28.09.2013 Views

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

FULLDISTRIBUSJON - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

MISJONSSØNDAG

Søndag 28.01. var det misjonssøndag

i Kvinnherad kyrkje, der vi fekk høyra

frå misjonssprosjektet vårt i Santa Fe

do Sul i Brasil.

”Våre” misjonærar der heiter som kjent Eli og

Vidar Bakke, og det var ein av deira medarbeidarar,

Åsmund Brekke, som heldt preika denne sundagen.

Han hadde med seg kona si, Analic. Han orienterte

om prosjektet, og kunne fortelja at der i det nordaustre

hjørnet av Brasil hadde vore innvandring frå

Tyskland sidan 1800-talet. Men kun dei siste 30 åra

hadde desse tyskætta hatt nemneverdig samband

med andre samfunn, og framleis hadde dei lite

kontakt med andre.

Dei som starta prosjektet i nord-aust i

Santa Fe, sa til kvarandre: ”La oss starta med

kyrkjelydsoppbygging der det ikkje er lutheranarar

frå før!” Slik starta det, av dette fekk det

navnet ”Null-prosjektet” Dette prosjektet har no

vart i ca.6 år.

I dette hjørnet av landet er det no 4-5 kyrkjelydar

som har starta på null på same måte. Dei starta med

dør-til -dør aksjonar og hyppige møter, og det har

utvikla seg til levande kyrkjelydar med barne- og

ungdomsarbeid, gudstenester og møter i heimane.

På Rosendal bedehus fekk vi til kyrkjekaffien

etterpå bli nærare kjent med prosjektet. Vi fekk

gjennom ord og bilete eit godt inntrykk av eit

levande fellesskap trass til dels vanskelege tilhøve.

Gudstenestene vert haldne i ein leigd garasje, men det

er omlag 55 frammøtte på desse gudstenestene. Dei

ynskjer no å gå i gang med å byggja ein ny kyrkje, og

tomt fekk dei kjøpt i 2003.

Kyrkja skal byggjast i to fasar: Første fase inneber

m.a. kyrkjerom med plass til 130 menneske. Dei går

med glød og entusiasme inn for dette. Kostnadene til

første fase er rekna til kr. 210.000.-ja, du leste rett.

Dette er summen, og Det Norske Misjonsselskap som

omfattar vårt null-prosjekt, håpar på at kyrkjelyden

- med m.a. vår hjelp, kan få reist kr. 90.000.-, slik t

første byggjefase kan koma i gang så fort som råd.

Dei som var med på å starta null-prosjektet i Santa Fe

, Vidar og Eli Bakke, er ferdige med si teneste i slutten

av april i år. Det er brasilianske medarbeidarar som

no tek over arbeidet. Dei ynskjer framleis å arbeida

for at menneske skal bli forvandla og fylgja Kristus.

Dei ynskjer at heile mennesket skal vera forplikta på

fellesskapet og vera med på oppdraget.

P.S.

Om nokon vil gje: Kontonr. til kyrkjebygget i Santa

Fe er 8220 02 85030 med adressen: Det Norske

Misjonsselskap, Postboks 226 Sentrum, 4001

Stavanger. Blanketten må merkast med ”Kirkebygg

Santa Fe” med prosjektnr. 510 257.

Prestetenesta i Kvinnherad prestegjeld

sumaren og hausten 2007

Stillinga som ny sokneprest i Kvinnherad

prestegjeld er no lyst ut og hadde

søknadsfrist 20. februar. Innan fristen

hadde det meldt seg fire søkjarar.

Tilsetjing vil finne stad i bispedømerådet

sitt møte den 8. mai. Dette inneber at vi

ikkje vil få endeleg avklaring om kven som

blir ny sokneprest før mot slutten av mai

månad.

Dersom alt går som det skal, siktar ein på

innsetjing i stillinga ved prost Svein Arne

Theodorsen i gudstenesta i Kvinnherad kyrkje

søndag 19. august. Gudstenesta søndag 12.

august som tidlegare er satt opp i Kvinnherad

kyrkje, er dermed flytta til sundagen etter, den 19.

august. I staden blir det gudsteneste i Uskedalen

sundag 12. august.

Fungerande sokneprest Selle avsluttar si teneste

IO

den 1. juni. Det vil deretter bli lagt opp til ein

vikarordning fram til den nye soknepresten er på

plass. I skrivande stund er det ikkje klårt korleis

dette vil bli eller kven vikaren eller vikarane vil bli.

Preikelista for sumaren er difor lagt opp utan namn

på den som skal gjera tenesta. Ut over hausten

reknar vi med at alle gudstenester vil bli haldne som

vanleg ut frå den plan som er lagt. I neste nummer

av kyrkjebladet vil preikelista for resten av året og

vidare inn i neste år bli fullstendig slik den plar vera.

Kyrkjekontoret i Rosendal vil imidlertid bli betent

som vanleg, og alle prestens tenester tatt hånd

om på vanleg måte. Ein reknar med at naudsynt

informasjon utanom kontortida vil vera tilgjengeleg

på telefonsvararen slik at ein kan få kontakt med

prest når det er behov for det.

Så ynskjer vi alle kyrkjebladets lesarar både på

nordsido og sørsido ei god vårtid og ein endå betre

sumar. Då blir det og ein god haust!

John Victor Selle

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!