/Selle

Varaldsøy kl. 11.00 v/Sætre

Ænes kl. 11.00 v/Selle

1.påskedag, 8.april:

Kvinnherad kl. 11.00 v/Selle

Ølve kl. 11.00 v/Sætre

Varaldsøy kl. 15.00 v/Øvsthus

Uskedalen kl. 19.30 v/Selle

2.påskedag, 9.april:

Hatlestrand kl. 11.00 v/Sætre

22.april:

Åkra kl.11.00 v/Sætre

Varaldsøy kl.17.00 v/Sætre. Barrat-jubileum

Kvinnherad kl.19.30 v/Selle. Tomasmesse

29.april:

Kvinnherad kl.10.00 og 12.00 v/Selle. Konfirmasjon

Hatlestrand kl.11.00 v/Sætre. Konfirmasjon.

6.mai:

Uskedalen kl. 11.00 v/Selle. Konfirmasjon

Ølve kl. 11.00 v/Sætre. Konfirmasjon

13.mai:

Kvinnherad kl.11.00 v/Selle

Ænes kl.11.00 v/Sætre. Konfirmasjon

17.mai:

Kvinnherad kl.10.00 v/Selle

Ølve kl.10.30 v/Sætre

Varaldsøy kl.10.30 v/Øvsthus

Uskedalen kl.11.15 v/Selle

Hatlestrand kl.12.00 v/Sætre

20.mai:

Åkra kl.11.00 v/Sætre

Hatlestrand kl.15.00 v/Sætre

1.pinsedag, 27.mai:

Kvinnherad kl.11.00 v/Selle

Varaldsøy kl.11.00 v/Sætre

3.juni:

Uskedalen kl.11.00

Ænes kl.15.30

10.juni:

Kvinnherad kl.11.00 v/Sætre

Ølve kl.11.00

17.juni:

Åkra kl.11.00 v/Sætre. Friluftsgudsteneste

24.juni:

Kvinnherad kl.11.00

Hatlestrand kl.11.00 v/Sætre

Varaldsøy kl.15.00

1.juli:

Uskedalen kl.11.00 Friluftsgudsteneste, Skorpo

8.juli:

Kvinnherad kl.11.00

15.juli:

Ølve kl.11.00 Friluftsgudsteneste

22.juli

Åkra kl.11.00

29.juli (Olsok)

Ænes kl.11.00

Kvinnherad kl.19.30

5.august:

Varaldsøy kl.11.00 Friluftsgudsteneste

12. aug.

Uskedalen kl 11,00 v/Sætre

Hatlestrand kl 15,00 v/Sætre

19. aug.

Kvinnherad kl 11,00. Innsetj. av spr. Prosten.

26. aug.

Ølve kl 11,00 v/ spr.

Åkra kl 15,00 v/spr.

2. sept.

Kvinnherad kl 11,00 v/ spr.

Varaldsøy kl 11,00 v/Sætre

Ænes kl 15,30 v/Sætre

9. sept.

Uskedalen kl 11,00 v/ Sætre

Hatlestrand kl 11.00 v/ vikar

16. sept.

Kvinnherad kl 11,00 v/ spr.

23. sept.

Åkra kl 11,00 v/ spr.

Ølve kl 11,00 v/Sætre

30. sept.

Kvinnherad kl 11,00 v/ spr.

Varaldsøy kl 11,00 v/Sætre

07. okt.

Uskedalen kl 11,00 v/ spr.

Hatlestrand kl 11,00 v/Hildur Øvsthus

HO VART GLØYMD

Olfrid Attramadal var den einaste som ikkje vart

fotografert og nemnd med namn i samband med

konfirmantjubileet på Varaldsøy søndag 17.

september 2006. Ho var 60 års konfirmantjubilant.

Hermed har vi retta opp i det.

Ein anna feil her var at Magnhild Sundfjord og Bente

Hjortland vart omtala som 75-årsjubilantar. Det skal

vera 65-årsjubilantar.

FRÅ VOGGE TIL GRAV

Kvinnherad

Døypte:

12.11: Sverre Jonassen

25.12: Jonas Brage Haugsbakk

28.01: Linnèa Kristina Valestrand Zetterberg

Gravlagde:

03.11: Sigmund Kroka

10.11: Kristine Wiik

05.12: Lars Vevik

05.12: Gudvin Guddal

08.12: Bjørg Sætveit

20.12: Johanna Sandvik

2007:

04.01: Henriette Sætre

09.01: Ingebjørg Helleland

09.01: Ragnar Nes

22.02: Aase Røvde

23.02: Magnar Gjuvsland

Uskedalen

Døypte:

26.11: Karoline Ersland Myklebust (døypt i

Holmedal)

26.11: Sivert Ersland Myklebust (døypt i

Holmedal)

10.12: Sigri Lekva Myklebust (døypt i Ænes)

Gravlagde:

07.12: Hans Haugland

14.02: Einar Raustein

REKNESKAP 2006 «OVER FJORDEN»

Inntekter:

Bladpengar 31080.-

Annonsar 06 16035.-

Annonsar 07 13200.-

Gåve sokneråd 1000.-

Gåve private 1400.-

Rente 46.- 62.761.-

Utgifter: Trykking 38270.-

Trykking, rest 05 12840.-

Porto 7354.32

Bankgebyr 27.50 58.491.82

Overskot 2006 4.269.18

Eiga pr. 31.12.06:

Sparebank 1 Kvinnherad 9.344.91

Note til rekneskapen pr. 31.12.06:

Til gode hos annonsørar (utfakt. Des.06.:) 8.400.-

Skuldig porto 3.296.-

Ølve, 12.02.07.

Ragnhild Huse (sign) Grethe Ljostveit (sign)

kasserar revisor

Ænes:

Døypte:

Malin Andresen-Enes

Gravlagde:

10.01:Kristi Øyre

Åkra

Gravlagde:

15.09: Nils Johannes Øvstebø

06.10: Karl Jakobsen

Hatlestrand

Gravlagde:

28.11: Oskar Nerhus

13.12: Alf Ingvald Teigen

03.01: Ingemar Netland

Ølve

Døypt:

04.02: Jenny Håvik Ljones (døypt i Sundvor)

Gravlagde:

21.02: Anna Nerhus

Redaksjonsnemnda

sin merknad:

Inntekstposten

«Annonsar 07» (kr.

13.200) motteken

i 2006, må sjåast

på som inntekt for

året 2007. Dette

vil føra til at reell

inntekt til dekking av

bladet sine utgifter

for 2006 vert

tilsvarande mindre,

og dermed vert det

eit underskot på

drifta av bladet på kr.

8.930.-

Det er såleis framleis

viktig at så mange

som råd sender oss

bladpengar! Me vil

gjerne at bladet skal

halda fram med å

koma ut, og at det

skal vera så fint som

mogeleg!

15

fjord consult

fjord consult

fjord consult

Returadresse:

BC

Returadresse:

BC

Over fjorden Over fjorden

v/ Ragnhild v/ Ragnhild Huse Huse

5637 Ølve 5637 Ølve

Returadresse:

BC

Over fjorden

v/ Ragnhild Huse

5637 Ølve

Returadresse:

BC

Over Annonsetekst fjorden

v/ Ragnhild Huse

5637 Ølve

Produsent av Uskedal

kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

Produsent av kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

Produsent av kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

Returadresse:

BC

Over fjorden

Produsent av fjord kvalitetlaks på consult

og rundt Varaldsøy

v/ Ragnhild Huse

5637 Ølve

Rosendal Produsent av kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

ev. med Sport bilete av

boka eller bøkene

consult

B

BC

over fjorden 16 mars 2005

Returadresse:

Over fjorden

v/ Ragnhild Huse

5637 Ølve

Returadresse:

Over fjorden

v/ Ragnhild Huse

5637 Ølve

11.03.2005, 10:51:21

10/05/2005 13:51:45

Alt i bilreparasjonar, bilberging, bensinstasjon

5637 Ølve Tlf. 53 48 91 76

16

over fjorden

mars 2005

16

over fjorden mars 2005

over fjorden mars 2005

16

Produsent av kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

over fjorden mars 2005.indd 16 11.03.2005, 10:51:21

Untitled-8 1 10/05/2005 13:51:45

over fjorden mars 2005.indd 16 11.03.2005, 10:51:21

Untitled-8 1 10/05/2005 13:51:45

over fjorden mars 2005.indd 16 11.03.2005, 10:51:21

Untitled-8 1 10/05/2005 13:51:45

16 mars 2005

C

fjord consult

HUSNES - ROSENDAL

A1 Grafisk Kvinnherad

GÅVER

TIL

DÅPS-

BARNET

Trelastlager

Mi Bok

tlf. 55 31 79 63

fax. 55 31 09 44

post@vestbok.no

Inga S. www.vestbok.no

Hauge - tlf. 53 47 72 00

Vetrlidsallm.1, 5014 Bergen

Produsent av kvalitetlaks på og rundt Varaldsøy

250,-

Tlf. 53 48 61 01

Inga i Hamnen

- ein bunadskafé

Vetrlidsallm. 1, 5014 Bergen

Tlf. 55 31 79 63 - www. vestbok.no

ØLVE BILSENTER AS

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!