You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
9 ARILD L. UNDERDAL (Angrep)

Født: 4. januar 1979

Høgde: 185 cm

Vekt: 77 kg

Tidlegare klubbar: Jølster, Årdal FK

Debut FFK: 17. april 2002

Kampar: 98

Ingmar Moum:

Fødd: 1966

Posisjon: Målvakt

Kampar FFK: 119

Mål FFK: 9

Periode: 1988-89

Bur i Nittedal og jobbar i Oslo som salgskonsulent for Tools

Astrup Maskin. Starta karriera i Syril, men spelte sin fyrste

seniorfotball for Jotun i sesongane 1985 og -86. Gjekk så

attende til Syril i 1987, før han spelte to sesongar for Fjøra i

1988 og -89. Han var førstekeeper dei åra, men var så uheldig

å knekka menisken i 1989, noko som sette kroken på

Fjørakarriera. Gjekk attende til Syril i 1990, der han meir eller

mindre var fast på laget fram til 1996, då han flytta til Oslo.

Spelte for Groruddalen i 1997, prøvde seg i -98 også, men

måtte gi seg grunna det same kneet som han alltid hadde

slite med. Er i dag idrettsinvalid grunna kneskaden. Kan ikkje

sykla, symja, jogga osb. Heile kneet er kaputt, og han berre

går og ventar på at vitenskapen skal koma så langt at det er

mogleg å skifta ut heile sulamitten. Er byrja å bli hjulbeint på

eine foten som følgje av dette, men klagar ikkje. Kneet fungerer

fint nok til at han ikkje har problem i arbeidskvardagen.

Sjølv om han har budd i Oslo / Nittedal i 11 år, seier han

fremleis ao, pao, grao, osb. Flott altso!

Frank Flåten:

Fødd: 1967

Posisjon: Midtbane

Kampar FFK: 12

Mål FFK: 1

Periode: 1988

Frank gjekk til Kaupanger frå Fjøra midt i 1988-sesongen

(skal aldri kløppa meg hjå Flåten frisørsenter :-). Kom i frå

Sogndal der han ikkje slo igjennom på A-laget. Hadde ein

dødeleg venstrefot og blendande teknikk som Kaupanger

fekk glede av i mange år. Var toppscorar kvart år borte på

Skogen, før han la vekk fotballskoa etter 1993- sesongen.

Kunne kanskje ha spelt nokre sesongar til, men byggjing av

hus, jobb og familie tok for mykje tid. Frank er utdanna frisør,

men måtte slutte med det grunna ryggproblem, og er no

dagleg leiar nede på Flåten Frisørsenter. Skada seg stygt på

trening under tidenes fyrste Kjempenes Liga i 2002 og sleit

achilles-sena tvers av, og har etter eige utsagn knaft rørt ein

ball etter det. Er nesten fullt restituert no, og spelar litt fotball

med ungane.

10 FRODE KVÅLE (Angrep)

Født: 15. juli 1983

Høgde: 184 cm

Vekt: 79 kg

Tidlegare klubbar: SIL (aldersbest.)

Debut FFK: 18. april 2001

Kampar: 80

Harald Stedje:

Fødd: 1970

Posisjon: Midtbane

Kampar FFK: 85

Mål FFK: 8

Periode: 1987-90 og 2000

Bur no i Oslo på 7. året, der han jobbar som lærar på

Nordstrand skule. Spelte sin siste kamp i Fjøradrakt i 2000sesongen

då Fjøra var oppe i 2. divsjon. Scora siste målet då

Fjøra spelte 2-2 borte mot Ørsta. Dette var første gongen

Fjøra var sett opp på tippekupongen. Scoringa vart også

meldt på Fotballextra på TV2. Svært talentfulle Harald kom i

frå juniorlaget i 1988 og var med i Fjøra ut halve 1990sesongen.

Då reiste han i Marinen og vart stasjonert på

Haakonsvern. Trente dette året med Brann 2, og spelte og

nokre få kampar. Kom attende til Sogndal og var medlem av

A-stallen i 1992-94. Fekk lite speletid, og søkte difor lukka

bort på Skogen for å spele Kaupanger opp frå 3.divisjon i

1995. Det heile enda med katastrofe og nedrykk, endå

Kaupanger det året hadde eit kanonlag på papiret. Gjekk

diverre mykje skada den sesongen, og la opp etter at nedrykket

var eit faktum. Vart Sogndal 2 trenar i 1999-sesongen,

og måtte også spele nokre kampar grunna lite folk. Dette ga

meirsmak og året etter meldte han overgang til Fjøra. Er oldboysmestar

2 gongar for Oslolærerne i 2002 og 2004. Etter

dette har det vore mest fotball på televisjonen. Held etter

eige utsagn matchvekta enno, men me som kjenner han veit

at det ikkje stemmer (5 kg i pluss).

Roar Takle Olsen:

Fødd: 1968

Posisjon: Midtbane

Kampar FFK: 105

Mål FFK: 16

Periode: 1988-92

1988 var fyrste sesongen for Takle i Fjøradrakti og han kom i

frå juniorlaget til Sogndal. Han spelte til og med 1992sesongen.

Roar reiste til Bergen i 1990 for å gå på

Handelshøgskulen, og det var grunnen til at han ga seg i

Fjøra so tidleg. Det vart vanskeleg å kombinera fotball med

pendling og skulegang. Roar hadde Torfinn Fardal som mentor

i Fjøra og han starta som midtstoggar. Men med Strypet

som trenar i 1989 og -90 spelte han mest kant. Etter tida i

Fjøra, retta han nasen utover fjorden og var 2 sesongar i

Syril, før han vart henta av eit satsande Kaupanger framføre

1995-sesongen, saman med barndomskamerat Harald

Stedje. Og me veit korleis det gikk. La opp etter dette. Men

Roar var med og spelte nokre kampar for Fjøra 2 i 2005, og

gjorde seg ikkje vekk i nokon av kampane. Scora til og med

nokre mål. Er no hobbyspelar på BJAX, som kvart år er store

i kjeften og seier dei skal vinna Kjempenes Liga, men har

11