29.07.2013 Views

Fjøraposten 2007

Fjøraposten 2007

Fjøraposten 2007

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

15 JENS-IVAR NILSEN (Midtbane)

Født: 13. november 1980

Høgde: 182 cm

Vekt: 84 kg

Tidlegare klubbar: Kodal, Runar

Debut FFK: 12. juni 2006

Kampar: 14

matpakkefantom då han alltid hadde med seg dei beste matpakkane

på bortekamp. Frykta venstrefot.

Knut Idar Kristoffersen:

Fødd: 1965

Posisjon: Midtbane

Kampar FFK: 76

Mål FFK: 7

Periode: 1986-90

Opprinneleg frå Skjolden i Luster kommune. Når ein ser på

bildet, er det vel han som har forandra seg minst i høve

utsjånad. Gjekk i det herrens år 1988 liksom mange andre i

fjøramiljøet på Øk/adm på Sogn og Fjordane DH. Kom i frå

Bjørn i 1986, men hadde ein sesong for Sogndal tidlegare.

Han har også spelt ein sesong for Voss, medan ha gjennomførte

militærtjenesta på Tvildemoen. Liksom mange andre av

1988-laget, takka han for seg etter 1990-sesongen. Gjekk då

til Fanaraak / Luster og var med å spele dei oppover i divisjonane.

I mange sesongar på 1990-talet var det han som styrte

midtbana til Luster-laget, og ga mange ballar til den meget

giftige spissduoen Kurt Ormberg og Hans Arvid Skagen. La

opp i 1999, då det ikkje gjekk lenger an å kombinera treningar

og jobb på Gjensidige. Fekk med seg ein kamp for Fjøra 2

i 2005, 8-4 heima mot Hafslo, og han var inkje snauare enn

at han la ein ball bak Skyva-keeperen. Er i dag mosjonist,

med på BJAX og Nestangen, og meinar at det er akkurat nok

til å halda seg i form. Nesten alltid på Fjørakampar.

Torfinn Fardal:

Fødd: 1963

Posisjon: Forsvar

Kampar FFK: 94

Mål FFK: 2

Periode: 1983-88 og 1991

Begynte på Fjøra seinvinteren 1983, men reiste so i militsen,

og var fullt med i frå sommaren 1984. Var med på å vinna

Sør-Norge cupen dette året, 4-0 mot Sandaker i Oslo, dagen

før den berømte cupfinalen mellom Fredrikstad og Viking,

den finalen med skuddet til Ahlsen som alle hugsar. Kom

som så mange andre i frå juniorlaget til Sogndal. Bror til Kjell

Ove Fardal, og dermed ein av mange brødrepar som har

spelt for Fjøra. Reiste til Norane saman med Tom Ness og

spelte der i 1989 og -90. Kom tilbake til Fjøra i 1991, og spelte

fast i det som skulle bli hans siste aktive sesong. Ga seg

på grunn av at han var lei all reisinga, og fann ut at livet

hadde andre ting å by på enn berre fotball. Er i dag ansatt av

Eirik Nornes, har to ungar og er sambuar. Var og ein rimeleg

habil handballspelar i sine aktive år.

16 VEGARD RUUD (Angrep)

Født: 17. juli 1988

Høgde: 181 cm

Vekt: 82 kg

Tidlegare klubbar: Bjørn

Debut FFK: 15. april 2005

Kampar: 42

Kåre Oddvin Stokkenes:

Fødd: 1965

Posisjon: Forsvar

Kampar FFK: 82

Mål FFK: 0

Periode: 1985-91

Lagets einaste Fresviking. Har vore tilknytta Fjøra i mange år

etter at han la opp i 1991. Han la eigentleg opp i 1989, men

spelte kampar både i 1990 og -91. Var i mange år fast skodespelar

i Fjørarevyen, sat i Fjørastyret i ein del år, og var i valnemdi

etter at han tredte ut av styret. Sat i styret då det blei

bestemt at ein skulle til å selje dei etterkvart so berømmelege

Fjøra-kontraktane. Var mykje plaga med skader under karriera,

og det var hovudgrunnen til at han ga seg sopass tidleg.

Etter eige utsegn fekk han heller ikkje lov å spela meir

av fru Siv... he-he. Syklar ein del for å halda seg i form. Var

ein gang medlem av ”Sauradn”, men slit med skadar og ventar

på operasjon for å bli betre. Klarar ikkje lengre å jogga.

Jobbar i dag på Intersport der han går å traskar mellom

syklane og skia dagen lang. Hadde mange gode historiar å

fortelja i frå 1988-laget, men dei høver seg ikkje her :-). Er

den utpåspelaren i Fjøra som har spelt flest kampar utan å

score mål.

Frode Navarsete:

Fødd: 1962

Posisjon: Forsvar / Midtbane

Kampar FFK: 108

Mål FFK: 11

Periode: 1983-86 og 1988-90

Mannen med skrivekløe og hjernen i Fjørarevyen. Han var og

medlem av 1988-laget. Kom til Fjøra så tidleg som i 1983 og

kom då frå Sogndal etter først å ha vore eitt år i førstegongsteneste.

Han var inkje snauare enn at han scora i debuten

7-1 borte mot Måløy. I den kampen debuterte også Rolf

Salveson for Fjørene. Har heima ei utklippsbok i frå 1983- og

84-sesongane (desse ynskjer Fuglestegen ein kopi av), då

Fjøra for fyrste gang rykte opp i fylket sin gjevaste divisjon.

Spelte i Fjøra fram til halve 1986-sesongen då han flytte til

Oslo og jobb ved Toppåsen skule, Nordstrand. Etter ein knalltøff

lærarstreik våren 1988 kom han heim til Sogndal seinare

på sumaren, og var med heile hausten og året etter. Han

fekk også med seg nokre kampar i 1990 før han fann ut at

nok var nok. Var sportsleg leiar i 1990-sesongen. Frode

meinte at laget som Fjøra hadde på slutten av 1980-talet var

meir enn godt nok til å rykkje opp i 2. divisjon, men det ville

seg liksom aldri. Er i dag lærar på Sogndal ungdomsskule,

lagar kryssordet i Sogn Avis på laurdagen, har spørsmålskonkurransar

i lag med Jon Navarsete, i tillegg til mykje skrive-

og regissørarbeid for Fjørarevyen, so guten har nok å

hengja fingrane i. Er kjent for sin noko sære humor. Var produsent

for roadmovien Tunheim – The Movie, den best

besøkte filmen nokon gong ved Sogndal kino.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!