27.07.2013 Views

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

Kyrkjelydsbladet - Kyrkja i Kvinnherad

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Årsmelding for Husnes sokneråd 2005

Soknerådet har i meldingsåret vore

samansett slik:

Tormod Sunde (leiar), Kari Medhus

(nestleiar), Marna Gravdal (skrivar),

Brit Karin Harkestad, Oddbjørg Kloster

og Kjell Sigbjørn Røssland

Kasserar: Lars Kroka

Revisor: Kommunerevisjonen

for Sunnhordland

Møteaktivitet:

Soknerådsmøta:

Det vart halde 6 soknerådsmøte i meldingsåret.

Alle desse møta vart haldne som

fellesmøter med Holmedal sokneråd.

Sokneråda handsama tilsaman 41 bokførte

saker. Dei sakene som har vore mest

arbeidskrevjande var samanslåing av

Holmedal og Husnes sokn.

Prostimøtet:

Soknerådet var representert på møtet.

Fellesrådet:

Kari Medhus har vore soknerådet sin

representant i Fellesrådet også dette

meldingsåret.

Staben, kontoret:

Dette året har vore prega av stabilitet i

presteskapet, og blant dei andre tilsette.

Gudstenestene:

I samband med ulike gudstenester vart

det servert kyrkjekaffi /anna bevertning og

påskefrukost i Valen kyrkje. Til saman vart

det ordna med serveringar 15 gonger. Dette

er eit ressurskrevjande arbeid. Dei sitjande

sokneråda er samde om å anbefale det nye

soknerådet å delegera dette ansvaret og

arbeidet til kyrkjelydslag eller komitear

i kvar kyrkjelyd.

Barne- og ungdomsarbeid:

I kyrkjelyden er det av friviljuge lag og

organisasjonar drive barnekor, barnelag,

speidararbeid og søndagsskule. ”Ope Hus”

på Valen og Husnes IUF og KRIK tek seg

av arbeidet blant ungdomane. Dei ulike laga

har ivrige leiarar, som gjer ein stor og viktig

innsats. Dei melder om god oppslutnad.

Soknerådet vil gjerne også på denne måten

få retta vår takk til leiarane for dei nemnde

laga / organisasjonane.

Familiearbeid:

Søndagssamlingane som indremisjonslaga

i bygdene har felles på Husnes bedehus

held fram med god oppslutnad. Verdifullt

fellesskap mellom dei kristne i bygdene i

prestegjeldet vert bygd og teke vare på..

SIKVAL:

I meldingsåret har det vore 7 samlingar

i Valen kyrkje spesielt tilrettelagt for

utviklingshemma.

Vaksne:

Samlingane for pensjonistar i Valen kyrkje,

som Helge og Solveig Myhre starta i 1999,

held fram med samling 1 dag i veka. Om

lag 15 deltek kvar gong.

Hausten 2005 vart Kyrkjelydens kvinneforum

starta. Dei hadde ei samling i

november der omlag 40 damer møtte.

Kyrkjelydsbladet:

Som dei fl este merka fekk kyrkjelydsbladet

nytt ansikt til Julenummeret i fjor. Det vart

innkjøpt nye dataprogram. Sokneådet vil

takka redaktøren Jan-Ove Fagerheim for

fi nt og grundig arbeid med bladet.

Økonomi:

Soknerådet har hatt ein rimeleg god økonomi

også i 2005. Rekneskapet er ført av Lars

Kroka og revedert av Kommunerevisjonen

for Sunnhordland. Vi kom ut med eit netto

driftsresultat på Kr. 33.453,88

Tormod Sunde - Marna Gravdal

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!