28.09.2013 Views

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Karsten Isachsen i Åkra kyrkje:

LYSPUNKT I EIN VINTERKVELD

«Jeg tror på gledens Gud» var overskrifta

då Åkra sokneråd og Åkra bygdalag

arrangerte åpen kyrkjekveld med

Karsten Isachsen tidleg i februar.

Ein time fekk dei vel 80 frammøtte lytta til ein tale

som famna alt frå det djupaste alvor til pur latter

og livsglede. Humor og alvor gjekk hand i hand

gjennom heile talen

«Jeg tror på gledens Gud! Jeg tror Jesus har noe å si til

oss i alle situasjoner og under alle forhold», sa Isachsen.

Han fortalde at han hadde hatt ein kjær hobby i

mange år, nemleg å samla på lyspunkt.

Nokre av dei: «Kvifor arbeide når ein har friske

foreldre?» «Det er aldri umulig å vantrivast.» «Ikkje ta

sorgene på forskot, for då får du dei to gonger.» «Start

dagen med eit smil, så er i alle fall det unnagjort.»

(Framhald frå s.12)

Han plukka ut dei store hendingane i Bibelen og laga

bilete av dei. Han fekk ein amerikansk doktorgrad på

arbeidet, men vil helst ikkje ha nokon blest om det.

Gunnars ide bygde på det han visste om kulturen til

eit lite folk i ein avsidesliggjande del av kjempelandet

Etiopia. Men ein tredjedel av dei som bur på denne

kloden er analfabetar og mange misjonærar arbeider

mellom folk som ikkje kan lesa. Så vende den eine

misjonæren etter den andre seg til Gunnar for å

nytte bileta. Og etter kvart er dei teke i bruk i stadig

fleire land.

I praksis skjer opplæringa ved at ein tek for seg

bileteetter bilete og knyter bibelhistoria til dei. Og på

«Det er dei alminnelege dagane som er dei beste. Viss

du vil leva eit godt liv, gjer dagane dine enkle,» var

bodskapen. Trivsel er noko du har med deg, eller

ikkje har med deg. Isachsen har eit mål om at han

skal oppføra seg slik at alle likar seg sjølv litt betre i

nærleiken av han. Kloke ord til ettertanke.

Irritabilitet var eit ord Isachsen brukte litt tid på.

Om å eiga sin eigen irritabilitet og ikkje bebreida

eller skulda på andre. Han rådde oss til å starta

med eg. «Eg blir så irritert..» i staden for «Du irriterar

meg.» Særleg er dette viktig overfor born som gjerne

har nok med si eiga skuldkjensle, om dei ikkje skal

få dei vaksne si i tillegg. Han siterte ein kar frå eit

seminar: «Det er det same for skulda kven som har ho.»

Det som skaper tru er «å se et glimt av Jesus», sa

Sverre Eika i Holmenkollen kapell ein gong. Mange

trur at ein må gjera visse forbetringar i livet sitt for

å vera kristen. Men, seier Isachsen; synda trivst like

godt i moral som i umoral. Synda sitt vesen er det

iskalde hjarta. Og det iskalde hjarta kan ein finna

kvar som helst. I «den nye pakta» som vart innstifta

ved nattverden på skjær-torsdag er det nok at den

eine parten held avtalen sin.

Etter talen song me ei av dei salmane Isachsen

var mest glad i; «O Jesus, du som fyller alt i alle».

Då den var slutt sette arrangørane fram bord i

midtgangen. Det vart det servert kaker, rundstykke,

kaffi og saft. Isachsen sjølv rigga seg til med

boksal ute i våpenhuset. Og folk handla til gode

prisar. Inntektene frå boksalet går til å driva

rekreasjonssenter for prestar som treng påfyll og

kvile.

Ute var vinterkvelden vakker og kald. Inne i kyrkja

var det varmt og godt. Isachsen gjorde det me venta

av han. Han delte varme, humor, kloke og alvorlege

ord til ettertanke med oss som var der.

GVT

tre år kjem dei igjennom heile serien. Men ”Bibelen

i bilder” kan sjølvsagt også nyttast av andre enn

misjonærar i opplæring av analfabetar – stikkord

her er sundagsskolen, skulen, konfirmantopplæring,

foreiningsarbeid, barnelag – og heime!

Kjærland byrja med 40 bilete, men det kom snart

ynskje om fleire. Italienaren som hadde teikna dei

første var død, men Kjærland fekk brordottera si til å

teikna 64 nye i same stilen og den komplette serien

har 52 bilete frå det gamle testamentet og 52 frå det

nye.

Kjærland har laga ein tekst til kvart bilete. Tekstane

er samla i ei bok som kjem på stadig fleire språk..

Tekst og foto v/ Ola Matti Mathisen

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!