28.09.2013 Views

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

PRESTEORDINASJON I KVINNHERAD KYRKJE:

...IKKJE OFFER MEN NÅDE”

Foto v/Håvard Sætrevik/Grenda

Laurdag 27. januar vart Magnar

Hellesøy frå Løfallstrand ordinert

til prest i den Norske Kyrkja. Svært

mange hadde funne vegen til kyrkja

denne kvelden, og det vart ei

høgtidsstund slik det alltid er når

nye tenarar vert innvigde til teneste.

Magnar Hellesøy skal ha si fyrste

oppgåve som prest i Alta prosti.

I talen til ordinanden peika biskopen, Ole Danbolt

Hagesæther, på forholdet mellom offer og nåde. Ein

kan sjå på tenesta som eit offer, og ein kan sjå henne

som nåde frå Gud. Til tross for mange tunge stunder

er det ei gleda som har si kjelde i den nåde vi har

fått frå Gud. Då dreiar det seg ikkje lenger om eit

offer.

Magnar Hellesøy har fått si utdanning ved

Misjonshøgskulen i Stavanger. Å kunna ha eit

breitt misjonsgrunnlag med seg i fagutdanninga

for prestetenesta i sitt eige land, er kanskje endå

viktigare i dag enn før. Kyrkja er global – og vi er ein

del av det globale trusfellesskapet. Trusopplæring er

difor ei særs viktig oppgåve å arbeida med. Som leiar

for eit nytt trusopplæringsprosjekt i Alta, vil dette bli

Magnar Hellesøy sitt fyrste innsatsområde.

Under høgtida medverka m.a. prosten i

Sunnhordland prosti, Svein Arne Theodorsen, den

tidlegare soknepresten i Kvinnherad, Gunnvald

10

Bjotveit, kapellan Anne Skoglund som representant

frå kyrkjelyden i Alta, professor Magnar Kartveit

frå Misjonsskulen, ordinanden sin far, Thorleif J.

Hellesøy og ordinanden sin onkel, Kaare Mehl, som

var komen frå USA i høve ordinasjonen.

Etter høgtida i kyrkja var det bordsete i Rosendal

Bedehus, som var fullsett av slekt og vener. Mange

gode ord blei gitt til den nye presten med ynskje om

signing og lukka i den nye tenesta.

.... ikkje eit offer, men nåde.

JVS

Nærast foreldra til Magnar: Åse og Thorleif J. Hellesøy,

kona Kirsti Nordstokkå Hellesøy med dottera Karen Marie

og Magnar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!